Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforskning
Kvalitet og relevans 2014 - 2019
Plan/strategi | Dato: 09.04.2015 | Kunnskapsdepartementet
Strategien er eit langsiktig styringsverktøy for Kunnskapsdepartementet. Han peiker ut den retninga departementet skal ha for den samla innsatsen til utdanningsforsking om og for sektoren, og set initiativ og tiltak inn i ein heilskapeleg samanhang.
Strategien gir òg viktige signal til andre aktørar i utdanningssektoren og til samfunnet.
Det er mykje bra i norsk utdanningsforsking. Departementet meiner at dei prioriteringane og tiltaka som ligg i strategien, vil styrkje dei positive utviklingstendensane vi i dag ser, og samstundes stimulere til vidare utvikling. Målet er å styrkje fagmiljøa som driv med utdanningsforsking, heve kvaliteten og relevansen i forskinga og stimulere til fornying og tettare samarbeid mellom forskingsmiljø på tvers av landegrensene i Norden, Europa og i resten av verda. Det er òg eit mål å gjere det meir vanleg å ta i bruk kunnskap og resultat frå utdanningsforskinga i styring, forvaltning og praksis i utdanningssektoren.
Strategien bygger på og utvikler videre den forrige strategien - Kunnskaps for kvalitet (2008 - 2013).
Kvalitet og relevans 2014 - 2019 (F-4394)