Kulturstatistikk 2008
Rapport | Dato: 08.12.2009 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kultur- og kirkedepartementet
Ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike område innanfor norsk kultur.
NOS Kulturstatistikk er ein årleg publikasjon som inneheld tal og opplysningar på 13 ulike kulturområde, og tal for offentlege utgifter, privat forbruk og næringsstatistikk for kultur og kulturelle tenester. Talmaterialet byggjer på fleire kjelder, men er i all hovudsak basert på tal frå Statistisk sentralbyrå, andre offentlege institusjonar og interesseorganisasjonar.
Lenkje til publikasjonen Kulturstatistikk 2008
Formålet er å gi ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike område innanfor norsk kultur.
Publikasjonen er utarbeidd av rådgivar Liv Taule og konsulent Asta Bårdseth i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet. Ansvarleg seksjonssjef er Terje Risberg, Seksjon for utdanningsstatistikk, Statistisk sentralbyrå.
Om Kulturstatistikk 2008 på nettsida til Statistisk sentralbyrå