7 Dispensasjon frå vedteken plan
7.1 Generelt
Reglane om dispensasjon går fram av plan- og bygningslova kapittel 19. Sjå rundskriv T-2/09 Ikraftsetting av ny plandel i plan- og bygningsloven og Rundskriv H-6/17 Ikrafttredelse av endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova. Sjå også rettleiing på www.planlegging.no om innhaldet i dispensasjonsføresegnene.
Dispensasjonsføresegna i § 19-2 blei endra i 2021 og trådde i kraft 1. juli 2021.
7.2 Handsaming av dispensasjonssøknad
Naboar skal vere varsla om ein dispensasjonssøknad før kommunen handsamar og avgjer saka.
Også fylkeskommunen og sektorstyresmakter det gjeld direkte, skal få høve til å uttale seg om ein dispensasjonssøknad som verkar inn på saksområdet til styresmakta.
Kommunen må vurdere kven som er partar i saka, og aktuelle høyringsinstansar. Ein gjennomgang av innspel til planen og handsaminga av planen kan gje haldepunkt for å vurdere kva for interesser saka vedkjem. Det kan til dømes vere fagstyresmakter som har stilt krav til sakshandsaminga ved slutthandsamng av arealdelen. Desse vil vere naturlege høyringspartar saman med andre aktuelle interessentar i området.
Sektorstyresmaktene, fylkeskommunane og kommunane bør søkje å finne praktiske og føreseielege rutinar for når slike saker skal leggjast fram for sektorstyresmaktene og fylkeskommunane.
Fylkeskommunen og sektorstyresmaktene sine fråsegner til dispensasjonssaka vil inngå i kommunen sin vurdering av om vilkåra i dispensasjonsføresegna er oppfylt.
7.3 Klagerett for statleg fagorgan og fylkeskommune
Dei kommunale plan- og bygningsstyresmaktene har høve til å gje dispensasjon, sjølv om eit statleg eller fylkeskommunalt myndigheitsorgan går imot at ein gjev dispensasjon. Plan- og bygningslova har derfor ein utvida klagerett for offentlege organ etter § 1-9. Dette gjev statlege etatar og fylkeskommunen høve til å klage inn vedtak om dispensasjon. Spørsmålet om eit dispensasjonsvedtak er gyldig og haldbart i strid med sektorstyresmaktene eller fylkeskommunen sine interesser, vil då kunne etter- og overprøvast av statsforvaltaren (delegert frå Kommunal- og distriktsdepartementet).
Når statlege sektororgan eller fylkeskommunen har uttalt seg og hatt merknader, har dei også krav på underretning om vedtaket, slik at dei eventuelt kan bruke klageretten sin.