1 Overordna rammer for arealdelen i kommuneplanen
1.1 Generelt
Arbeidet med arealdelen i kommuneplanen skal ta utgangspunkt i vedteken planstrategi og vil hengje saman med det plangrunnlaget kommunen har frå før. Arealdelen skal byggje på samfunnsdelen og følgje opp mål og strategiar som er vedtekne der. Denne koplinga er viktig for å sikre at den langsiktige arealpolitikken blir sett i samanheng med utviklinga på andre område i samfunnet.
Ved ein full revisjon av både samfunnsdel og arealdel vil det vere lurt å gjennomføre ein samla kommuneplanprosess. Dette kan vere aktuelt når kommuneplanen er utdatert, eller når det skjer større endringar i kommunesamfunnet. I andre høve kan ein revisjon av arealdelen vere ein eigen prosess. Dette kan vere aktuelt når det er liten bruk for endringar i samfunnsdelen, eller det er avgrensa bruk for endringar i arealdelen.
Ein langsiktig arealstrategi, utarbeidd anten som del av planstrategien eller samfunnsdelen i kommuneplanen, er viktig som grunnlag for arbeidet med arealdelen i kommuneplanen.
Utarbeiding og handsaming av kommunal planstrategi kan slåast saman med vedtak av planprogram i oppstarten av kommuneplanarbeidet. Det er laga eigne rettleiarar om kommunal planstrategi, samfunnsdelen i kommuneplanen og konsekvensutgreiing. Her finst det nærare omtaler av organisering, medverknad, samordning og samhandling i kommuneplanlegginga generelt. Bortsett frå kravet om at planstrategi skal vere vedteken eitt år etter at nytt kommunestyre er konstituert, er det stor fleksibilitet i korleis kommunen legg opp kommuneplanarbeidet. Derfor er det viktig at planstrategien blir nytta til å leggje opp planarbeidet slik at det blir effektivt og tilpassa behovet i kommunen. Nedanfor følgjer eit kort oversyn.
2030-agendaen med dei 17 berekraftsmåla vart vedteken av alle medlemslanda i FN i 2015. Berekraftsmåla omfattar dei største nasjonale og globale utfordringane i dag. Mange av måla kan ikkje nåast utan lokal innsats. Det er derfor viktig at berekraftsmåla blir ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga i kommunane. Dette vil seie at kommunane må ta stilling til korleis dei kan medverke til å realisere berekraftsmåla i arbeidet med kommunal planstrategi og samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen. Kommuneplanprosessen er godt eigna til å forankre arbeidet med å realisere berekraftsmåla i lokalsamfunnet og til å drøfte korleis aktørane kan samarbeide for å nå måla.
1.2 Lovgrunnlag, hovudprinsipp og planprosess
1.2.1 Generelt
Plan- og bygningslova byggjer på prinsippa om lokal folkevald styring, desentralisering av makt, medverknad frå folket og samarbeid med vedkomande fagorgan. Det vil i praksis seie at kommunen skal drive den lovfeste planprosessen og gjere vedtak. Kommunen skal søkje samarbeid med vedkomande organ og andre som har interesser i planarbeidet, slik at interessene til einskildpersonar, organisasjonar, kommunale og regionale organ og statlege fagstyresmakter blir sikra.
Lova gjev føresegner om organisering av planarbeidet, samarbeid, deltaking og planhandsaming, jf. plan- og bygningslova §§ 1-9 og 3-3 og lovføresegnene i kapittel 4 og 5. Rammene for planlegginga er omtalte i lova under det einskilde plannivået, jf. plan- og bygningslova §§ 11-12 til 11-18. Kommunen har ansvaret for organiseringa av kommuneplanarbeidet, og kommunen skal sjølv finne fram til eigna metodar for samordning og samarbeid.
Kommunane står fritt til å organisere planprosessen innanfor føresegnene i kommunelova. Det vanlege er at kommunestyret delegerer det politiske framdriftsansvaret til formannskapet som utval for kommuneplanarbeidet.
Kommunestyret kan ikkje delegere makta til å vedta kommunal planstrategi, kommuneplan og reguleringsplan. Eit unntak gjeld for mindre reguleringsplanar i tråd med nyare kommuneplan, jf. plan- og bygningslova § 12-12 andre leddet. Kommunedirektøren (rådmannen) har det administrative ansvaret for arbeidet med planen.
Kommunen har plikt til å leggje til rette for samarbeid med interesserte private og offentlege partar, jf. plan- og bygningslova §§ 1-4 og 5-1. Alle offentlege organ har plikt til å delta i planlegginga når ho vedkjem saksfeltet deira eller deira eigne planar og vedtak. Dette gjeld også for Sametinget, jf. plan- og bygningslova § 3-2. Avklaringar med andre styresmakter skal skje så tidleg som mogleg i planprosessen.
Det er lagt til kommunane å gjere endeleg planvedtak så lenge det skjer innanfor dei rammene og retningslinjene som er gjevne frå nasjonalt og regionalt nivå. Vedkomande statlege fagstyresmakter og fylkeskommunen skal medverke i planarbeidet for å sikre overordna interesser. Dei kan kome med motsegn der framlegg til kommunale planar
- er i strid med nasjonale og vesentlege regionale interesser, eller
- når dei av andre grunnar er vesentlege for saksområdet til vedkomande organ
Sjå plan- og bygningslova § 5-4.
Andre kommunar har også motsegnsrett når interessene deira blir vesentleg råka. Sjå rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven.
For å unngå «omkamp» kan dei ikkje kome med motsegn mot tilhøve som dei tidlegare har kome med motsegn mot. Dette gjeld også tilhøve som dei kunne ha kome med motsegn mot i tidlegare plan, når denne planen er mindre enn ti år gammal. Dette går fram av plan- og bygningslova § 5-5 og er nærare omtalt i rundskriv T-2/09 Ikraftsetting av ny plandel i plan- ogbygningsloven, kapittel 6.
Plan- og bygningslova stiller også krav til kommunane om å leggje til rette for ein aktiv medverknad i planarbeidet, slik at alle skal kunne påverke innhaldet i planen. Sjå plan- og bygningslova § 5-1. Føresegnene om medverknad føreset ei aktiv informasjons- og opplysningsverksemd frå planstyresmaktene frå eit tidleg tidspunkt i planleggingsarbeidet.
Opplegget for medverknad skal konkretiserast nærare i planprogrammet, jf. plan- og bygningslova § 4-1 og Veileder om medvirkning i planlegging frå departementet.
1.2.2 Kommunal planstrategi
Kommunen skal i det første året med nytt kommunestyre utarbeide ein kommunal planstrategi. Han skal avklare
- kva planar kommunen vil revidere
- kva nye planar kommunen vil utarbeide
- kva planar som skal vidareførast uendra
I kommunal planstrategi vil kommunen ta stilling til om og når ein i valperioden skal revidere arealdelen i kommuneplanen. Det vil då bli klart kor stor revisjon det er bruk for. Nokre gonger vil det berre vere bruk for endringar i avgrensa delar av kommunen, andre gonger er ein full gjennomgang av både samfunnsdel og arealdel nødvendig. I planstrategien vedtek kommunestyret kor omfattande arbeidet med kommuneplanen skal vere, og om samfunnsdel og arealdel skal reviderast samla eller kvar for seg. Planstrategien skal også ta stilling til kva reguleringsplanar som skal utarbeidast.
Planstrategien er også eit eigna verktøy for å vurdere plansystemet, planressursane og det samla planbehovet i kommunestyreperioden knytt til kommunedelplanar, temaplanar og sektorplanar.
Dersom det blir lagt opp til rask oppstart av kommuneplanarbeidet, kan planstrategien innehalde planprogram for kommuneplanrevisjonen. Prosessreglane for planprogram må i så fall følgjast, jf. plan- og bygningslova § 11-13 og forskrift om konsekvensutgreiingar kap. 4.
I planstrategien bør kommunestyret også ta stilling til korleis det vil medverke til at dei 17 berekraftsmåla i 2030-agendaen kan realiserast.
I plan- og bygningslova § 10-1 er langsiktig arealbruk nemnt som eit tema som bør omtalast i planstrategien. Samfunnsdelen bør ta opp langsiktige arealkonsekvensar av ønskt samfunnsutvikling som føringar for arealdelen. Det er derfor nødvendig å sjå dei to prosessane i samanheng.
Kommunal planstrategi er viktig fordi han gjev kommunestyret høve til ei samla vurdering av behovet for å revidere, systematisere og prioritere den kommunale planlegginga.
Gjennom planstrategien kan ein sikre politisk forankring for det komande planarbeidet. Planstrategien og det underliggjande kunnskapsgrunnlaget er eit godt verktøy som kan medverke til at politikarar og innbyggjarar får innsikt i kva som er utfordringane for kommunen. Sjå rettleiaren Kommunal planstrategi.
1.2.3 Samfunnsdelen i kommuneplanen
Samfunnsdelen i kommuneplanen er verktøyet for den heilskaplege planlegginga i kommunen. Gjennom arbeidet med denne skal kommunen avdekkje og klarleggje viktige utfordringar knytte til samfunnsutviklinga for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal også synleggjere dei strategiske vala og prioriteringane som kommunen tek, medrekna for å realisere dei 17 berekraftsmåla i 2030-agendaen.
Arealdelen i kommuneplanen skal ta opp prioriteringane frå samfunnsdelen og vere eit verkemiddel for å gjennomføre dei arealbehova dei utløyser. Det same prinsippet vil gjelde både når samfunnsdelen og arealdelen blir laga samstundes, og når dei blir laga kvar for seg.
Samfunnsdelen, jf. plan- og bygningslova § 11-2 og § 11-3, skal leggjast til grunn for kommunen si eiga verksemd, for verksemda til statlege og regionale styresmakter i kommunen og for privat verksemd som planen har verknad for. Sjå rettleiaren om samfunnsdelen i kommuneplanen.
1.2.4 Langsiktig arealstrategi
Departementet tilrår at kommunane lagar og fastset ein langsiktig og overordna arealstrategi i samfunnsdelen. Arealstrategien er særleg viktig som grunnlag for arbeidet med arealdelen i kommuneplanen og vil gjere arealdelen betre tilpassa behova og utfordringane i kommunen.
Ved å løfte dei strategiske avklaringane om framtidig arealutvikling og utbyggingsmønster til samfunnsdelen kan kommunen slå fast ein del overordna rammer før arbeidet med arealdelen blir sett i gang. Dette vil gje kommunen betre politisk styring over arealbruken og gjere at planprosessen for arealdelen blir lettare å føreseie.
Arealstrategien bør vere ei langsiktig ramme for kommuneplanen og ha eit lengre perspektiv enn ordinær kommuneplanperiode på 12 år. Tidsperspektivet kan til dømes vere på 20–30 år.
I arbeidet med arealstrategien bør kommunen ta stilling til korleis den framtidige arealbruken kan medverke til å realisere dei 17 berekraftsmåla i 2030-agendaen. I arealstrategien kan ein få nærare klarlagt konsekvensane av ulike alternative utviklingsretningar. Følgjande bør diskuterast:
- utbyggingsretningar
- fortettings- og transformasjonsområde
- kommunikasjonslinjer og -knutepunkt
- langsiktige grenser for utbygging mot landbruks-, natur- og friluftsområde og reindrift
Ein god langsiktig arealstrategi vil gjere arealpolitikken til kommunen tydelegare for alle. Han vil også vere eit viktig grunnlag for kva haldning kommunen har til statleg og regional infrastruktur, til dømes nye vegtrasear.
Ein vedteken arealstrategi vil også vere eit viktig politisk verktøy. Han vil gje kommunen plikt til å følgje føringane i arealstrategien ved handsaming av einskildinnspel til kommuneplanen, eller framtidige framlegg om regulering og utbygging.
I arbeidet med å lage arealstrategien må kommunen sørgje for god medverknad frå innbyggjarane og nødvendig politisk forankring.
1.2.5 Andre rammer for planarbeidet
Arbeidet med arealdelen i kommuneplanen skal følgje gjeldande lover og forskrifter, statlege planretningslinjer og føresegner, nasjonale forventningar, rundskriv og andre føringar og regionale planar.