4 Innhaldet i arealdelen i kommuneplanen – arealføremål, omsynssoner og føresegner

4.1 Innleiing

Plan- og bygningslova gjer det mogleg å fastsetje, sikre og framstille ulike omsyn og interesser på fleire måtar i arealdelen i kommuneplanen. Det kan skje med hjelp av arealføremål, omsynssoner, generelle planføresegner, føresegner til arealføremål og omsynssoner og ved bruk av kartsymbol.

Arealføremåla som inngår i plan- og bygningslova § 11-7 andre leddet, blir nytta saman med planføresegner og omsynssoner etter §§ 11-8 til 11-11. Dette kapittelet viser døme på utforming og bruk av desse.

Arealføremåla på plankartet skal følgje plan- og bygningslova § 11-7 andre leddet og tilhøyrande kart- og planforskrift. Dei kan supplerast med føresegner etter §§ 11-10 og 11-11 som utfyller og utdjupar den fastsette arealbruken og vilkåra for han. Det kan også gjevast føresegner etter § 11-8 i tilknyting til omsynssoner, og generelle føresegner etter § 11-9 som har noko å seie for korleis areala kan nyttast.

Hovudelement i arealdelen i kommuneplanen

Arealføremål

Arealføremåla fastsett med rettsleg verknad kva arealet kan nyttast og ikkje nyttast til. Arealføremålet skal visast på kart.

Føresegner

Føresegner kan gjelde heile eller delar av ein kommune eller gjevast for konkrete arealføremål. Kva vilkår eit tiltak må oppfylle for å kunne gjennomførast, kan fastsetjast i føresegner. Gjennom symbol på plankartet skal det fastsetjast kva areal føresegna gjeld for. Dette skal også skrivast i føresegna.

Omsynssoner

Omsynssoner fastsett kva spesielle omsyn som skal sikrast når arealbruken som går fram av plankartet, skal gjennomførast. Omsynssoner er viste på plankartet og kan gå over fleire arealføremål. Omsynssoner kan både vere rettsleg bindande eller retningsgjevande for dei tiltaka som skal gjennomførast. Verknaden for den einskilde sona går fram av lova og kan utfyllast av føresegner og retningslinjer. Dei sonene som er bindande, stiller vilkår for gjennomføring av tiltak på same måte som føresegner.

Det kan gjevast rettsleg bindande føresegner med utgangspunkt i plan- og bygningslova §§ 11-8 til 11-11. Lista i lova er uttømmande. Etter § 11-8 tredje leddet bokstav c kan det gjevast retningslinjer om avgrensingar av verksemd og vilkår for å sikre interessene i omsynssona. Det kan også gjevast retningslinjer for korleis kommunen sjølv praktiserer særlover i sona. Slike retningslinjer er ikkje rettsleg bindande for private. Dei vil likevel gje føringar for kommunale etatar, og vil også vere opplysande for private.

Einskilde heimlar i byggjesaksdelen i lova gjev grunnlag for føresegner til kommuneplan. Sjå mellom anna § 18-1 om krav til opparbeiding av vegar og hovudleidningar for vatn og avløp, og § 27-5 om fjernvarmeanlegg. Føresegnene i kommuneplanen bør ikkje gjenta innhaldet i reglane i byggjesaksdelen. Samstundes kan føresegnene av omsyn til universell utforming stille strengare krav til utforminga av uteareal enn byggteknisk forskrift (TEK).

Også føresegner i fleire sektorlover får direkte verknad for planutforminga, og verkar saman med reglane som blir fastsette gjennom planen, til dømes føresegner om byggjegrenser i veglova og jarnbanelova.

Korleis dei ulike verkemidla blir nytta i ulike situasjonar, må kommunen vurdere ut frå behovet, og dei må sjåast i samanheng med ein eventuelt komande reguleringsplan.

Fleire tilhøve som kan fastsetjast som føresegner til arealdelen i kommuneplanen, kan også visast direkte på plankartet med symbol eller påteikning med tekst innanfor det einskilde området, dei einskilde arealføremåla eller dei einskilde omsynssonene. Døme her er fastsetjing av byggjegrenser, grad av utnytting (tomteutnytting), byggjehøgd, plassering av bygg med meir.

Sjå eit meir detaljert oversyn over teiknereglar i Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan (NPAD) med teiknereglar for arealplanar.

Det er berre føresegner med heimel i lova som har rettsverknad for den einskilde som blir råka. Dersom kommunen meiner han har bruk for meir detaljert arealstyring enn det plan- og bygningslova gjev heimel til å gje føresegner om, må kommunen utarbeide områderegulering eller stille krav til utbyggjar om utarbeiding av detaljregulering.

Også samspelet mellom arealdelen og anna lovverk, som kommunen eller sektorstyremaktene følgjer opp, er viktige element i ein samla verkemiddelbruk. Kommunen kan gje utfyllande retningslinjer til planen for å synleggjere dette. Slike retningslinjer er ikkje rettsleg bindande i seg sjølve, men gjev føringar for dei vurderingane som må gjerast når kommunen skal handsame saker som gjeld anna lovverk.

4.2 Arealføremål

§ 11-7 Arealformål i kommuneplanens arealdel

Kommuneplanens arealdel skal i nødvendig utstrekning vise arealformål som er angitt i nr. 1 til 6 Hovedformålene kan etter behov inndeles i angitte underformål.

Arealformål

  • 1. Bebyggelse og anlegg.
    • Underformål:
    • boligbebyggelse, fritidsbebyggelse, sentrumsformål, kjøpesenter, forretninger, bebyggelse for offentlig eller privat tjenesteyting, fritids- og turistformål, råstoffutvinning, næringsbebyggelse, idrettsanlegg, andre typer anlegg, uteoppholdsarealer, grav- og urnelunder.
  • 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.
    • Underformål:
    • veg, bane, lufthavn, havn, hovednett for sykkel, kollektivnett, kollektivknutepunkt, parkeringsplasser, traséer for teknisk infrastruktur
  • 3. Grønnstruktur.
    • Underformål:
    • naturområder, turdrag, friområder og parker
  • 4. Forsvaret.
    • Underformål:
    • ulike typer militære formål.
  • 5. Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift.
    • Underformål:
    • a) areal for nødvendige tiltak for landbruk og reindrift og gårdstilknyttet næringsvirksomhet basert på gårdens ressursgrunnlag,
    • b) areal for spredt bolig-, fritids- eller næringsbebyggelse mv., jf. § 11–11 nr. 2
  • 6. Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhørende strandsone.
    • Underformål:
    • ferdsel, farleder, fiske, akvakultur, drikkevann, natur- og friluftsområder hver for seg eller i kombinasjon.

I områder hvor arealplanen bare angir hovedformål for arealbruk, skal det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser som klargjør vilkårene for bruk og vern av arealene, jf. §§ 11–9 til 11–11.

Føremålet med arealføremål er å oppgje eintydig kva bruk som er tillate innanfor eit område. Arealføremåla skal visast på plankartet.

Lova oppgjev uttømmande i § 11-7 andre leddet nr. 1 til 6 kva arealføremål som kan nyttast i arealdelen i kommuneplanen. Lovramma er supplert med lista i vedlegg til kart- og planforskrifta. Kommunen kan berre velje blant dei arealføremåla som står på denne lista. Rettsverknaden følgjer av plan- og bygningslova § 11-6.

Arealføremåla kan underinndelast som lista opp i kvart punkt i lovparagrafen og i kart- og planforskrifta. Arealdelen kan berre ha eitt av hovudføremåla innanfor det same området. Det vil seie at det ikkje er høve til å kombinere ulike hovudføremål i arealdelen i kommuneplanen. Underføremål til eitt hovudføremål kan kombinerast innanfor dette. Arealføremåla kan også i nokon grad avgrensast og presiserast i føresegner med heimel i § 11-7.

Linjetrasear og vegar kan visast med linjesymbol. Infrastruktur som vatn, avløp og kraftlinjer, samferdselsanlegg som vegar, stiar og banar og strandlinje og byggjegrenser er døme på tema som kan visast med linjesymbol. Det følgjer av plan- og bygningslova § 11-5 at alt areal i kommunen skal dekkjast med arealføremål i kommuneplanen.

Innhaldet i dei einskilde arealføremåla er nærare skildra nedanfor under kapittel 4.5.

4.3 Omsynssoner

4.3.1 Generelt

§ 11–8 Hensynssoner

Kommuneplanens arealdel skal i nødvendig utstrekning vise hensyn og restriksjoner som har betydning for bruken av areal. Hensyn og forhold som inngår i andre ledd bokstav a til f, kan markeres i arealdelen som hensynssoner med tilhørende retningslinjer og bestemmelser. Det kan angis flere soner for samme areal.

Til hensynssone skal det i nødvendig utstrekning angis hvilke bestemmelser og retningslinjer som gjelder eller skal gjelde i medhold av loven eller andre lover for å ivareta det hensynet sonen viser.

Det kan fastsettes følgende hensynssoner:

  • a) Sikrings-, støy- og faresoner med angivelse av fareårsak eller miljørisiko.
    • Det kan gis bestemmelser som forbyr eller setter vilkår for tiltak og/eller virksomheter, jf. § 1–6, innenfor sonen.
  • b) Sone med særlige krav til infrastruktur med angivelse av type infrastruktur.
    • Det kan gis bestemmelser om krav til infrastruktur i et utbyggingsområde, både som forbud eller påbud med hjemmel i § 11–9 nr. 3 og nr. 4.
  • c) Sone med særlige hensyn til landbruk, reindrift, mineralressurser, friluftsliv, grønnstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø, med angivelse av interesse.
    • For randsonen til nasjonalparker og landskapsvernområder kan det, samtidig med fastsetting av verneforskrift for nytt verneområde eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan for etablerte verneområder, fastsettes bestemmelser for å hindre vesentlig forringelse av verneverdiene i verneområdet.
    • Det kan gis retningslinjer om begrensninger av virksomhet og vilkår for tiltak for å ivareta interessen i sonen.
    • Det kan gis retningslinjer om hvilke hensyn som skal vektlegges ved praktisering av annen lovgivning så langt kommunen er tillagt myndighet etter vedkommende lov.
  • d) Sone for båndlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningsloven eller andre lover, eller som er båndlagt etter slikt rettsgrunnlag, med angivelse av formålet.
    • Båndlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningsloven eller andre lover er tidsbegrenset til fire år, men kan etter søknad til departementet forlenges med fire år.
  • e) Sone med krav om felles planlegging for flere eiendommer, herunder med særlige samarbeids- eller eierformer, samt omforming og fornyelse.
    • Bestemmelser til denne sonen kan fastsette at flere eiendommer i et område skal undergis felles planlegging og at det skal brukes særskilte gjennomføringsvirkemidler. Det kan også gis bestemmelser med hjemmel i § 11–9 nr. 3.

Omsynssoner i arealdelen i kommuneplanen skal leggjast til grunn for vidare regulering, einskildsakshandsaming og oppfølging, eventuelt med heimel i sektorlovverket. Omsynssoner kan også nyttast for å vise kvar det blir stilt krav om felles planlegging for fleire eigedomar og område der vedtekne reguleringsplanar framleis skal gjelde utan endringar.

Omsynssoner skal vise viktige omsyn og interesser utan omsyn til kva arealføremål som gjeld i eit område. Omsynssoner kan vere knytte til naturgjevne eller lovregulerte tilhøve som gjev direkte avgrensingar for arealbruken, eller til krav til kvalitet og utforming gjevne i føresegner til omsynssonene.

Føresegner til omsynssonene er meint å sikre at desse blir tekne vare på i etterfølgjande detaljplanlegging og ved handsaming av einskildsaker. Einskilde omsyn, særleg knytte til LNFR-områda, kan ikkje sikrast gjennom arealdelen i kommuneplanen direkte. Det kan derfor ikkje gjevast føresegner til omsynssoner i LNFR-område (med unntak for randsona til nasjonalparkar og landbruksverneområde), men retningslinjer som skal leggjast til grunn ved regulering eller avgjerder etter sektorlover. Årsaka er omsynet til rettstryggleiken, krava til medverknad og klagerett gjevne i sektorlovene.

Bruk av omsynssoner må vurderast saman med arealføremål og føresegner, og må avgrensast til vesentlege tilhøve. Verkemidla bør nyttast slik at dei til saman gjev ønskt kontroll med arealbruken. Samstundes skal plankartet vere eintydig, oversiktleg og lett å forstå.

Sjå nærare under kapittel 4.6 om omsynssoner med føresegner.

4.3.2 Kartet skal vere lett å lese

Når det gjeld kartframstillinga, er det viktig å hugse på at kartet skal vere klart og eintydig, jf. kart- og planforskrifta § 9 femte leddet. Blir det lagt inn mange overlappande omsynssoner på same areal, blir kartet vanskeleg å lese.

Utfordringane med leseleg format er størst med kart på papir eller eit arkivverdig format som pdf, som ikkje kan skalerast (endra målestokk eller storleiken på det ein ser). Bruk av skalerbare pdf-filer vil sikre at kartet er lettare å lese. Plankart i digitalt planregister vil vere mykje betre å lese.

Utfordringane kan løysast ved å ha fleire plankart på papir eller som pdf. Det einskilde arket med kart må då vise den einskilde omsynssona saman med arealbruken i dei aktuelle områda. Dette kjem i tillegg til eit kart som viser alle omsynssoner og arealføremål.

4.3.3 Bruk av temaplanar og illustrasjonar av omsynssoner

Temaplanar og illustrasjonar er ikkje del av den formelle planframstillinga og er ikkje rettsleg bindande for den framtidige arealbruken. For å få presentert viktige tilhøve for arealbruk og forståing av planen kan temaplanar og illustrasjonar vere aktuelle å nytte, sjølv om dei ikkje får den same formelle statusen som omsynssoner med føresegner eller retningslinjer.

4.4 Planføresegner

4.4.1 Generelt

Grunnlaget for planføresegner til arealdelen i kommuneplanen er følgjande paragrafar i plan- og bygningslova:

  • § 11-8 Føresegner til omsynssoner
  • § 11-9 Generelle planføresegner til arealdelen i kommuneplanen
  • §§ 11-10 og 11-11 Føresegner til dei einskilde arealføremåla i arealdelen

Ved utforming av føresegner er det viktig å vere klar over at formuleringane vil vere rettsleg bindande og skal nyttast for å fastsetje råderettsband og krav.

Føresegner ha heimel i lova, og bør

  • vere konkrete og eintydige
  • ha tydeleg kopling til plankartet
  • vere tilpassa detaljeringsnivået i planen
  • ha klare målsetjingar

4.4.2 Generelle planføresegner

§ 11-9 Generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel

Kommunen kan uavhengig av arealformål vedta bestemmelser til kommuneplanens arealdel om:

  • 1. krav om reguleringsplan for visse arealer eller for visse tiltak, herunder at det skal foreligge områderegulering før detaljregulering kan vedtas,
  • 2. innholdet i utbyggingsavtaler, jf. § 17-2,
  • 3. krav til nærmere angitte løsninger for vannforsyning, avløp, avrenning, veg og annen transport i forbindelse med nye bygge- og anleggstiltak, herunder forbud mot eller påbud om slike løsninger, og krav til det enkelte anlegg, jf. § 18-1.Det kan også gis bestemmelse om tilrettelegging for forsyning av vannbåren varme til ny bebyggelse, jf. § 27-5,
  • 4. rekkefølgekrav for å sikre etablering av samfunnsservice, teknisk infrastruktur, grønnstruktur før områder tas i bruk og tidspunkt for når områder kan tas i bruk til bygge- og anleggsformål, herunder rekkefølgen på utbyggingen,
  • 5. byggegrenser, utbyggingsvolum og funksjonskrav, herunder om universell utforming, leke-, ute- og oppholdsplasser, skilt og reklame, parkering, frikjøp av parkeringsplasser etter § 28-7 og utnytting av boligmassen etter § 31-6,
  • 6. miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønnstruktur, herunder om midlertidige og flyttbare konstruksjoner og anlegg,
  • 7. hensyn som skal tas til bevaring av eksisterende bygninger og annet kulturmiljø,
  • 8. forhold som skal avklares og belyses i videre reguleringsarbeid, herunder bestemmelser om miljøoppfølging og -overvåking.

Dei generelle føresegnene vil i utgangspunktet ikkje vere direkte knytte til dei einskilde areala og arealføremåla, men kan knytast til heile arealet i kommunen eller til delområde. Dei kan knytast til omsynssoner for å sikre at omsyna blir gjennomførte. Desse kan følgjast opp gjennom konkrete føresegner i reguleringsplanar, og i føresegner for materielle eller prosessuelle krav ved handsaming av einskildsaker etter lova. Høvet til å gje føresegner er lista opp i åtte punkt.

4.4.3 Føresegner til dei einskilde arealføremåla

§ 11-10 Bestemmelser til arealformål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4

Til arealformål nr. 1, 2, 3 og 4 i § 11-7 kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om:

  • 1. at mindre utbyggingstiltak ikke krever ytterligere plan dersom det er gitt bestemmelser om utbyggingsvolum og uteareal, og forholdet til transportnett og annet lovverk er ivaretatt,
  • 2. fysisk utforming av anlegg,
  • 3. hvilke arealer som skal være til offentlige formål eller fellesareal,
  • 4.lokalisering, bruk og strenghetsklasser for avkjørsler til veg,
  • 5. i hvilke områder Forsvaret i medhold av § 20-7 selv kan fatte vedtak om virksomhet, bygg og anlegg.

§ 11-11 Bestemmelser til arealformål etter § 11-7 nr. 5 og 6

Til arealformålene nr. 5 og 6 i § 11-7 kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om:

  • 1. omfang, lokalisering og utforming av bygninger og anlegg til landbruk og reindrift som nevnt i § 11-7 andre ledd nr. 5,
  • 2. at spredt bolig-, fritids- eller næringsbebyggelse og annen bebyggelse kan tillates gjennom behandling av enkeltvise søknader eller reguleringsplan når formålet, bebyggelsens omfang og lokalisering er nærmere angitt i arealplanen,
  • 3. bruk og vern av vannflate, vannsøyle og bunn,
  • 4.å tillate nødvendige bygninger, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs sjøen med sikte på landbruk, reindrift, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs,
  • 5. at det for områder inntil 100 meter langs vassdrag skal være forbudt å sette i verk bestemt angitte bygge- og anleggstiltak. I slikt område kan det også gis bestemmelser for å sikre eller opprettholde kantvegetasjon, og for å sikre allmennhetens tilgang til strandsonen,
  • 6. ferdsel i områder med spesielle vernehensyn og på sjøen,
  • 7. hvilke artsgrupper eller arter av akvakultur som enkeltvis eller i kombinasjon kan etableres.

Føresegner til dei einskilde arealføremåla omfattar føresegner etter plan- og bygningslova § 11-10 som knyter seg til arealføremål etter plan- og bygningslova § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4

  1. Bygg og anlegg
  2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur
  3. Grønstruktur
  4. Forsvaret

Vidare har § 11-11 heimel for føresegner til arealføremåla § 11-7 nr. 5 og 6 om

  1. Landbruks-, natur- og friluftsområde og reindrift
  2. Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

Høvet til å gje føresegner til det einskilde arealet eller arealføremålet er avgrensa i lovteksten til tilhøva som er nemnde i § 11-10 og § 11-11. I tillegg er det mogleg å lage føresegner til einskildområde også om dei temaa som er nemnde i lova § 11-9.

4.4.4 Føresegner og retningslinjer til omsynssoner

For å sikre det omsynet sona viser, skal det i nødvendig utstrekning, etter § 11-8 andre leddet, gjevast føresegner og retningslinjer om kva som gjeld eller skal gjelde etter plan- og bygningslova eller andre lover. Det vil seie at heimlane i §§ 11-8 til 11-11 er aktuelle i tilknyting til omsynssoner, jf. døme og tabellar nedanfor.

Plan- og bygningslova § 11-8 tredje leddet listar opp omsynssonene og oppgjev kva føresegner og retningslinjer som kan gjevast. For nokre av omsynssonene oppgjev lova at det kan gjevast retningslinjer, men ikkje føresegner. Føresegner til omsynssoner er rettsleg bindande – også for private – for bruken av eit areal ut frå det omsynet som skal sikrast. Når det er knytt retningslinjer til ei omsynssone, vil dei ikkje vere rettsleg bindande i høve til avgjerder av einskildsaker etter dette eller anna lovverk. Retningslinjer gjev føringar for detaljplanlegging etter plan- og bygningslova, eller ved handsaming etter annan lovgjeving der kommunen har vedtaksmakt.

Etter § 11-8 tredje leddet bokstav c er det i andre leddet heimel for å fastsetje føresegner til omsynssone i eit LNFR-område for å hindre vesentleg forringing av verneverdiane i eit tilstøytande verneområde. Vidare kan det gjevast retningslinjer om avgrensingar av verksemd og vilkår for tiltak for å sørgje for interessene i sona. Det kan også gjevast retningslinjer for kva omsyn som skal vektleggjast ved kommunal praktisering av annan lovgjeving.

4.4.5 Nærare om føresegner til arealdelen i kommuneplanen

Det er seks hovudtypar føresegner:

  • 1.Den første typen føresegner, etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 1, går ut på at det kan stillast krav om reguleringsplan (områderegulering og/eller detaljregulering). Reguleringsplan skal vere vedteken før det kan gjennomførast nærare oppgjevne byggje- og anleggsarbeid i område i arealdelen der plankravet gjeld.
    • Det må gjerast klart om det er ny plan som krevst, eller om eksisterande reguleringsplanar (også utbyggingsplanar) framleis skal gjelde og oppfylle plankravet. Det kan krevjast områderegulering, detaljregulering eller båe delar.
    • Ei føresegn med krav om ny plan vil verke som eit byggjeforbod inntil det er vedteke ny(e) reguleringsplan(ar) i tråd med føresegna. Ei plankravføresegn må vere grunngjeven på konkrete vurderingar av behovet for ny plan. Kommunen må gå gjennom kva planar som skal behaldast heilt eller delvis når det gjeld innhaldet, og kva som skal vedtakast som nytt planinnhald. Dersom gjeldande planar er i samsvar med arealbruken i arealdelen i kommuneplanen, vil det ikkje vere krav om ny reguleringsplan.
  • 2.Den andre hovudtypen føresegner, etter plan- og bygningslova §§ 11-9 nr. 5, 11-10 og 11-11 nr. 1, 2, 3, 4 og 5, knyter seg til byggjeområde, LNFR-område med spreidd utbygging og strandsona langs sjø og vassdrag. Desse omfattar kriterium for lokalisering av bygg og anlegg, og kva bygningar og areal kan nyttast til. Slike føresegner kan også nyttast for å dimensjonere omfang og volum av ny utbygging, det vil seie styring av tomteutnytting og talet på einingar (talet på bygningar og ikkje talet på bustader). Vidare kan det stillast funksjonskrav og krav til utforming av bygningar og anlegg. Det kan også stillast krav til utomhusløysingar og opparbeiding av uteareal med meir samstundes med bygg.
  • 3.Den tredje hovudtypen føresegner, etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4, gjeld rekkjefølgje. Planføresegner kan anten samordne rekkjefølgja for gjennomføringa av dei einskilde tiltak i eit byggjeområde, eller fastsetje tidspunkt eller kva krav som må vere oppfylte for når eit område blir rekna for å vere byggjeklart. Utbygginga kan i så fall samordnast med at det blir oppretta overordna infrastruktur eller andre nødvendige samfunnstenester. Slike føresegner kan også knyte seg til tilhøve utanfor planområdet, til dømes slik at tiltak innanfor området i ein kommunedelplan ikkje kan gjennomførast før overordna infrastruktur utanfor planområdet er etablert og sett i drift.
  • 4.Den fjerde hovudtypen føresegner, etter plan- og bygningslova § 11-11 nr. 5, 6 og 7, gjeld reine byggjeforbod. Det kan til dømes vere forbod mot å gjennomføre nærare oppgjevne byggje- og anleggstiltak i 100-metersbeltet langs vassdrag.
  • 5.Den femte hovudtypen føresegner omfattar formings-, miljø- og funksjonskrav, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 3, 5, 6, og 7 og § 11-10 nr. 2. Det kan til dømes gjelde krav til tekniske løysingar og anlegg, byggjegrenser, funksjonskrav til uteareal og bygg, krav til miljøkvalitet, estetikk og omsyn som skal takast for å ta vare på bygningar og kulturmiljø med meir.
  • 6.Den sjette typen føresegner knyter seg til tilhøve som skal følgjast opp i vidare reguleringsarbeid, medrekna miljøoppfølging og -overvaking, jf. § 11-9 nr. 8.

4.4.6 Kriterium og utforming

Kriterium som blir nytta i føresegner, må ha eit konkret innhald. Dette gjeld spesielt forbods- og plankravføresegner og føresegner om omfang og lokalisering. Føresegnene må vise til tilhøve som kan kvantifiserast eller dokumenterast, slik at dei har eit faktisk og rettsleg innhald.

Følgjande kriterium har ikkjeeit sjølvstendig rettsleginnhald og kan derfor ikkje inngå i forbods- og plankravføresegner:

  • skjønsmoment og vurderingstema
  • tilvising til fråsegner frå sektororgan
  • vurderingar eller avklaringar som seinare skal gjerast av andre organ eller kommunale organ

Føresegner som nemnde i punkt 5 (sjå kapittel 4.4.5 Nærare om føresegner til arealdelen i kommuneplanen) har ein litt annan karakter. Her vil det vere opning for å gå noko lenger i å nytte skjønskriterium. Til dømes om form og utsjånad på bygningar og funksjonskrav til uteareal.

Sjå døme på utforming av føresegner under omtale av det einskilde arealføremålet. Døma tek utgangspunkt i dei mest vanlege plansituasjonane.

Utforminga og detaljeringa av arealbruk, omsynssoner og føresegner vil variere mykje. Det avheng av om planen berre skal binde opp overordna spørsmål og vere grunnlag for vidare detaljplanlegging, eller om det (også) er ein føresetnad at han avklarer gjennomføring av ulike tiltak.

4.4.7 Kva ein ikkje kan gje føresegner om

Plan- og bygningslova §§ 11-9 til 11-11 gjev ikkje høve til å gje kommuneplanføresegner om sakshandsaming eller planprosess, eller om eventuelle dokumentasjonskrav til prosjektsøknader ut over det som følgjer av § 11-9 nr. 8. I retningslinjene eller planomtala kan det likevel vere tenleg å gjere greie for kva andre sakshandsamings- og utgreiingskrav som vil vere aktuelle etter plan- og bygningslova med byggjeforskrifter og konsekvensutgreiingsføresegner, forvaltningslova, kulturminnelova med meir.

Det kan heller ikkje gjevast alternative føresegner i arealdelen i kommuneplanen om dispensasjon etter føresegnene som er gjevne i plan- og bygningslova kapittel 19.

4.4.8 Byggjesaksdelen av plan- og bygningslova

Ein del andre føresegner i byggjesaksdelen av plan- og bygningslova er også viktige for arealdelen i kommuneplanen. Det kjem av at dette er grunnleggjande minstekrav til alle byggje- og anleggstiltak i lova, som også er førande for løysinga av konkrete plansituasjonar og for utforminga av planføresegner. Dei kan også vere viktige for å følgje opp vedtekne planar.

Døme på lovføresegner i byggjesaksdelen som er viktige for arealdelen, er

§§ 29-1 og 29-2 om utforming av tiltak og gode visuelle kvalitetar både i seg sjølv og i høve til bygde og naturlege omgjevnader

§ 29-3 krav til universell utforming og forsvarleg tryggleik

§ 28-1 om miljøtilhøve

§ 29-4 om plassering og høgdeplassering

§ 30-2 om byggverk som kan føre til fare eller særleg ulempe

§ 31-7 tilsyn med eksisterande byggverk og areal

4.4.9 Rettleiande retningslinjer

Det kan knytast rettleiande og meir uformelle retningslinjer til planen, som ikkje er forankra i plan- og bygningslova, til dømes i samband med planomtala. Dei vil gje fleire haldepunkt for korleis einskildsaker skal handsamast med dekning i arealdelen. Slike retningslinjer blir nytta for å klargjere

  • korleis det faktiske og det rettslege planinnhaldet er å forstå
  • korleis planføresegnene kan påreknast praktiserte
  • instruksjonar frå kommunestyret til politiske utval og administrasjon som skal følgje opp planen

Retningslinjer er ikkje juridisk bindande. Dei har berre rettleiande og informerande karakter. Retningslinjer må ikkje vere i strid med rettsleg bindande føresegner. Avslag på søknader kan ikkje grunngjevast i retningslinjene.

Retningslinjene kan gje visse føringar for rettsleg og planfagleg vurdering av dei einskilde arealføremåla, omsynssonene og føresegnene.

4.4.10 Hjelpedokument og illustrasjonar

Kva som er rettsleg fastlagt på plankartet, kan visast gjennom illustrasjonar dersom det er nødvendig. Illustrasjonar kan også nyttast til å vise det som gjeld etter andre lover, til dømes naturmangfaldlova og kulturminnelova.

Teikningar kan også illustrere og utdjupe kva som er føresett av løysingar i område for bygg og anlegg etter plan- og bygningslova § 11-7 første leddet nr. 1. Dei kan også informere om og markere spesielle omsyn eller bruksinteresser. Døme her er viktige landskapselement eller friluftslivsinteressene til allmenta i eit LNFR-område.

Illustrasjonar kan også gje retningslinjer for seinare handsaming av reguleringsplan i bandlagde område, der det er stilt krav om ein slik plan før gjennomføring av byggjetiltak. Dette kan til dømes vere for å sikre innarbeiding av natur- og friluftslivsinteresser i dei konkrete utbyggingsplanane. Dei kan også fungere som retningslinjer ved handsaming av einskildsaker etter byggjesaksføresegnene.

Vidare kan det vere viktig å få fram til dømes føremålet grønstruktur i område for bygg og anlegg for å vise samanhengande grønstrukturar.

Mange kommunar har utarbeidt oversynsplanar for skogbruket med oversyn over ressursar, høve for næringsutvikling og status i miljøarbeidet. Planane er eit bidrag til kommuneplanen, og er eit kunnskapsgrunnlag for å prioritere verkemiddel innanfor landbruket.

4.4.11 Oversyn og samanstilling av arealføremål, føresegner og omsynssoner

Tabellen nedanfor er ei samanstilling av omsynssoner, arealføremål og føresegner. Første kolonnen gjev att lovteksten for kvar omsynssone. Andre kolonnen gjev kort att korleis kvar einskild omsynssone kan knytast til ulike arealføremål og generelle føresegner. Han seier noko om korleis dei anten er knytte til kvarandre eller kan knytast til kvarandre i ein vald samanheng. Kommentarane i tabellane peiker på høve, samanhengar og avgrensingar. Verkemidla må takast i bruk etter behov og ikkje utformast meir detaljert enn nødvendig.

Tabell 4.1 Omsynssoner med føresegner og samanhengen med arealføremål og generelle føresegner.

Omsynssoner med føresegner etter § 11-8

Arealføremål etter § 11-7 og generelle føresegner etter § 11-9

a) Sikrings-, støy- og faresone med opplysning om fareårsak eller miljørisiko. Heimel for føresegner om forbod mot tiltak/verksemder eller vilkår for å tillate slike.

Kan i utgangspunktet leggjast over alle føremål, men der fare/risiko er dominerande, er byggjeføremål utelukka.

Her er det heimel direkte i bokstav a til å gje nødvendige føresegner for å sikre tryggleik m.m. Jf. også plan- og bygningslova § 28-1.

Føresegner etter § 11-9 om

Nr. 5 byggjegrense, funksjonskrav

Nr. 4 rekkjefølgje

Nr. 6 miljøkrav

Nr. 8 om nærare undersøkingar og overvaking.

Føresegner kan nyttast for å sikre interesser og tilhøve i slike soner.

b) Sone med særskilde krav til infrastruktur med oppgåve over type.

Kan knytast til alle arealføremål, men er mest aktuelt i område for bygg og anlegg, samferdsel og infrastruktur og Forsvaret.

Av generelle føresegner etter § 11-9 vil nr. 1 krav om reguleringsplan, nr. 2 nærare oppgåve over tekniske løysingar og type tiltak og nr. 4 om rekkjefølgje og gjennomføringstidspunkt vere mest aktuelle. Også nr. 5 om byggjegrenser og funksjonskrav, nr. 6 om miljøkvalitet, estetikk m.m. og nr. 7 om verneomsyn kan vere aktuelle.

c) Sone med særskilde omsyn til landbruk, reindrift, mineralressursar, friluftsliv, grønstruktur, landskap eller vern av naturmiljø eller kulturmiljø, med opplysning av interesse.

Eventuelt føresegner for å hindre vesentleg forringing av verneverdiar i område inntil naturvernområde.

Knyter seg til LNFR-føremålet og ev. sjø og vassdrag.

For slike område kan det gjevast føresegner innanfor ramma av heimlane i § 11-9 om generelle føresegner. Krav om reguleringsplan etter nr. 1, om miljøkvalitet, estetikk og natur m.m. etter nr. 6 og verneomsyn etter nr. 7 er mest aktuelle.

Retningslinjer til c) sone med særskilde omsyn til landbruk, reindrift, mineralressursar, friluftsliv, grønstruktur, landskap eller vern av naturmiljø eller kulturmiljø, med opplysning av interesse.

Det kan gjevast retningslinjer om avgrensingar av verksemd og vilkår for tiltak for å sikre omsyna i sona.

Slike retningslinjer kan også gjelde vektlegginga av omsyn kommunen skal ta når han handsamar saker etter andre lover. Retningslinjene kan berre bli gjevne der kommunen har makt til å handsame saker etter andre lover.

d) Sone for bandlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningslova eller andre lover, eller som er bandlagd etter eit slikt rettsgrunnlag, med opplysning av føremålet.

Kan nyttast for område som er bandlagde gjennom særlovs- eller reguleringsvedtak eller for alle typar område som skal regulerast eller handsamast etter særlov.

For område som skal regulerast, vil krav om reguleringsplan etter § 11-9 nr. 1 vere den aktuelle føresegna.

Det bør gå fram kva tilhøve eller tiltak det blir bandlagt til, til dømes regulering til grønstruktur som det offentlege skal få og eige.

Verknaden av bandlegging knyter seg direkte til omsynssona på kartet, supplert med eventuelle planføresegner, og til eventuelle føresegner i særlov eller anna rettsgrunnlag som inneber arealrestriksjonar som det blir eller er bandlagt til.

e) Sone med krav om felles planlegging for fleireeigedomar, medrekna med særskilde samarbeids- eller eigarformer og omforming og fornying.

Er mest aktuell for område for bygg og anlegg.

Her vil krav om (felles) reguleringsplan etter § 11-9 nr. 1 vere den aktuelle føresegna.

f) Sone der gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelde.

Blir nytta der gjeldande regulering blir vidareført som ho er vedteken (utan endringar).

4.5 Arealføremål med føresegner

4.5.1 Generelt

Tabellen nedanfor er ei samanstilling av arealføremål og føresegner.

Tabell 4.2 Arealføremål med døme på typen føresegner som kan knytast til.

Arealføremål etter § 11-7 (Hovudføremåla)

Type generelle føresegner etter § 11-9 og føresegner etter § 11-11 som kan knytast til arealføremåla i § 11-10

1. Bygg og anlegg

Generelle føresegner etter § 11-9

Alle generelle føresegner i § 11-9 nr. 1 til 8 kan vere aktuelle i tilknyting til arealføremålet.

Nr. 1) Krav om reguleringsplan – område- og/eller detaljregulering

  • Kan knytast til alle føremål. Føreset utarbeiding av reguleringsplan før nye tiltak kan gjennomførast. Ligg det føre ein reguleringsplan kommunen ønskjer å endre, må kommuneplanen vise ny arealbruk for området, eller gjeldande reguleringsplan må bli endra eller oppheva etter reglane i plan- og bygningslova kapittel 12.

Nr. 2) Innhald i utbyggingsavtaler

  • Gjev høve for å innarbeide kommunevedtak om føresetnader for bruk av utbyggingsavtaler etter § 17-2 i føresegnene til arealdelen i kommuneplanen. Det er føresegnene om utbyggingsavtaler som gjev rammene for kva som kan takast inn i vedtaket og føresegnene. Utbyggingsavtale vil vanlegvisvere knytt til reguleringsplan som legg til rette for privat utbygging av vanlegebyggjeføremål som bustad, næring, hytter, samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur og grønstruktur.

Nr. 3) Krav til (eller eventuelt forbod mot) nærare oppgjevne løysingar for veg, vatn, avløp, transport, tekniske krav og eventuell tilrettelegging for vassboren varme

  • Er mest aktuell for byggjeføremål, medrekna område for fritidsbygg også ved spreidd utbygging.

Nr. 4) Rekkjefølgjekrav for samfunnsservice og teknisk infrastruktur, grønstruktur og gjennomføringstidspunkt og -rekkjefølgje

  • Er mest aktuell i samband med byggjeføremål og samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.

Nr. 5) Byggjegrenser, utbyggingsvolum, funksjonskrav, universell utforming, leike-, ute- og opphaldsplassar, skilt og reklame, parkering, frikjøp av parkeringsplassar og utnytting av bustadsmassen

  • Kan knytast til føremål og delområde eller generelt til heile kommunearealet.
  • Erstattar også kommunale vedtekter.

Nr. 6) Miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønstruktur, mellombelse og flyttbare konstruksjonar og anlegg

  • Kan knytast til føremål og delområde eller generelt til heile kommunearealet.
  • Erstattar også kommunale vedtekter.

Nr. 7) Omsyn som skal takast til vern av eksisterande bygningar og anna kulturmiljø

  • Kan knytast til føremål og delområde eller gjerastgjeldande generelt.

Nr. 8) Tilhøve som skal avklarast og klarleggjast i vidare reguleringsarbeid, miljøoppfølging og -overvaking

§ 11-10 Føresegner til arealføremål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4

Følgjande føresegner etter § 11-10 er aktuelle til arealføremålet Bygg og anlegg:

Nr. 1) At mindre tiltak som det er stilt reguleringsplankrav for, likevel ikkje treng ein slik plan når det er gjeve føresegner om utbyggingsvolum og uteareal og tilhøvet til transport og anna lovverk er avklart/sikra

  • Er aktuelt ved mindre utbygging i eksisterande utbygde område der det er stilt generelt krav om ny reguleringsplan.

Nr. 2) Fysisk utforming av anlegg

  • Er aktuell for utbygging direkte etter kommuneplan, og for å gje visse overordna rammer for fysisk utforming som skal følgjast opp i reguleringsplan, jf. § 11-9 nr. 5.

Nr. 3) Kva areal som skal vere til offentlege føremål eller fellesareal

  • Er aktuell for å fastsetje ulike typaroffentleg bygg og anlegg, grav- og urnelundar og fellesareal og -anlegg.

Nr. 4) Lokalisering, bruk og klassar av streng haldning til veg

  • Gjev grunnlag for å fastsetje rammeplan for avkøyringar/fastsetje tillatne avkøyringar etter veglova.

2. Samferdsels­anlegg og teknisk infrastruktur

Generelle føresegner etter § 11-9

  • Alle generelle føresegner i § 11-9 nr. 1 til 8 kan vere aktuelle i tilknyting til arealføremålet.

§ 11-10 Føresegner til arealføremål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4

  • Følgjande føresegner etter § 11-10 er aktuelle til arealføremålet 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur

Nr. 2) Fysisk utforming av anlegg

  • Knyter seg til veg- og jarnbaneanlegg og andre typar samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.

Nr. 3) Kva areal som skal vere til offentlege føremål eller fellesareal

  • Er aktuell for samferdselsanlegg og for fellesareal og -anlegg.

3. Grønstruktur

Generelle føresegner etter § 11-9

  • I tilknyting til grønstruktur kan generelle føresegner etter nr. 1, 2, 3, 4, 6, 7 og 8 vere aktuelle.

§ 11-10 Føresegner til arealføremål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4

  • Følgjande føresegner etter § 11-10 er aktuelle til arealføremålet 3. Grønstruktur

Nr. 3) Kva areal som skal vere til offentlege føremål eller fellesareal

  • Er aktuell for å fastsetje kva delar av grønstrukturen som skal vereoffentleg eller eventuelt fellesareal.

4. Forsvaret

Generelle føresegner etter § 11-9

Alle generelle føresegner i § 11-9 nr. 1 til 8 kan vere aktuelle i tilknyting til arealføremålet.

§ 11-10 Føresegner til arealføremål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4

Følgjande føresegner etter § 11-10 er aktuelle til arealføremålet 4. Forsvaret

Nr. 5) I kva område Forsvaret sjølv kan gjere vedtak om sine tiltak, jf. § 20-7

5. a) Landbruks-, natur- og friluftsføremål og reindrift (LNFR)

og:

5. b spreidde bustad-, fritids- eller næringsbygg m.m. i LNFR-område

Generelle føresegner etter § 11-9

Alle generelle føresegner i § 11-9 nr. 1 til 8 kan vere aktuelle i tilknyting til båe typar LNFR-føremål etter § 11-7 nr. 5 a og b.

§ 11-11 Føresegner til arealføremål etter § 11-7 nr. 5

Følgjande føresegner etter § 11-11 er aktuelle til båe typar LNFR-føremål etter 11-7 nr. 5 a og b

Nr. 1) Omfang, lokalisering og utforming av bygningar og anlegg til landbruk og reindrift (kan gjevast til LNFR a og b)

Nr. 3), 4), 5) og 6) så langt dei passar i LNFR-område – særleg nr. 5 er aktuell å nytte

§ 11-11 Føresegner til arealføremål etter § 11-7 nr. 5

Følgjande føresegner etter § 11-11 er aktuelle til LNFR spreidd utbygging etter 11-7 nr. 5 b

Nr. 2) At spreidde bustad-, fritids- eller næringsbygg og annan bygg kan tillatast gjennom einskildsøknad eller reguleringsplan når føremålet, omfanget og lokaliseringa av bygga er nærare oppgjevne i planen (kan gjevast til LNFR bokstav b)

6) Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

Generelle føresegner etter § 11-9

Alle generelle føresegner i § 11-9 nr. 1 til 8 kan vere aktuelle i tilknyting til arealføremålet når strandsona blir inkludert, men nr. 1 og delar av 5, 6, 7 og 8 framstår som mest aktuelle.

§ 11-11 Føresegner til arealføremål etter § 11-7 nr. 6.

Følgjande føresegner etter § 11-11 er aktuelle til arealføremål 6. Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

Nr. 3) Bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn

  • Kan nyttast for å spesifisere arealbruken og krav til arealbruk og tiltak i sjø og vassdrag både på overflata, i vassøyla og på botnen, jf. også nr. 7 nedanfor.

Nr. 4) Å tillate nødvendige bygningar, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs sjøen med sikte på landbruk, reindrift, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs.

Nr. 5) At det for område inntil 100 meter langs vassdrag skal vere forbode å setje i verk avgjort oppgjevne byggje- og anleggstiltak. Føresegner om sikring av kantvegetasjon og tilgang til strandsona for allmenta. I byggjeområde kan tilsvarande bli fastsett gjennom bruk av byggjegrense eller ved arealføremål.

Nr. 6) Ferdsel i område med spesielle verneomsyn og på sjøen.

Nr. 7) Kva artsgrupper eller artar av akvakultur som einskildvis eller i kombinasjon kan etablerast

  • Fastsetjing av tillaten art oppgjev også typen anlegg, jf. også nr. 3 ovanfor.

Nedanfor blir det gjeve ei omtale av kvart hovudføremål med underføremål og dei mest aktuelle føresegnene i tilknyting til føremålet. Det blir også gjeve døme på føremål, føresegner og omsynssoner for å syne korleis arealet skal nyttast.

Arealføremåla fastset tillaten arealbruk og gjev bindande rammer for arealutnyttinga. Føremåla skal nyttast og visast på plankartet. Planen skal ikkje innehalde uturvande føremål og arealrestriksjonar. Alle areala i kommunen (landarealet, vatn og elv) skal ha føremål.

Plan- og bygningslova legg opp til at heile kommunearealet, også sjøområda, skal vere dekt av bindande planar. Det er arealdelen i kommuneplanen som skal sikre dette. Planlegging må tilpassast etter behovet, og det vil derfor variere kor detaljert kommuneplanen bør vere. Krav om reguleringsplan for større byggje- og anleggstiltak i plan- og bygningslova gjeld også i sjø.

Kart- og planforskrifta, supplert med teiknereglane i produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister, fastset korleis planføremål kan kombinerast. Teiknereglane spesifiserer alle kombinasjonshøve ein kan nytte på føremålsflater, omsynssoner og føresegner som kan gjevast med linjer og punkt i plankartet (ofte omtalt som juridiske linjer og juridiske punkt).

Føresegner i arealdelen i kommuneplanen skal som hovudregel vere av forskriftskarakter.

Framstillinga av arealføremåla blir gjennomgåtte med døme knytte til dei einskilde heimlane for omsynssoner og føresegner.

I døma er arealføremåla på kartutsnitta og i føresegnene knytte saman med feltnamn. Feltnamn er ei standardisert forkorting av namnet på arealføremålet som er gruppert etter lovinndelinga i § 11-7 andre leddet nr. 1 til 6 og vedlegg I til kart- og planforskrifta. Offisiell liste over feltnamn .

4.5.2 Område for bygg og anlegg

§ 11-7 andre ledd nr. 1

1. Bebyggelse og anlegg.

Underformål:

boligbebyggelse, fritidsbebyggelse, sentrumsformål, kjøpesenter, forretninger, bebyggelse for offentlig eller privat tjenesteyting, fritids- og turistformål, råstoff- utvinning, næringsbebyggelse, idrettsanlegg, andre typer anlegg, uteoppholdsarealer, grav- og urnelunder.

Føremåla kan markerast som eksisterande eller nye på plankartet. «Eksisterande» omfattar område der gjeldande arealbruk blir ført vidare i ny plan. «Nytt» tyder arealføremål som er nytt i denne arealplanen.

Til dømes

  • nye byggjeområde i område som er sette av til anna føremål enn utbygging i tidlegare arealplan
  • område med same arealbruk som tidlegare, men med nye føresegner som tillèt ei vesentleg anna (til dømes mykje høgare) utnytting enn i tidlegare plan

Figur 4.1 Fargekodar for underføremål under bygg og anlegg.

4.5.2.1 Nærare om bygg og anlegg som hovudføremål

Føremålet blir nytta for å setje av areal der bygg eller anlegg av ulike slag er tillatne og er det dominerande innslaget i arealbruken. Veganlegg og grøntområde internt i området inngår i føremålet.

Område for bygg og anlegg kan visast på to måtar:

  • som eit samla føremål som gjev grove rammer for den vidare planlegginga
  • underinndeling innanfor rammene gjevne i plan- og bygningslova § 11-7 nr. 1. Planen kan bli mindre fleksibel, men utviklinga i området blir meir føreseieleg. I område for bygg og anlegg kan arealbruken fastsetjast slik at han stort sett dekkjer dei aktuelle behova. Dette gjeld særleg når arealføremålet blir kombinert med føresegner om omfang, volum og plassering med meir

Blir hovudføremålet nytta, vil det også omfatte alle underføremåla. Arealbruk og tiltak etter underføremåla vil då ikkje vere i strid med føremålet i planen. Der føremålet ikkje er underinndelt, skal det gjennom føresegner etter § 11-9 og § 11-10 anten stillast krav om reguleringsplan, eller liste opp kva omsyn som skal sikrast ved regulering og utbygging.

Figur 4.2 Utsnitt frå kommuneplan som viser ei overordna tilnærming til tettstaden i arealdelen. Døme på ein grovmaska arealdel som bør følgjast opp av reguleringsplan.

Figur 4.3 Utsnitt av kommunedelplan som tek sikte på at utbygging kan skje på grunnlag av detaljregulering eller eventuelt direkte gjennom byggjeløyve for delar av området.

Figur 4.4 Dømet viser korleis nye bygg kan passast inn i ein tettstad. Det føreset at høgdeavgrensing og form på bygga samsvarer med eksisterande bygg på tilstøytande eigedomar. Døme på føresegner og retningslinjer som kan knytast til ein slik plan, er omtalte nedanfor.

Dersom ikkje anna blir vedteke, gjeld ny plan framfor eldre plan. Eldre reguleringsplan vil framleis gjelde så langt det ikkje er motstrid til kommuneplanen, jf. plan- og bygningslova § 1-5. Det er derfor viktig å avgjere om arealføremålet i eldre reguleringsplanar framleis skal gjelde, sjå omtale av omsynssone i § 11-8 tredje leddet bokstav f. Dette er ein viktig premiss for utforminga av planen.

Når det er stilt plankrav, vil arealdelen ikkje gje direkte grunnlag for byggjesakshandsaming for tiltaka som er nemnde i føresegn til arealføremålet. Kriteria som planen nemner, blir retningsgjevande for den vidare planlegginga.

Arealdelen i dømet på figur 4.3 gjev ei overordna avklaring for framtidig utbygging. Her er ein meir detaljert plan ønskjeleg for å fastsetje nærare kva karakter, storleik og form dei nye bygga har, og for å sikre tilpassing til eksisterande bygg og natur- og friluftsinteresser. Også storleiken på utbyggingsområdet, og behovet for nærare konkretisering av område for bygg, offentleg eller privat tenesteyting og grønstruktur når utbygging blir aktuelt, tilseier behov for reguleringsplan.

Uteopphaldsareal i tilknyting til byggjeområde inngår her saman med andre funksjonar som er vanlege i område for bygg, til dømes vegar, tilkomstar, offentlege bygningar med meir. Friområde høyrer under arealføremål 3 Grønstruktur og med føresegn om eigarform: Offentleg. Dersom dei ikkje skal ha rettsverknad, kan dei visast som omsynssone etter § 11-8 tredje leddet bokstav c over arealføremålet.

4.5.2.2 Underføremål til § 11-7 andre leddet nr. 1

For nærare spesifisering av kva arealbruk som kan nyttast under dei ulike underføremåla, sjå vedlegg til kart- og planforskrifta.

4.5.2.2.1 Bygg

Føremålet bustadsbygg blir nytta der alle former for heilårs bygg og bustadbruk og tilhøyrande anlegg er tillatne. Til dømes fellesareal, uthus, garasjar og hage.

4.5.2.2.2 Fritidsbygg

Fritidsbygg omfattar privateigde fritidsbustader med tilhøyrande anlegg. Fritidsbustader er sekundærbustader som ikkje blir nytta til permanent opphald. Rettleiar T-1450 Planlegging av fritidsbebyggelse.

Fritidsbygg skil seg frå utleigehytter og fritidsbustader som blir drevne i kommersiell samanheng, jf. omtalen av slike bustader under «Fritids- og turistføremål».

Nye fritidsbygg kan berre oppførast i område som er sett av til det i plan. I LNFR-område er hyttebygging forbode, bortsett frå der det er avgjort at spreidd utbygging av fritidsbygg er tillate, jf. plan- og bygningslova § 11-7 nr. 5 bokstav b med føresegner etter § 11-11 nr. 2.

4.5.2.2.3 Sentrumsføremål

Dette er ei open føremålsopplysning som omfattar arealbruken som er vanleg i eit by- eller tettstadssentrum. I sentrumsføremål inngår forretningar, tenesteyting og bygg, inkludert nødvendige grøne (ute)areal til bygg. Sentrumsføremål er mest aktuelt å nytte i kommuneplan på eit overordna nivå, der det er stilt krav om reguleringsplan før det kan gjevast løyve til gjennomføring av tiltak.

4.5.2.2.4 Kjøpesenter

Den nasjonale politikken for lokalisering av handel går fram av statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (spesielt punkt 4.5) og dei nasjonale forventingane til regional og kommunal planlegging. Den regionale politikken blir formidla gjennom vedtekne regionale planar med regionale planretningslinjer, og i nokre høve regionale planføresegner. Dersom slike planføresegner gjeld, skal statsforvaltaren vurdere om regional plan blir følgd opp. Fylkeskommunen avgjer om det kan gjerast avvik frå den regionale planen.

Kjøpesenter har ikkje ein fast definisjon, men var i tidlegare forskrift om ikkje annan definisjon er gjeve i regional plan, definert slik:

«Med kjøpesenter forstås detaljhandel i bygningsmessige enheter og bygningskomplekser som etableres, drives eller framstår som en enhet, samt utsalg som krever kunde- og medlemskort for å få adgang.»

Daglegvareforretningar er å oppfatte som kjøpesenter i denne samanhengen. Det same er varehus som omset éi eller fleire varegrupper.

4.5.2.2.5 Forretningar

Føremålet omfattar areal og bygningar for detaljhandel.

Detaljhandel omfattar all form for varesal til private sluttbrukarar.

Nokre former for arealbruk som naturleg høyrer under næringsbygg (til dømes handverksverksemd eller sal av gardsprodukt) eller tenesteyting (sal av tenester), kan også tillatast på areal som er sette av til føremålet forretningar. Det vil vere klargjerande å presisere dette nærare i planomtala og eventuelt føresegnene der ein slik bruk er aktuell.

Forretningar inngår også i føremåla kjøpesenter og sentrumsføremål.

4.5.2.2.6 Bygg for offentleg eller privat tenesteyting

Føremålet bygg for offentleg eller privat tenesteyting skal brukast i arealdelen i kommuneplanen. Det skal ikkje vere nokon underinndeling. Føremålet omfattar areal og bygningar for ulike former for privat eller offentleg tenesteyting, til dømes barnehage, helse- og omsorgsinstitusjon, kulturinstitusjonar eller administrasjon (konsulentverksemd og liknande). Areal som berre skal vere for offentleg tenesteyting, må ha føresegn om dette etter plan- og bygningslova § 11-10 nr. 3.

Når det gjeld konkret planutforming, inngår sjukeheim, skular, barnehagar og liknande i underføremålet offentleg eller privat tenesteyting i arealføremålet bygg og anlegg, jf. § 11-7 nr. 1. Område for slike bygg skal altså visast som område for offentleg eller privat tenesteyting i kommuneplan. I tillegg skal det i føresegn til arealføremålet etter § 11-10 nr. 3 oppgjevast kva areal som skal vere offentlege føremål. Ytterlegare inndeling av arealbruken må i så fall gjerast i reguleringsplan.

Omsorgsbustad og bustader med service kan gå inn i underføremålet helse- eller omsorgsinstitusjon, jf. merknader til vedlegg I i kart og planforskrifta.

4.5.2.2.7 Fritids- og turistføremål

Utleigehytter og andre typar overnattingsanlegg som blir drivne i ein kommersiell samanheng, skal visast som fritids- og turistføremål. Utleigehytter kan mellom anna omfatte rorbu, kommersiell leirstad med meir. Campingplassar, fritidsparkar og liknande kjem også inn under føremålet.

Det er den faktiske bruken, ikkje eigarformen, som er avgjerande. Endring av eigartilhøva kan likevel vere ein indikasjon på bruksendring til private fritidsbustader. Det er ei grense for kva som er tillate av privat bruk, mellom anna som sal og tilbakeleige, før det kjem i strid med føremålet. I praksis har departementet lagt til grunn at ei eining må nyttast til næringsutleige i minst ni månader av året, og at det dessutan er ein føresetnad at utleigeverksemda skjer som næringsverksemd i fellesdrift.

Dersom det blir teke sikte på ein større del privat bruk, kan dette løysast i planen ved bruk av kombinerte føremål der også «Fritidsbygg» inngår, og med presisering i planføresegner kor stor del av bruken som kan vere fritidsbygg.

4.5.2.2.8 Råstoffutvinning

Tiltak som kjem inn under dette arealføremålet, vil mellom anna omfatte

  • uttak av mineralske lausmassar (leire, silt, sand, grus, stein og blokk)
  • fastfjellførekomstar for produksjon av byggjeråstoff og liknande føremål
  • industrimineral og malmar under råstoffutvinning

Uttak for produksjonsføremål kan også rette seg mot andre slags massar eller førekomstar i grunnen.

Med uttaka følgjer til vanleg også fylling, særleg som deponi av skrotmassar og vegar.

Vanlege verksemdtypar knytte til råstoffutvinning

  • sand- og grustak
  • pukkverk
  • steinbrot
  • bergverk

Mineralressursar er viktige naturressursar og bør vurderast i samanheng med andre tema og arealavklaringar i kommuneplanarbeidet for å sikre ei langsiktig og forsvarleg forvaltning. Dette er spesielt viktig fordi slike geologiske ressursar berre kan bli utnytta der dei er lokaliserte i naturen. Det er viktig at kommunen har oversyn over dei ulike mineralressursane, både for å hindre nedbygging av ressursane og for å unngå arealbrukskonfliktar i samband med etablerte og framtidige masseuttak. Det er utgjeve ei eiga rettleiing om uttak av mineralske førekomstar.

Det er eit mål å fase ut bruken av torv for å avgrense utslepp av klimagassar og skadar på naturmangfald. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidt eit framlegg til plan for overgang frå bruk av torvbaserte til torvfrie produkt.

Kommunar med grusressursar bør vurdere korleis desse kan utnyttast på beste måte. Utnyttinga kan til dømes vere råstoffutvinning, grunnvasskjelde eller resipient, eller nyttast på annan tenleg måte. Desse ulike føremåla kan vere i konflikt med kvarandre og vil kunne ha tyding for plassering av bygningar som bustader med meir.

Arealdelen bør omfatte alle eksisterande og planlagde område for råstoffutvinning. For eksisterande tiltak der føresetnaden er vidare drift, og for planlagde nye tiltak, må plankartet vise ytre grenser for framtidig uttak. Det bør ikkje setjast av nye område for torvuttak, og eksisterande torvuttak som ikkje er i drift, bør vurderast teke ut.

Masseuttak skal visast som underføremål råstoffutvinning etter plan- og bygningslova § 11-7 andre leddet nr. 1 i kommuneplan.

Massedeponi skal visast som underføremål andre typar anlegg, jf. plan- og bygningslova § 11-7 andre leddet nr. 1 omtalt under.

Om det er aktuelt å setje av eit område for både masseuttak og massedeponi, må dermed kombinert bygg- og anleggsføremål til § 11-7 andre leddet nr. 1 nyttast. I tillegg må det i føresegn fastsetjast at dei to aktuelle underføremåla inngår i kombinasjonen.

Der uttaket av ein mineralressurs ikkje skal takast i bruk i denne planperioden, men ein gong i framtida, kan området leggjast ut som anlegg for råstoffutvinning. Det må då fastsetjast rekkjefølgjekrav om det tidspunktet anlegget kan takast i bruk, etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4.

Om kommunen vel ikkje å ta stilling til ein kartlagd mineralressurs, kan det haldast ved lag som LNFR-område. Om det eventuelt skal leggjast ut til råstoffutvinning, kan då vurderast ved ein seinare planrevisjon. Dette bør i så fall omtalast i planomtala slik at det er mogleg å etterprøve om bruk av LNFR-føremålet er eit aktivt val, eller om det ikkje er teke standpunkt til kva som skal prioriterast.

Det er også mogleg å leggje inn sikring av mineralressursar som ei omsynssone etter plan- og bygningslova § 11-8 tredje leddet bokstav c.

For nærare omtale av masseuttak, medrekna aktuelle planføresegner (§§ 11-9 og 11-10 nr. 2) til dette føremålet, sjå rettleiaren Mineralske forekomster og planlegging etter plan- og bygningsloven.

Figur 4.5 Døme på område for råstoffutvinning med uttaksretning og progresjon.

Andre referansar: Direktoratet for mineralforvaltning og minerallova.

4.5.2.2.9 Massetak i jord- og skogbruksdrift

Masseuttak utanfor område som er sett av til råstoffutvinning, er ikkje tillate. Masseuttak til eiga jord- og skogbruksdrift i LNFR-område er derimot tillate. Rettleiar H-2401 Garden som ressurs gjev kriterium for vurdering av når eit tiltak kan inngå i LNFR-kategorien. Det kan gjevast føresegner etter § 11-9 nr. 1 til 8 som kan gje ei viss styring av slike masseuttak i LNFR-område, til dømes gjennom krav om reguleringsplan.

4.5.2.2.10 Næringsbygg

I arealdelen i kommuneplanen er det berre hovudføremålet næringsbygg som skal nyttast.

Næringsbygg omfattar kontor, hotell, overnatting, servering, industri-, handverks- og lagerverksemd, bensinstasjon, vegserviceanlegg og anna næringsverksemd som ikkje er eige føremål.

4.5.2.2.11 Idrettsanlegg

I arealdelen i kommuneplanen er det berre hovudføremålet idrettsanlegg som skal nyttast. Idrettsanlegg omfattar større anlegg som skianlegg, skiløypetrasé, idrettsstadion, nærmiljøanlegg, golfbanar, skytebane og liknande. Treningssenter kjem som hovudregel inn under offentleg eller privat tenesteyting.

Det kan nemnast med påskrift eller føresegn kva slags anlegg det er snakk om.

Skiløype kan i arealdelen i kommuneplanen teiknast inn som informasjonslinje, det vil seie som ein illustrasjon i plankartet, eller at ho blir vist i eit eige temakart for skiløyper. Ein kan også stille krav om at anlegg av nye skiløypetrasear krev reguleringsplan, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 1. Ei slik føresegn kan gjevast generelt for alle område i kommunen eller for utvalde område.

4.5.2.2.12 Andre typar byggje- og anleggstiltak

Dette omfattar ei lang rekkje ulike byggje- og anleggstiltak om ein ser på underinndelinga som er definert på reguleringsplannivå i vedlegg I til kart- og planforskrifta. Dette er ein samlekategori, jf. bruken av anna særskilt oppgjevne bygg og anlegg i nemnde opplisting. Føremålet blir ikkje underinndelt i kommuneplan, men omfattar mellom anna alle typar kommunaltekniske anlegg (vatn, avløp, renovasjon med meir), godsterminalar/-lager, ulike energianlegg, telekommunikasjonsanlegg, småbåtanlegg, støyvollar, massedeponi og område for andre større terrenginngrep med meir.

Type byggje- eller anleggstiltak, til dømes reinseanlegg, massedeponi støyvoll med meir, kan visast med påskrift på kartet som tilleggsinformasjon til opplysning i planføresegn.

4.5.2.2.13 Nærare om vindkraftanlegg

Frå 1. januar 2015 vart konsesjonsgrensa i energilova endra, slik at det er kommunane som handsamar søknader om å byggje mindre vindkraftanlegg på inntil 1 MW etter reglane i plan- og bygningslova. For å sikre heilskaplege vurderingar kan det vere aktuelt for kommunen å vurdere etablering av mindre vindkraftanlegg i arealdelen i kommuneplanen. Sjå også H-2343: Veileder for kommunal behandling av mindre vindkraftanlegg.

Dersom kommunen ønskjer å setje av område til vindkraftutbygging eller innarbeide konsesjonsgjevne vindkraftprosjekt i arealdelen i kommuneplanen, skal anlegga visast som «Område for andre typar byggje- og anleggstiltak (område for vindkraftanlegg)». Det er ikkje krav til regulering av anlegg for elektrisk energi, men slike anlegg kan ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen. Det vil seie at vindkraftanlegg over 1 MW anten må inngå i kommuneplanen, eller det må gjevast dispensasjon frå planen før det blir gittkonsesjon etter energilova. Sjå heimesida til Noregs vassdrags- og energidirektorat for eit oversyn over rettleiarar og rapportar som er relevante ved planlegging og utbygging av vindkraftverk.

4.5.2.2.14 Nærare om små vasskraftverk

Små vasskraftverk inngår i arealdelen i kommuneplanen i arealføremålet «Andre typar byggje- og anleggstiltak», som er omtalt ovanfor.

Definisjon på små kraftverk

Små kraftverk er ei fellesnemning på vasskraftverk som er mindre enn 10 MW. Desse kan delast inn i

  • mikrokraftverk: installert effekt mindre enn 100 kW (< 0,1 MW)
  • minikraftverk: installert effekt mellom 100 og 1 000 kW (0,1–1 MW)
  • småkraftverk: installert effekt mellom 1 000 og 10 000 kW (1–10 MW)

Frå 1. januar 2018 er det kommunen som, med einskilde unntak, gjer vedtak om konsesjon til vasskraftverk med storleik på inntil 1 MW installert effekt. For kraftverk med installert effekt mellom 1 og 10 MW er det Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har vedtaksmakt. Alle søknader skal først sendast til NVE for avklaring om vidare saksgang.

Anlegg som NVE har vurdert til ikkje å vere konsesjonspliktige etter vassressurslova, blir handsama av kommunen etter plan- og bygningslova. Kommunen er ansvarleg for sjølve sakshandsaminga og gjer vedtak i desse sakene. NVE har oppretta ei eiga nettside der kommunane kan finne nyttig informasjon som kan vere til hjelp når dei skal handsame konsesjonar.

NVE har ei omfattande rettleiing på nett for små vasskraftverk. Nettsida har også lenkjer til Retningslinjer for små vannkraftverk til bruk for utarbeidelse av regionale planer og i NVEs konsesjonsbehandling fra 2007 og Veileder i planlegging, bygging og drift av små kraftverk frå 2010.

I rettleiar H-2401 Garden som ressurs går det fram at mikro- og minikraftverk, biobrenselanlegg og vindturbinar kan etablerast i LNFR-område etter bokstav a, dersom energien frå anlegget i det vesentlege blir forbrukt på garden.

Dersom anlegget ikkje oppfyller føresetnaden over, men hovudsakleg produserer energi for vidaresal, må det eventuelt tillatast gjennom at området blir sett av til LNFR-spreidde bygg etter plan- og bygningslova § 11-7 nr. 5 bokstav b med føresegner etter § 11-11 nr. 2. Ho gjev dei nødvendige rammene for kva som er tillate (føremålet) og omfanget og lokaliseringa av bygga/tiltaket.

4.5.2.2.15 Uteopphaldsareal

Føremålet med å setje av eit minste uteopphaldsareal i arealplanar er å sikre tilstrekkelege og brukbare areal til uteopphald med god kvalitet for bustader, skular, barnehagar og andre bygningar, der det etter kommunens skjøn er nødvendig å sikre dette.

Uteopphaldsareal er areal som er eigna til leik, opphald og rekreasjon. For bustader omfattar det dei delane av tomta som er eigna til føremålet, og som ikkje er utbygde eller sette av til køyring og parkering.

Vidare er areal sette av til dømes til søppelkassar, sykkelstativ og liknande, ikkje eigna til opphald, og skal ikkje reknast med i uteopphaldsarealet. Det omfattar også felles leikeområde opparbeidde i tilknyting til større/fleire utbyggingsområde. Det omfattar ikkje restareal som ikkje eignar seg til leik eller opphald.

Bustadnære areal gjev betre tilgang enn areal i avstand frå bustaden. Føremålet uteopphaldsareal for bygga kan vere vanskeleg å sjå på eit kommuneplankart. Det kan derfor godt utelatast når det er snakk om mindre område som skal dekkje behovet for konkrete bustader/område. Føremålet vil i alle høve inngå i bustadsføremålet gjennom dei generelle krava til uteareal gjevne i byggteknisk forskrift. Eventuelt krav til minste uteopphaldsareal vil i så fall stå i føresegnene til arealdelen i kommuneplanen.

Byggteknisk forskrift (TEK) har definisjon av minste uteopphaldsareal i § 5-6, og gjev nærare utdjuping for detaljutforminga av uteopphaldsareala i § 8-3 (kvalitet, sol-/lystilhøve, støy-/miljøbelastning, universell utforming m.m.). Nettsida til Direktoratet for byggkvalitet har ei nærare rettleiing til dei nemnde føresegnene og krava til opparbeidt uteareal generelt (tilkomst, parkering, plassering av bygg og uteopphaldsareal).

4.5.2.2.16 Grav- og urnelundar

Grav- og urnelundar vil vere kyrkjegardar, offentlege gravplassar og minnelundar som går inn under gravferdslova. Det omfattar også gravplassar for trussamfunn utanom den norske kyrkja.

4.5.2.3 Føresegner etter § 11-10 til område for bygg og anlegg

§ 11-10 Bestemmelser til arealformål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4

Til arealformål nr. 1, 2, 3 og 4 i § 11-7 kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om:

  • 1. at mindre utbyggingstiltak ikke krever ytterligere plan dersom det er gitt bestem- melser om utbyggingsvolum og uteareal, og forholdet til transportnett og annet lovverk er ivaretatt,
  • 2. fysisk utforming av anlegg,
  • 3. hvilke arealer som skal være til offentlige formål eller fellesareal,
  • 4. lokalisering, bruk og strenghetsklasser for avkjørsler til veg.
4.5.2.3.1 Tiltak som ikkje krev reguleringsplan

Lova har i utgangspunktet krav om reguleringsplan for større byggje- og anleggstiltak, jf. plan- og bygningslova § 12-1. Kommunen kan i føresegn til arealdelen krevje reguleringsplan for område generelt og for andre typar tiltak enn dei som er omfatta av § 12-1.

Er det stilt eit generelt krav om reguleringsplan for nye byggje- og anleggstiltak etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 1, kan det for nærare oppgjevne område eller typar tiltak fastsetjast unntak frå denne føresegna.

I eksisterande byggjeområde kan det gjennomførast tiltak utan ytterlegare plan, dersom det er gjeve føresegner om utbyggingsvolum og uteareal, og tilhøvet til transportnett og anna lovverk er sikra.

Det kan ikkje gjevast føresegner som fører til at reguleringsplikta fell bort for tiltak omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing. Det kan heller ikkje dispenserast frå reguleringsplikta for slike tiltak.

Døme

  • Kommunen ønskjer å tillate ei viss utvikling av eit eksisterande hytteområde og avvike frå den generelle føresegna i arealdelen i kommuneplanen med krav om reguleringsplan.
  • I eksisterande område for bygg B4 gjeld ikkje kravet om reguleringsplan for frådelte ikkje utbygde eigedomar på mellom 1 og 2 daa. Bygga på kvar tomt kan ikkje vere større enn 150 m2 – BRA. Dette inkluderer eventuell garasje, uthus og anneks, og liknande tiltak.
  • Tilbygg, påbygg, garasjar, uthus og liknande tiltak på eigedomar med eksisterande bygg er tillatne utan ny reguleringsplan, så lenge ikkje graden av utnytting aukar meir enn %-BYA = 50 %. Graden av utnytting skal reknast ut etter prinsippa i rettleiaren Grad av utnytting.

Det er viktig å merke seg at føresegner som fører til at grad av utnytting med meir blir auka vesentleg for eksisterande område for bustader eller fritidsbustader, må konsekvensutgreiast på lik linje med nye areal for slike bygg. Dette er fordi det kan gje vesentlege verknader for miljø og samfunn.

4.5.2.3.2 Fysisk utforming av anlegg

Når det etter § 11-10 nr. 1 blir opna for at eit byggje- eller anleggstiltak kan gjennomførast direkte på grunnlag av arealdelen i kommuneplanen, må det bli gjeve nødvendige føresegner om utbyggingsvolum og uteareal. Det er § 11-10 nr. 2 som gjev denne heimelen for arealføremål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4, for å sørgje for samspelet mellom planføresegner og byggteknisk forskrift.

Det er dermed § 11-10 nr. 2 som gjev høve til å gje føresegner om krav til minste uteopphaldsareal, jf. byggteknisk forskrift § 5-6, når det ikkje blir stilt krav om reguleringsplan. Vidare gjev § 11-10 nr. 2 høve til å supplere og utdjupe dei generelle krava til tilkomst, parkering, uteopphaldsareal, plassering av tiltaket med meir, som følgjer av byggteknisk forskrift kapittel 8 med fleire for ein del typar bygg og anlegg. Sjå også omtalen over av underføremålet uteopphaldsareal.

4.5.2.3.3 Kva areal som skal vere til offentlege føremål eller fellesareal

Offentleg føremål eller fellesareal skal gå fram av føresegn etter § 11-10 nr. 3. I tillegg skal det etter plan- og bygningslova § 11-10 nr. 3 gå fram av føresegn at det offentlege skal få eigedoms- eller bruksrett til området. Nokre føremål har eit naturleg offentleg utgangspunkt: grav- og urnelundar, samferdselsanlegg, teknisk infrastruktur og Forsvaret. Omtalen nedanfor viser kva føremål som kan gje grunnlag for innløysing og erstatning.

Døme

  • Kommunen ønskjer å sikre areal til forbrenningsanlegg i eit framtidig næringsområde.
  • I byggjeområde for næring BN6 skal det i reguleringsplan setjast av eit areal til forbrenningsanlegg, som skal vere offentleg eigd.

Plankartet skal vise kva areal som skal vere offentlege eller fellesareal. Sjå kapittel 8.10 om eigarform i kartet.

4.5.2.3.4 Lokalisering, bruk og klassar av streng haldning for avkøyringar til veg

Det kan gjevast føresegner om at ein nærare oppgjeven avkøyringsplan skal leggjast til grunn for lokalisering, bruk og haldning til avkøyringar innanfor planområdet. Avkøyringsspørsmålet kan avklarast i arealdelen i kommuneplanen også for område som det ikkje skal utarbeidast reguleringsplan for, jf. plan- og bygningslova § 11-10 nr. 4.

Figur 4.6 Illustrasjonskart og tilhøyrande føresegn som oppgjev kor strengt det er å etablere avkøyringar. Dømet er henta frå Ski kommune sin arealdel xxx-xxx, haldningsklassar veg. Søknader om etablering av nye avkøyringar frå riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar blir avgjorde etter retningslinjer gjevne i kommunen sin Rammeplan for avkjørsler. Haldningsklassane skal ikkje visast på sjølve plankartet, men knytast til planen gjennom ei føresegn, og er delte i fire.

  1. særs streng haldning til å etablere ny avkøyring
  2. streng haldning til å etablere ny avkøyring
  3. mindre streng haldning til å etablere ny avkøyring
  4. lite streng haldning til å etablere ny avkøyring

4.5.2.4 Nokre døme på generelle føresegner til område for bygg og anlegg

Døma her må sjåast i samanheng med det som er sagt om føresegner i kapittel 4.4.

4.5.2.4.1 Føresegner om plankrav (§ 11-9 nr. 1)

Når kommunen ønskjer å krevje reguleringsplan før utbygging eller gjennomføring av andre tiltak i område for bygg og anlegg, må den tilhøyrande planføresegna presisere om det krevst områderegulering eller detaljregulering, eller båe delar.

Kommunestyret må avgjere kva planform som krevst. Krevst båe deler, må det gå klart fram at det skal vere krav om vidare detaljregulering i områdereguleringa. Denne avgjerda kan ikkje delegerast. Fagstyresmaktene vil med slike føresegner vere klare over kva typar planar som kjem i ettertid. Det er vanskeleg å gjennomføre oreigning ved utbygging av offentlege anlegg (til dømes friområde og veg) dersom det ikkje er utarbeidt ein reguleringsplan.

Tilvisinga i plan- og bygningslova § 11-6 andre leddet til plan- og bygningslova § 20-1 gjev den ytre ramma for kva arbeid og tiltak som kan danne grunnlag for krav om plan. I den konkrete føresegna kan kommunen nøye seg med nokre av dei nemnde paragrafane eller delar av desse. Også gjevne storleiksgrenser kan nyttast, slik at til dømes berre bygningar over ein gjeven storleik utløyser krav om reguleringsplan.

Døme

  • I område for sentrumsføremål BS kan det ikkje gjevast løyve til nye tiltak etter § 20-1 bokstav a før det ligg føre områderegulering med krav om etterfølgjande detaljregulering, jf. plan- og bygningslova § 11-9 første leddet nr. 1.

Figur 4.7 Dømet viser korleis ulike føresegner om rekkjefølgje, plankrav og kriterium for lokalisering av utbygging kan knytast opp til ulike delar av byggjeområdet.

4.5.2.4.2 Bestemmelser om rekkefølge i utbyggingen. (§ 11-9 nr. 4)

Rekkefølgebestemmelser kan benyttes for å styre hvilke områder som skal utbygges først, og for å styre utbygging av infrastruktur som kjøre- og gangveger, servicetilbud med videre.

Døme på føresegner om rekkjefølgje etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4

  • Utbygging av område for bustadsbygg og næringsbygg (medrekna industri) skal skje i denne rekkjefølgja:
    1. område for bygg B 1 til B4 og B 7
    2. område for næringsbygg BN1
  • Utbygging av bustadsbygg i område B1 kan først startast i år 2024 når kommunen har bygt ny skule på Sæther.
  • Før utbygging av bustader i område B8 kan startast, skal gangveg med tilgang for alle vere bygd fram til Westlies plass.
  • Før utbygging av bustader i område B9 kan startast, skal spreidde avløp i denne delen av kommunen vere sanerte, og avløpsnettet skal vere dimensjonert til handtering av venta auke av utbygginga.
  • Næringsbygg BN 1 til industri kan ikkje byggjast ut før ny hovudveg på strekninga a til b er bygd.
  • Byggområde B2 til B4 kan utbygging ikkje skje før følgjande tilhøve er tilfredsstillande ordna
    • elektrisitetsforsyning
    • helse- og sosialteneste»
4.5.2.4.3 Omfang, utbyggingsvolum og funksjonskrav (§ 11-9 nr. 5)

Føresegner om tillate tomteutnytting, dvs. grad av utnytting, byggjehøgd og andre former for styring av storleik, form og funksjonskrav på bygningar, kan nyttast til område for bygg og anlegg innanfor ramma av heimelen som er gjeven i § 11-9 nr. 5. Sjå også Byggteknisk forskrift (TEK17) og rettleiaren Grad av utnytting. Føresegner i kommuneplanen kan også setje krav til uteareal.

Døme på felles føresegner for område for bygg B3 til B5

  • Nye bygg skal ikkje overskride gesimshøgd maks. 9 m og mønehøgd maks. 12 m.
  • Nye bygg innanfor område B skal ikkje overskride kote +47 og skal ha ei naturleg nedtrapping mot bygga langs Sørvegen.

Døme på felles føresegner for område for sentrumsføremål BS7

  • Tilbakedregne etasjar skal utformast slik at dei ikkje synest frå motståande fortau (maks. 15 m frå fasaden på bygningen).
  • Høge, lukka sokkeletasjar (t.d. høg garasjekjellar) er ikkje tillatne.
  • På gateplan langs båe sider av gata bør det leggjast til rette for publikumsretta verksemd av typen handel, service, handverk m.m. som stimulerer gatelivet. Før det blir gjeve løyve til oppføring av nye bustader, skal nødvendig areal til leikeplass som oppgjeve vere sikra og opparbeidt. Det skal setjast av plass til 50 m2 nærleikeplass for kvar 25 bustad, og ein balleikeplass for kvar 200 bustad i eller i nærleiken av bustadsområdet.

Døme på felles føresegner for område med bygg i B3 og B5

  • Byggjehøgd og volumoppdeling i område B3 og B5 skal variere og vere tilpassa eksisterande bygg. Inga byggjehøgd skal overstige kote +145 og ingen samanhengande fasade vere lengre enn 20 meter.
  • Nye bygg bør utformast slik at bustadene får gunstigast mogleg orientering i høve til lys, ut- og innsyn og støy. Einsidig orienterte leilegheitar mot nord(vest) eller nordaust bør unngåast og eventuelt ha særleg store lysopningar som gjev maksimalt lysinnfall.
  • I område med større avstand enn 500 m til Grønnelunden park (GP3) skal det vere sikra og opparbeidt eit areal på min. 1,5 daa til leikeplass/park for strøket før det blir gjeve byggjeløyve for nye bustader.
  • Areal brattare enn 1:3 skal ikkje reknast inn som del av leikeareal eller uteopphaldsareal.
  • Leike- og uteopphaldsareal skal ha ei skjerma plassering, ikkje vere nordvendt, og ikkje vere skuggelagt større delar av dagen. Det skal vere sol ved jamdøger kl. 15.00 på minst 50 prosent av arealet.
4.5.2.4.4 Føresegner om miljøkvalitet, estetikk, natur med meir (§ 11-9 nr. 6)

Døme på fellesføresegner for område sentrumsføremål BS4

  • Store bygningsvolum skal utformast slik at bygningen framstår som oppbroten i fasade og gesims. Nye bygg skal i hovudsak følgje retningar som vist med piler på illustrasjon 6. Bygga bør utformast slik at eksisterande byggstruktur og landskapsform blir styrkte. I dette ligg mellom anna å ta spesielle omsyn til utforminga av bygga mot viktige plassrom og gateløp, og å styrkje det typiske romforløpet i området.
  • Bygga på bryggja skal ikkje hindre tilgang til grøndraget langs Hovedgaten og/eller sikt mot Grønnkollen.
  • Ved nybygging mot hovudgater, parkar og offentlege plassar skal det leggjast særleg vekt på estetikk i formen, fasaden og materialvalet på bygningen, slik at gate- eller plassrommet blir understreka og styrkt.
  • Fargesettinga skal tilpassast eksisterande fargevalørar i området. Sterke fargar og kontrastar skal unngåast.

Døme på fellesføresegner for område næringsbygg BN2 til BN6

  • Næringsbygga nord for Lund skal utformast slik at dei forsterkar hovudretninga for parken aust-vest.
  • Nye bygg eller påbygg skal i hovudsak oppførast i materiale som er nytta i dei eldre industribygga (teglstein, pussa tegl og/eller betong).
  • Der utbygging og nybygging skal integrerast i einsarta gateløp og fasaderekkjer, skal fasaden utformast slik at preget på gata med horisontale og vertikale linjer blir følgt, men gjerne med bruk av eit meir tidstypisk formspråk.

Når det gjeld omsyn til vern av eksisterande bygningar og kulturmiljø, har Riksantikvaren omfattande rettleiing knytt til arealplanlegging på heimesida si. Ho omtaler høva til å gje føresegner til arealdelen i kommuneplanen meir detaljert mellom anna i kapittel 7.9 og 7.10 i rettleiaren Kulturminne, kulturmiljøer og landskap – planlegging etter plan- og bygningsloven.

4.5.3 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur

§ 11-7 andre ledd nr. 2

Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.

Underformål:

veg, bane, lufthavn, havn, hovednett for sykkel, kollektivnett, kollektivknutepunkt, parkeringsplasser, traséer for teknisk infrastruktur.

Føremålet samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur skal nyttast for å fastsetje areal for eksisterande eller nye samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur. Det omfattar helst tiltak som det offentlege byggjer og driv, slik som veg, jarnbane, lufthamn, skipshamn og trasear for teknisk infrastruktur (inkludert luftlinje og rørtrasé).

Område for samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur kan gjennom føresegn delast inn i underføremåla som er lista opp i § 11-7 nr. 2. Føresegner kan nyttast til å fastsetje kva type anlegg og funksjon som er aktuell.

Samferdsel dekkjer alle former for areal knytt til transport, slik som køyreveg, gang- og sykkelveg, snøskutertrasear, barmarkstrasear, bane, hamn, molo og anlegg for lufttrafikk, hovudnett for sykkel, kollektivnett, kollektivknutepunkt og parkeringsplassar.

Teknisk infrastruktur tyder særleg anlegg for vassforsyning og avløp, og anlegg for energiforsyning og -overføring.

Arealføremålet samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur føreset som hovudregel vidare oppfølging med reguleringsplanar for å gjennomføre arealbruk og tiltak.

Er det ikkje utarbeidt reguleringsplan for eit område sett av til «Offentlege trafikkområde» innan fire år og eigedomen ikkje lenger kan nyttast på rekningssvarande måte, vil spørsmål om innløysing eller erstatning etter plan- og bygningslova kapittel 15 bli aktuelt. Føresetnadene for å krevje erstatning etter føresegnene i § 15-1 dersom heile eller ein større del av ikkje utbygd eigedom blir lagd ut til føremålet, er nærare omtalt i lovkommentaren til plan- og bygningslova.

Lova omfattar ikkje røyrleidningar i sjø, jf. § 1-3. For kraftleidningar i sentral- og regionalnettet gjeld berre kapittel 2 og 14 i lova. Slike anlegg inngår derfor ikkje i arealføremålet, men kan visast som omsynssoner etter § 11–8 tredje leddet bokstav d.

Figur 4.8 Fargekodar for underføremål under samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur. Eksisterande arealføremål til venstre, nytt arealføremål til høgre.

4.5.3.1 Nærare om samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur som hovudføremål

I arbeidet med arealdelen i kommuneplanen bør ein på eit tidleg tidspunkt ta kontakt med dei sektorstyremaktene og dei tiltakshavarane som står for utbygging av samferdselsanlegg eller teknisk infrastruktur. Dette er for å gjennomføre planlegginga av slike trasear.

For planar som gjeld større samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, vil rammene for anlegget (lokalisering, trasé, standard, tunnelomfang m.m.) ofte bli avklarte gjennom ein eigen kommunedelplan eller ei områderegulering.

Den aktuelle sektorstyresmakta vil i dei fleste høva gjere det praktiske planarbeidet for større samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur. Sektorstyresmakta har også ein eigen heimel til å gjere framlegg til slike planar, jf. plan- og bygningslova § 3-7 tredje leddet.

Ansvarleg styresmakt skal samrå seg med planstyresmakta i forkant av planarbeidet. Det er difor ein føresetnad at spørsmål om avgrensing av planoppgåva og ansvars- og rollefordeling mellom sektorstyresmakta og planstyresmakta blir avklarte i starten av planarbeidet eller gjennom generell avtale.

Forutan veg-, hamne-, jarnbane- og flyplasstyresmakter vil også energiselskap, eventuelle større vass- og avløpsselskap og telenettoperatørar med fleire, kunne gje opplysningar om føreståande utbygging innanfor dei ulike underføremåla. Det vil lette sakshandsaminga i einskildsaker vesentleg om aktuelle utbyggingsbehov kan fastsetjast i kommuneplanen, med føresegner om vilkår for iverksetjing av tiltaket. Slik kan ein unngå at einskildsaker må handsamast som dispensasjonssak, til dømes søknader om tele- eller mobilmaster.

4.5.3.2 Underføremål til § 11-7 andre leddet nr. 2

4.5.3.2.1 Veg

Føremålet veg omfattar alle element i trafikksystemet, medrekna overordna nett for køyrevegar, gang-/turvegar, sykkelvegar og kollektivtransport, fortau, torg, plassar og gatetun med meir. Avhengig av målestokken til planen kan ein som alternativ til bruk av arealføremålet nytte dei relevante linjesymbola (KpSamferdselLinje) som følgjer av teiknereglane i Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister, del 2. Ved bruk av linjesymbol for sjølve vegtraseen blir tilhøyrande vegkryss oppgjeve som punktsymbol.

I dei høva der planen skal fastsetje nye hovudvegtrasear, er det ein føresetnad at det blir gjennomført ei konsekvensutgreiing i samband med utarbeiding av planen. Her jamfører ein alternative realistiske løysingar og verknadene av dei.

I dei høva der framlegg til fleire alternative vegtrasear blir lagt ut på høyring, skal berre det alternativet som blir vedteke av kommunestyret, visast på det endelege plankartet. Anna utgreiingsmateriale inngår i plangrunnlaget og skal omtalast i planomtala.

Det er viktig at vegplanlegginga skjer koordinert med det andre planarbeidet i kommunen. Det vil seie at framdrift for vegplanlegging må samordnast med arealplanlegginga i kommunen.

Når framtidig vegtrasé ikkje er avklart og dessutan ligg langt fram i tid, bør dei aktuelle trasékorridorane sikrast mot arealbruk som vil gjere ei seinare vegbygging vanskeleg. I tillegg bør korridorane framgå av planen med planomtale. Arealsikringa kan gjerast på to ulike måtar:

  • Bruk av LNFR-område utan føresegner om spreidd utbygging etter plan- og bygningslova § 11-7 nr. 5 bokstav a. Ved bruk av LNFR-område for å sikre aktuelle vegkorridorar mot arealbruk som vanskeleggjer framtidig vegbygging, bør korridorane gå fram som tilleggsinformasjon til planen. Til dømes ved å vise den/dei aktuelle traseane med linje- og punktsymbol.
  • Bandlegging ved bruk av omsynssone etter plan- og bygningslova § 11-8 tredje leddet bokstav d for komande vedtak av regulering etter plan- og bygningslova. Ei slik bandlegging varer berre i fire år, men kan om nødvendig etter søknad forlengjast av departementet med fire år.

Der hovudvegnettet er avklart gjennom regional plan, skal dette leggjast til grunn for kommuneplanarbeidet.

Arealføremål for sjølve veganlegget skal nyttast når kartet har større målestokk. Juridisk linje skal nyttast i arealplanar som blir framstilte med liten målestokk, jf. teiknereglane. Når linjesymbol blir nytta, vil det seie at vegtraseen blir sett av med linjesymbol for ny fjernveg eller hovudveg (eventuelt andre typar veg). I tillegg bør det gå fram av planomtala og føresegner til planen kva vegstandard som er føresett, og det bør presiserast at nøyaktig plassering og utstrekning vil bli fastsett gjennom reguleringsplan eller kommunedelplan.

Byggjegrenser langs riks- og fylkesvegar kan innarbeidast i planen på fleire måtar. Etter plan- og bygningslova § 11-8 tredje leddet bokstav a kan byggjegrenser langs veg, jarnbane eller flyplass visast som omsynssone – sikringssone transport. Arealet mellom veg og byggjegrense blir i så fall markert med tilhøyrande skravur på underliggjande arealføremål, i tillegg til at restriksjonane som gjeld innanfor byggjegrensa, blir nærare omtalte i føresegner til planen.

Føresegn om byggjegrense langs offentleg veg kan gjevast med heimel i plan- og bygningslova § 11-9 nr. 3. Eit alternativ til bruk av omsynssone er å vise byggjegrensa i arealdelen i kommuneplanen som juridisk linje kombinert med nærare omtale av restriksjonane gjennom føresegn etter § 11-9 nr. 3.

Byggjegrenseføresegnene i veglova § 29 gjeld dersom ikkje andre byggjegrenser blir fastsette i arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan. Der byggjegrensene i veglova er tilstrekkelege, kan det vere praktisk å nøye seg med å vise dei på plankartet. Kommunen kan nytte føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 3 til å trekkje bygg og andre tiltak lenger unna vegen enn det som følgjer av veglova § 29.

4.5.3.2.2 Bane

Føremålet omfattar jarnbane, tunnelbane, forstadsbanar, sporvegstrasear, stasjons- og terminalområde (inkludert bygg), haldeplassar og liknande. Føremålet omfattar også trasear for taubanar.

Døme på føresegn til eit baneområde som inkluderer bussterminal:

Eksempel på fellesbestemmelser til område for bane SB1

  • Utvidelsen av Dal stasjon skal skje mot syd.
  • Utvidelsen av sporområdet skal ikke medføre større fyllingsutslag, men løses ved å bruke støttemurer.
  • Terminalen skal ha felles publikumsfunksjoner for tog, trikk og buss.
  • Trær skal plantes langs ytterkanter og i rabatter.

Ein kan som alternativ til bruk av arealføremålet nytte dei relevante linjesymbola (jarnbane, sporveg, taubane m.m.) kombinert med punktsymbol (kollektivknutepunkt) for å vise tilhøyrande stasjonar, terminalar, haldeplassar og så vidare. Dette kjem likevel an på målestokken på planen.

Jarnbanelova har på tilsvarande måte som veglova reglar om banetrasear, kryssingspunkt, byggjegrenser med meir. Desse reglane gjeld også for kommuneplanen. Sjølv om anna byggjegrense går fram av planen, må det alltid søkjast til eigar av køyrevegen ved igangsetjing av tiltak nærare spormidt enn minstekrav i jarnbanelova § 10. Dette er for å sikre at nødvendige sikringstiltak av høgspentanlegget til banen, trafikkavvikling, vedlikehald med meir blir sikra under byggje-/anleggsarbeida.

4.5.3.2.3 Lufthamn

Lufthamn omfattar flyplassar med landingsbanar, terminalbygg, hangarar med meir. Det omfattar også helikopterlandingsplassar og sjøflyplassar. Luftfartslova med tilhøyrande forskrifter (om utforming av store flyplassar, små flyplassar og sjøflyplassar m.m.) har reglar om planlegging, bygging og drift av flyplassar, mellom anna om tryggleik og restriksjonar på og rundt flyplassar. Desse reglane gjeld også for kommuneplanen dersom ikkje anna går fram av planen.

I tillegg til sjølve arealføremålet kan det vere aktuelt å nytte føresegnsgrenser og omsynssone etter § 11-8 tredje leddet bokstav a for å sikre nødvendige sikrings-, støy- og faresoner rundt flyplassen.

4.5.3.2.4 Hamn

Føremålet blir brukt til areal som blir nytta til skipshamner med kaier, hamneterminalar, hamnelager med meir. Hamne- og farvasslova har eigne føresegner om planlegging og drift av hamnar. Desse føresegnene gjeld også for kommuneplanen dersom ikkje anna går fram av planen.

Bryggjeanlegg kan vere kommunekaier, ferjekaiar og mindre bryggjer/kaier av privat karakter. I kommuneplanen kan føremålet hamneområde i sjø etter § 11-7 nr. 6 bli nytta for sjøarealet i tilknyting til kommunekaier og ferjekaier, medan sjølve kaia blir vist som hamn i kommuneplan eller kai i reguleringsplan. Ver merksam på at småbåthamn er eit eige arealføremål under § 11-7 nr. 6. For småbåthamner kan det nyttast same føremål både for dei delane av anlegget som er i vatn, og dei som er på land. Sjå nærare omtale under arealføremål etter § 11-7 nr. 6.

4.5.3.2.5 Molo

Føremålet molo kan også nyttast for å detaljere funksjonar knytte til hamneområde i kommuneplan og ved ulike typar bryggjer med meir, dersom det er tenleg.

4.5.3.2.6 Hovudnett for sykkel

Føremålet blir nytta for å fastsetje større samanhengande trasear for sykkelvegar. Hovudnett for sykkel kan i arealdelen visast anten som arealføremål eller med linjesymbol, som etter teiknereglane kan vere alternativt sykkelveg eller gang-/sykkelveg. Valet mellom arealføremål eller linjesymbol blir styrt av målestokken arealplanen blir framstilt i.

4.5.3.2.7 Kollektivnett

Kollektivnett skal nyttast for å fastsetje viktige trasear for aktuelle typar kollektivtransport. Det kan i arealdelen visast anten som arealføremål kollektivnett eller med linjesymbol for kollektivtrasé og/eller aktuelle banetypar. Valet mellom arealføremål eller linjesymbol blir styrt av målestokken arealplanen blir framstilt i.

4.5.3.2.8 Kollektivknutepunkt, haldeplassar med meir

Kollektivknutepunkt blir nytta for trafikkterminalar, kollektivhaldeplassar, pendlar- og innfartsparkering og liknande. Føremålet kan også nyttast for éin type kollektivmiddel, til dømes buss. Kollektivknutepunkt omfattar ikkje forretning eller næring. Det kan i arealdelen visast anten som arealføremål kollektivknutepunkt eller med punktsymbol (KpSamferdselPunkt). Val av framstilling vil hengje saman med korleis tilhøyrande kollektivnett er framstilt, slik at ein anten nyttar arealføremål for båe, eller kombinerer linjesymbol for kollektivnettet og bane med punktsymbol for kollektivknutepunkt for både terminalar og haldeplassar langs linjene.

4.5.3.2.9 Parkeringsplassar

Arealføremålet parkering omfattar ordinære parkeringsplassar, ulike typar innfartsparkeringar, parkeringshus og -anlegg, drosjehaldeplass, særskilt tilrettelagde parkeringsplassar, sykkel-, motorsykkel- og bussparkeringsplassar og ladestasjon for elbil eller ladbar hybrid. Det kan opplysast med påskrift kva slags parkering det er snakk om.

Sjå også rundskriv H-6/2020 Etablering av ladepunkter og ladestasjoner for elbiler.

4.5.3.2.10 Trasear for teknisk infrastruktur

Trasé for teknisk infrastruktur er ikkje delt inn i underføremål på kommuneplannivå, men kan til dømes omfatte trasé for vatn- og avløpsleidningar, overvassnett, energiforsyning, fjernvarmenett eller telekommunikasjon der det er viktig å sikre areal til desse føremåla i plan. Dette gjeld særleg der offentleg teknisk infrastruktur skal sikrast areal for framføring.

Type teknisk infrastruktur skal opplysast gjennom påskrift. Blir det nytta linjesymbol som alternativ til arealføremål med påskrift, kan det etter teiknereglane skiljast mellom trasé for vatn, avløp, kraftleidning eller overvasstrasé.

Planføresegnene i plan- og bygningslova gjeld ikkje for kraftleidningar i sentral- og regionalnettet. Det vil seie at dei kan byggjast og drivast utan omsyn til korleis arealbruken som blir råka av anlegga, er fastsett i rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova. Unntaket inneber vidare at det heller ikkje kan bli fastsett planføresegner for slike anlegg. Areal for slike store anlegg kan visast som bandlagde etter § 11-8 tredje leddet bokstav d.

  • Ved innteikning av omsynssone for kraftleidningar i luft skal kraftleidningane for alle spenningsnivå teiknast inn på same måte, med éi gjeven breidd på sona, og vere merkt med «Omsynssone for høgspent luftleidning». Restriksjonane skal vere gitt i føresegn til sona.
  • Transformatorstasjonar, muffehus og andre elektriske installasjonar blir ikkje teikna inn særskilt, men inngår som del av omsynssone for luftleidning.
  • Høgspente jord- eller sjøkablar blir ikkje teikna inn på plankart. Tilsvarande gjeld også for telekablar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat har på sine nettsider meir informasjon om omsynssoner for kraftleidningar og om energianlegg i arealplanlegging.

Statens strålevern har laga ein tabell som viser døme på avstand i meter frå kraftleidningar som gjev 0,4 μT (mikrotesla) for ulike spenningar. Tabellen kan nyttast som rettleiande for å fastsetje breidda på omsynssonene rundt ulike kraftleidningar. Tabellen er å finne i brosjyren «Bebyggelse nært høyspentanlegg».

Netteigar bør kontaktast for nærare vurderingar. Statens strålevern og Noregs vassdrags- og energidirektorat har laga ein rettleiar om oppgåvene til netteigarar. Kommunen tek den endelege avgjerda om kor brei omsynssona skal vere.

Mindre elektriske leidningar, det vil seie dei som ikkje kjem inn under unntaket for store kraftleidningar, og andre typar anlegg er omfatta av plan- og bygningslova. Dei kan framstillast som arealføremål eller linjesymbol.

Energilova har reglar om anlegg for overføring av ulike typar energi.

4.5.3.3 Føresegner etter §§ 11-9 og 11-10 til område for samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur

Til føremålet samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur kan det etter § 11-10 gjevast dei same typane føresegner som til føremålet bygg og anlegg, jf. omtale ovanfor. Vidare kan alle punkta i § 11-9 om generelle føresegner vere aktuelle i tilknyting til dette føremålet. Sjå døme på dette nedanfor.

Det kan gjevast føresegner om fysisk utforming av veganlegg, trafikkareal og trafikkinnretningar. Dette kan også innebere at det gjennom føresegner blir oppgjeve i vertikalplanet kva arealbruk som skal gjelde i ulike nivå, til dømes samferdselsareal i tunnel i grunnen eller på lokk eller bru over grunnen.

Sjå også rundskriv H-6/2020 Etablering av ladepunkter og ladestasjoner for elbiler.

Døme på bruk av planføresegn knytt til avkøyringssanering, der kommunen ønskjer at ny utbygging skal føre til ei sanering av eksisterandeavkøyringar

  • Detaljregulering skal vise ny felles avkøyring frå riksvegen til alle eigedomane i område for bygg B5. Eksisterande avkøyringar skal sanerast.

Døme på bruk av planføresegn knytt til tilkomstveg, der kommunen ønskjer å sikre ei avgjort løysing for tilkomst til nytt utbyggingsområde

  • Områderegulering for framtidig næringsområde N9 skal vise tilkomstveg frå Stasjonsvegen i ny bru over jarnbanen.

4.5.4 Grønstruktur

§ 11-7 andre ledd nr. 3

Grønnstruktur.

Underformål:

naturområder, turdrag, friområder og parker.

Arealføremålet grønstruktur blir nytta for å oppgje samanhengande, eller tilnærma samanhengande, vegetasjonsprega område som ligg innanfor eller i tilknyting til byar eller tettstader. Arealføremålet er utdjupa i kart- og planforskrifta. Blågrøn struktur og overvasstiltak er også underføremål til grønstruktur. For å sikre at den blågrøne strukturen blir samanhengande og kan sikre flest moglege omsyn på ein best mogleg måte, kan ein nytte underføremåla blågrøn struktur, naturområde, turdrag, friområde, park, overvasstiltak eller kombinerte grønstrukturføremål.

Føremålet grønstruktur skal mellom anna sikre tilgang til grøntområde, viktige landskapselement og godt lokalklima. Arealføremålet kan nyttast til å binde saman dei grøne områda innanfor og rett ved byggjeområde med dei omkringliggjande LNFR-områda. Medan friluftslivet i LNFR-områda må tilpassast fleirbruk, vil føremålet grønstruktur vanlegvis vere opparbeidde og tilrettelagde areal.

Den overordna grønstrukturen (blågrøn struktur) med turdrag, friområde og parkar vil normalt vere offentleg føremål, og kan aktivt nyttast til å sørgje for mellom anna folkehelse, økosystem og sikre ei god overvasshandtering. Det vil vere mogleg å styre kva areal som skal vere offentlege, og kva som skal vere private delar av grønstrukturen ved føresegn etter § 11-10 nr. 3.

Som det står i § 11–8 tredje leddet bokstav c, kan det også fastsetjast ei omsynssone med særleg omsyn til grønstruktur, jf. omtale nedanfor.

Plan- og bygningslova § 11-7 nr. 3 gjev saman med vedlegg I til kart og planforskrifta ei opplisting av kva underføremål til grønstruktur ein kan setje av eit areal til på kommuneplannivå. Føremålet kan nyttast for å avgrense og fastsetje hovudstrukturen av naturområde, med grøntområde langs elvar og vassdrag i og ved byar og tettstader.

Grønstruktur kan nyttast som arealføremål på ein turveg frå éin tettstad til ein annan. Kor langt frå byar og tettstader ein kan trekkje dette arealføremålet, og når ein nyttar LNFR-føremålet, vil elles avhenge av ei konkret heilskapsvurdering.

Figur 4.9 Fargekoder for underformål under grønnstruktur. Eksisterende arealformål til venstre, nytt arealformål til høyre.

4.5.4.1 Underføremål til § 11-7 andre leddet nr. 3

Kva underføremål som bør nyttast, blir mellom anna vurdert ut frå grad av inngrep eller tilrettelegging. I ein park kan arealet opparbeidast og leggjast til rette i stor grad, i eit friområde kan graden av tilrettelegging og tiltak variere. Det kan til dømes opparbeidast stiar og utsiktspunkt, grillplass og benkar og bord. Leikeplass kan fastsetjast i føresegner og eventuelt med føresegnsområde på plankartet. Innanfor naturområde er varige inngrep ikkje tillatne.

4.5.4.1.1 Blågrøn struktur

Blågrøn struktur som underføremål går fram av kart- og planforskrifta vedlegg I.

Arealføremålet er aktuelt å nytte for å kunne møte klimaendringar med flaum og overvassproblematikk. Bruk av blågrøn struktur er utan omsyn til kapasiteten i overvassnettet. Planlegging av blågrøn struktur vil måtte skje gjennom ei samordning av terrengforming, falltilhøve, materialval, vasshandtering, rekreasjon, leik, ferdsel, forum og dyreliv.

Arealføremålet kan føre til auka kvalitet i uterom med tanke på lokal overvasshandtering, vegetasjonsbruk og biologisk mangfald. For inspirasjon, sjå Byrom – en idehåndbok.

4.5.4.1.2 Naturområde

Dette er areal som skal liggje utan inngrep og tiltak på eller i grunnen eller vegetasjon. Underføremålet kan nyttast for å ta vare på særskilde lokalitetar av naturtypar som ligg i grøne område i eller ved byar og tettstader. Dette gjeld særleg trua naturtypar, naturtypar av nasjonal verdi og naturtypar som er gjevne eit særleg vern etter naturmangfaldlova § 52. Sjå rettleiaren Naturtyper i arealplanlegging frå Miljødirektoratet.

Vidare kan underføremålet nyttast til å verne økologiske funksjonsområde for artar, særleg artar av nasjonal forvaltningsinteresse og prioriterte artar utpeikte etter naturmangfaldlova § 23. Sjå rettleiaren Arter i arealplanlegging frå Miljødirektoratet.

Underføremålet set berre avgrensingar på inngrep, og gjev ikkje heimel for at det offentlege sjølv kan utføre skjøtsel av naturtypen. Planføresegner til underføremålet kan ikkje krevje at det blir gjort avtaler om skjøtsel av området. Underføremålet vil likevel ikkje vere til hinder for å gjere avtale om skjøtsel mellom grunneigar/rettshavar og det offentlege.

4.5.4.1.3 Turdrag

Sjå dømet på figur 4.10 nedanfor.

4.5.4.1.4 Friområde

Føremålet blir nytta til å fastsetje grøne areal som har som føresetnad å vere kjøpte, eigde og opparbeidde til allmenn bruk og opphald. Det kan til dømes vere leikeplassar, løkker og badeområde. Det kan også vere allment tilgjengelege idrettsplassar og liknande med enklare og «lettare» anlegg som legg til rette for leik og idrett på friarealet. («Tyngre» idrettsanlegg høyrer inn under «bygg og anlegg»).

Under friområde høyrer også anna opparbeiding og anlegg som fremjar bruken av friområdet, til dømes servicebygg, tilkomstbryggje, stupetårn, tribune, parkeringsplass og liknande. Føremålet sikrar i seg sjølv ikkje automatisk tilgang for allmenta til området dersom det ikkje er utmark, før det offentlege har fått ein slik rett. Utarbeider kommunen ein etterfølgjande reguleringsplan, vil det vere lettare å erverve arealet. Kommunen vil i ein del høve måtte oreigne arealet frå grunneigar for å skaffe allmenta tilgang til området.

4.5.4.1.5 Parkar

Parkar er formelt same føremål som friområde, men vil som regel vere meir opparbeidde enn friområde.

4.5.4.1.6 Overvasstiltak

Overvasstiltak som underføremål går fram av kart- og planforskrifta vedlegg I.

Ekstremnedbør og flaum fører til meir avrenning utanfor eksisterande vassdrag, stikkrenner, kummar med meir, og sjø og vatn kan få heva vasstand og utvida flaumsoner. Derfor må einskilde føremål vurderast nytta på fleire måtar.

Sjølv om det ikkje er noko skarpt skilje mellom overvatn og vassdrag, vil det ved store nedbørsmengder vere ein del overvatn, overflateavrenning og oversvømde areal som ikkje står i direkte samanheng med vassdrag. Dette kan vere tenleg å skilje frå ordinær flaum, då det kan vere bruk for ulike føresegner. Føremålet overvasstiltak kan utdjupast vidare ut frå type vasshandtering i form av infiltrasjon, fordrøying og avleiing.

4.5.4.2 Føresegner etter § 11-10 til område for grønstruktur

Føresegner til føremålet grønstruktur kan gjevast med heimel i plan- og bygningslova § 11-10.

Ei aktuell føresegn er § 11-10 nr. 3: «hvilke arealer som skal være til offentlige formål eller fellesareal».

Ho gjev heimel til å fastsetje i planen når til dømes eit grønstrukturområde skal vere til offentleg areal eller fellesareal. Om arealet skal vere offentleg eller fellesareal, skal gå fram av både føremålet og ei føresegn som til dømes seier at det offentlege eig arealet.

4.5.4.3 Nokre døme på generelle føresegner til område for grønstruktur

Følgjande generelle føresegner kan vere aktuelle å nytte til føremålet grønstruktur:

4.5.4.3.1 Føresegner om miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønstruktur, medrekna om mellombelse og flyttbare konstruksjonar og anlegg (§ 11-9 nr. 6)

Her får kommunen også heimel til å gje generelle føresegner om til dømes krav til miljøkvalitet (grenseverdiar) for luftkvalitet, støy (jf. behovet for å ta vare på stille områder til rekreasjon sikre stille område for rekreasjon og vasskvalitet. Det er ein føresetnad at slike generelle føresegner er utgangspunkt for det vidare arbeidet med reguleringsplanar.

Figur 4.10 Grønstruktur i fortettingsområde i byar.

Figur 4.11 Arealføremålet grønstruktur med føresegner.

Et annet viktig område det kan gis overordnede bestemmelser om, er landskapsutforming og landskapsestetikk. Det kan for eksempel være aktuelt i områder med spesielle kulturlandskapskvaliteter, eller der det kan være ønskelig med leskjerming på grunn av lokalklimatiske forhold. Det kan også gis overordnede bestemmelser om utvalgte naturtyper.

4.5.5 Forsvaret

§ 11-7 andre ledd nr. 4

Forsvaret

Underformål:

ulike typer militære formål, skytefelt/øvingsområde og forlegning/leir.

Føremålet omfattar område der verksemda til Forsvaret er hovudføremål. Dette vil vere særskilde militærforlegningar med tilhøyrande bygg og skyte- og øvingsområde med spesielle restriksjonar. Vidare vil militære flystasjonar inngå i føremålet. Føremålet kan også omfatte område for bygg og anlegg som av omsyn til hemmeleghald ikkje kan leggjast ut som vanlege område for bygg og anlegg. Sjå plan- og bygningslova § 20-7 andre leddet om hemmelege militære område og anlegg.

Kontor og liknande som ikkje ligg i tilknyting til område som nemnt over, skal fastsetjast som eller vil inngå i arealføremålet bygg og anlegg. Område som blir nytta i samanheng med øvingar, men der verksemda til Forsvaret ikkje er hovudføremål, kan leggjast ut som omsynssone etter § 11-8 tredje leddet bokstav a. Føresegnene til omsynssona skal då gje restriksjonar for annan arealbruk når området blir nytta til øving.

Forsvaret står i ein spesiell situasjon når det gjeld plan- og bygningslova, med bakgrunn i at behovet for hemmeleghald er i strid med intensjonane i lova om offentleg innsyn. Dette tilhøvet må derfor avklarast mellom kommunen, Forsvaret og andre partar saka vedkjem, i løysinga av den einskilde planoppgåva. Ofte vil det vere eit spørsmål om detaljeringsgrad. I nokre høve vil sjølve eksistensen av eit militært anlegg vere hemmeleg og kan derfor ikkje visast med føremål – Forsvaret.

Figur 4.12 Fargekodar for underføremål under Forsvaret. Eksisterande arealføremål til venstre, nytt arealføremål til høgre.

4.5.5.1 Underføremål til § 11-7 andre leddet nr. 4

Område for Forsvaret kan underinndelast til dei funksjonane og føremåla som er aktuelle, t.d. øvingsområde, skytefelt, tryggleikssoner m.m.

4.5.5.2 Føresegner etter §§ 11-9 og 11-10 til føremålet Forsvaret

Her kan det gjevast ei føresegn om at Forsvaret sjølv kan gjere vedtak om utbygging og verksemd innanfor eit avgrensa areal.

Elles kan dei fleste typane føresegner som er aktuelle i tilknyting til arealføremål «bygg og anlegg» etter §§ 11-10 og 11-9, vere aktuelle i område for Forsvaret.

Døme

  • I Forsvarets øvingsområde MS2 kan det etablerast vegar, bygningar og anlegg som naturleg høyrer til øvingsføremålet.

4.5.6 Landbruks-, natur- og friluftsføremål og reindrift (LNFR)

§ 11-7 andre ledd nr. 5

Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift

Underformål:

  • a) areal for nødvendige tiltak for landbruk og reindrift og gårdstilknyttet næringsvirksomhet basert på gårdens ressursgrunnlag,
  • b) areal for spredt bolig-, fritids- eller næringsbebyggelse mv., jf. § 11–11 nr. 2.

Arealføremålet LNFR omfattar hovuddelen av landet og mange ulike former for bruk og verdiar knytte til landbruk, reindrift, natur og friluftsliv. Føremålet kan ikkje underinndelast i kommuneplanen, men det kan, i noka utstrekning, gjevast retningslinjer og føresegner som er omtalte nedanfor. Bruk av R i føremålsnemninga synleggjer at reindrift er ein del av den bundne føremålskombinasjonen. I kommunar utan reindrift blir nemninga LNF nytta.

Figur 4.13 Fargekodar for underføremål under LNFR. Eksisterande arealføremål til venstre, nytt arealføremål til høgre.

4.5.6.1 Nærare om landbruks-, natur- og friluftsføremål og reindrift som hovudføremål

LNFR-område er i utgangspunktet ikkje byggjeområde. LNFR etter plan- og bygningslova § 11-7 nr. 5 bokstav a er dermed samanfallande med hovudføremålet. Slike «reine» LNFR-område blir nytta til å vise areal for nødvendige tiltak for landbruk og reindrift og gardstilknytt næringsverksemd basert på ressursgrunnlaget på garden.

Dette er areal der det berre er tillate å føre opp bygningar eller setje i verk tiltak som er nødvendige for drift av landbruk til næringsføremål. Det vil seie jordbruk, skogbruk eller reindrift, medrekna gardstilknytt næringsverksemd basert på ressursgrunnlaget på garden. I tillegg opnar bokstav a for enkle tilretteleggingstiltak for friluftslivet.

Andre bygg (bustad, fritidsbustad, næring m.m.) er ikkje tillatne innanfor LNFR-føremålet etter bokstav a utan planendring eller dispensasjon frå LNFR-føremålet. I eldre planar der LNFR-føremålet er nytta utan at underføremål etter bokstav a eller b er gjevne, er arealføremålet å rekna som gjeve etter plan- og bygningslova § 11-7 nr. 5 bokstav a.

§ 11-7 nr. 5 bokstav b opnar for å tillate noko spreidde bustads-, fritids- eller næringsbygg i LNFR-område, men det er eit vilkår at bygga har eit omfang, ei lokalisering og eit føremål som er nærare fastsette i planen.

I rettleiar H-2401 Garden som ressurs blir det avklart nærare kva som ligg innanfor LNFR-omgrepet i plan- og bygningslova. Næringstiltak som inngår i landbruksomgrepet, og som dermed blir rekna som ein del av hovudføremålet LNFR etter § 11-7 nr. 5 bokstav a, er i utgangspunktet tillatne utan ytterlegare planavklaring. Garden som ressurs gjev hjelp til riktig og effektiv sakshandsaming av tiltak på landbrukseigedomar.

Departementet har utarbeidt ein eigen rettleiar, Planlegging for spredt bolig-, fritids- og næringsbebyggelse i LNFR-områder. Han gjev ei praktisk forklaring på korleis kommunen gjennom bruk av § 11-7 nr. 5 bokstav b, kan passe inn noko spreidd utbygging til annan bruk enn landbruksrelatert verksemd i LNFR-område. Rettleiaren utdjupar lovkommentaromtalen av § 11-7 nr. 5, og samlar det som er relevant for bruk av arealføremålet LNFR spreidd utbygging frå fleire av dei meir overordna planrettleiarane med lenkjer frå departementet.

Dei ansvarlege sektorstyremaktene har utarbeidt eigne temavise rettleiarar om høvesvis landbruk, reindrift, naturmiljø, friluftslivsinteresser og naturmangfald med meir utfyllande omtale.

4.5.6.2 Frådeling av bygningar i landbruket

Frådeling av bygningar og føremål som ledd i landbruk er etter planen. Slike frådelingar kan likevel gå inn under jordlova § 12. Frådeling av byggjetomter til anna føremål enn landbruk vil vere i strid med planen. Også deling av utbygde tomter er i strid med LNFR-føremålet i arealdelen når delinga føreset eller framstår som ledd i bruksendring til anna føremål. Til dømes vil frådeling av tomt med eksisterande landbruksbygg, til dømes kårbustad, seterhus og liknande til annan bruk, vere i strid med LNFR-føremålet.

4.5.6.3 Landbruksvegar

Vegar generelt blir fanga opp av plan- og bygningslova som tiltak som er avhengige av søknad om byggjeløyve etter § 20-1.

Landbruksvegar vil likevel vere i samsvar med LNFR-føremålet. Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar til landbruksføremål § 1-3 har nærare reglar for handsaming av landbruksvegar.

4.5.6.4 LNFR-områda kan ikkje underinndelast

I arealdelen i kommuneplanen kan ikkje LNFR-områda underinndelast med rettsleg bindande verknad på ein måte som gjev restriksjonar på landbruksverksemd av omsyn til natur- og friluftsinteressene. Det kan heller ikkje knytast separat rettsverknad til natur- og friluftsområde, bortsett frå for randsona til nasjonalparkar og landbruksverneområde.

I nokre høve kan kommunen ønskje å markere kva interesser som er mest dominerande, og gje signal om dette til bruk i einskildsaker. Då kan det etter § 11-8 tredje leddet bokstav c visast (ulike) omsynssoner for landbruk, reindrift, mineralressursar, friluftsliv, grønstruktur, landskap eller vern av naturmiljø eller kulturmiljø. Det føreset at interessa som skal fremjast, må nemnast uttrykkjeleg. For å sikre interessa i omsynssona kan det gjevast retningslinjer om avgrensingar av verksemd og vilkår for tiltak. Det kan òg gjevast retningslinjer om kva omsyn som skal vektleggjast ved praktisering av annan lovgjeving, så langt kommunen har fått fullmakt etter vedkomande lov.

4.5.6.5 Tilhøvet til sektorlover i LNFR-område

Ettersom LNFR-føremålet i arealdelen i kommuneplanen ikkje kan delast, vil det seie at tilhøvet mellom dei ulike føremåla (L, N, F og R) innanfor dette arealføremålet i stor grad blir styrt av anna lovverk. Slik som landbrukslovgjevinga, naturmangfaldlova, friluftslovgjevinga og andre aktuelle lover.

Skal ein gje ei av interessene i kombinasjonen LNFR føremon, må ein nytte reguleringsplan, jf. plan- og bygningslova § 12-5 nr. 5.

Skogbrukslova og jordlova regulerer i første rekkje sjølve verksemda, men det er også eigne arealføresegner i høvesvis skogbrukslova § 17, § 17a, § 19, § 50 og jordlova § 9 og § 12. Sjå elles Ot.prp. nr. 28 (2004-2005) Om lov skogbruk (skogbrukslova).

Reindrift og reindriftslova er omtalte i eigen temarettleiar.

4.5.6.6 Nærare om LNFR-område med spreidd utbygging

Bokstav b omfattar areal for spreidde bustad-, fritids- eller næringsbygg med meir. Det vil seie at bokstav b omfattar LNFR-område der det, i tillegg til nødvendige landbruksbygg (medrekna gardstilknytt næringsverksemd basert på ressursgrunnlaget på garden, jf. omtala av bokstav a over), etter føresegner i planen også kan tillatast spreidde bustads-, fritids- eller næringsbygg etter § 11–11 nr. 2. Vi siktar her til bygningar som ikkje blir rekna som ein del av landbruk eller reindrift. Føresegner etter bokstav b kan også brukast for etablering av småkraftverk for å utnytte vasskraftpotensialet i området. Det er eit krav at omfanget og lokaliseringa av bygningane er nærare markert i planen. Også føremålet bør gå fram. Markeringa kan gjerast direkte på plankartet innanfor føremålsavgrensinga, og/eller gjennom føresegner som definerer og avgrensar områda konkret med referansar til eintydige og lett observerbare referansar i kart og terreng.

Der føremål etter bokstav b saman med føresegner er nytta, kan dei markerte tiltaka anten gjennomførast på grunnlag av handsaming av einskildsaker, eller på grunnlag av reguleringsplan. Krav om reguleringsplan kan også følgje direkte av lova, jf. § 12–1, eller av at det i planføresegn blir stilt krav til ein slik plan før gjennomføring av tiltak. Sjå nærare omtale i Planlegging for spreidde bustad-, fritids- og næringsbygg i LNFR-område.

4.5.6.6.1 Bruk av LNFR med spreidd utbygging

Føremålet med å kunne underinndele LNFR med arealføremålet LNFR spreidd utbygging med tilhøyrande planføresegner er

  • å gje rom for å innpasse visse andre bygningar i LNFR-området enn dei som er nytta i primærnæring, utan å gjere det nødvendig med planrevisjon, reguleringsplan eller dispensasjon i det einskilde tilfellet

Det kan også gjevast føresegner om utvidingar av eksisterande spreidd utbygging.

Bokstav b skal berre brukast for reell spreidd utbygging i avgrensa delar av LNFR-område i ein kommune. Dersom kommunen ønskjer å avgrense eit område der det i reguleringsplan skal leggjast til rette for større utbygging innanfor eit område som elles er prega av landbruk, skal dette visast som «område for bygningar og anlegg», ev. som «område for Forsvaret». Døme på større utbygging er fritidsbygningar, bustader, næringsverksemd eller masseuttak.

Utgangspunktet for bruk av bokstav b er spreidd bygningsmasse, det vil seie at den overvegande karakteren i området skal vere spredt utbygging og ikkje tett utbygd. Det er vidare krav om at planen/føresegnene må streke opp omfang, lokalisering og type bygningar og føremål som er tillate.

Lovkravet om omfang vil ordinært vere oppfylt ved at arealdelen definerer talet på bygningseiningar innanfor vedkomande område. Det kan definerast anten totalt tal einingar (inkludert eksisterande) eller totalt tal nye einingar innanfor området.

Føresegnene skal avklare om, og i tilfelle kvar og kor mykje, det kan byggjast i LNFR-områda ut over det som har samanheng med LNFR-føremålet. Det inneber at både omfang og lokalisering av bygningane må avklarast under kommuneplanprosessen. Dette er nødvendig for å kunne gje klare rammevilkår til både sektorstyresmaktene og andre interesser det vedkjem.

Utbygging etter desse føresegnene vil vere i samsvar med arealdelen i kommuneplanen. Det skal altså ikkje vere nødvendig med tilleggsvurderingar av rammevilkåra, dette gjeld óg for sektorstyresmaktene, for å avklare kvar einskild byggjesak.

Føresegnene må tilpassast dei forskjellige formene for spreidd utbygging, det vil seie spreidd busetnad eller spreidde næringsbygningar som ikkje er tilknytte stadbunden næring eller spreidde fritidsbygningar.

Nyttar ein ikkje føresegnene innanfor denne ramma, er ikkje vilkåra i lova oppfylt. Ei eventuell byggjesak må i tilfelle vurderast som dispensasjon (plan- og bygningslova kap. 19) eller planendring.

For å unngå å uthole arealdelen i kommuneplanen med dispensasjonar, bør kommunen, dersom han har ein plan som ikkje oppfyller krava i lova, gjennomføre delrevisjon av arealdelen. I den reviderte planen må både lokalisering og omfang av spreidd utbygging vere tilstrekkeleg avklart i samsvar med plan- og bygningslova § 11-11 nr. 2.

Uansett bakanforliggjande planprosess for spreidd utbygging i LNFR-områda, er det nødvendig at konkrete byggjesaker blir handsamaa etter plan- og bygningslova § 20-1.

4.5.6.6.2 Når er spreidd utbygging aktuelt?

For kommunane kan det ofte vere vanskeleg å velje det føremålet som kan brukast best ved mindre utbygging.

LNFR-område bokstav b med føresegner etter plan- og bygningslova § 11-11 nr. 2 om spreidd utbygging kan vere mest aktuelt dersom

  • utbygging skal skje med enkeltståande bygg over lengre tid og omfanget er avgrensa
  • utbygginga skal gjennomførast med stor avstand mellom einingane og med framleis brukbare landbruks-, frilufts- eller naturareal mellom
  • det framleis er ønskjeleg at landbruksstyresmaktene skal ta stilling til frådeling og bygging (jordlova skal framleis gjelde)
  • den overvegande karakteren i området er, og kan haldast ved lag som, open og ikkje tett utbygd
  • det er lite utbyggingspress i området, og lokale styresmakter vurderer spreidd utbygging som ønskjeleg for å auke attraktiviteten for busetjing (jf. statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging).

Der LNFR bokstav b blir brukt saman med føresegner om spreidd utbygging av bustader, hytter med vidare etter plan- og bygningslova § 11-11 nr. 2, gjeld jordlova § 9 og § 12 om samtykke til omdisponering og frådeling for utbygginga. Unntak gjeld for dei tilfella der det er sett krav om reguleringsplan før deling og utbygging kan skje, jf. jordlova § 2.

I følgjande situasjonar bør det ikkje planleggjast for spreidd utbygging, men heller leggjast opp til å setje av areal til føremål bygningar og anlegg

  • i område der det er aktuelt med eit større tal einingar, eller det er stort utbyggingspress
  • der einingane kjem så tett eller blir så mange at det ikkje er praktisk mogleg å behalde areala mellom einingane som landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde
  • når det kan vere upraktisk eller konfliktskapande at jordlova framleis skal gjelde
  • når området byrjar å få karakter av samanhengande utbygging
  • når utbygginga av fleire einingar skal skje samtidig eller over kort tid

Fritidsbygningar vil spesielt måtte avklarast opp mot sektorinteresser som friluftsliv og naturvern, medan spreidd busetnad også må vurderast mot infrastruktur, offentleg service med vidare.

4.5.6.7 Planframstilling

Områdeavgrensing og lokalisering av nye spreidde bustad-, fritids- eller næringsbygg må vere svært presise. Dette for at kommunestyret, fylkeskommunen og statlege styresmakter skal kunne ta stilling til om føreslege arealbruk samsvarer med kommunale og viktige nasjonale og regionale omsyn. Utbyggingsområda skal merkjast med symbol på plankartet, jf. nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister del 2 – teiknereglar.

Dersom det ikkje er føremålstenleg å framstille lokaliseringa på plankartet, har departementet akseptert at gards- og bruksnummer blir oppført på dei tomtene som kan byggjast på. I tillegg bør det gå fram kva føremål bygningsmassen skal ha.

Ei generell føresegn om at alle tidlegare frådelte tomter skal kunne byggjast på for det føremålet dei er frådelte til, oppfyller ikkje kravet i lova til oppføring av lokalisering. Gjennom planprosessen må det gjerast ei meir konkret vurdering av kor mange av tidlegare frådelte tomter det skal opnast for utbygging av i planperioden, og lokaliseringa av desse. At ei tomt tidlegare er frådelt til eit definert føremål, inneber ikkje at det er gjeve førehandssamtykke til å byggje på tomta.

Dersom kommunen har behov for å bruke underføremåla for reguleringsplan for å få den nødvendige styringa, må planframstillinga og -handsaminga for dei aktuelle eigedomane følgje føresegnene i kapittel 12 i lova om reguleringsplan, jf. plan- og bygningslova § 12–1 femte leddet. Desse føresegnene gjev grunnlag for å handsame spesielle delområde på ein slik måte.

Lokalisering med bruk av planføresegn utan kartfesting

Som alternativ til kartfesting kan lokalisering innanfor store LNFR-område med svært spreidd utbygging, opplysast verbalt i føresegna. Føresetnaden er i så fall at areala der spreidd utbygging kan tillatast, er konkret avgrensa. Dette kan gjerast på fleire måtar, avhengig av forholda på staden

  • 1. Kotehøgd i terrenget
  • 2. Forhold eller avstand til
  • dyrka eller dyrkbar mark
  • driftsbygning i landbruk eller andre bygningar
  • vasskjelde
  • resipient
  • vassdrag
  • naturelement, dvs. utvalde naturtypar og prioriterte artar /økologiske funksjonsområde for prioriterte artar
  • kulturminne
  • fiskeplass
  • støykjelde
  • kyrkjebygg
  • monumentalbygg
  • utsiktspunkt og siktlinjer
  • friluftsområde som er viktige for ålmenta
  • område for tamrein og vilttrekk
  • viltbiotop
  • veg

Kommunen må avklare med til dømes veg- eller vernestyresmaktene i kva for område det vil vere aktuelt å tillate utbygging. Dersom det blir lagt opp til at spørsmålet først skal avgjerast i samband med ei aktuell utbyggingssak, vil ikkje kravet i lova vere oppfylt.

For kulturminneforvaltninga vil ei avklaring ofte innebere at kulturminne i området må registrerast. Dersom behovet for registreringar ikkje er oppfylte, er ikkje arealbruken avklart i forhold til kulturminneinteressene. Alternativt kan det stillast krav om reguleringsplan, og at forholdet blir avklart gjennom denne.

Endring av reguleringsplan som blir vedteken etter delegert mynde, kan ikkje endre hovudtrekka i arealbruken. Det er ikkje høve til å endre arealdisponeringa til andre hovudføremål enn det som går fram av den planen som reguleringsplanen er avleidd frå. Planen skal heller ikkje ha større utstrekning enn det som er nødvendig for å løyse utbygginga på ein føremålstenleg måte.

Dersom eksisterande bygningsmasse til andre føremål enn landbruk skal kunne byggjast opp att etter brann, må arealet leggjast ut som LNFR spreidd utbygging etter § 11-7 andre ledd nr. 5 bokstav b. Eksisterande bygg vil vere tilgjengeleg via basiskartet planen blir utarbeidd på bakgrunn av. Føresegna må presisere at det med spreidd utbygging berre er meint gjenoppføring av eksisterande bygningar.

4.5.6.8 Føresegner etter § 11-11 til område for landbruks-, natur-, og friluftsføremål og reindrift

I område der arealplanen berre definerer hovudføremål for arealbruk, seier plan- og bygningslova § 11-7 tredje leddet at det i nødvendig utstrekning skal gjevast føresegner som klargjer vilkåra for bruk og vern av areala. Slike føresegner kan også knytast til underføremål som er definerte i lova. Det kan for LNFR-område gjevast føresegner etter §§ 11-9 og 11-11, og til dei aktuelle omsynssonene etter § 11-8.

§ 11-11 Bestemmelser til arealformål etter § 11-7 nr. 5 og 6

Til arealformålene nr. 5 og 6 i § 11-7 kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om:

  • 1. omfang, lokalisering og utforming av bygninger og anlegg til landbruk og reindrift som nevnt i § 11-7 andre ledd nr. 5,
  • 2. at spredt bolig-, fritids- eller næringsbebyggelse og annen bebyggelse kan tillates gjennom behandling av enkeltvise søknader eller reguleringsplan når formålet, bebyggelsens omfang og lokalisering er nærmere angitt i arealplanen,
  • 3. bruk og vern av vannflate, vannsøyle og bunn,
  • 4. å tillate nødvendige bygninger, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs sjøen med sikte på landbruk, reindrift, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs,
  • 5. at det for områder inntil 100 meter langs vassdrag skal være forbudt å sette i verk bestemt angitte bygge- og anleggstiltak I slikt område kan det også gis bestemmelser for å sikre eller opprettholde kantvegetasjon, og for å sikre allmennhetens tilgang til strandsonen,
  • 6. ferdsel i områder med spesielle vernehensyn og på sjøen,
  • 7. hvilke artsgrupper eller arter av akvakultur som enkeltvis eller i kombinasjon kan etableres.

Her omtaler vi føresegner etter nr. 1 og 2. Føresegner etter nr. 3, 4, 5, 6 og 7 er omtalte under føresegner til arealføremålet «Bruk og vern av sjø og vassdrag». Føresegner etter nr. 4 og 5 er også aktuelle i LNFR-område.

Det er høve til å gje føresegner for landbrukstiltak innanfor føremålet.

Utbygging av landbruksvegar vil normalt ikkje styrast gjennom arealdelen i kommuneplanen. Utbygginga av landbruksvegar i landbruks-, natur- og friluftsområda er styrt av forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveger av 1. juli 2015. Det kan dermed ikkje gjevast føresegner etter § 11-11 nr. 1 for landbruksvegar.

Forskrifta om landbruksvegar får innverknad også når det gjeld plan- og bygningslova sitt krav om reguleringsplan. I lys av handsaminga vegane får etter forskrifta, vil det ikkje vere naturleg å utløyse reguleringsplikta med mindre det er snakk om anlegg av heilt ekstraordinær storleik. Eller når det til dømes gjeld veganlegg som skal nyttast som tilkomst til hytteområde slik at vegen får kombinert bruk.

Figur 4.14 Kartutsnitt LNFR-område med bruk av spreidd utbygging.

4.5.6.8.1 Omfang, lokalisering og utforming av bygg og anlegg i landbruk

§ 11-11 nr. 1 heimlar føresegner om omfang, lokalisering og utforming av bygningar og anlegg til landbruk og reindrift. Føremålet med heimelen til å gje føresegner om desse forholda er å kunne styre lokalisering og utforming også av denne typen bygg og anlegg, slik at det kjem minst mogleg i strid med andre viktige samfunnsomsyn, og at det blir teke omsyn til dømes til landskap og jordvern.

Det kan ikkje gjevast føresegner av ein slik karakter at dei kan hindre rekningssvarande drift. Føresegna gjev ikkje rett til å innføre eit generelt byggjeforbod. Det er uansett eit krav om at føresegna skal vere rimeleg, og kunne grunngjevast i dei omsyna som planlegginga skal vareta. Når kommunen ønskjer å bruke heimelen, bør utforminga skje i nært samråd med involverte styresmakter, medrekna landbruksstyresmaktene.

Døme på føresegn etter § 11-11 nr.1 knytt til kårbustader

  • I område for spreidd utbygging (L 3) kan ny bustad (kårbustad) berre byggjast når det er driftsmessig grunngjeve behov for det. Eigedomen kan ikkje ha meir enn eitt bustadbygg frå før, jf. plan- og bygningslova § 11-11. Ny bustad (kårbustad) kan berre plasserast på tunet.
4.5.6.8.2 Spreidd utbygging av fritidsbustader i landbruks-, natur- og friluftsområde

Når føremålet, omfanget av bygningsmassen og lokaliseringa er oppført i arealplanen, kan kommunen etter § 11-11 nr. 2 gje føresegn om at spreidde bustad-, fritids- eller næringsbygg og annan utbygging, kan tillatast gjennom handsaming av enkeltvise søknader eller reguleringsplan.

Gjennom slike føresegner er det også mogleg å leggje til rette for bygging av bryggjer til bruk for den typen bygg det blir opna opp for. For at føresegna skal kunne gå føre byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen i § 1-8, må det vere fastsett ei anna byggjegrense på plankartet eller i føresegner, jf. § 1-8 tredje ledd. Fastsetjinga skjer med bruk av KpJuridiskLinjeType – forbodsgrense sjøen i plankartet. Dersom kommunen ønskjer å vise område der det er tillate med konkret opplista tiltak innanfor forbodssona, kan føresegnsområde eventuelt brukast.

Spesielle føresegner for fritidsbygningar i LNFR-områda med krav til areal, høgd, utomhusareal, tiltak som kan tillatast etc. må heimlast i den same føresegna som for fritidsbygningar elles, det vil seie § 11-9 nr. 5.

Naust er uthus for oppbevaring av båt, utstyr for båt og fiskereiskap. Der det i kommuneplan er tenkt å opne for spreidd naustutbygging, kan dette med heimel i § 11-11 nr. 2 framstillast på følgjande måtar

  • Kommunen kan ved føresegner klargjere at det er høve til spreidd utbygging av naust og vise avgrensinga gjennom føresegnsområde på plankartet. Det kan eventuelt også gjevast namnet «BUN» i føresegnsområdet.
  • Dersom kommunen ønskjer å leggje til rette for konsentrert naustutbygging på eit avgrensa område, kan dette visast i plan som eige arealføremål etter § 11-7 nr.1. Ein bruker då føremålet uthus/naust/badehus i vedlegg I til kart- og planforskrifta med påskrift «BUN» i kartet. Det skal gå fram av føresegna at det gjeld krav om reguleringsplan etter § 11-9 nr.1 for ei slik utbygging.

Døme på føresegn etter § 11-11 nr. 2 knytt til spreidd utbygging

  • I område for spreidd utbygging, merkt LSB1 på plankartet, kan det tillatast oppført inntil 6 bustader. Bustadene kan ha inntil 250 m2 – BRA og gesimshøgd på maks 10 meter frå ferdig planert terreng. Bustad skal lokaliserast til uproduktiv mark, nær (maks 75 meter frå) offentleg veg og ha løyve til avkøyrsle frå vegstyresmaktene. Tilknyting til offentleg vass- og avløpsnett skal vere dokumentet når det blir søkt om byggjeløyve.

Døme på føresegn etter § 11-11 nr. 2 til «omfang og lokalisering» av spreiddutbyggning

Døme – spreidd fritidsutbygging

  • I område for spreidd fritidsutbygging – LSF 3 – kan det byggjast 7 fritidshus.
  • Det kan ikkje byggjast på dyrka eller dyrkbar mark og heller ikkje på eller innanfor ein avstand av 1 500 meter frå trekkveg for villrein som er vist på eige temakart for Atnasjøen.
  • Busetnaden skal lokaliserast langs eksisterande eller planlagt skogsbilveg og ikkje lenger enn 50 meter frå denne.
  • Busetnaden kan ikkje oppførast nærare vassdraget enn 100 m.

Døme – spreiddbusetnad

  • Før utbygging av område for spreidd busetnad LSB 3 kan starte, skal det utarbeidast detaljregulering som fastlegg plasseringa av bustadene.
  • I område for spreidd utbygging LSB 4 kan det byggjast inntil 5 bustader med maksimalt 2 bueiningar i kvar bustad.
  • Bustadene skal knytast til eksisterande lovlege avkøyrsler eller til ny avkøyrsle til FV 1234. Dei skal liggje nærare offentleg veg enn 100 meter.
  • Bustadene skal ha mindre enn 5 km avstand til skule og mindre enn 2 km avstand til butikk og offentleg service.
  • Bustadene skal ikkje liggje på dyrka mark. Innanfor føresegnsområde #1 skal bustadene heller ikkje liggje på dyrkbar mark.

Døme – spreidd næringsutbygging

  • I område for spreidd næringsutbygging LSN 1 kan det oppførast 3 bygg for næringsverksemd. Kvart av bygga skal ha grunnflate mindre enn 500 m² – BYA.
  • Bygningane skal liggje utanfor dyrka mark og nærare offentleg veg enn 25 m.
  • I område LSN 1 kan det også oppførast 10 utleigehytter og tilhøyrande serviceanlegg for reiseliv. Anlegga skal liggje utanom dyrka og dyrkbar mark og meir enn 50 meter frå vassdrag og kulturminne.
  • Næringsbygningane, inklusive utleigehyttene, skal ha avkøyrsle til FV 5678.

Døme – ombygging eller bruksendring av driftsbygningar i landbruket til turistverksemd

  • I føresegnsområda #4, #5 og #6 i område L7, kan eksisterande driftsbygningar mv. i landbruket byggjast om og bruken endrast til bygningar for turistverksemd.

Føresegner for småhusbusetnad elles er omtalt og vist med døme i tilknyting plan- og bygningslova § 11-11 nr. 2. Sjå også § 11-9 nr. 5 og 6.

4.5.6.9 Generelle føresegner etter § 11-9 til område for landbruks-, natur-, og friluftsføremål og reindrift

Også heimlane for generelle føresegner kan brukast i LNFR-område så langt dei passar, men føresegnene kan ikkje leggje restriksjonar på landbruksdrift ut over det som går fram av § 11-8 tredje ledd bokstav c og § 11-11.

4.5.6.10 Nærare om omsynssoner etter § 11-8 for å fremje oppgjevne interesser i LNFR-område

For meir rettleiing om omsynssoner, sjå kapittel 4.6.

4.5.6.10.1 Omsynssone etter § 11-8 tredje ledd bokstav a sikringssoner i LNFR – fare for ras, flaum mv.

Nokre område er særleg utsette for fare som flaum, skred, radon og liknande, og bør derfor ikkje byggjast på. Desse kan sikrast i arealdelen i kommuneplanen gjennom bruk av omsynssone § 11-8 tredje ledd bokstav a med føresegner om nødvendige restriksjonar. Om nødvendig kan dette følgjast opp med reguleringsplan med tilsvarande innhald, jf. plan- og bygningslova § 12-6 og § 12-7.

For ytterlegare informasjon og rettleiing om arealbruk i fareområde langs vassdrag og rasutsette område, sjå NVE sine rettleiarar knytte til flaum- og skredfare.

Aktuelle reglar og rettleiingar om tryggleik og beredskap er omtalt nedanfor under omsynssoner.

4.5.6.10.2 Omsynssone etter § 11-8 tredje ledd bokstav c knytt til særskilte omsyn og reglar i LNFR-område

I LNFR-område kan i utgangspunktet alle typar omsynssoner etter § 11-8 nyttast. Forholdet mellom landbruks-, natur- og friluftslivsomsyn og -interesser med sikte på å leggje restriksjonar på landbruk, kan berre gjerast ved bruk av omsynssone bokstav c. Føresegner og retningslinjer til omsynssona må slå fast restriksjonane for landbruksverksemda. Restriksjonane må vere grunngjevne ut frå omsynet til dei andre interessene. Det kan til dømes brukast for å ta vare på førekomstar av utvalde naturtypar eller prioriterte artar og deira økologiske funksjonsområde.

§ 11-8 tredje ledd bokstav c tredje og fjerde ledd fastset at det som utgangspunkt berre kan gjevast føresegner som strekar opp retningslinjer for forholdet mellom interessene i føremålet. Kva slike retningslinjer går ut på, er tematisk og omfattar

  • landbruk
  • reindrift
  • mineralressursar
  • friluftsliv
  • grønstruktur
  • landskap
  • bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø, med oppføring av interesse.

Sjå også kapittel 4.6.4. Sone med særlege omsyn til landbruk, reindrift, mineralressursar, friluftsliv, grønstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø, med oppføring av interesse.

Omsynssoner i LNFR-område kan representere

  • jord- og ressursvern – særleg omsynssone jordvern med retningslinje (omsynssone avgrensing blir også oppført som «jordverngrense»1)
  • næringsdrift (omsynssone verdifulle mineralressursar, vassressursar, mv.)
  • naturmiljø og område med viktig naturmangfald – særleg område for prioriterte artar og for utvalde naturtypar/økologiske funksjonsområde for utvalde naturtypar
  • landskap
  • geologi
  • friluftsliv
  • kulturmiljø
  • verknader for praktisering og dispensasjonar mv.
  • når er det behov for å vurdere bruk av reguleringsplan
  • når er det er nødvendig eller behov for å stille krav om reguleringsplan – eventuelt i form av områderegulering eller detaljregulering. Dette kan eventuelt knytast til eit kvilande plankrav som i tilfelle vil fange opp tiltak når dei blir aktuelle
  • når det er behov for å bruke bandlegging – som også kan innebere krav om reguleringsplan
  • aktiv bandlegging med sikte på regulering eller anna vedtak etter plan- og bygningslova, eller særlovshandsaming. Då tek kommunen på seg ei plikt til å starte og gjennomføre planlegging innan fire år. Dette kan eksempelvis gjelde vern eller restriksjonar av friluftsområde (markaområde) ut over det dei alminnelege heimlane for LNFR-område gjev opning for
  • behov for restriksjonar på ferdsel i randsoner til verneområde
  • behov for drikkevassrestriksjonar i LNFR-område

1)Omriss av omsynssoner for jordvern kan danne utgangspunkt for innteikning av ei langsiktig jordverngrense i kommuneplanen. Ei slik grense er ikkje rettsleg bindande, men kan om nødvendig visast som ei informasjonslinje. Det bør i tilfelle seiast noko meir i planskildring om kva ei slik linje er meint å vere – i tillegg til den formelle planinformasjonen. I område der eksisterande og planlagde utbyggingsområde grensar ut mot landbruksareal, og der det er vurdert føremålstenleg å markere ei grense for framtidig bygningsmasse ut mot landbruksareala, kan ei slik grense markerast i kommuneplanen som byggjegrense med tilhøyrande planføresegn. Ei slik byggjegrense vil dermed ha rettsverknad. Til denne byggjegrensa bør det då gjevast ein forklarande tekst, som eksempelvis «Byggjegrense – langsiktig grense for utbygging».

4.5.6.10.3 Randsoner rundt verneområde – bindande føresegner

Som omtalt over, er det berre i randsona til nasjonalparkar og landskapsvernområde det er mogleg å gje føresegner eller bruke omsynssone som innskrenkar rommet for å utøve reindrifts- eller landbruksverksemd i LNFR-område.

Sjå dømet nedanfor for nærare omtale av verkemiddelet og bruk av ei slik omsynssone med føresegner.

Randområde til verneområde og regulering av ferdsel

Plansituasjon og verdiar som skal varetakast

I randsona til verneområde, der verneføremålet til dømes er villrein, kan ei differensiert ferdselsavgrensing inngå som ein del av ei planløysing, der sårbarheita når det gjeld ferdsel berre knyter seg til visse tider på året. Føremålet er å sikre at artar som til dømes villrein ikkje blir utsette for uønskt forstyrring i sårbare periodar. Dei same problemstillingane kan til dømes gjelde fuglefredingsområde.

Aktuelle verkemiddel i plan- og bygningslova

For randsoner til nasjonalparkar og landskapsvernområde kan det samtidig med fastsetjing av verneforskrift for nytt verneområde eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan for etablerte verneområde, fastsetjast omsynssone etter pbl. § 11-8 tredje leddet bokstav c med føresegner, for å hindre at verneverdiane i området blir vesentleg ringare. Dette inneber at kommunane i sin kommuneplan fysisk avgrensar ei randsone der det kan knytast føresegner for varetaking av verneverdiane i sjølve verneområdet. Det kan ikkje gjevast føresegner for varetaking av verdiar som berre er i randsona. Alternativt kan pbl. § 11-11 nr. 6 heimle opning for å gje føresegner om ferdsel i område sette av i kommuneplanen med arealføremålet LNFR-område (spesielle verneomsyn), eller bruk og vern av sjø og vassdrag, jf. § 11-7 nr. 6.

Figur 4.15 Randområde til verneområde og regulering av ferdsel.

4.5.7 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

§ 11-7 andre ledd nr. 6

Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhørende strandsone

Underformål:

ferdsel, farleder, fiske, akvakultur, drikkevann, natur- og friluftsområder hver for seg eller i kombinasjon

Vedlegg I til kart- og planforskriften utvider lovens inndeling av områder for bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhørende strandsone

Samlede underformål:

ferdsel, ankringsområde, opplagsområde, riggområde, farleder, havneområder i sjø, småbåthavn, fiske, akvakultur, drikkevann, natur- og friluftsområder hver for seg eller i kombinasjon

Føremålet omfattar alle typar arealbruk på eller i sjø og vassdrag, og eventuelt tilhøyrande strandsone. Det skal eller kan brukast for å planleggje både sjøareala, overgangen mellom sjø og land og dei sjønære landareala.

Med tilhøyrande strandsone meiner vi områda innover på land så langt arealbruken har direkte samanheng med sjø eller vassdrag og arealbruken der.

Same føremål kan brukast i vatn og på land der det er føremålstenleg, slik at det blir ein samanheng i arealstyringa i overgangen mellom land og sjø og vassdrag. Føremålet bør ikkje trekkjast lenger inn på land enn det som trengst for å få nødvendig samanheng. Arealføremål, omsynssoner og supplerande føresegner er felles for både land- og sjøareal og for land- og vassdragsarealet, og skal gjere det mogleg å planleggje sjø- og/eller vassdragsareal og landareala på ein heilskapleg måte. Det er framleis fullt høve til å planleggje sjø- og vassdragsareal utan å ta med landareal under dette føremålet.

Dette føremålet kan nyttast der det til dømes i samband med planlegging av ein kyststi/turveg, er viktig å regulere både sjøareala, overgangen mellom sjø og land og dei sjønære landareala med tanke på friluftslivet. Dette føremålet kan også brukast for å ta vare på førekomstar av utvalde naturtypar, prioriterte artar og økologiske funksjonsområde for prioriterte artar.

Vidare kan føremålet nyttast der det av omsyn til næringsinteresser er ønskjeleg å sjå sjøareala, overgangen mellom sjø og land og dei sjønære landareala under eitt. Dette vil vere føremålstenleg i samband med fiske og akvakultur, der tilgang til fiskemottak eller fiskeslakteri i strandsona er viktig både frå land og sjøsida. Kystkonturen bør visast på plankartet slik at grensa mellom sjø- og landareal er tydeleg. Departementet har gjeve ut eit rundskriv (H-6/18) om lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystnære sjøområde rettleiar om planlegging i sjø.

Rettleiaren gjev råd om val av plantypar og planframstilling av regionale og kommunale planar i kystnære sjøområde.

Arealføremålet bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone kan underinndelast i område for ferdsel, farleier, fiske, akvakultur, naturområde og friluftsområde kvar for seg eller i kombinasjon. Vidare følgjer det av § 11–11 nr. 3 at det kan gjevast føresegner om at arealbruken kan fastsetjast særskilt for høvesvis vassoverflata, vassøyla og botnen i sjø eller vassdrag. Sjå også § 11-11 nr. 5, 6 og 7. Det kan også omfatte grunnvatnet, til dømes for å sikre drikkevasskjelder.

Underføremåla under bruk og vern av sjø og vassdrag er uttømmande nemnde i lova og vedlegg I til kart- og planforskrifta.

Med vassdrag meiner vi alle elvar og bekkar, innsjøar og andre vassamlingar som har kontinuerleg tilløp. Sjå definisjonen av vassdrag i vassressurslova.

For dei fleste vassdrag vil det i praksis neppe vere same behov for å underspesifisere arealbruken som i sjø. Men også her, særleg i større innsjøar og elvar, kan det vere aktuelt å føre opp kva for arealbruk som er tillate eller forbode i området. Til dømes kan vern av delar av vassdrag eller innsjø ved sikring av botn, breidder og kantsone med vegetasjon, vere aktuelt. Sjå også omtale i lovkommentaren av samordna vassplanlegging som ei felles planoppgåve etter plan- og bygningslova § 3–6.

Figur 4.16 Fargekodar for underføremål under bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Eksisterande arealføremål til venstre, nytt arealføremål til høgre.

4.5.7.1 Nærare om sjø og vassdrag som hovudføremål

Grunnvatn, vassdrag og sjøområde dekkjer mange forskjellige behov og funksjonar, samtidig som dei varetek viktige økosystemtenester og eigenverdien sin. Det kan vere

  • vassforsyning (drikkevatn, irrigasjon og industri)
  • vassreinsing
  • å halde oppe økosystem og naturmangfald
  • grunnlag for transport
  • kommersiell fangst og fiske
  • akvakultur og rekreasjon (ferdsel, bading og fiske)
  • kraftproduksjon
  • råstoffutvinning
  • landskapsmessige og kulturhistoriske verdiar

Dei regionale vassforvaltningsplanane og forskrift om rammer for vassforvaltninga gjev føringar for kommunane si planlegging i sjø og vassdrag. I kommunane sin bindande arealplan, eventuelt delplan, kan også tiltak frå forvaltningsplanen sitt tiltaksprogram som gjeld arealbruk, bli sette i verk.

Planer som er vedtekne etter vassforskrifta, fastset miljømål for vatn i både vassdrag, grunnvatn og kystvatn, med tilhøyrande tiltaksprogram for å bevare eller forbetre vassmiljøet slik at ein når miljømåla. All arealplanlegging i kystvatn må derfor ta omsyn til desse planane. Særleg gjeld dette dersom det er planlagt ny aktivitet eller nye inngrep som kan endre miljøtilstanden eller gjere det vanskelegare å nå vedtekne miljømål. I slike tilfelle må ein oppfylle krava til utgreiing og vilkår etter vassforskrifta § 12.

Forskjellige brukarinteresser vil i stor grad kunne avvegast og avklarast gjennom kommuneplanlegginga. Det sikrar også eventuell kombinasjon av føremålstenleg fleirbruk, utnytting og vern i områda. Arealdisponering og annan aktivitet omkring vassdraget eller sjøområdet er ofte avgjerande for mogleg bruk av vassområdet.

Det er viktig å kunne sjå samanhengen mellom arealføremåla på sjø og i vassdrag og på tilstøytande areal på land, noko det er høve til å fastleggje gjennom dette arealføremålet. Det er vidare viktig å ha ei heilskapleg vurdering og handsaming av vassressursane i kommuneplanen. Slik kan han fungere samordnande mellom dei forskjellige sektorane og interessene, og gje grunnlag for framtidig planlegging, forvaltning og tiltak om bruk og vern.

I sjøområdet er verkeområdet for plan- og bygningslova avgrensa til ei nautisk mil (1852 meter) utanfor grunnlinjene.

Langs breidda av vassdrag med årssikker vassføring skal kommunane fastsetje eit naturleg vassdragsbelte (vassressurslova § 11 og rikspolitiske retningslinjer). Fastsetjinga er vist i plankartet ved bruk av KpJuridiskLinjeType – Forbodsgrense vassdrag.

Føremålet med vassdragsbeltet og kantvegetasjonen er ikkje berre å hindre nedbygging av areala, men også å motverke avrenning (sjå boks om vassressurslova § 11 nedanfor). I område med mykje avrenning frå landbruk eller spreidd utbygging vil varetaking av vassmiljøet, badevasskvalitet og så vidare, krevje at den faktiske arealbruken blir regulert på ein måte som hindrar overgjødsling.

Vanlege verkemiddel her er lokale forskrifter om

  • avgrensing av gjødselspreiing i vassdragsnære område
  • avgrensing av haustpløying i vassdragsnære område
  • avløp i område med spreidd utbygging

Innsjøar og vassdrag er stort sett (unnateke midtstykket i nokre større innsjøar) underlagde privat eigedomsrett. I sjøområde har eigaren av stranda berre eigedomsrett ut til marbakken eller inntil to meters djup. Det er i utgangspunktet fri ferdselsrett på sjøen.

På land må høvet til ferdsel anten

  • ha grunnlag i allemannsretten til fri ferdsel i utmark etter friluftslova
  • ein avtale i form av grunneigarløyve der det ikkje er fri ferdsel på privat grunn
  • ved at ferdselsretten har grunnlag i hevd eller alders tidsbruk
  • det offentlege har erverva bruksrett eller eigedomsrett og opna arealet for ferdsel – gjerne med grunnlag i plan der arealet er lagt ut til eit offentleg føremål

4.5.7.2 Underføremål til § 11-7 andre ledd nr. 6

4.5.7.2.1 Ferdsel

Med ferdsel meiner vi i denne samanhengen alle typar av ferdsel på vatn og sjø tilknytt offentleg og kommersiell verksemd, nyttetrafikk og fritidstrafikk med meir.

Når område er lagde ut til ferdsel (eller farleier), skal ferdselen kunne skje uhindra av andre tiltak. Døme på tiltak i strid med føremålet er plassering av merdar, bøyer eller dumping av masse eller gjenstandar.

4.5.7.2.2 Ankringsområde

Føremålet kan brukast der det er gode forhold for oppankring av fartøy langs kysten i påvente av å kome til kai med vidare. Desse ligg som oftast i tilknyting til hamner og på strategiske stader langs farleiene, men av tryggleiksomsyn skal dei liggje utanfor sjølve hamna eller farleiene.

Ankringsområde som underføremål går fram av kart- og planforskrifta vedlegg I.

4.5.7.2.3 Opplagsområde

Skipsfarten har på grunn av skiftande konjunkturar tidvis behov for tilgang til område som er eigna til fortøying over tid. Kommunen kan derfor setje av areal til opplagsområde. Nokre av desse er tilrettelagde med landstraum i tillegg til fortøyingspullertar.

Opplagsområde som underføremål går fram av kart- og planforskrifta vedlegg I.

4.5.7.2.4 Riggområde

Føremålet kan brukast i område som er kartlagde som høvelege for riggar, men er også veleigna til oppankring og til å montere vindturbinar og andre arealkrevjande installasjonar. Dette er areal som ligg forholdsvis skjerma til, har gode djupneforhold og god haldebotn for ankring. Riggområda er viktige for det maritime næringslivet, då dei ofte ligg i nærleiken av etablerte næringsområde som verft.

Planføresegnene til riggområde vil klargjere kva som vil vere akseptert bruk av arealet til «rigg og rigging». Eksempelvis kan føresegner fastsetje at det er tillate med ankring og montering av nye installasjonar (petroleumsinstallasjonar og vindturbinar), men at det ikkje er tillate å demontere brukte petroleumsinstallasjonar innanfor arealet.

Riggområde som underføremål går fram av kart- og planforskrifta vedlegg I.

4.5.7.2.5 Farleier

Føresegner om farleier finst i hamne- og farvasslova. Det er med heimel i hamne- og farvasslova § 7 fastsett eiga forskrift som deler inn farleier i hovudlei og bilei.

Med farleier meiner vi i denne samanhengen nærare definerte seglingsleier (transportårer) for vass- og sjøtransport og inn- og utseglingsleier for hamner. Rettleiaren om planlegging i sjøområda har ein nærare omtale av farleiomgrepet i plansamanheng.

Sikring av farleier for større skip er mest aktuelt i sjø, men kan også vere aktuelt i nokre større vassdrag som er farbare med fartøy frå sjøen. Ferdsel kan også nyttast i vassdrag for å sikre framkomst for småbåttrafikk eller eventuelle ferjer.

4.5.7.2.6 Hamneområde i sjø

Føremåleter tidlegare oppretta for bruk på reguleringsplannivå. Det er føremålstenleg om dette føremålet også blir brukt på kommuneplannivået.

Også hamneområde i sjø kan gå inn under dette føremålet. (Trafikkhamner skal plasserast under arealføremål 2 Samferdselsanlegg). Småbåthamn (medrekna gjestehamn) blir gjerne brukt der det skal etablerast anlegg for småbåtar av meir ålmenn karakter. Bruken skal då ikkje vere knytt til nærare fastsette eigedomar, jf. småbåtanlegg under bygningar og anlegg.

Hamneområde i sjø som underføremål går fram av kart- og planforskrifta vedlegg I.

Plan- og bygningslova og hamne- og farvasslova gjeld side om side. Lovene vil supplere og utfylle kvarandre i sjøområde. Kommunen som hamne- og farvasstyresmakt vil innanfor ramma av hamne- og farvasslova, kunne setje fartsavgrensingar i sjøen og avgrensingar for fortøyingsinnretningar i farlei med meir. Det er tilrådd å sjå kommunale arealplanar i samanheng med reguleringar etter sektorlover, som til dømes område for friluftsliv der det er ønskjeleg med fartsavgrensingar.

Motorferdsellova har reglar (medrekna forbod) om motorisert ferdsel i vassdrag.

4.5.7.2.7 Fiske

I sjøen gjeld havressurslova, medan i vassdrag er det først og fremst lakse- og innlandsfiskelova og naturmangfaldlova som gjev hovudføresegnene for fiskeforvaltninga.

Underføremålet «fiske» omfattar all hausting av viltlevande marine ressursar i sjø, jf. havressurslova.

Ulike fiskeføremål kan i planen spesifiserast som område for fiskebruk, låssetjingsplassar, gyte- og oppvekstområde med vidare. Ei slik arealdisponering bør i tilfelle supplerast og sikrast gjennom planføresegner. Dette føremålet kan brukast for å sikre vassareal for næringsfiske eller fritidsfiske, men det kan også med nærare presisering brukast til dømes til vern av gyte-, vandrings- eller opphaldsstadene til fisken.

4.5.7.2.8 Akvakultur

Akvakultur er alle typar av oppdrettsanlegg, skjelfarmar, produksjon av algar og liknande, jf. akvakulturlova.

Som dei andre føremåla vil akvakulturanlegg kunne leggjast ut som eige underføremål etter plan- og bygningslova § 11-7 nr. 6. Ved planlegging av akvakultur vil også plan- og bygningslova § 11-7 nr. 1 Bebyggelse og anlegg vere aktuell, jf. omtale nedanfor om føresegner. Dette vil særleg gjelde landanlegg.

Ankringsområdet ved anlegga bør også visast i planen, anten som sikringssone, føremålet akvakultur, eller kombinert føremål med akvakultur. Dersom ein ønskjer å skilje mellom forskjellige typar oppdrett og akvakultur, kan føresegn til planen definere kva former for oppdrett og artar som er tillatne.

I sjø og vassdrag er det ope for å planleggje område for ålmenn fleirbruk (ferdsel, fiske-, natur- og friluftsområde), der meir spesifikk bruk av sjøen eller vassdraget ikkje er teke opp. Akvakultur kan inngå i dette fleirbruksføremålet der det er føremålstenleg, men akvakultur representerer i motsetning til dei andre føremåla her stort sett ein eksklusiv bruk. Ein bør derfor vere tilbakehalden med å inkludere område for akvakultur i område for ålmenn fleirbruk. Dersom akvakultur inngår i fleirbruksføremålet, oppnår ein lite styring og interesseavklaring og krev at heile området blir konsekvensutgreidd, noko som kan tale for å setje av meir avgrensa areal som eigne akvakulturområde.

Sjølv om eit område er sett av til akvakultur i kommuneplanen, krev det også konsesjonshandsaming etter akvakulturlova. Det er viktig med ei god samordning mellom kommuneplanen og akvakulturlova, slik at områda som er sette av til akvakultur, gjev tilstrekkeleg planavklaring og er relevante for seinare konsesjonshandsaming. Reguleringsplan kan også brukast for akvakultur i sjø dersom særlege forhold tilseier det, men vil på grunn av detaljeringsnivået i denne plantypen vanlegvis ikkje vere føremålstenleg.

4.5.7.2.9 Skjelsand

Skjelsanduttak er ikkjeeige underføremål i plan- og bygningslova. Ein kan setje av areal til skjelsanduttak ved å bruke det generelle føremålet «bruk og vern av sjø og vassdrag» og spesifisere bruken nærare gjennom føresegner. Føresegner etter § 11-11 nr. 3 kan gjevast om «bruk og vern av vannflate, vannsøyle og bunn», og dette gjev rom for å styre skjelsanduttak. Ei annan måte kan vere å nytte føremålet råstoffutvinning etter § 11-7 nr. 1, dersom det blir vurdert meir føremålstenleg.

4.5.7.2.10 Drikkevatn

«Drikkevatn» kan førast opp som eige underføremål. Kommunen kan gjennom arealplanen bestemme vasskjelde for drikkevatn og arealbruk i nedbørsfeltet og område med avrenning til drikkevatn og grunnvassførekomstar. Det kan setjast nærare krav til arealbruken. Det kan også innførast restriksjonar av omsyn til drikkevassforsyninga gjennom omsynssone etter § 11–8 tredje ledd bokstav a og føresegner til omsynssona og til føremålet, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 3 og 5. Slike restriksjonar kan også omfatte grunnvassførekomstar.

Sikring av drikkevatn er underlagd eigne krav og føresegner i drikkevassforskrifta (fastsett 4. desember 2001 med heimel i lov om matproduksjon og mattrygghet med videre). Også vassressurslova, vassforvaltningsforskrifta, vassdirektivet og eventuelle regionale planar er aktuelle grunnlag for drikkevassforvaltninga. Sjå eigen rettleiar frå Mattilsynet om drikkevassforskrifta.

4.5.7.2.11 Natur- og friluftsområde kvar for seg eller i kombinasjon

Naturområde i sjø og vassdrag omfattar alle område der inngrep og tilrettelegging ikkje er tillate. Slike område vil vere aktuelle for førekomstar av utvalde naturtypar og prioriterte artar eller økologiske funksjonsområde for prioriterte artar. Naturområde i sjø eller vassdrag har sin parallell i natur («N» i LNFR-område) på land.

Døme på inngrep og utnytting som kan kome i konflikt med naturområde, vil vere utfylling i sjø, sand- og grusuttak, bryggje og andre fortøyingsinnretningar og akvakulturanlegg.

Friluftsområde i sjø og vassdrag, eventuelt med tilhøyrande strandsone, er område der bruken av området til friluftsliv skal gjevast fortrinn. I vassdrag kan føremålet friluftsområde vere aktuelt å bruke for å sikre vassareala til ålmenn friluftsbruk. I eit friluftsområde vil rettsverknaden av planen innebere at tiltak som vil vere til ulempe for føremålet ikkje er tillatne, til dømes bøyer og liknande, slik at dei ikkje kan plasserast der.

Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag skal leggjast til grunn ved planlegging i dei områda som blir ramma. Avgrensinga og forvaltninga av vassdragsbeltet bør differensierast etter registrerte verneverdiar og arealtilstand i tråd med kriteria i retningslinjene. Vasstrengen bør i arealdelen i kommuneplanen leggjast ut til naturområde, friluftsområde eller ein kombinasjon av desse. Kommunen fastset vegetasjonsbeltet ved bruk av KpJuridiskLinjeType – forbodsgrense vassdrag. Dersom kommunen ønskjer å vise område der det er tillate med konkret opplista tiltak innanfor forbodssona, kan føresegnsområde eventuelt brukast i staden for.

Føresegner etter § 11-9 nr. 5 til 7 og § 11-11 nr. 1 og nr. 5 blir brukte for å sikre kantsoner langs vassdrag med kantvegetasjon når underføremålet natur- og friluftsområde under hovudføremål nr. 6 blir trekte inn på land. Slike føresegner kan også få verknad for inngrep og verksemd i landbruket og stadbunden næring.

Føresegnene kan seie at

  • det for eit område på inntil 100 meter langs vassdrag skal vere forbode å setje i gang med konkret nemnde byggje- og anleggstiltak
  • kantvegetasjonen skal sikrast eller oppretthaldast
  • ålmenta skal sikrast tilgang til strandsona

Om nødvendig kan desse områda etter vurdering også bandleggjast mellombels etter plan- og bygningslova § 11-8 tredje ledd bokstav d, med sikte på regulering til eksempelvis naturområde, friluftsområde eller friområde.

4.5.7.3 Rettsverknaden av arealføremål og føresegner ved til dømes utfylling i vassdrag

Spørsmål om ei utfylling i vassdrag er i strid med plan for området, må vurderast konkret. Det er verdt å merke seg at verksemd i plan er rekna som tiltak, jf. plan- og bygningslova § 1-6 første ledd siste setning. Dersom det er i strid med arealføremålet i planen, vil tiltaket krevje dispensasjon. Det same gjeld dersom tiltaket er i strid med føresegner i planen eller omsynssoner. Også regional vassforvaltningsplan og vassforskrifta § 12 om nye tiltak kan kome inn.

Terrenginngrep i form av utfylling til anna enn landbruksføremål vil vanlegvis vere i strid med LNFR-føremålet i arealdelen i kommuneplanen. Dette gjeld der vassdraget inngår i LNFR-føremålet. Det kan også gjelde der vassdraget ikkje inngår i føremålet, men landarealet inntil vassdraget er LNFR-område og utfyllinga vedkjem og tek utgangspunkt i landarealet.

Det er berre dei byggje- og anleggstiltaka som er konkret oppgjevne, som er forbodne. Terrenginngrep (til dømes utfylling) vil ikkje vere å rekne som byggjetiltak, og det må gå klart fram av føresegnene dersom eit slikt forbod skal ramme terrenginngrep. Der kommunen ønskjer å forhindre utfylling innanfor eit LNFR-område som ikkje er i strid med dette arealføremålet, må det gå klart fram av føresegna til planen at han omfattar terrenginngrep eller utfylling også i landbruk. Det kan dessutan gjevast føresegner for å sikre eller oppretthalde kantvegetasjon.

Dersom kommunen ikkje har heimel til å avslå ein søknad om løyve til utfylling, og ønskjer å forhindre tiltaket, vil kommunen kunne leggje ned mellombels forbod mot tiltaket etter plan- og bygningslova § 13-1. Deretter kan kommunen endre arealdelen i kommuneplanen, anten ved å endre føremålet eller presisere føresegnene.

Det kan vere parallell søknadsplikt etter anna lovverk for terrenginngrep, eksempelvis fyllingar. Terrenginngrep kan også vere i strid med andre lover, til dømes § 11 i vassressurslova om kantvegetasjon, vassforskrifta § 12 om nye tiltak, naturmangfaldlova med vidare.

Vassressurslova pålegg grunneigarar og tiltakshavarar å oppretthalde kantvegetasjonen. Dersom han blir fjerna i strid med § 11, kan det gjevast pålegg om retting i form av reetablering etter § 59 i vassressurslova. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som vassdragsstyresmakt kan frita frå kravet. Fritak etter § 11 er nødvendig sjølv om kommunen har gjeve løyve til tiltaket etter plan- og bygningslova.

Vassressurslova høyrer under Olje- og energidepartementet. Eventuelle spørsmål om denne lova må rettast dit.

4.5.7.4 Føresegner etter § 11-11 til område for bruk og vern av sjø og vassdrag

§ 11-11 Bestemmelser til arealformål etter § 11-7 nr. 5 og 6

Til arealformålene nr. 5 og 6 i § 11-7 kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om:

  • 1. omfang, lokalisering og utforming av bygninger og anlegg til landbruk og reindrift som nevnt i § 11-7 første ledd nr. 5,
  • 2. at spredt bolig-, fritids- eller næringsbebyggelse og annen bebyggelse kan tillates gjennom behandling av enkeltvise søknader eller reguleringsplan når formålet, bebyggelsens omfang og lokalisering er nærmere angitt i arealplanen,
  • 3. bruk og vern av vannflate, vannsøyle og bunn,
  • 4. å tillate nødvendige bygninger, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs sjøen med sikte på landbruk, reindrift, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs,
  • 5. at det for områder inntil 100 meter langs vassdrag skal være forbudt å sette i verk bestemt angitte bygge- og anleggstiltak I slikt område kan det også gis bestemmelser for å sikre eller opprettholde kantvegetasjon, og for å sikre allmennhetens tilgang til strandsonen,
  • 6. ferdsel i områder med spesielle vernehensyn og på sjøen,
  • 7. hvilke artsgrupper eller arter av akvakultur som enkeltvis eller i kombinasjon kan etableres.

Det er heimlar for føresegner i plan- og bygningslova § 11-11 nr. 3 til 7 for arealføremålet bruk og vern av sjø og vassdrag. Vidare kan det vedtakast generelle føresegner etter § 11-9 også for dette føremålet etter behov. Saman vil desse føresegnene gje høve til å sjå strandsone og sjø- og/eller vassdragsareal og vassareal i samanheng. Det kan fastsetjast føresegner om plankrav, miljø- og funksjonskrav, tilgang til strandsona, krav til eventuelle bygningar og anlegg med meir.

Føresegner etter nr. 1 og 2 som knyter seg til LNFR-føremålet er omtalte under dette føremålet.

4.5.7.4.1 Bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn (nr. 3)

Føresegnene kan fastsetje ulike føremål på overflata, i vassøyla og på botnen både i sjø og vassdrag. Det kan ikkje fastsetjast føresegner om vassføring eller vasstand. Slike føresegner kan også brukast for å fastleggje traséar for røyr og kablar som ikkje fell inn under unntaket i § 1-3.

Døme på føresegner om bruk og vern av område i sjø i dei ulike vertikalnivåa

  • I friluftsområde i sjø VFR 13 skal overflate og botn reserverast ålmenta sin bruk til rekreasjon og opphald. Bruk av motoriserte fartøy og innretningar er ikkje tillate, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 3.
  • Mellom fastlandet og Lilleøya, Mellomøya og Storøya og/eller mellom Lilleøya og Mellomøya skal røyr og kablar leggjast samla i traséar.
  • I naturområde i sjø VN3, skal det i vassflate, vassøyle eller botn ikkje gjerast inngrep eller bruk som kan setje ned, skade eller øydeleggje førekomsten av ålegrasenga og blautbotnområdet, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 3.
4.5.7.4.2 Bygging i strandsona langs sjøen (nr. 4)

Strandsona langs sjøen har eit generelt forbod mot tiltak i 100-metersbeltet, unnateke fasadeendringar, jf. § 1-8 andre ledd. Byggjeforbodet gjeld uavhengig av arealføremål, med mindre det er fastsett anna byggjegrense i plan etter plan- og bygningslova § 1-8 nr. 3.

Gjennom føresegn i kommuneplanen kan det tillatast nødvendige bygningar, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs sjøen som skal tene til landbruk, reindrift, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs, jf. § 1-8 fjerde ledd.

Byggjeforbodet gjaldt tidlegare ikkje for bygningar med vidare som er nødvendige for nærare bestemte næringar og offentlege føremål, medrekna fangst- og fiskerinæringa. Dette unntaket er teke bort. Der det er behov for å plassere slike bygningar med vidare i 100-metersbeltet, må det gjevast føresegner etter plan- og bygningslova § 11-11 nr. 4. Sjå omtalen av plan- og bygningslova § 1-8 fjerde ledd i lovkommentaren. Det er gjeve statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen ved kgl. res. 28. mai 2021.

Kommunen kan gjennom føresegn i arealdelen i kommuneplanen jf. § 11-11 nr. 4, tillate oppføring av nødvendige bygningar, mindre anlegg og opplag som skal tene til landbruk, reindrift, fiske, akvakultur eller ferdsel til sjøs. Når ei slik føresegn er gjeven, gjeld ikkje det generelle forbodet for dei tiltaka som samsvarer med føresegna.

Med ferdsel til sjøs meiner vi vanleg transport av folk og varer på sjøen, og ikkje til dømes båttrafikk i samband med fritidsbustad og fritidsbruk langs sjøen. Større kaianlegg og liknande vil elles alltid krevje reguleringsplan.

Kommunane kan dermed ikkje gjennom ei slik føresegn opne for bygging av bryggjer på bustad- eller fritidseigedomar.

Døme på føresegner om bygningar i strandsona i LNFR-område

  • I LNFR-område L8, kan eksisterande fiskemottak vidareutviklast med bygg og anlegg som tilhøyrer føremålet, jf. § 11-11nr. 4.
  • I LNFR-område merkt L3 på plankartet, kan det oppførast naust (til næringsmessig fiske) i sjøkanten, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 4. Naust kan søkjast oppført med inntil 24 m2 – BYA i, med gesimshøgd inntil kote eller høgdekurve 4 moh. og med minimum 4 meter til nabobygg.
4.5.7.4.3 Byggjegrense langs sjøen (nr. 4)

Den saklege rekkjevidda av byggjeforbodet etter § 1-8 andre ledd er at det gjeld så langt ikkje anna byggjegrense er fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan jf. § 1-8 tredje ledd. Forbodet gjeld i utgangspunktet alle typar bygningar. Det inkluderer også bygningar, mindre anlegg og opplag som skal tene til landbruk, reindrift, fiske, akvakultur eller ferdsel til sjøs, med mindre dette er eksplisitt tillate gjennom føresegn i arealdelen i kommuneplanen, jf. § 11-11 nr. 4.

Byggjeforbodet gjeld også der heile eller delar av forbodssona er lagd ut til byggjeområde i plan som er vedteken i samsvar med plan- og bygningslova 1985, dersom planen ikkje har fastsett byggjegrense i planen. Sjå brev av 8. mars 2017 og 25. april 2017 frå dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet om forholdet til eldre planar. Ved handsaming og vedtak av planar etter plan- og bygningslova 2008 som omfattar forbodssona, må det alltid takast konkret stilling til spørsmålet om bygningar skal tillatast nærare sjøen enn 100 meter. Dersom dette ikkje er gjort, vil byggjeforbodet langs sjø gjelde.

Kommunen må ved rullering av arealdelen i kommuneplanen ta eit medvite standpunkt til spørsmålet om byggjegrense også der det er gjeldande reguleringsplanar. Der kommunen ikkje fastset ei eiga grense, vil grensa vere 100 meter. Der kommunen fastset ei anna grense, vil denne gjelde framfor grense i eldre reguleringsplanar. Der kommunen vedtek at tidlegare reguleringsplanar skal gjelde, til dømes ved å bruke omsynssone bokstav f i § 11-8 tredje ledd, vil byggjegrensa gjeven i desse planane, gjelde. Kommunen bør gå gjennom dei eldre reguleringsplanane med sikte på miljørevisjon før han treffer eit slikt vedtak.

For å definere byggjegrense mot sjøen på ein gyldig måte, må det i kommuneplanen gå eintydig fram kvar og i kva avstand bygningar kan eller skal plasserast i forhold til strandlinja. Ei slik avklaring må gjerast gjennom planføresegner og juridiske linjer med vidare, som definert i teiknereglane – i tillegg til sjølve arealføremålet. Plankartet skal vise byggjegrensa ved bruk av KpJuridiskLinjeType – Forbodsgrense sjøen. Dersom kommunen ønskjer å vise område der det er tillate med konkret opplista tiltak innanfor forbodssona, kan føresegnsområde eventuelt brukast. Til dømes kan føresegnene gå ut på at forbodet ikkje skal gjelde ved utviding og eventuell fortetting i område med eksisterande bygg.

4.5.7.4.4 Navigasjonsinnretningar

Kystverket opererer navigasjonsinnretningar som består av både visuelle merke og elektroniske signal. Dette er hjelpemiddel for sikker navigasjon langs kysten. Kystverket sine navigasjonsinnretningar omfattar blant anna

  • fyr
  • lykter
  • lanterner
  • indirekte belysning
  • lysbøyer og stakar
  • faste merke
  • radarsvararar
  • AIS basestasjonar

Det finst også navigasjonsinnretningar eigde av hamnevesen, private med fleire.

Kystverket og andre aktuelle aktørar er avhengige av at drift og vedlikehald av navigasjonsinnretningane kan gjennomførast som føresett. Det vil også kunne oppstå behov for rehabilitering eller etablering av nye navigasjonsinnretningar, eksempelvis som følgje av endra mønster i skipstrafikken eller oppdaginga av nye grunnar eller skjer.

Navigasjonsinnretningane vil i stor utstrekning vere i 100-metersbeltet langs kystsona. Det er derfor avgjerande at nødvendige løyve blir følgde opp i tråd med føresegnene gjevne i plan- og bygningslova § 11-11 nr. 4. I samband med kommunale arealplanprosessar bør ein derfor etablere kontakt med Kystverket og eventuelle andre eigarar av navigasjonsinnretningar tidleg i planfasen.

4.5.7.4.5 Byggjegrense langs vassdrag (nr. 5)

Plan- og bygningslova § 1-8 første og siste ledd gjeld for vassdrag.

Etter første ledd skal ein

  • ta særlege omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre ålmenne interesser langs vassdrag.

Etter siste ledd skal ein

  • vurdere om det skal fastsetjast grense på inntil 100 meter, der bestemt opplista byggje- og anleggstiltak med vidare ikkje skal vere tillatne for område langs vassdrag som har innverknad på natur- og kulturmiljø- og friluftsinteresser, i arealdelen i kommuneplanen etter § 11-11 nr. 5. Det inneber at kommunen kan bestemme at det skal vere forbode å setje i verk bestemt opplista byggje- og anleggstiltak.

Føresegnene må seie eintydig kva for vassdrag forbodet skal gjelde, kor langt forbodet gjeld inn på land (inntil 100 meter), og kva for byggje- og anleggstiltak som skal vere forbodne.

Eit forbod etter nr. 5 kan ikkje brukast slik at det gjeld byggje- og anleggstiltak i landbruket generelt innanfor 100-metersbeltet. Eit forbod må i så fall berre knyte seg til tiltak som er lista opp i planføresegnene, og føresegna må konkret spesifisere kva for tiltak det er forbod mot. Slik kan ein gjennom planprosessen klargjere om dei andre samfunnsinteressene som knyter seg til dette spesielt verdifulle beltet i desse tilfella, også må ha fortrinn i forhold til dei byggje- og anleggstiltaka i landbruket som er bestemt opplista. Slike tiltak kan vere driftsbygningar, landbruksvegar, mikro- og minikraftverk og masseuttak.

Slike føresegner kan ikkje utformast slik at dei er til hinder for ombygging av eksisterande driftsbygningar på gardstun i strandsona, eller at dei blir gjenoppførte etter brann eller ulykke. Byggjegrensa blir fastsett i plankartet som KpJuridiskLinjeType – forbodsgrense vassdrag. Dersom kommunen ønskjer å vise område der det er tillate med konkret opplista tiltak innanfor forbodssona, kan føresegnsområde eventuelt brukast.

Plan- og bygningslova § 11-11 nr. 1 gjev som i LNFR-område elles, høve til å gje føresegner om omfang, lokalisering og utforming med vidare av byggje- og anleggstiltak også innanfor landbruk av omsyn til vassdraget.

Vidare vil heimelen for generelle føresegner etter § 11-9, medrekna om plankrav og byggjegrenser, kunne vere viktige i og langs vassdrag.

Døme på føresegn om forbod etter plan- og bygningslova § 11-11 nr. 5 og § 11-9 nr. 1. til vassdrag

  • Langs Kulthaugsbekken kan det ikkje oppførast bygningar, medrekna driftsbygningar i landbruket nærare enn 25 m frå djupålen.

Sjå rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag. Sjå oversikt over verneplanar for kva vassdrag NVE har lista opp som verna/verdifulle, jf. rikspolitiske retningslinjer.

Det kan gjevast føresegner for å sikre kantvegetasjon i denne sona og for å hindre tiltak som avgrensar ålmenta sin tilgang til strandsona.

Døme på føresegn for å vareta kantvegetasjon

  • I føresegnsområde #4 i LNFR-område, L7 skal kantvegetasjonen bevarast i ein avstand på 50 meter på kvar side av djupålen i Langelva, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 5.

Vannressurslovens § 11 om Kantvegetasjon

Langs bredden av vassdrag med årssikker vannføring skal det opprettholdes et begrenset naturlig vegetasjonsbelte som motvirker avrenning og gir levested for planter og dyr. Denne regelen gjelder likevel ikke for byggverk som står i nødvendig sammenheng med vassdraget, eller hvor det trengs åpning for å sikre tilgang til vassdraget.

Grunneieren, tiltakshavere og berørte fagmyndigheter, kan kreve at kommunen fastsetter bredden på beltet Bredden kan også fastsettes i rettslig bindende planer etter plan- og bygningsloven.

Vassdragsmyndigheten kan i særlige tilfeller frita for kravet i første ledd.

Figur 4.17 Byggjegrense mot vassdrag som forbodsgrense vassdrag. Figuren inneheld også omsynssoner for ras-, skred- og flaumfare.

4.5.7.4.6 Ferdsel i område med spesielle verneomsyn og på sjøen (nr. 6)

Kommunen kan i føresegn etter § 11-11 nr. 6 regulere ferdsel i område med spesielle verneomsyn og på sjøen. Ferdselsregulering og avgrensingar kan berre grunngjevast der særlege verneomsyn gjer seg gjeldande, og der desse har større tyngde enn utøvinga av den frie ferdselsretten i eit avgrensa område. Det er tilrådd å vurdere slike ferdselsreguleringar på tvers av kommunegrenser, og samordne dei med styring av ferdsel etter hamne- og farvasslova og i verneområde etter naturmangfaldlova.

Døme på forhold som kan varetakast for å regulere ferdsel i område med spesielle verneomsyn og i sjøen

  • tidsavgrensa innskrenking av ferdsel i viktige hekkeområde for fugl og andre artar
  • utvalde naturtypar eller økologiske funksjonsområde for prioriterte artar som er sårbare for ferdsel (støy, terrengslitasje)
  • omsyn til friluftsliv
  • ferdselsregulering av motoriserte fartøy og innretningar
  • ferdsel med fartøy i nærleiken av badeplassar, naturområde, farleier, sjømerke mv.

Døme på føresegnsområde som regulerer ferdsel i område med verneomsyn i sjø

  • I føresegnsområde #8 til sjøområde VFR, skal all aktivitet ta omsyn til leik og badeliv. Motoriserte innretningar er forbodne i perioden mai til september, unnateke kommunal køyring som er nødvendig for vedlikehald av badeplassen, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 6.
  • I føresegnsområde #6 førekomsten av tareskogen, til sjøområde VN er all ferdsel forbode, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 6.
  • I føresegnsområde #7 førekomsten av ålegrassenga og blautbotnområdet, til sjøområde med tilhøyrande strandlinje VN, skal all ferdsel gå føre seg langs eksisterande stia, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 6.
4.5.7.4.7 Artsgrupper eller artar av akvakultur (nr. 7)

Kommunen har høve til å fastsetje kva for artsgrupper av akvakultur som kan etablerast, anten enkeltvis eller i kombinasjon, jf. § 11-11 nr. 7.

Artsgruppeinndeling innanfor akvakultur kan verefølgjande

  • laks, auge og regnbogeaure
  • andre anadrome fiskeartar
  • katadrome fiskeartar
  • marine fiskeartar
  • blautdyr, krepsdyr og pigghudar
  • tang og tare

Begrensninger skal gå fram av plankartet med tilhørende bestemmelser. Ved å gi bestemmelser om artsgrupper får kommunen indirekte anledning til å påvirke arealbeslag, aktivitetsnivå, miljøvirkninger og det visuelle uttrykket.

Døme på føresegner til akvakulturanlegg

  • I område for akvakultur VA1, kan det etablerast eitt eller fleire oppdrettsanlegg for laks, auge og regnbogeaure, jf. plan- og bygningslova § 11-11 nr. 7.
  • I område for akvakultur VA2 kan det etablerast anlegg for skjeldyrking på botnen. Konsesjon frå fiskeristyresmaktene skal vere gjeven.

4.6 Omsynssoner med føresegner

4.6.1 Føresegner til omsynssoner

Ved hjelp av døme er bruken av seks typar omsynssoner som lova har definert, gått gjennom i dette kapittelet. Kommuneplanen skal vere ein oversiktsplan og ha forskriftskarakter. Dette er det viktig å hugse på, fordi krava til sakshandsaming aukar med detaljeringa av omsyn til rettstryggleiken til grunneigarar og rettshavar det vedkjem, jf. forvaltningslova og lovkommentaren frå departementet.

Kva for arealrestriksjonar arealdelen i kommuneplanen fastset i sona, skal gå fram av planføresegner. Det kan gjevast retningslinjer til ein del omsynssoner som ikkje blir sikra direkte av arealdelen i kommuneplanen, men av reguleringsplan eller særlov.

Planføresegner til omsynssoner må ha heimel i § 11-8 tredje ledd bokstav a til f. Vidare kan også generelle føresegner til arealdelen i kommuneplanen etter § 11-9 knytast til omsynssoner saman med føresegner til det underliggjande arealføremålet. Sjå lovkommentaren frå departementet.

Omsynssoner skal teiknast på plankartet med skravur og alltid med arealføremål under.

Figur 4.18 Teiknereglar for omsynssoner.

Oversikta set søkjelyset på kva som er mogleg å gje av føresegner og omsynssoner. Rettleiinga er ikkje uttømmande når det gjeld alle detaljar og situasjonar det kan vere aktuelt å bruke dei i.

Figur 4.19 Prinsippa for framstilling av omsynssoner i plankart. Under omsynssona er arealet sett av til føremåla LNFR-område og bruk og vern av sjø og vassdrag. Samtidig er arealet bandlagt etter lov om kulturminne med omsynssone (plan- og bygningslova § 11-8 tredje ledd bokstav d). Dømet viser også korleis omsynssoner skal namnast. H730_1 refererer til føresegner for området og er ei viktig kopling mellom kart og føresegner. Sjå også kapittel 8.7 om tekst på plankartet, der det er eit eige avsnitt om omsynssone.

4.6.2 Sikrings-, støy- og faresoner med oppføring av fareårsak eller miljørisiko

Det kan gjevast føresegner som forbyr eller set vilkår for tiltak og/eller verksemder, jf. plan- og bygningslova § 1-6 innanfor sona.

4.6.2.1 Innhald i omsynssona

Sikrings-, støy- og faresoner dekkjer område utsette for skred, ras, flaum, akutt forureining, støy, radon, militær verksemd, flyplassar, kraftlinjer, vassforsyning, medrekna drikkevatn mv. Sona skal sikre mot fare eller ulykke og hindre miljøulempe eller forureining. § 11-8 tredje ledd bokstav a gjev heimel for å sikre areal mot bruk og former for tiltak som ikkje kan godtakast ut frå ei risikovurdering for området.

Sjå krava til byggjegrunn, miljøforhold med vidare i plan- og bygningslova § 28-1. Også landbrukstiltak i LNFR-område kan avgrensast etter denne lovføresegna i fareområde.

Faresonekart frå sektorstyresmakter vil vere utgangspunkt for bruk av omsynssoner, og for kva vilkår som skal stilast for tiltak i sona. Korleis omsynssona skal avgrensast, bør vurderast konkret ut frå situasjonen på staden, til dømes topografi (terrengforholda) og storleiken på fareområdet. Det bør også vurderast om det finst annan type eller eksisterande bygg i området, og kva han blir brukt eller skal brukast til.

I praktisk planlegging vil særlegfire bruksområdevere aktuelle for sikrings-, støy- og faresoner med oppføring av fareårsak eller miljørisiko

  • sone for militær verksemd og sone rundt flyplass
  • fareområde knytte til høgspentleidningar, skred, ras, kvikkleire, flaum, radon, skytebaner mv.
  • støyutsette område (og eventuelle område med anna forureining)
  • frisiktsoner

4.6.2.2 Kor nøyaktige er grunnlagsdata

Dersom grunnlagsdata om skred eller rasfare er for lite nøyaktige, må ein hente inn nyare eller meir detaljert informasjon før ein legg inn sona i kartet. Dette er berre nødvendig der ei slik sone kjem i konflikt med utbygging.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd eit omfattande rettleiingsmateriell og fleire datasett om farar.

Sjå følgjande lenkjer for aktuelle lover, forskrifter, rundskriv og rettleiingar om tryggleik og beredskap

4.6.2.3 Føresegner til omsynssona

4.6.2.3.1 Fare og risiko

Det kan gjevast føresegner med krav eller forbod for å vareta tryggleik og forhindre fare.

Føresegnene skal sikre områda mot bruk og former for tiltak som ikkje kan godtakast ut frå ei risikovurdering. Krava til byggjegrunn og miljøforhold med vidare i plan- og bygningslov § 28-1 gjev også heimel for å leggje ned forbod mot tiltak. Eit slik forbod har inga tidsavgrensing.

Føresegnene kan

  • forby opplista tiltak og/eller verksemder
  • forby opplista bruk av konkrete tiltak og/verksemder
  • setje vilkår for opplista tiltak og/verksemder
  • stille sakleg grunngjeve vilkår om tilsyn og overvaking

Føresegnene bør

  • konkret opplyse kva for omsyn, fareårsak og miljørisiko omsynssona gjeld for
  • gje ei tydeleg tilvising til plankartet (feltnamn med talkode påført arealføremålet)
  • konkret angi kva for vilkår som gjeld

Til føresegnene kan det gjevast retningslinjer om kven som har mynde til å treffe avgjerd, dersom det er andre enn kommunen.

Føremålet med føresegner er å vareta omsynet til sikring, støy og fare.

Tabell 4.3 Situasjonar der det kan vere aktuelt å bruke omsynssoner med føresegner for å sikre mot fare og ulempe.

Fareårsak

Forbod mot

Vilkår for/om

  • Ras og skred
  • Sprenging
  • Andre inngrep i grunnen
  • Masseoppfylling
  • Bygging
  • Geologisk undersøking
  • Sikring av rasutsett område
  • Flaum
  • Overfløyming
  • Inngrep i vassdraget
  • Bygging
  • Tiltak i vassdrag (førebygging)
  • Minste kotehøgd for byggsole
  • Fordrøying/infiltrasjon
  • System for overvasshandtering
  • Flytryggleik (sone rundt flyplass)
  • Byggjeforbod i soner (hinderflater)
  • Inngjerding
  • Høgdeavgrensing på bygg og anlegg
  • Oppretthalding eller etablering av vegetasjon
  • Bruk av ikkje-reflekterande fasademateriale
  • Akutt forureiningEks: Gasslekkasje eller utslepp av farlege stoff
  • Forbod mot eller avgrensingar i særskilt verksemd
  • Forbod mot type arealbruk: skule, bustad, barnehage eller liknande Institusjon
  • ROS-analyse
  • Miljøoppfølgingsprogram (MOP)
  • Overvakings- og målesystem
  • Beredskapsplan med tiltak
  • Støy
  • Støyfølsame bygg
  • Støyanalyse
  • Skjermingstiltak
  • Avgrensingar i verksemd
  • Kraftleidningar
  • Byggjeforbod (bustad, skular, barnehagar mv.)
  • Luftstrekk
  • Vassforsyning
  • Haustpløying
  • Bading
  • Søppeldeponering
  • Bygging (type arealbruk)
  • Forskjellige typar nærare definerte inngrep og verksemd som kan ureine drikkevatn
  • Sikringsgjerde
  • Overvasshandtering
  • Overflatebehandling
  • Særskilt avløpsløysing
  • Radonstråling
  • Bustadbygging forbode
  • Krav til byggjeteknikk
4.6.2.3.2 Ras og skred

Det kan tenkjast to ulike situasjonar:

  • 1)Når vi veit at det er fare for ras eller skred i området.
  • 2)Når det bør kartleggjast nærare om det er fare for ras og skred innanfor området.

Både 1) og 2) vil kunne regulerast i føresegner.

Situasjon 1) kan også løysast gjennom ein arealbruk som hindrar uønskte tiltak i eit ras- eller skredområde, til dømes ved å regulere arealet til LNFR-område. Kommunen må då vere merksam på at ein dispensasjon i området, kan føre til skadar og i verste fall dødsfall.

Døme på føresegner til omsynssone – faresone for flaum

  • Innanfor omsynssone H320_1 Flaum, (påvist fare for flaum) er det ikkje tillate med utbygg eller offentlege tiltak og installasjonar.
  • Innanfor m omsynssone H320_2 Flaum, (mogleg fare for flaum), skal det ved utarbeiding av område- og/eller detaljregulering gjennomførast kartlegging og vurdering av flaumfare.

Konsekvensen av ei kartlegging som nemnt i det siste dømet i tekstboksen, kan bli at heile eller delar av området ikkje kan haldast ved lag som utbyggingsføremål.

4.6.2.3.3 Flaum

Det kan tenkjast to ulike situasjonar

  • 1)Vi veit at det er flaumfare i området.
  • 2)Det kan vere mogleg at det er flaumfare, og det bør derfor kartleggjast nærare om det er ein slik fare innanfor området.

Både 1) og 2) vil kunne regulerast i føresegner.

Døme på føresegner knytt til omsynssone – sikringssone for transport (flyplass)

  • Innanfor omsynssone H130_7 – Flytryggleik, (med flytrafikken sitt behov for ope luftrom), er det forbod å oppføre bygg og anlegg.
  • Innanfor omsynssone H130_8 – Flytryggleik, (med flytrafikken sitt behov for ope luftrom), er det forbode å oppføre bygg som er høgare enn kote +10.»
  • Innanfor område definert som omsynssone H130_10 – Flytryggleik, (med flytrafikken sitt behov for pålitelege signalforhold), er det forbode å oppføre bygg for verksemd som kan gje negativ påverknad på luftfarten sitt behov for pålitelege signalforhold.
4.6.2.3.4 Flytryggleik

Lov om luftfart, § 7-12, har reglar om eigen plan om luftfartshindringar.

Døme på føresegner knytt til omsynssone – sikringssone for transport (flyplass)

  • Innanfor omsynssone H130_7 – Flytryggleik, (med flytrafikken sitt behov for ope luftrom), er det forbod å oppføre bygg og anlegg.
  • Innanfor omsynssone H130_8 – Flytryggleik, (med flytrafikken sitt behov for ope luftrom), er det forbode å oppføre bygg som er høgare enn kote +10.»
  • Innanfor område definert som omsynssone H130_10 – Flytryggleik, (med flytrafikken sitt behov for pålitelege signalforhold), er det forbode å oppføre bygg for verksemd som kan gje negativ påverknad på luftfarten sitt behov for pålitelege signalforhold.

Der luftfartslova eventuelt er sjølvstendig grunnlag for arealrestriksjonar, bør det vurderast om omsynssone d) – bandlegging etter andre lover – er aktuell.

4.6.2.3.5 Akutt forureining

Døme på føresegner til omsynssone – annan fare – akutt forureining

  • Innanfor omsynssone H390_2 for akutt forureining, (med fare for spontane og uføresette forureiningsutslepp til vassdrag), er det forbode å oppføre bygg eller setje i gang tiltak som gjer rednings- og oppryddingsarbeid vanskeleg. Køyretilkomst til elvebreidda via Strandvegen og Elvevegen skal ikkje stengjast.
  • Innanfor omsynssone H390_3 for akutt forureining, (med fare for spontane og uføresette forureiningsutslepp til vassdrag), skal det ved utarbeiding av område- og/eller detaljregulering gjennomførast risiko og sårbarheits-analyse og utarbeidast og vedtakast miljøoppfølgingsprogram (MOP).
  • Innanfor omsynssone H390_4 for akutt forureining, (med fare for spontane og uføresette forureiningsutslepp til luft), er det forbode å oppføre bustadbygg, skule, bygning til offentleg eller privat tenesteyting.

I det siste dømet må utstrekninga av omsynssona vere basert på dominerande vindretning.

4.6.2.3.6 Støy

Støysoner og støyutsette område blir normalt avklarte gjennom støyutgreiingar som privat forslagsstillar gjennomfører når forslag til reguleringsplanar blir utarbeidde, og ikkje på kommuneplannivået.

Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging tilrår at kommunane oppdaterer støysonekart i tilknyting til arealdelen i kommuneplanen anten i kommuneplanen eller som temakart. Kommunane som vel å ta støysonekarta inn i arealdelen, skal bruke omsynssone etter § 11-8 tredje leddet bokstav a.

Føresegnene bør då følgje soneinndelinga og tilrådingane i T-1442 med vilkår for, eventuelt forbod mot, dei typane tiltak som kjem i konflikt med støygrensene. Når det gjeld forholdet til tilrådde støygrenser for etablering av støyande verksemd og bygging av bustader, sjukehus med vidare, må kommuneplanføresegner om dette knytast til § 11-9 nr. 6, jf. tabell 3 i kapittel 3.3 i T-1442 (revidert januar 2020). Dette medfører at forslag til retningslinjer i arealdelen i kommuneplanen i T-1442 kan innarbeidast som føresegner, men ikkje som omsynssoner.

Støysoner og støyutsette område kan også visast direkte på plankartet, og kan saman med lokaliseringsføresegner til byggjeområde og område for spreidd utbygging i LNFR-område avklare kvar bygg med vidare ikkje er tillate.

Det kan tenkjast to ulike situasjonar

  • 1) Vi veit at det er støy over grenseverdiar i området.
  • 2) Det kan kome støykjelder (til dømes ny vegtrasé) som gjer at det vil kunne bli støy over grenseverdiar i området.

Både 1) og 2) kan regulerast i føresegner. Vilkår knytte til støyskjerming vil vere ein vesentleg del av føresegna. Til dømes kan det i føresegner gjevast løyve til utbygging på vilkår av at det er gjennomført støyskjerming.

Døme på føresegner til omsynssone – støysone

  • Innanfor omsynssone H210_1 – Støy raud sone, (med eksisterande påvist støy over grenseverdi) er støyfølsam bygg ikkje tillate.
  • Innanfor omsynssone H220_2 – Støy gul sone, (med mogleg fare for framtidig støy over grenseverdiar), skal det ved utarbeiding av område- og/eller detaljregulering gjennomførast støykartlegging.
  • Innanfor omsynssone H230_3 – Støy, grøn sone (med sikte på å vareta rom for rekreasjon og friluftsliv) er det ikkje tillate å etablere støyande verksemd (skytebane, anlegg for motorsport, knuseverk eller annan støyande industri).

Kommunen kan av omsyn til samordna bustad og areal- og transportplanlegging avvike frå støyretningslinjene i til dømes sentrumsområde, spesielt rundt kollektivknutepunkt. Kommunen må då ha definert grensene for område der avvik kan gjerast gjennom bruk av omsynssone andre støysoner. Føresegnene må då presisere at sona avvik frå støyretningslinjene.

Vidare må kommunen gje føresegner som stiller krav til avbøtande tiltak for nye bygg i avviksområda. Til dømes er etterisolering, nye vindauge i bustadene, eller bygging av støyvoll, avbøtande tiltak. Slike soner må berre brukast i særlege tilfelle. Sjå kapittel 2.2 i T-1442, revidert januar 2020.

4.6.2.3.7 Kraftleidningar

Større overføringslinjer er ikkje omfatta av planføresegnene i plan- og bygningslova, jf. § 1-3. Lokalisering kan derfor ikkje fastsetjast gjennom arealplan, men gjennom konsesjon heimla i energilova. Store kraftleidningar skal visast som bandlagde område i samsvar med § 11-8 tredje ledd bokstav d. Mindre anlegg skal handsamast etter plan- og bygningslova og kan definerast som arealføremål nr. 2 trasé for teknisk infrastruktur, jf. § 11-7 nr. 2.

Døme på føresegn til omsynssone – faresone – høgspenningsanlegg

  • Innanfor omsynssone H307_1 for høgspenningsanlegg, kan bygningar berre oppførast med avstandar til kraftleidningen slik at ein rettar seg etter krav etter regelverk under el-tilsynslova forvalta av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Føresegn som definerer maksimal styrke eller spenning på kraftleidning, vil ikkje kunne gjevast med heimel i plan- og bygningslova. Maksimal styrke eller spenning er styrt av konsesjon etter energilova.

Departementet si rettleiing om energitiltak

NVE har gjeve følgjande rettleiing om kraftleidningar

«Kraftleidningar – rettleiing»

Innleiing

Planlegging av kraftleidningar i sentral- og regionalnetta er unnatekefrå plan- og bygningslova. Det kan likevel vere behov for å skrive inn i planen deirestriksjonane på arealbruken som følgjer av at det er gjeve konsesjon. Innteikninga må samtidig vareta lovpålagde tryggleiksomsyn.

Følgjande er tilrådd

  1. Ved innteikning av omsynssone for kraftleidningar i luft skal kraftleidningane for alle spenningsnivå teiknast inn på same måte, med éi gjeven breidd på sona og oppførast som «Omsynssone for høgspenningsluftleidning». Restriksjonane skal oppførast i føresegn til sona.
  2. Transformatorstasjonar, muffehus og andre elektriske installasjonar skal ikkje teiknast inn særskilt, men inngår som del av omsynssone for luftleidning.
  3. Jordkablar blir ikkje teikna inn på plankartet.

Den som utarbeider reguleringsplanar, kan kontakte dei aktuelle nettselskapa ved behov for ytterlegare opplysningar om spenningsnivå, om jordkablar eller om elektriske installasjonar. Mottekne opplysningar skal ikkje teiknast inn på kart eller i tekst tilknytt planen. Tilleggsopplysningar krev at nettselskapet har løyve til å gje slike opplysningar i medhald av gjeldande beredskaps-/tryggleiksregelverk, og at mottakar og nettselskapet har inngått avtale om oppbevaring og bruk av opplysningane.

4.6.2.3.8 Korleis kraftlinjer skal teiknast inn i kommuneplanplankartet
  • Sjølve traséen skal visast som KpInfrastrukturLinje/Kraftleidning.
  • Alle kraftleidningar skal visast som omsynssone for høgspenningsanlegg.
  • Jordkablar skal ikkje teiknast inn på plankartet, men kan eventuelt takast inn i basiskartet.
4.6.2.3.9 Kor brei skal omsynssone for høgspenningsanlegg vere?

Kommunen bør kontakte netteigar før breidda på omsynssona blir fastsett.

Kartverket har samla ein del informasjon om kor brei omsynssona for høgspenningsanlegg skal vere.

4.6.2.3.10 Vassforsyning

Forholdet til vassrammedirektivet er nærare omtalt tidlegare.

Arealdelen i kommuneplanen kan brukast for å sikre både nedslagsfelt og drikkevasskjelde for vassforsyning mot forureining og bruk til andre føremål. Det gjeld også grunnvasskjelder.

Døme på føresegner til omsynssone – sikringssone – drikkevatn

  • Innanfor omsynssone H110_1 (sikring av nedslagsfelt for drikkevatn), kan det ikkje oppførast anlegg for eller setjast i gang produksjonsverksemd som kan gje fare for akutt forureining.
  • Innanfor omsynssone H120_2 (sikring av område for grunnvassforsyning), er salting av Rv 3 ikkje tillate.
  • Omsynssone H120_3 om sikring av grunnvassforsyning i område som er rekna som følsamt område etter forureiningslova og del 4 i forskrift om avgrensing av forureining når det blir etablert separate avløpsanlegg.
4.6.2.3.11 Radonstråling

Radon er ein naturleg førekomande gass som siv gjennom berggrunnen. Gassen utgjer ein helserisiko, og det er derfor gjeve eigne reglar om tiltak som kan gjennomførast, og når det er nødvendig å gje forbod mot tiltak.

Arealdelen i kommuneplanen kan brukast for å redusere og handtere risiko som kjem av radongass i grunnen.

Det kan tenkjast to ulike situasjonar

  • 1) Vi veit at det er uheldig radonstråling i området.
  • 2) Det kan vere uheldig radonstråling innanfor området som bør kartleggjast nærare.

Både 1) og 2) kan regulerast i føresegner.

Døme på føresegner til omsynssone – faresone – radonfare

  • Innanfor omsynssone H330_1 Radonfare, (med påvist fare for helseskadeleg stråling) er det forbode å byggje bustadbygg.

I staden for omsynssona og ei slik føresegn vil det vereeit alternativ med einannan arealbruk enn bustad og dermed utelate omsynssona.

  • Innanfor omsynssone H330_2 Radonfare, (med mogleg fare for helseskadeleg stråling), skal det ved utarbeiding av område- og/eller detaljregulering gjennomførast måling av radonnivået på minst 10 punkt i området. Kartlegging av førekomsten av alunskifer kan erstatte måling av nivået på radon ved utarbeiding av områderegulering.

Sjå også eiga rettleiing frå Statens strålevern om radonkartlegging og -handtering.

4.6.3 Sone med særlege krav til infrastruktur med definisjon av type infrastruktur

Omsynssoner med føresegner som stiller krav til infrastruktur etter § 11-8 tredje ledd bokstav b. Det kan gjevast føresegner om krav til infrastruktur i eit utbyggingsområde, både som forbod og påbod med heimel i § 11-9 nr. 3 og nr. 4.

4.6.3.1 Innhald i omsynssona

Føremålet med denne sona er å sikre eller avgrense etablering av teknisk infrastruktur med sikte på miljø- og samfunnsmessig gode heilskapsløysingar, jf. lovkommentaren til § 11-8. Teknisk infrastruktur er veg, vatn, avløp, energiforsyning og liknande anlegg.

Denne sona er særleg aktuell for utbyggingsområde med samansette arealføremål. Bruken av omsynssona er aktuell når utbygging av delar av området berre kan skje når infrastrukturen er løyst for resten av området. Avgrensingar på infrastruktur kan også vere grunngjevne i naturomsyn, til dømes ved utbygging av hytteområde på snaufjellet.

4.6.3.2 Føresegner til omsynssona

Til denne sona kan det gjevast føresegner om nærare definerte løysingar for infrastruktur i eit utbyggingsområde med heimel i § 11–9 nr. 3. Føresegnene om opparbeidingsplikt går fram av byggjesaksdelen av plan- og bygningslova kapittel 18.

For infrastruktur for energi kan det berre bestemmast at det skal leggjast til rette for at nye bygg kan forsynast med vassboren varme, og at det skal vere tilknytingsplikt. Sjå plan- og bygningslova § 27–5. Dette er nærare omtalt i kapittel 4.6.3.2.2.

Det kan også gjevast føresegner etter § 11–9 nr. 4 når det er nødvendig at utbygginga skjer i ei viss rekkjefølgje. Det kan eksempelvis vere aktuelt å gje føresegn om at utbygging ikkje kan skje før fjernvarmekonsesjon er gjeven, eller før ein er sikker på at det blir tildelt fjernvarmekonsesjon innan rimeleg tid. Slike føresegner kallar vi rekkjefølgjeføresegner. For meir informasjon, sjå Ot.prp.nr. 45 (2007-2008) punkt 16.5.1.

Tabell 4.4 Føresegner til omsynssone for infrastruktur. Tabellen viser nokre døme på situasjonar der det kan vere aktuelt å nytte omsynssoner med føresegner for å sikre krav til infrastruktur. Han er ikkje uttømmande.

Type

Forbod mot

Påbod eller krav om

  • Vass- og avløpsanlegg
  • Felles vassforsyning/ avløp med føresegner

Døme: Hytte/bustad

  • Separate løysingar
  • Tilknyting til offentleg nett
  • Energi
  • Sone for tilknyting til vassboren varme
  • Trasé for leidning for vassboren varme
  • Fjernvarmesentral
  • Tilknytingsplikt etter plan- og bygningslova § 27-5
  • Transportløysing

Døme: Sentrum

Døme: Større nytt byggjeområde

  • Køyremønster
  • Markparkering
  • At utbyggingsområde skal vere betent av buss eller bane
  • Skjenegåande kollektivbetening
  • Krav til køyremønster i anleggs- og driftsfase i nye utbyggingsområde
  • Veg
  • Krav til sykkelparkering

Døme: Kryssing i plan

Døme: Gang- og sykkelvegtilknyting

  • Krav om parkering etter § 11-9 nr. 3 og nr. 5
  • Andre krav til infrastruktur
  • Veg, leidningar og luftstrekk over tregrensa
  • Bestemte løysingar for vassforsyning og avløp, jf. plan- og bygningslova kap. 18

Døme på føresegner til omsynssone – særlege krav til infrastruktur

  • Løysingar for avløp.
  • Innanfor omsynssone H410_1 – infrastruktur, jf. § 11-9 nr. 3, er det (av omsyn til å sikre badevasskvalitet i Veslevatnet) forbod mot etablering av separate avløpsløysingar.
  • Løysingar for vatn.
  • Innanfor omsynssone H410_2 – Infrastruktur, jf. § 11-9 nr. 3, skal drikkevasstilkopling (for å utnytte eksisterande kapasitet i etablert anlegg) vere frå Blankvatnet.
  • Løysingar for energi.
  • Innanfor omsynssone H410_3 – Infrastruktur, jf. § 11-9 nr. 3, skal det (av omsyn til å sikre miljøvenleg energibruk) leggjast til rette for at nye byg kan forsynast med vassboren varme ved at det blir sikra areal til leidningstraséar frå eksisterande varmesentral på Hove og fram til felt BBB1 (blokkbygningar), BBH3 (barnehage) og o_BU6 (undervisning – skule).
4.6.3.2.1 Felles vassforsyning og avløp

Avgrensing av omsynssoner for felles vassforsynings- og avløpsanlegg vil vere særleg aktuelt i område der det er eksisterande fritidsbygningar med låg sanitær standard, og ønske om oppgradering av området med fellesløysingar. Dette for å sikre tilstrekkeleg vatn med god kvalitet til heile området, og ei felles handtering av avløpsvatn for å hindre forureining.

Døme på føresegner til omsynssone – særlege krav til infrastruktur –rekkjefølgjekrav

  • Innanfor omsynssone 410_4 for felles vassforsynings- og avløpsanlegg, er det ikkje tillate med innlegging av vatn eller godkjenning av nye enkeltutslepp før felles vassforsyning og avløpsanlegg er bygd og godkjent for bruk.
4.6.3.2.2 Tilrettelegging for vassboren varme

Kommunen kan ikkje gje føresegner som pålegg opparbeiding av eller bestemmer energiform eller energiberar i kommuneplanen. Kommunen kan likevel gje føresegner til omsynssone for teknisk infrastruktur – krav som gjeld infrastruktur – om tilknytingsplikt for fjernvarmeanlegg.

I føresegnene kan konkrete typar bygg unntakas frå tilknytingsplikta. Unntaket kan vere basert på areal per bygg, forventa behov for tilført varme eller andre forhold. Sjå dømet tidlegare om tilknyting til varmesentral på Hove.

Når fjernvarmekonsesjonen er gjeven, og det er gjeve føresegn om tilknytingsplikt i plan, følgjer det av plan- og bygningslova § 27-5 at byggverk berre kan oppførast når det kan knytast til fjernvarmeanlegg. Sjå også til kapittel 14 om energi i byggteknisk forskrift.

Kommunal vedtekt om tilknytingsplikt gitt med heimel i plan- og bygningslova 1985 § 66a, gjeld inntil kommunen har gjeve planføresegn om plikta. Sjå plan- og bygningslova § 34-2 niande ledd.

Kommunen kan sjølv bidra til fornybar oppvarming ved å leggje til rette for fjernvarme, eller satse på lokale biobaserte energisentralar. For kommunen sine eigne bygg, eller bygg som blir oppførte på kommunen sine område, kan kommunen sikre at det blir installert system for vassboren varme i bygga. Kommunen kan gjere dette anten ved pålegg eller ved å inngå utbyggingsavtalar med utbyggjar. Departementet har eiga rettleiing om utbyggingsavtalar.

Døme på føresegner til omsynssone – særlege krav til infrastruktur

  • Areal for nødvendige røyrtraséar og varmesentralar skal sikrast i vidare detalj- og/eller områderegulering innanfor omsynssona for 430_1 – fjernvarmeanlegg.
4.6.3.2.3 Transportinfrastruktur

Arealdelen i kommuneplanen er eit viktig verktøy for å vurdere behovet for å sikre areal til nødvendig infrastruktur for alle typar transport.

Døme på føresegner til omsynssone – særlege krav til infrastruktur –rekkjefølgjekrav

  • Innanfor omsynssone H410_4 – Infrastruktur, jf. § 11-9 nr. 3, skal det (for å sikre miljø- og samfunnsmessige gode heilskapsløysingar) utarbeidast områderegulering som viser hovudtilknytingspunkt og hovudtraséar for bilveg, kollektivtrafikk og gang- og sykkeltrafikk.
  • Innanfor omsynssone H430_5 – Infrastruktur, jf. § 11-9 nr. 3 skal det før felt BU7 (skule) kan byggjast, etablerast eit gjennomgåande gang- og sykkelsamband frå nord til sør og utan kryssing av Fv 2224.
4.6.3.2.4 Transportløysingar

Arealdelen er også viktig grunnlag for vurdering og fastlegging av forskjellige typar transportløysingar, og for å følgje opp måla i statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og statlege planretningslinjer for klimaog energiplanlegging.

Døme på føresegner til omsynssone – særlege krav til infrastruktur

  • Innanfor omsynssone H410_11 – Infrastruktur, jf. § 11-9 nr. 3 skal (for å sikre høg arealutnytting og leggje til rette for bruk av kollektivtransport) felles parkeringsanlegg liggje i kjellaretasje(-ar) eller i parkeringshus. Etablering av parkeringsanlegg på bakken er ikkje tillate i omsynssone H410_10.
  • Innanfor omsynssone H410_9 – Infrastruktur, jf. § 11-9 nr. 3 skal det (for å leggje til rette for miljøvenlege transportval) i område- eller detaljregulering, setjast av eit areal på minst 20 daa til innfartsparkering ved Vangen-krysset og minst 10 daa til bussterminal ved jernbanestasjonen.
4.6.3.2.5 Køyremønster

Det kan gjevast føresegner som stiller krav til køyremønster til eksempelvis masseuttak, industrianlegg eller andre transportkrevjande verksemder for å avgrense ulemper for nærmiljøet ved etablering av slike nye bygg og anlegg.

Døme på føresegn til omsynssone – særlege krav til infrastruktur

  • For nye masseuttak og industrianlegg som ligg innanfor omsynssone H410_12 er det berre tillate å køyre gjennom Vollvegen og Wahls gate i anleggs- og driftsfase.

4.6.4 Sone med særlege omsyn til landbruk, reindrift, mineralressursar, friluftsliv, grønstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø, med oppføring av interesse

Omsynssoner til § 11-8 tredje ledd bokstav c vil i hovudsak vere knytte til område for landbruks-, natur- og friluftsføremål og reindrift (LNFR-områder), og til bevaring av viktige miljøverdiar og landskapskvalitetar. Viktige forhold knytte til bruk av denne omsynssona, er derfor omtalte saman med gjennomgangen av LNFR-føremålet og føresegner til dette i kapittel 4.5.5. Det kan som omtalt der, berre knytast retningslinjer til sonene på kommuneplannivå, med unntak av randsona til nasjonalparkar og landskapsvernområde.

4.6.4.1 Innhald i omsynssona

I somme tilfelle kan kommunen ønskje å prioritere ei interesse ut over det ein ordinært kan gjennom arealføremålet og planføresegner på kommunalplannivå. Då kan kommunen bruke denne omsynssona og gje konkrete retningslinjer for forvaltning, skjøtsel og bruk eller praktisering av sektorlover, så langt kommunen er tillagt mynde etter vedkomande lov. Retningslinjene må opplyse om kva interesse som det skal takast omsyn til.

Omsynssoner etter § 11-8 tredje ledd bokstav c omfattar

  • landbruk
  • reindrift
  • mineralressursar
  • friluftsliv
  • grønstruktur
  • landskap
  • naturmiljø
  • kulturmiljø
  • randsona til nasjonalparkar og landskapsvernområde

Omsynssone med retningslinjer i kommuneplan kan eventuelt følgjast opp med tilsvarande omsynssone i reguleringsplan, men då også med føresegner eller særskilte føremål.

Omsynssoner for grønstruktur, landskap og naturmiljø vil vere aktuelle når det gjeld å gje retningslinjer for skog- og jordbruksdrift, anna utmarksnæring, til å kanalisere ferdsel når det gjeld sårbare landskapsområde og naturmiljø, og også skjøtselstiltak. Omsynssoner for landbruk og reindrift kan brukast for å synleggjere område med særleg verdi for næringsutøving og som ressurs.

Rettleiaren Planlegging for spreidde bustad-, fritids-, næringsbygg i LNFR-område inneheld ein meir detaljert gjennomgang av omsynssoner brukt saman med tilhøyrande føresegner og retningslinjer. Dette vil kunne gjere det enklare å synleggjere ulike miljøverdiar med vidare, og avklare kvar bygningar kan plasserast innanfor eit LNFR-område.

Fleire sektorlover knytte til landbruks-, skogs- og reindrift og etablerte rettar set rammer for kva som kan bestemmast i kommuneplanen av avgrensingar innanfor eit LNFR-område ved hjelp av denne omsynssona. Der ei omsynssone etter bokstav c overlappar eit byggje- og anleggsføremål, kan det derimot brukast føresegner til arealføremålet for å vareta det aktuelle omsynet. Slike føresegner er heimla i §§ 11-9 og 11-10.

4.6.4.2 Tabell med døme på når det kan vere aktuelt å gje retningslinjer

Tabellen under viser døme på situasjonar der det kan vere aktuelt å nytte omsynssoner med retningslinjer for å sikre at verdiar ikkje taper seg. Han er ikkje uttømmande.

Tabell 4.5 Retningslinjer til omsynssoner for å bevare natur-, landskaps-, kulturminne- og friluftsinteresser.

Retningslinjer om

Ikkje ønskt utvikling

Ønskte tiltak for å sikre eksisterande verdiar

Landbruk

  • Omdisponering til byggjeområde eller andre tiltak som svekkjer og/eller er i strid med omsynet til landbruks- og skogsdrift.
  • Vern av dyrka jord.
  • Avgrensing av haustpløying
  • Ta omsyn ved lokalisering av nye bygg og/eller byggjeskikk.

Reindrift, jf. reindriftslova, til dømes omsynssone for samlingsplass

  • Omdisponering til byggjeområde eller andre tiltak som svekkjer og er i strid med omsynet til reindrifta, til dømes støyande verksemd.

Mineralressursar

  • Utbygging eller tiltak som kan gjere seinare utvinning av mineralske ressursar vanskeleg.
  • Synleggjere mineralressursar som kan vere aktuelle for framtidig utvinning.

Friluftsliv

  • Omdisponering til byggjeområde eller andre tiltak som hindrar tilgang og bruk og opplevingsverdiar.
  • Sikring i framtidig plan av område med viktige friluftslivsutsikter.
  • Kartlegging av bruk.
  • Sikring av tilgang.
  • Avgrensingar på driftsform i skog gjennom meldeplikt for hogst.

Grønstruktur

  • Omdisponering til byggjeområde.
  • Flatehogst (handheve gjennom meldeplikt).
  • Infrastrukturtiltak som fragmenterer.
  • Grønstrukturen.
  • Sikring i framtidig plan av grønstruktur for å vareta bufferar, sikre grøne opplevingskvalitetar etc.

Landskap

  • Omdisponering til byggjeområde på kostnad av eksisterande landskapskvalitetar.
  • Massetak/veg/anna inngrep.
  • Tiltak som bryt utsikt/ fjernverknad frå viktige punkt.
  • Stor endring av type vegetasjon.
  • Sikring i framtidig plan av ønskt utvikling anten det gjeld utvikling av nye eller bevaring av eksisterande landskapskvalitetar.
  • Landskapskartlegging
  • Landskapsanalyse, klassifisering, verdisetjing og sikring.
  • Skjøtsels-/utviklingsplan.

Naturmiljø, jf. naturmangfaldlova

  • Omdisponering til byggjeområde.
  • Masseutnytting.
  • Tilrettelegging for utvida bruk.
  • Sikring i framtidig plan av naturmangfald inkludert buffersoner.
  • Kartlegging.
  • Generelle føresegner om varetaking av naturmiljøomsyn.

Kulturmiljø

  • Byggjetiltak som bryt med omsynet til kulturmiljøet.
  • Landskapsinngrep.
  • Riving av eksisterande bygg.
  • Fjerning av historiske spor.
  • Sikring i framtidig plan av miljø rundt kulturminne og større kulturmiljø.
  • Kartlegging.
  • Skjøtselsplan.
  • Generelle føresegner om varetaking av kulturmiljøomsyn.
  • Føresegner om bygging i LNFR-område, jf. § 11-11 nr. 1.

Randsona til nasjonalparkar og landskapsvernområde

  • Hindre bruk av nærområde på ein måte som gjer verneverdiane i verneområdet vesentleg ringare.
  • Sikre at verneverdiane i verneområdet ikkje blir påverka av tiltak eller verksemd som blir drive i nærleiken.

4.6.4.3 Døme på retningslinjer

4.6.4.3.1 Landbruk

Omsynssoner for landbruk kan brukast for å synleggjere område med særleg verdi for næringsutøving og som ressurs for landbruket.

Figur 4.20 Omsynssone landbruk brukt som jordvernsone.

Døme på retningslinjer

  • Innanfor omsynssone H510_1 – Landbruk, jf. § 11-9 nr. 6, bør det (med føremål å bevare verdifull dyrka jord) i områderegulering fastsetjast arealbruk og føresegner som sikrar området som framtidig dyrka jord.
  • Innanfor omsynssone H510_2 – Landbruk, jf. § 11-9 nr. 6, bør det (med føremål å bevare verdifull dyrka jord) ikkje byggjast eller utviklast verksemder som vil føre til omdisponering av landbruksjord eller avgrense ordinær landbruksdrift.
4.6.4.3.2 Reindrift

Omsynssoner for reindrift kan brukast for å synleggjere område med særleg verdi for næringsutøving og som ressurs for reindrifta.

Døme på retningslinjer

  • Innanfor omsynssone H520 bør gjerde og andre stengsel vere tekne ned i periodane 1. april til 1. juni og 1. september til 1. november, slik at dei ikkje hindrar reinflytting.
4.6.4.3.3 Mineralressursar

Omsynssone for sikring av mineralske ressursar opnar for at kommunane gjennom planlegginga si, kan synleggjere område der det kan liggje føre mineralske ressursar som kan vere aktuelle for framtidig utvinning. Føremålet er å unngå utbygging eller tiltak som kan gjere seinare utvinning av desse ressursane vanskeleg.

Ei slik omsynssone inneber ikkje at det er teke stilling til framtidig utvinning av dei mineralske ressursane. Sjå rundskriv H-6/17 Ikrafttredelse av endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova for nærare omtale.

Døme på retningslinjer

  • Innanfor omsynssone H590_1 bør det ikkje etablerast bustader, skule eller barnehage eller verksemd som kan hindre etablering av uttak av mineralsk førekomst.

I retningslinjen bør den eller de aktuelle forekomster nevnes, slik at det blir forutsigbart hva det kan bli uttak av.

4.6.4.3.4 Friluftsliv

Lokale markaområde kan visast på plankartet på tilsvarande måte som jordvernområde. Bruk av omsynssonegrense (KpAngittHensynGrense) for eit viktig friluftsområde kan danne utgangspunkt for innteikning av ei langsiktig «markagrense» i kommuneplanen. Ei slik grense skal ikkje vedtakast i planen, og er som så ikkje rettsleg bindande, men kan om nødvendig visast som ei informasjonslinje. Planskildringa bør i tilfelle forklare kva linja(-ene) er meint å vere – i tillegg til den formelle planinformasjonen.

I område der eksisterande og planlagde utbyggingsområde, inkludert LNFR-område for spreidd utbygging, grensar mot viktige markaområde, kan kommunen vedta føresegner om framtidig utbygging (ei «markagrense»), om han finn det føremålstenleg. Ei slik føresegn kan vedtakast i form av ei byggjegrense markert i plankartet med tilhøyrande planføresegn til arealføremålet etter § 11-9 nr. 5. Ei slik byggjegrense vil ha ein rettsverknad, og det bør gjevast ein forklarande tekst, til dømes «Byggjegrense – langsiktig grense for utbygging».

Døme på retningslinjer

  • Innanfor omsynssone H530_1 – Friluftsliv, jf. § 11-9 nr. 6, bør det for å sikre viktige friluftslivskvalitetar, gjennomførast kartlegging av friluftslivsbruk, -kvalitetar og –behov. Kartlegginga bør bli brukt for å sikre at arealføremål og føresegner i område- eller detaljregulering vil vareta viktige friluftslivskvalitetar som tilkomst til strandsone, samanhengande turstinett, eigne traséar for riding og liknande.
  • Innanfor omsynssone H530_4 – Friluftsliv, jf. § 11-9 nr. 6, bør det for å sikre viktige friluftslivskvalitetar, ikkje tillatast tiltak som hindrar tilgang og bruk av området til friluftsliv.
4.6.4.3.5 Grønstruktur

Grønstruktur er i utgangspunktet eit eige arealføremål i arealdelen i kommuneplanen. Ved å bruke omsynssone som ein alternativ måte å vise grønstrukturen på, vil ho verke som eit omsyn knytt til dei underliggjande arealføremåla. Desse kan vere både LNFR-område og areal for bygg og anlegg.

Omsyn som er knytte til å vareta grønstrukturen, kan vere

  • at delar av eit område blir halde ubygd
  • at ein beheld vegetasjonen
  • at det bør opparbeidast samanhengande turvegar
  • at landskapskvalitetar som silhuettar og vegetasjonsskjermar med vidare skal bevarast
  • å sikre lebelte mot dominerande vindretningar
  • å skape eller behalde gode lokalklimatiske forhold

Retningslinjene kan varetakast på ein bindande måte gjennom seinare regulering, der arealføremålet grønstruktur blir brukt.

Døme på retningslinjer

  • Innanfor omsynssone H540_1 – Grønstruktur, bør det gjevast arealføremål og føresegner i område- eller detaljregulering, som sikrar samanhengande grønstruktur for dyreliv og friluftsliv, jf. § 11-9 nr. 6.
  • Innanfor omsynssone H540_2 – Grønstruktur, jf. § 11-9 nr. 6, bør det for å sikre landskapsoppleving og viktige samanhengar i grønstruktur for dyreliv og friluftsliv, innførast meldeplikt for hogst, og ikkje tillatast infrastrukturtiltak som bryt opp området eller hogsttiltak som øydelegg fjernverknad og skogssilhuettar.

Figur 4.21 Bruk av omsynssone for å sikre gangsamband og grønstruktur gjennom nytt bustadområde og vidare ut i marka.

I mange plansituasjonar er det svært uklart korleis gjennomgåande grønstruktur i nye område for bygg og anlegg skal leggjast, avgrensast og gjennomførast på ein best mogleg måte. I desse plansituasjonane kan bruk av omsynssone H-540 «Grønstruktur» vere eit alternativ. Omsynssona vil vise at det skal regulerast grønstruktur gjennom området, men nærare avgrensing vil skje i reguleringsplan.

I plansituasjonar med mange grunneigarar vil bruk av omsynssone ikkje fordele arealverdiane på same måte på dei ulike eigarane som når føremålet grønstruktur blir brukt. Det kan gjere det lettare å forhandle fram løysingar for å sikre grønstrukturen i gjennomføringa. Krav om felles plan for heile området med fleire grunneigarar er vist med omsynssone H810.

Marka er vist med omsynssone H530 Friluftsliv, og noverande og framtidig turveg som samferdselslinje – turtrasé.

4.6.4.3.6 Landskap

Landskap kan utgjere både små og store område alt etter samanhengen. For å skildre omgjevnadene våre nærare bruker vi fleire landskapsomgrep, som til dømes

  • bylandskap
  • jordbrukslandskap
  • kulturmiljø
  • fjellandskap
  • fjordlandskap
  • kystlandskap
  • industrilandskap

Omsynssoner for landskap er aktuelle å bruke for alle typar landskap både innanfor ordinære LNFR-område, i byar og tettstader og i heilt urørte naturområde. Landskap slik det er definert, gjer at omsynssona kan brukast for å vareta landskap som kan reknast som særleg verdifulle, så vel som ordinære «kvardagslandskap», landskap som er vorte ringare og landskap i forfall, på tvers av arealføremåla det er sett av til.

Med «landskap» meiner vi eit område, slik folk oppfattar det, som har fått sitt særpreg gjennom naturleg og/eller menneskeleg påverknad, jf. den europeiske landskapskonvensjonen.

  • «Naturlandskap» bruker vi om landskap som er lite påverka av menneske.
  • «Kulturlandskap» bruker vi om landskap som er tydeleg forma av menneske.

Ei omsynssone etter bokstav c kan brukast til å tydeleggjere viktige landskapstrekk, landskapsrom og landskapskvalitetar som bør varetakast på tvers gjennom større område. Det gjeld anten dei skal bevarast, forbetrast eller setjast i stand, eller det skal skapast heilt nye landskap.

Døme på retningslinjer

  • Innanfor omsynssone H550_1 – Landskap, jf. § 11-9 nr. 6, bør det av omsyn til å bevare opplevingskvalitetar i karakteristiske landskapstrekk, gjennomførast ein landskapsanalyse og i område- eller detaljregulering gjevast retningslinjer for skjøtsel av skogsområde, jf. § 12-7 nr. 9.

§ 11-9 nr. 6 opnar for at det blir gjeve generelle føresegner om estetiske omsyn for både bygningar og anlegg, og ikkje minst for landskapsutforming og landskapsestetikk, både i område med viktige landskapskvalitetar og i område der det skal skapast nye landskap. I tillegg gjev § 11-9 nr. 7 ein direkte heimel til å gje føresegner for å sikre omsyn til eksisterande kulturlandskapsverdiar. Der det skal gjevast slike føresegner til arealføremålet, vil det forenkle forståinga om dei samtidig kan koplast arealmessig mot ei omsynssone for landskap etter § 11-8 tredje ledd bokstav c.

4.6.4.3.7 Naturmiljø

Omsynssona kan brukast til å streke opp retningslinjer for forvaltninga av naturmiljø og vegetasjon for å vareta viktige naturmiljø-, opplevings- og nærmiljøverdiar. Det kan gjelde naturforholda langs eit daldrag eller vassdrag, delar av grønstrukturen eller eit overgangsområde mellom utbygde område og naturen rundt for å vareta naturmiljøet eller nærmiljø-, opplevings- og friluftslivsverdiar. Når det gjeld omsynssone for bandlegging etter naturmangfaldlova, sjå kapittel 4.6.5.

Naturmiljøomgrepet omfattar det biologiske mangfaldet saman med varetaking av friluftslivs- og landskapsverdiar i vidaste forstand.

Døme på retningslinjer

  • Innanfor område definert som omsynssone H560_2 – Naturmiljø, jf. § 11-9 nr. 6, bør det for å bevare naturmangfald og samanhengande leveområde for dyreliv, gjennomførast ei kartlegging av naturtypar og i område- eller detaljregulering gjevast føringar for bruk av området, gjerne inndelt i kjerneområde og buffersoner.
  • Innanfor område definert som omsynssone H560_3 – Naturmiljø, jf. § 11-9 nr. 6, bør det for å bevare naturmangfald og samanhengande leveområde for artar, ikkje tillatast tilrettelegging for endra bruk og nye tiltak før området er nærare kartlagt og naturmangfaldverdiane sikra i område- eller detaljregulering.
4.6.4.3.8 Kulturmiljø og kulturminne

Kulturminne og kulturmiljø kan varetakast gjennom retningslinjer til omsynssone etter § 11-8 tredje ledd bokstav c. Føresegner til arealføremålet etter § 11-9 nr. 7 som sikrar interessa med rettsleg bindande verknad, vil kunne gjerast gjeldande for same geografiske område som omsynssona, så lenge dei ikkje bryt med hovudføremålet med underliggjande arealføremål. Dette vil spesielt vere aktuelt der omsynssone c blir brukt i område for bygg og anlegg.

Sjå Riksantikvarens Kulturminne, kulturmiljø og landskap – planlegging etter plan- og bygningslova for nærare rettleiing om korleis plan- og bygningslova kan brukast for å vareta kulturmiljø og kulturminneinteresser.

Døme på retningslinjer

  • Innanfor omsynssone H570_1 – Kulturmiljø, jf. § 11-9 nr. 7, bør det for å bevare viktige historiske trekk i landskap og bygg gjennomførast ei kartlegging av kulturmiljøet og i område- eller detaljregulering gjevast føresegner om bevaring og vern av eldre gardsbygningar og andre historiske spor i landskapet (beiteområde, steingjerde, utløer og liknande).
  • Innanfor område definert som omsynssone H570_2 – Kulturmiljø, jf. § 11-9 nr. 7, er det for å bevare viktige historiske trekk i landskap og bygg, ikkje tillate å rive bygningar eller å gje løyve til større byggje- og anleggstiltak før dei kulturhistoriske verdiane er nærare kartlagde og eventuelt sikra gjennom føresegner i område- eller detaljregulering.

Dersom ein alt veit mykje om kulturmiljøet i eit område, bør ein vurdere om bandlegging vil vere eit meir eigna verkemiddel for å sikre verdiane.

4.6.4.4 Randsona til nasjonalparkar og landskapsområde

Retningslinjer og føresegner til randsona til nasjonalparkar og landskapsvernområde er eit spesielt verkemiddel. Retningslinjene og føresegnene må fastsetjast samtidig med utarbeiding eller revisjon av verneforskrifter eller forvaltningsplan. Kommunen kan gje retningslinjer som hindrar bruk av nærområde på ein måte som gjer verneverdiane i verneområdet vesentleg ringare.

I samtidig ligg det at handsaminga av forslag til forvaltningsplan og forslag til arealdel til den/dei aktuelle kommuneplanane, skal samanfalle i tid. Så lenge forvaltningsplanen ikkje er endeleg vedteken, er det mogleg å starte ein prosess med utarbeiding av forslag til omsynssone med retningslinjer for randsona. Dette føreset at forvaltningsplanen ikkje blir endeleg vedteken før prosessen med omsynssona er komen så langt at det er klart for vedtak også av den.

Problemstillingar i retningslinjer til randsona til nasjonalparkar og landskapsvernområde med villrein kan vere

  • villrein og forholdet til skiløyper
  • villrein og motorferdsel i utmark
  • opningar for å avgrense løypetraséar
  • landing med helikopter og liknande
  • ferdselsavgrensingar i yngle- eller kalvetida

Det kan til dømes ved bruk av omsynssona gjevast retningslinjer for «LNFR-aktivitetar» knytte til nydyrking, ferdsel, medrekna motorisert ferdsel, plassering av bygg i randsona med vidare.

Døme på retningslinje

  • Innanfor område definert som omsynssone H580_3 – Randsone til nasjonalpark, jf. § 11-8 tredje ledd bokstav c, er det for å hindre verneverdiar innanfor nasjonalparken blir ringare, ikkje tillate å gjennomføre tiltak, medrekna motorferdsel og oppføring av bygg eller installasjonar som bryt med verneføremålet og som påverkar verneverdiane i nasjonalparken.

4.6.5 Sone for bandlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningslova eller andre lover, eller som er bandlagt etter slikt rettsgrunnlag, med definering av føremålet

Denne typen sone har to forskjellige rettslege og praktiske funksjonar

  • Sone for bandlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningslova eller andre lover.

Eller

  • Sone som er bandlagt ved vedtak etter andre lover, med definering av føremålet.

Det er klar forskjell på om området gjennom vedtaket av arealdelen blir bandlagt mellombels med tanke på vidare planlegging, og om eit område alt er sikra gjennom reguleringsplan etter plan- og bygningslova eller anna lovverk.

Bandleggingssone kan innhaldsmessig (ikkjeuttømmande) handle om

  • sikringssoner i og rundt vasskjelder
  • område som er verna eller skal vernast etter naturmangfaldlova, viltlova, kulturminnelova, luftfartslova og lakse- og innlandsfisklova
  • område som skal regulerast til øvingsområde for Forsvaret etter tryggleikslova
  • område som skal setjast av til bevaring, friluftsområde, golfbaner som ikkje er ein del av større byggjeområde, friområde utanfor byggjeområde mv. gjennom utarbeiding av reguleringsplan
  • sikrings- og restriksjonsområde rundt flyplassar, blant anna av støyomsyn
  • fareområde, t.d. skytebaner, område med flaum-/rasfare, område med kvikkleire/-sand, område med høg konsentrasjon av radongass, spesielt vindutsette område mv.

Omsynssone for mellombels bandlegging føreset oppfølging gjennom reguleringsplan eller eventuelt vedtak etter andre lover for å gjennomføre arealbruk og tiltak. Den mellombelse bandlegginga kan vere aktuell å bruke når ein tek sikte på å etablere vern eller freding etter kulturminnelova eller naturmangfaldlova, eller for å utarbeide reguleringsplan for å sikre disse interessene.

Område som skal vernast eller bandleggjast til anna føremål, skal berre takast inn i arealdelen i kommuneplanen dersom det er stor grad av tryggleik for at føremålet med bandlegginga blir gjennomført.

4.6.5.1 Omsynssona bandlagt i påvente av reguleringsplan

Bandlegging i påvente av reguleringsplan, til dømes ved større samferdselsanlegg, kan ha behov for lengre tid enn omsynssona opnar for. Dette kjem av at løyvingane til prosjekta er avhengig av oppfølginga av nasjonal transportplan.

Eigedomar som blir råka, kan trass i bandlegginga, haldast ved like og oppdaterast på ordinær måte. Større tiltak som ikkje samsvarer med føremålet med bandlegginga, kan ikkje tillatast innanfor bandleggingssona. Dette skiljet er det viktig å opplyse dei råka grunneigarane om.

4.6.5.2 Forlenging av bandlegginga

Rettsverknaden av bandlegginga fell bort når det er gått fire år, frå den datoen planen vart endeleg vedteken. Departementet kan forlengje bandlegginga med fire år dersom oppfølginga er forseinka på grunn av forhold som ikkje kommunen er skuld i, og det elles er sterke samfunnsmessige grunnar for å halde ved lag den mellombelse bandlegginga.

Mynda til å handsame søknad om forlenging av bandlegginga er delegert til statsforvaltaren frå departementet ved rundskriv T-6/96 «Overføring av myndighet etter plan- og bygningsloven til statsforvalteren», jf. rundskriv T-2/09.

Bandlegginga kan berreforlengjastéin gong med fire nye år.

Kommunestyret eller formannskapet må i utgangspunktet vedta søknad om forlenging. Eit eventuelt planutval kan på delegert mynde likevel avbryte forlengingsfristen, men kommunestyret eller formannskapet må i så fall deretter stadfeste søknaden. Søknad om forlenging må vere sendt før fireårsfristen går ut. Dei råka bør varslast om søknaden om forlenging og vedtak om at bandlegginga er forlengja.

4.6.5.3 Utløp av bandlegginga

Dersom bandlegging går ut utan at det er vedteke reguleringsplan eller fatta vedtak etter anna lov, må området i utgangspunktet takast opp til ny planlegging for å få styring på arealbruken. Det aktuelle området kan ikkje leggjast ut til bandlagt område på nytt. Skal området bandleggjast på nytt, må føremålet for bandlegginga vere eit anna enn førre gong.

For å halde ved lag styringa i områda inntil arealplanane blir revidert eller det er fatta vedtak etter anna lov eller reguleringsplan, kan det med heimel i plan- og bygningslova § 13-1 leggjast ned mellombels forbod mot tiltak. Eit mellombels forbod vil gjelde inntil det blir vedteke plan etter plan- og bygningslova. Det kan dessutan i heilt spesielle tilfelle, vedtakast mellombels vern etter andre lover, til dømes naturmangfaldlova. Dette gjeld berre i situasjonar der det er fare for inngrep som vil skade verneverdiane i området som er planlagt verna, til dømes ved fare for hogst i eit føreslege område for vern av barskog.

4.6.5.4 Verknad for grunneigar eller rettshavar

For område som alt er bandlagde, vil innteikninga på kommuneplankartet normalt ikkje innebere noko nytt eller ytterlegare bandleggingsvedtak for grunneigar eller rettshavar.

4.6.5.5 Døme på bandlegging i påvente av utarbeiding av reguleringsplan

Skytebaner med tilhøyrande sikringssoner blir innarbeidde i planen som bandlagde område i påvente av reguleringsplan der sikringssoner er innarbeidde. Skytebaner som ikkje skal regulerast, blir framstilte med tilhøyrande sikringssoner i planen som område for bygg og anlegg. Føremålet under omsynssona vil vere andre typar anlegg (skytebane).

Område der det er kjennskap til eller mistanke om avfall, spesialavfall eller miljøgifter i grunnen, kan merkast av spesielt i kommuneplanen som bandlagt område i påvente av avklaring av forureiningssituasjonen og arealbruken. I område der det er forureiningar i grunnen etter tiltak, eller der det ikkje er aktuelt å setje i verk tiltak, kan området regulerast til føremål og med krav som tek omsyn til forureininga.

Etter plan- og bygningslova § 28-1 har kommunen ansvar for at miljøforhold er tilstrekkeleg undersøkt før det blir gjeve byggjeløyve.

4.6.5.5.1 Omsynssone som er bandlagt ved vedtak etter andre lover med definisjon av føremålet

Omsynssone i samsvar med plan- og bygningslova § 11-8 tredje ledd bokstav d kan også brukast til å definere område som alt er bandlagde etter sektorlover eller etter anna rettsgrunnlag. Fireårsfristen gjeld ikkjefor område som er bandlagde ved vedtak etter sektorlover.

4.6.5.5.2 Forholdet mellom vedtak i sektorlov og arealdelen i kommuneplanen

Er restriksjonane heimla i sektorlov, skal det visast til vedkomande lov og den eller dei konkrete heimlane der. Kven som har mynde til å ta stilling til om det skal gjevast løyve til gjennomføring av tiltak innanfor sona eller ikkje, bør også gå fram som informasjon.

Vedtak etter sektorlov som fastset kva tiltak og kva verksemd eller bruk som er tillate eller forbode i eit område, vil gjelde framfor kommuneplanføresegner til arealføremålet bandlegginga dekkjer. Dette gjeld til dømes vedtak om arealvern etter naturmangfaldlova.

I område som er bandlagde etter anna lov, gjeld dei eventuelle verneføresegnene etter anna lovverk for området. Verneføresegner kan gå lenger enn rettsverknadene til arealdelen i kommuneplanen, til dømes for regulering av verksemd, ferdsel og skjøtsel. Eventuelle tiltak i slike område må avklarast med vedkomande sektorstyresmakt i det enkelte tilfellet før det eventuelt kan gjevast løyve, jf. plan- og bygningslova § 21-5.

Tiltak eller verksemder som ikkje er regulerte av sektorlovsvedtaket, skal handsamast i samsvar med arealføremålet i planen og omsynssoner med tilhøyrande føresegner. Kommunen har ein sjølvstendig heimel til å nekte gjennomføring av tiltak dersom det er i strid med arealføremålet planen viser i den aktuelle sona.

Kommunen må vurdere i kvart enkelt tilfelle om ei slik arealdisponering i arealdelen i kommuneplanen er formelt og faktisk samsvarande med det enkelte vedtaket etter anna lovverk enn plan- og bygningslova. Dette inneber blant anna at bandleggingssona skal leggjast opp på det mest nærliggjande arealføremålet ved framstillinga av plankartet. For vern eller freding etter naturmangfaldlova vil ordinært LNFR-område etter § 11-7 andre ledd nr. 5 bokstav a, vere det mest nærliggjande føremålet.

4.6.5.5.3 Kartteknisk framstilling av område bandlagde etter anna lovgjeving

Ei omsynssone viser kvar område er bandlagde og arealrestriksjonane følgjer av sektorlover, verneplanar og liknande. Det kan også vere føremålstenleg å nytte det mest nærliggjande arealføremålet, til dømes LNFR-område, i naturvernområde. Her vil likevel arealføremålet berre vere av informativ karakter, medan reglane for arealforvaltninga i området følgjer av verneforskriftene.

4.6.5.5.4 Kraftleidningar

Kraftleidningar i sentral- og regionalnettet kan berre visast som bandlagde område etter omsynssone § 11-8 tredje ledd bokstav d, jf. unntaket i lova § 1-3. Sjå også kapittel 4.6.2.3.7 om kraftleidningar.

4.6.5.5.5 Vassforsyning

Vassforsyning inngår i utgangspunktet i drikkevassforskrifter gjevne i samsvar med matlova, og blir derfor normalt vist som ei sikrings-/omsynssone etter § 11-8 tredje ledd bokstav a. Bandlegging etter omsynssone d kan også vere aktuelt.

Bandlegging for sikring av drikkevasskjelde etter § 11-8 tredje ledd bokstav d kan eksempelvis omfatte

  • sikring av drikkevasskjelde som er bandlagd etter føresegner i vassressurslova, reguleringsplan eller tinglyste drikkevassklausular
  • sikringssone rundt vasskjelde som skal bandleggjast etter føresegnene i vassressurslova § 1, sikringssone, eller som skal regulerast til dette føremålet

4.6.6 Sone med krav om felles planlegging for fleire eigedomar, medrekna med særlege samarbeids- eller eigarformer og omforming og fornying

Denne omsynssona blir brukt

  • for å markere område der kommunen meiner det er behov for at område og eigedomar må planleggjast under eitt
  • i område som skal omformast og fornyast
  • for å leggje til rette for ulike fellesløysingar

Omsynssona må ha føresegner for at ho skal ha rettsverknad. Føresegner til denne sona kan fastsetje at fleire eigedomar i eit område skal inngå i felles planlegging, og at det skal brukast særskilte gjennomføringsverkemiddel. Det kan også gjevast føresegner med heimel i § 11-9 nr. 3.

4.6.6.1 Innhald i omsynssona

4.6.6.1.1 Generelt

Det kan fastsetjast krav om at fleire eigedomar skal leggjast under felles planlegging, jf. § 11-8 tredje leddet bokstav e andre leddet. Ei slik føresegn vil vere eit vilkår om ei samla planlegging og planløysing for å kunne ta i bruk delar av eit slikt utbyggingsområde. Ein vil då få ei samtidig planavklaring for eit planområde som omfattar fleire eigedomar.

Eit krav om ein felles plan for fleire eigedomar inneber at forslagsstillarane som står bak, anten det er private eller offentlege, må samarbeide om planutarbeidinga. Dette tyder at private ikkje kan fremje forslag om reguleringsplan som berre gjeld sin eigen eigedom. Heimelen til å stille reguleringsplankrav er § 11-9 nr. 1.

4.6.6.1.2 Område for omforming og fornying

Omsynssona kan også brukast for område for omforming, ofte kalla «transformasjon» og/eller «fornying».

I arealdelen i kommuneplanen vil omsynssona for omforming og fornying kunne brukast for å definere område der det skal skje ei målretta og særskilt områdevis planlegging og gjennomføring for å omdanne, fornye eller vidareutvikle eit område. Dette er ønskjeleg i mange tettstadsområde for å motverke vidare spreiing av bygningsmassen.

Det er mest aktuelt å bruke omsynssona i utbygde område som skal gjevast ein ny og annan bruk, med ei meir intensiv utnytting enn tidlegare. Eit typisk døme er at byområde med tidlegare industrieigedomar og næringsbygg, skal utviklast til bustader og andre byfunksjonar eller få ei kvalitetsheving.

Omsynssona kan også brukast der det er aktuelt å omforme og fornye andre typar areal, bygningar og anlegg, til dømes fortetting i eksisterande hytteområde, eller leggje ut nye hytteområde.

4.6.6.2 Føresegner til omsynssona

Omsynssona skal gje ei felles ramme for planlegging, gjennomføring og verkemiddelbruk. Verknaden av sona blir avklart gjennom føresegnene som er knytte til henne. Til éi sone kan det gjevast ei eller fleire av dei føresegnene som går fram av paragrafen. Det kan i tillegg gjevast føresegner etter § 11-9 og § 11-10.

Etter § 11-8 tredje ledd bokstav e kan det gjevast føresegner om omforming og fornying og bruk av jordskifte for å fastsetje fordelingsordning.

Planlegging i slike område krev gjerne samarbeid om planløysing og gjennomføring av felles utbygging, infrastruktur, tiltak og drift for fleire eigedomar sett under eitt, og aktuelle ordningar i jordskiftelova. Sjå rettleiar om urbant jordskifte.

Føresegnene kan liste opp eigedomar i omsynssona der det skal brukast konkrete gjennomføringsverkemiddel.

Gjennomføringsverkemidla går ut på å fordele arealverdiar og kostnader til dømes til felles tilkomst, felles veg og friareal. Grunneigarar som deltek, får sin del av utbyggingsvinsten ved å investere i fellestiltaka. Opplegget er meint å sikre seg mot at enkelte må betale for alt, og at andre som kjem etter ikkje treng å betale. Sagt på ein annan måte: At første utbyggjar ikkje sit att med rekninga for dei som ventar med å byggje ut eigedomane sine.

I tillegg gjeld dei ordinære verkemidla om ekspropriasjon, opparbeidingskrav, refusjon og eventuelt avgifter for vatn og avløp, og reglane for utbyggingsavtalar ved fordeling av kostnader i denne omsynssona.

Vidare kan det gjevast føresegner om nærare definerte løysingar for vassforsyning, avløp, veg og annan transport.

Døme på føresegner

  • Innanfor omsynssone H810_1 – krav om felles planlegging, jf. § 11-9 nr. 1 skal det, for å gje området ein ny og annan bruk som betre varetek miljøomsyn og hindrar byspreiing, gjennomførast ei samla områderegulering før detaljregulering og gjennomføring av tiltak. Områdereguleringa skal løyse behov for ny infrastruktur, leggje til rette for endra arealbruk og meir effektiv arealutnytting, og avklare korleis området skal betenast av kollektivtransport.
  • Innanfor omsynssone H820 _1– Omforming, jf. § 11-9 nr. 1 skal det, for å sikre heilskaplege og kostnadseffektive løysingar, leggjast til rette for gjennomføring av jordskifte for å fastsetje verdiar og kostnadsfordeling og fordele utbyggingsgrunn uavhengig av eigedomsstrukturen i dag. Jordskifte skal berre takast i bruk som gjennomføringsverktøy, dersom andre verktøy ikkje fører til ei løysing av kostnads- og/eller arealfordeling.

For å gjennomføre ei slik fordeling må føresegna i kommuneplanen følgjast opp med reguleringsplan, jf. § 12-7 nr. 13.

4.6.7 Omsynssone der gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelde

4.6.7.1 Innhald i omsynssona

Omsynssona blir brukt for å vise kvar gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelde utan endringar. Gjev kommuneplanen føresegner om grad av utnytting som er annleis enn dei som er gjevne i reguleringsplanen, kan omsynssona ikkje brukast.

4.6.7.2 Kartframstilling av omsynssone der gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelde

Det skal vere arealføremål under denne typen omsynssoner.

På plankartet viser sonene med generaliserte arealføremål under skravuren. Dei generaliserte arealføremåla under skravuren er ein illustrasjon som ikkje er bindande for den framtidige arealbruken. Det er arealføremåla i reguleringsplanen som fastset den rettsleg bindande arealbruken. Der reguleringsplan er vedteken etter eldre lovverk, skal generaliseringa i arealdelen i kommuneplanen følgje det gjeldande kodeverket for kommuneplan.

Vektorfil for kommuneplan skal berre innehalde informasjon som har rettsverknad. Forvaltning av vektordata for kommuneplan og reguleringsplan skjer i separate databasar.

4.6.7.3 Kva for reguleringsplanar skal gjelde uendra?

Kommunen bør som ledd i prosessen med utarbeiding av arealdelen i kommuneplanen, gå gjennom dei gjeldande reguleringsplanane sine og vurdere om nokon av desse bør opphevast.

Kommunen skal vurdere om

  • dei gjeldande reguleringsplanane er ferdig utbygde
  • det er mogleg å vidareføre føresegner i arealdelen i kommuneplanen, sjølv om reguleringsplanen blir oppheva
  • det er behov for ekspropriasjon frå reguleringsplanen
  • 10-årsfristen for ekspropriasjon er gått ut
  • 10 år gamal privat initiert detaljregulering i nødvendig grad er oppdatert

Døme frå Røros kommune om parallell handsaming av arealdelen i kommuneplanen og oppheving av gjeldandereguleringsplanar

Samtidig som prosessen med arealdelen i kommuneplanen blir køyrt, vil det også gå ein prosess med oppheving av gamle reguleringsplanar. Opphevinga av reguleringsplanar er eit ledd i arbeidet med revisjon av arealdelen i kommuneplanen. Eldre reguleringsplanar og utbyggingsplanar er gjennomgått for å vurdere kva for nokre som kan/bør opphevast og erstattast med arealdelen. Arbeidet har enda opp med at ein ønskjer i alt 58 av 121 reguleringsplanar oppheva.

Føremålet med arbeidet er å få eit meir oppdatert planverk som gjev færre dispensasjonar og enklare sakshandsaming. Planane som er føreslegne oppheva, er planar som ikkje har eigne føresegner, som ikkje fastslår grad av utnytting, der det i liten grad er bygd ut i tråd med planen eller der planen er uthola av dispensasjonar. I stor grad er grunngjevinga også at områda er ferdig utbygde og plan og føresegner derfor kan handterast gjennom kommuneplanen. Prosessen for oppheving av reguleringsplanar blir regulert av plan- og bygningslova § 12-14. Alle som står oppført som eigar av eigedom innanfor eit planområde der planen no er føreslegen oppheva, vil bli varsla med brev og har høve til å uttale seg. For område der reguleringsplanen er oppheva vil det vere føresegner og retningslinjer i arealdelen i kommuneplanen som er gjeldande. Det blir lagt opp til at dei to prosessane skal samkøyrast i tid.

For dei fleste som har ein utbygd eigedom, tyder det nærast ingenting at reguleringsplanen dei ligg innanfor eller inntil, blir oppheva. Dersom eksisterande reguleringsplan er gamal og området ikkje er bygd ut i tråd med planen, vil eit slikt vedtak vere positivt for deg som grunneigar ettersom føresegnene i kommuneplanen vil gje betre og meir riktige rammer for ev. nye tiltak på eigedom der det allereie står bygg.

Dokumenta i denne prosessen ligg under

Saksframlegg og vedtak.

Skjema for vurdering av reguleringsplanar.

Sjå Røros Kommune, revisjon arealdelen i kommuneplanen 2019–2029

4.6.7.4 Føresegner til omsynssona

Det kan ikkje gjevast føresegner til denne omsynssona som endrar innhaldet av gjeldande reguleringsplan. Dersom ein ønskjer at ny kommuneplanføresegn skal gjelde for det regulerte området, der det er motstrid med reguleringsplan, vil ny føresegn i kommuneplanen gå føre. Det bør då vurderast om reguleringsplanen bør endrast. Føresegnene kan berre slå fast kva for planar som framleis skal gjelde innanfor omsynssona.

Døme på føresegner

  • Innanfor område definert som omsynssone H910_1 – Gjeldande reguleringsplan, jf. § 11-8, skal følgjande reguleringsplanar framleis gjelde
    • Reguleringsplan for Narvesett, vedteken av kommunestyret 12.12.08 med plan-ID 200869.
    • Reguleringsplan for Trolltoppen, vedteken av kommunestyret 13.12.08 med plan ID 200871.

Reguleringsplan for Brattlia, vedteken av kommunestyret i tidlegare Dalen kommune 14.12.08 med plan-ID 200872.

Figur 4.22 Utsnitt frå kommuneplan med omsynssone 910, der reguleringsplan ­framleis skal gjelde. Jf. teiknereglar for ei slik sone.

4.7 Døme på generelle føresegner

Sjå omtale av føresetnadene for dei generelle føresegnene framme i kapittel 4.4 i rettleiaren. Døma nedanfor er ikkje uttømmande.

4.7.1 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 1

§ 11-9 nr. 1

Krav om reguleringsplan for visse arealer eller for visse tiltak, herunder at det skal foreligge områderegulering før detaljregulering kan vedtas.

Det kan stillast krav om regulering for visse areal eller tiltak, medrekna at det skal liggje føre områderegulering før detaljregulering kan vedtakast.

Føresegner om plankrav må vere forankra i dei omsyna og forholda som det sakleg sett er grunnlag for å følgje opp i den planen som kan krevjast. Dei kriteria som er avgjerande for om plankrav blir utløyste av eit tiltak, må gå klart fram av føresegna. Plankrav bør berre brukast der det ligg føre reelle og/eller formelle grunnar for det.

Det kan eksempelvis vere

  • for å klargjere/oppfylle reguleringsplankravet etter plan- og bygningslova § 12–1 tredje leddet for større tiltak, eller der den faktiske plansituasjonen tilseier behov for ny reguleringsplan
  • det er behov for ei reguleringsplanhandsaming for å få ei meir detaljert planavklaring enn kommuneplanen gjev grunnlag for, jf. opninga for å underinndele og nyansere arealføremåla
  • for å få nødvendig gjennomføringsgrunnlag, til dømes grunnlag for etablering av ny eigedomsstruktur, oreigning (ekspropriasjon) og refusjon eller grunnlag for utbyggingsavtale

Andre styresmakter sine oppgåver og omsyn kan ha mykje å seie for behovet for ein reguleringsplan.

Føremålet med å krevje reguleringsplan kan vere at eldre reguleringsplan ikkje er god nok og bør oppdaterast. Til dømes

  • for å leggje til rette for fortetting, eller
  • når det er andre krav til bygg og anlegg enn dei krava den eldre planen stiller

Kommunen har ansvar for å følgje opp slike plankrav, jf. plan- og bygningslova § 12–1. Sjølv om ei plankravføresegn ikkje blir følgt opp med utarbeiding av reguleringsplan, vil dei rettsverknadene som følgjer av arealføremål, omsynssoner og føresegner i arealdelen i kommuneplanen gjelde.

Døme på føresegner

  • Områderegulering skal vere vedteken før byggjeområda B1, B5 og B10 (bustader) og BN2 (næringsbygg), kan byggjast ut.
  • Nye byggjeområde kan ikkje byggjast ut før detaljregulering er vedteken, med mindre føresegnene til det enkelte området gjer unntak frå kravet.
  • Det skal utarbeidast detaljregulering for anlegg for motorsport i Dalen (BI15) før anlegget kan takast i bruk.
  • I planområde «Destinasjon X», merkt med BN4 på plankartet, skal det utarbeidast områderegulering, med krav om utarbeiding av detaljregulering, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 1.

4.7.2 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 2

§ 11-9 nr. 2

Innholdet i utbyggingsavtaler, jf. § 17-2.

Heimelen for utbyggingsavtalar er kapittel 17 i byggjesaksdelen av plan- og bygningslova. Etter § 17-2 Føresetnaden for bruk av utbyggingsavtalar går det fram at utbyggingsavtalar må ha grunnlag i kommunale vedtak fatta av kommunestyret sjølv. Vedtaket (planføresegna med vidare) må klart slå fast i kva tilfelle utbyggingsavtalar er føresetnader for utbygging, og synleggjere kommunen sine forventningar til avtalen.

Plan og bygningslova § 11-9 Generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel nr. 2 gjev heimel til å gje føresegner om

  • utbyggingsavtalar
  • i kva for område det er aktuelt å bruke utbyggingsavtalar
  • kva som vil vere det påreknelege innhaldet i slike avtalar

Ramma for kva ein slik avtale kan innehalde, vil følgje av forskrift til § 17-6 i byggjesaksdelen og rettleiar utgjeven av dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Døme på føresegner

  • For å sikre utvikling av felles infrastruktur med torg og parkeringsløysingar i kommunesenteret (BS1 til BS7) vil kommunen inngå utbyggingsavtalar i samband med detaljregulering. Avtalane bør fastleggje konkrete løysingar for dei planlagde anlegga og ei kostnadsfordeling til gjennomføring av vedteken gatebruksplan, jf. plan- og bygningslova § 11-9, nr. 2 og § 17-2.
  • Ved planlegging av nye område for fritidsbusetnad (BFR3 til BFR8) vil kommunen inngå utbyggingsavtalar med grunneigar(-ane). Føremålet med avtalane kan vere å sikre bidrag til bygging av nødvendige vegtiltak som ligg utanfor planområdet, og fordeling av gode og byrder mellom grunneigarar i og nær planområdet. Det er også aktuelt å avtale bidrag til opparbeiding og vedlikehald av sti- og løypenettet, jf. plan- og bygningslova § 11-9, nr. 2 og § 17-2.

4.7.3 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 3

§ 11-9 nr. 3

Krav til nærmere angitte løsninger for vannforsyning, avløp, avrenning, veg og annen

transport i forbindelse med nye bygge- og anleggstiltak, herunder forbud mot eller påbud om slike løsninger, og krav til det enkelte anlegg, jf. . Det kan også gis bestemmelse om tilrettelegging for forsyning av vannbåren varme til ny bebyggelse, jf. .

Etter § 11-9 nr. 3 kan det i føresegn til kommuneplanen stillast krav til nærare definerte løysingar for vassforsyning, avløp, avrenning, veg og annan transport i samband med nye byggje- og anleggstiltak, medrekna forbod mot eller påbod om slike løysingar, og krav til det enkelte anlegget, jf. § 18-1 Krav til opparbeiding av veg og hovudleidning for vatn og avløpsvatn.

Det kan også gjevast føresegn om tilrettelegging for forsyning av vassboren varme til ny bygg og om tilknytingsplikt, jf. plan- og bygningslova § 27-5Fjernvarmeanlegg.

Avrenning vart lagt til føresegna med utgangspunkt i forslag til lovendring i Prop. 32 L (2018-2019), som vart sett i kraft 8. mars 2019, for å framheve at ei heilskapleg forvaltning av vatn er ei sentral oppgåve i planlegginga. Føresegnene vil no kunne dekkje både mengd, hastigheit og kvalitet på avrenning. Dette vil kunne skje gjennom føresegner med tak for tilførsel av overvatn til leidningsnettet, om at nye tette flater blir kompenserte gjennom fordrøyingstiltak, eller at det skal veljast permeable dekke i visse område.

Døme på føresegn om avrenning

  • I områda GP5 til GP9 (Park), skal bekkar ikkje leggjast i røyr og areala skal utformast slik at det er ei halling på minst 1:20 frå høgste punkt i parken ned til bekken som lågaste punkt. Når bekkar går inn i overvassleidningen ved enden av parken, skal det utarbeidast ein vedlikehaldsplan for fjerning av lauv mv. som kan hindre avrenning.

Døme på generelle føresegner om handtering av overvatn

  • Overvatn skal takast hand om lokalt og ope. Det kan skje gjennom infiltrasjon og fordrøying i grunnen og ved opne vassvegar, utslepp til resipient, eller på annan måte som utnyttar vatnet som ressurs, slik at det naturlege kretsløpet for vatnet blir halde oppe og vi utnyttar sjølvreinsingsevna i naturen.
  • Reguleringsplanar skal identifisere og sikre areal for overvasshandtering. Det skal gjerast greie for korleis handteringa av overvatn og flaumvegar er løyst. Ved regulering og seinast ved søknad om tiltak skal det utførast ROS-analyse som dokumenterer at avrenninga og avrenningshastigheita ikkje aukar som følgje av tiltaket.
  • Reguleringsplanar skal setje krav til at blågrønstruktur, som vasspegel, vegetasjon, parkanlegg, skal vere opparbeidd før ein gjev bruksløyve.
  • I byggjesaka skal det gjerast greie for planlagt overvasshandtering ved søknad om rammeløyve og/eller igangsetjingsløyve. Dersom lokal overvasshandtering ikkje lèt seg gjere, kan det søkjast om løyve til påslepp på det kommunale nettet. I slikt tilfelle skal det saman med byggjesøknaden leggjast ved løyve frå vass- og avløpsavdelinga for tilknyting til offentleg nett.
  • Eksisterande bekkeløp skal haldast opne, og ved regulering skal gjenopning av lukka bekkeløp vurderast.
  • Bygningar og anlegg skal utformast slik at naturlege flaumvegar blir bevarte og ein oppnår tilstrekkeleg tryggleik mot flaumskadar.

Døme på føresegn om trafikk, parkering og renovasjonsløysingar

  • Ved planlegging av nye nærings- og bustadbygg i Vika skal det, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4 og § 18-1 leggjast til rette for
    • ei kollektivdekning på minst 50 %, fortrinnsvis basert på skjenegåande transport
    • ei parkeringsdekning på maksimalt 1 bil per husstand eller 50 m2 næringsareal
    • miljøvenlege renovasjonsløysingar, fortrinnsvis basert på søppelsug

Døme på føresegner om vass- og avløpsanlegg

  • I område for fritidsbygningar (BFR6 og BFR8) krevst det samtidig ferdigstilling av godkjent anlegg for vatn og avløp for enkeltbygg eller som (små) fellesanlegg, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 3 og § 18-1.
  • I område for fritidsbygningar (BFR2) ved Fjæra skal løysingar for vatn og avløp baserast på naturlege reinsemetodar for 3–12 einingar, jf. plan- og bygningslova § 11-9, nr. 3 og § 18-1.

Døme på føresegn om energi

  • Nye bygg i kommunesenteret – Berget – som er merkt i plankartet med B, BSBKJ, BF, BOP og BN, skal planleggjast for bruk av vassboren oppvarming i samarbeid med innehavar av konsesjon for fjernvarme. Området BAB skal i reguleringsplan avsetjast areal til fjernvarmeanlegg (BFA) og fjernvarmenett (SFV) og det skal etablerast tilknytingsplikt, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 3 og § 27-5.

4.7.4 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4

§ 11-9 nr. 4

Rekkefølgekrav for å sikre etablering av samfunnsservice, teknisk infrastruktur, grønnstruktur før områder tas i bruk og tidspunkt for når områder kan tas i bruk til bygge- og anleggsformål, herunder rekkefølgen på utbyggingen.

Det kan stillast rekkjefølgjekrav for å sikre etablering av samfunnsservice, teknisk infrastruktur og grønstruktur før område blir tekne i bruk, og tidspunkt for når område kan takast i bruk, til byggje- og anleggsføremål.

Døme på føresegner til område for bustadbygg

  • Bygging av ny busetnad i området Haugen (BFS3) kan ikkje skje før ny gang- og sykkelveg langs Samlevegen er ferdigstilt og det er tilstrekkeleg kapasitet til fleire elevar ved barneskulane i området, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4.

Døme på føresegner til område for fritidsbusetnad

  • Ved utvikling av ny fritidsbusetnad i Fjellheimen (BFR3 og BFF2) skal dei områda som ligg nærast skisenteret, byggjast ut først, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4.
  • Bygging av ny fritidsbusetnad i Strandkanten (BFF5) kan ikkje startast opp før kyststien er opparbeidd og areal til badeplass (GF1) er sikra eventuelt i avtale, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 4.

4.7.5 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5

§ 11-9 nr. 5

Byggegrenser, utbyggingsvolum og funksjonskrav, herunder om universell utforming, leke-, ute- og oppholdsplasser, skilt og reklame, parkering, frikjøp av parkeringsplasser etter og utnytting av boligmassen etter

Etter denne føresegna kan kommunen gje rammeføresegner om byggjegrenser, utbyggingsvolum og funksjonskrav. Det gjeld plassering og storleiken på bygg, til dømes i form av byggjegrense, maksimumstal for kvadratmeter golvareal/grad av utnytting, del av bustader med livsløpsstandard med vidare, i dei forskjellige utbyggingsområda. Grad av utnytting blir fastsett etter reglane i teknisk forskrift (TEK).

Det kan gjevast grunnleggjande føresegner om funksjonskrav, medrekna om universell utforming og tilgjenge til bygningar og areal. Vidare kan det stillast parkeringskrav, til dømes i form av maksimumskrav og minimumskrav, og gjevast normer for uteareal og leikeareal med omsyn til storleik, plassering/avstand, sol og lys, tilstand, kvalitet og så vidare.

Det vil eksempelvis vere mogleg å lage ei føresegn i samsvar med § 11-9 nr. 5 om at nye bueiningar utløyser krav til felles leikeareal. Ei slik føresegn kan vere aktuell for at det skal bli tilstrekkelege leikeareal ved bygging av fleire bustader i sentrum, og kommunen sine eigne krav til leikeplassdekning skal oppfyllast. Det kan tyde at gardsromma i nokre tilfelle blir tekne i bruk til leik i staden for parkering.

Føresegner om storleik og utforming av fritidsbusetnad etter plan- og bygningslova § 1-9 nr. 5 gjev ikkje i seg sjølv rett til utbygging og påbygging av eksisterande fritidsbusetnad i LNFR-område. Kommunen må bruke LNFR-føremål etter § 11-7 andre leddet nr. 5 bokstav b for å opne for spreidd utbygging i definerte delar av LNFR-områda i kommunen.

I tillegg må det gjevast føresegner etter §§ 11-11 nr. 2 og § 11-9 nr. 5, som strekar opp omfang og lokalisering med vidare for den spreidde utbygginga. Alternativet er å leggje ut dei aktuelle enkelteigedomane til bygg- og anleggsføremål.

Sjå omtale av LNFR-føremålet i avsnitt 4.5.5 og rettleiar Planlegging for spreidde bustad-, fritids- og næringsbygningar i LNFR-område.

Døme på føresegner om tettleik

  • I områda BFR1, BFR2 og BFR3 (fritidsbusetnad) skal arealutnytting vere på minimum 3 bueiningar per. dekar når det blir utarbeidd detaljregulering av areal på meir enn 3 dekar.
  • I områda BFR4 og BFR5 skal det i detaljregulering av areal på meir enn 6 dekar vere 3-5 bueiningar pr. dekar.
  • I område for busetnad i felt B4 og B5 skal det i detaljregulering vere minimum 10 bueiningar pr dekar.
  • Næringsverksemd i sentrumsområda (BS1 og BS5) skal ha ei arealutnytting på minimum (%-BRA) =160 % for samanhengande område, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5.

Døme på føresegner om grad av utnytting

Kommunen ønskjer å gje føresegner om utnytting av utbyggingsområde der det ikkje finst reguleringsplanar eller der planane er utdaterte.

  • For eksisterande bustadområde merkte B11, B12, B13 og B14 på plankartet er største tillatne utnytting
    • %-BRA = 27 % for bygg med gesimshøgd 4 m eller mindre
    • %_BRA = 20 % for bygg med gesimshøgd 7 m eller mindre Jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5.

Døme på føresegn om universell utforming

  • Uteområda i kommunesenteret (gater, plassar og liknande) skal ha godt tilgjenge, og utformast slik at dei kan brukast på like vilkår av alle. Sentrale gangsamband skal planleggjast utan trapper og ha stigning som ikkje er brattare enn 1:20.

Sjå rettleiar: Rettleiar om Grad av utnytting og rettleiar om Universell utforming i planlegging.

Døme på føresegner som hindrar endra bruk

Kommunen ønskjer å hindre at eit område for fritidsbusetnader blir utvikla som heilårs bustad.

  • For eksisterande område for fritidsbusetnad, merkt BFR4 på plankartet, gjeld følgjande
    • Fritidsbusetnad kan byggjast ut til maksimalt 100 m2 BRA.
    • Samla fritidsbusetnad pr tomt skal ikkje overstige 150 m2 BRA, inklusiv eventuelt anneks, garasje og uthus.
    • Oppdeling av eksisterande grunneigedom er ikkje tillate. Jf. plan- og bygningslova § 11-9, nr 5.

Døme på føresegn om utbyggingsvolum

  • Frittliggjande fritidsbusetnad (BFR1 og BFR10) kan maksimalt utvidast til 100 m2 bruksareal (BRA), dersom ikkje anna er bestemt i reguleringsplan. Fritidsbusetnad som ligg i strandsona, frå 5 til 100 m frå strandlinja, skal ha maksimal gesimshøgd på 3 m og mønehøgd 4,5 m, jf. plan- og bygningslova § 11-9, nr. 5.

Døme på føresegner som skal sikre effektiv utnytting

Kommunen ønskjer å sikre høg utnytting av eit utbyggingsområde for å effektivisere bruken av knappe arealressursar og leggje til rette for god kollektivbetening.

  • Næringsområde BN5 skal planleggjast for utbygging i minimum 5 etasjar og maksimalt 6 etasjar over eksisterande terreng og 30 000 m2, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5.
  • Busetnad nær Stasjonen, merkt B6-B9 på plankartet, skal detaljregulerast med ei arealutnytting på minimum 5 bustadeiningar pr dekar netto tomteareal, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5.
  • I områda for busetnad (B10-B15) skal det planleggjast for ein tettleik på 3,5 bustader pr. dekar netto tomteareal der det er mindre enn 300 meter til næraste stoppestad for buss eller mindre enn 500 meter til stoppestad for jernbane, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5.

Døme på føresegner om uteopphaldsareal

  • I reguleringsplanar og i byggjesaker til nye område for busetnad skal det setjast av uteopphaldsareal på eigen grunn i samsvar med den soneavgrensinga som er vist på Illustrasjonskart nr. 3. I sone 1 (sentrum) skal 30 m2 setjast av til uteopphaldsareal, medan det i sone 2 (ytre by) skal setjast av 50 m2, for kvar bustad eller for kvar 100 m2 bruksareal (BRA). Ved utbygging større enn 400 m2 eller fire bustadeiningar blir halve uteopphaldsarealet reservert til felles opparbeidd leikeplass.
  • Uterommet skal vere godt eigna for uteopphald for alle aldersgrupper, og skal vere ferdig opparbeidd før ferdigattest. Uterom for felles bruk skal vere mest mogleg samanhengande, skal utformast etter prinsippa om universell utforming, plasserast der solforholda er best og vere skjerma mot trafikkfare og forureining, jf. plan- og bygningslova § 11-9, nr. 5.

Døme på føresegner om leikeplassar og friområde

  • I eksisterande og nye byggjeområde skal ein, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5, prøve å oppnå at alle bustader har friområde og leikeplassar i nærleiken slik
    • Maksimalt 500 meter til friområde på minimum 20 dekar.
    • Maksimalt 400 meter til kvartalsleikeplass med aktivitetsareal for ballspel.
  • Maksimalt 100 meter til leikeplass for små barn på minimum 200 m2.

Døme på føresegner om leikeplassar

  • I område for busetnad (B12 til B17) skal det for kvar bueining setjast av areal til leikeplassar. Leikeplassane skal kunne nyttast av alle aldersgrupper og vere sikra mot luftforureining, støy, trafikkfare og annan helsefare. Areala skal opparbeidast og ferdigstillast til bruk samtidig med dei første bustadene.
  • Sandleikeplass for små barn skal lagast til for mindre bustadgrupper og minst for kvar 20 bustad. Han skal vere opptil 100 m2 og innehalde minimum sandkasse, bord og benkar for barn og vaksne. Plass kan setjast av på bustadtomt eller som felles areal for fleire tomter med frå 4 bustader og meir.
  • Nærleikeplass og/eller kvartalsleikeplass for litt større barn skal lagast for minst kvar 100 bueining. Han skal ikkje liggje meir enn 150 m frå bueining og vere opptil 2 da. Slik plass kan setjast av på grunneigedom for busetnad eller som fellesareal for fleire tomter med frå 25 leilegheiter og meir.
  • Grendeleikeplass og/eller ballfelt for større barn skal lagast for minst kvar 300 bueining. Han skal ikkje liggje meir enn 400 m frå bustad og vere opptil 6 da. med gras- og asfaltdekke.

Døme på føresegn for å avgrense parkering i sentrum

  • I bysentrum (BS1 til BS10), som har god kollektivbetening, skal nye utbyggingsområde ha avgrensa parkeringsdekning med maksimum 1 biloppstillingsplass pr. 50 m2 kontor- og forretningsareal, og maksimum 1 biloppstillingsplass per bueining, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 5.

Døme på føresegner om parkering

  • Busetnad skal ha oppstillingsplass på eigen grunneigedom eller på fellesareal for 1 bil per bustad, med eit tillegg for besøkande på 0,25 bil per bustad. For hybelbygg krev ein tilsvarande for annakvar hybel.
  • I områda for nye bustader (B19 til B25) utanfor sentrum, er minimumskravet 2 bilar pr. einebustadeining, på eigen tomt eller på fellesareal.
  • Ved felles parkeringsareal skal minimum 5 % av parkeringsplassane reserverast for rørslehemma.
  • Forretnings- og kontorbygg i sentrum (BS2 til BS10) skal ha oppstillingsplass på eigen grunneigedom eller på fellesareal for minimum 1 bil pr. 50 m2 golvflate i bygningane.
  • For lager og industribygg i BN1 til BN8, skal det vere minimum 1 oppstillingsplass til bil pr. 100 m2 golvflate. Min. 5 % av parkeringsplassane skal reserverast for rørslehemma. Jf. plan- og bygningsloven § 11-9 nr. 5.

4.7.6 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 6

§ 11-9 nr. 6

Miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønnstruktur, herunder om midlertidige og flyttbare konstruksjoner og anlegg.

Med tilvising til § 11-9 nr. 6 kan det stillast krav til miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønstruktur, medrekna mellombelse og flyttbare konstruksjonar og anlegg.

Høvet til å gje føresegner om utforminga av bygg og anlegg og til funksjonskrav til uteareal etter plan- og bygningslova § 11-9 gjeld generelt.

Nødvendige avbøtande tiltak som støyskjermar, vollar, fasadeisolering med vidare kan derfor fastleggjast for alle føremål, og der dei nemnde føresegnene er tilstrekkelege for å sikre nødvendig støydemping. Vilkår om gjennomføring av tiltak må eventuelt heimlast i rekkjefølgjeføresegn eller føresegn til omsynssone § 11-8 tredje leddet bokstav a.

Tiltaka må elles fastleggjast i etterfølgjande reguleringsplan, eksempelvis for eit veganlegg som er lagt ut som viktig ledd i kommunikasjonssystemet, ein flyplass, eller for eit areal som er bandlagt med sikte på regulering til skytebane.

Grenseverdiar for lokal luftforureining og støy er fastsett i forureiningsforskrifta, som er fastsett i samsvar med forureiningslova. Det er også gjeve eigne retningslinjer om luftkvalitet og retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging.

Sjå også rettleiar om estetikk, T-1179 Estetikk i plan og byggjesaker. Denne var knytt til plan- og bygningslova 1985, men kan framleis brukast.

Etter § 11-9 nr. 6 kan kommunen gje føresegner for estetisk utforming av tiltak etter lova.

Døme på føresegner om utforming for å vareta byggjeskikk på staden

  • Nye bygningar i kommunesenteret – Holset – skal gjevast ei plassering og utforming når det gjeld orientering, storleik, form, materiale, fargar og liknande, som harmonerer med den eksisterande bygningar i området. Bygningane skal ha saltak med vinkel mellom 25 og 35 gradar og smårutete vindauge, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 6.

Døme på føresegner om utforming for å vareta landskapet

  • Utbygging av område for busetnad (B7), kjøpesenter (BKJ2) og område for offentleg tenesteyting (BOP2) på Vardåsen skal skje på ein måte som bevarer skogen på åsryggen slik at ein varetek silhuettverknaden og grønstrukturen blir halden oppe, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 6.

Døme på føresegner om plassering av bygningar for å sikre eller minske skadar ved flaum

  • For nye bygningar i område langs sjøen skal lågaste tillatne kotehøgd for ferdig golv vere 2,3 moh.
  • I flaumutsette område langs vassdrag må busetnad, industri- og næringsbygg som er direkte ramma av berekna 200-årsflaum plan, ikkje plasserast under kote 130,4 moh. Særskilt sårbare samfunnsfunksjonar som omsorgsbustader, sjukeheimar, sjukehus og liknande skal plasserast sikkert i forhold til ei berekna 1000-årshending og ikkje under kote 140 moh., jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 6.

Døme på føresegn om støy

Døme på føresegner om mellombelse anlegg

  • Mellom Nissfjorden og riksveg 77 er det forbode å plassere mellombelse og flyttbare konstruksjonar eller anlegg, medrekna campingvogner, telt og liknande, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 6. Dette forbodet gjeld ikkje for godkjende campingplassar. Løyve kan likevel gjevast når oppstilling av konstruksjonar nemnde over, etter planutvalet/kommunen sitt skjønnikkje hindrar den ålmenne ferdsel og ikkje fører til vesentlege ulemper for omgjevnadene. Kommunestyret kan setje vilkår for oppstillinga og også gjere henne tidsavgrensa.
  • I føresegnsområde #5 for mellombels byggje- og anleggsområde, kan det lagrast massar frå utbygginga av E6. Massane skal vere fjerna innan eitt år etter at utbygginga til fire felt er sett i drift.
  • I føresegnsområde #7 for mellombels byggje- og anleggsområde, kan det setjast opp rigg for kontor og kantine mv. frå utbygginga av E6. Riggane skal vere fjerna innan eitt år etter at utbygginga til fire felt er sett i drift.

4.7.7 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 7

§ 11-9 nr. 7

Hensyn som skal tas til bevaring av eksisterende bygninger og annet kulturmiljø.

Det kan gjevast føresegner om omsyn til bevaring av eksisterande bygningar og anna kulturmiljø. Dette for å sikre at det ved endring av bygningar og nybygg blant anna blir teke omsyn til estetikk i dei bygde omgjevnadene og beståande bygningsverdiar av historisk og antikvarisk verdi. Det er også ein direkte heimel til å ta omsyn til kulturlandskapsverdiar.

Døme på føresegner knytte til bevaring av eksisterandebygningar og anna kulturmiljø

  • I nærområdet til Stavkyrkja, som er synleg frå kyrkjegarden, skal ein unngå byggje- og anleggsverksemd, for å vareta eit samla kulturlandskap.
  • Ved byggjetiltak i landbruket, som blir gjennomført etter byggjesøknad, jf. plan- og bygningslova § 20-1, skal det også gjerast greie for dei estetiske og visuelle verknadene, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 7.
  • I byggjeområda i sentrum, merkte med BS6 og BS7 på plankartet, skal vidareutvikling av området skje med krav om bevaring og eventuelt tilbakeføring av fasadar, slik at det opphavlege uttrykket er på plass, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 7.

For fleire døme, sjå Riksantikvaren sine eksempelsamlingar.

4.7.8 Føresegner etter plan- og bygningslova § 11-9 nr. 8

§ 11-9 nr. 8

Forhold som skal avklares og belyses i videre reguleringsarbeid, herunder bestemmelser om miljøoppfølging og -overvåking.

I føresegner kan det fastsetjast forhold som skal avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid, medrekna føresegner om miljøoppfølging og -overvaking, blant anna som oppfølging av konsekvensutgreiing.

Døme på føresegn om forhold som skal avklarast og belysast ved utarbeiding av reguleringsplan

  • Transformasjon av dei tidlegare industriområda ved Elvebreidda (BS10) skal baserast på ei undersøking av forureining i grunnen, med gjennomføring av nødvendige tiltak før utbygging kan starte, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 8.
Til forsida