Larvik kommune – motsegn til kommunedelplan for Larvik by 2021 - 2033

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner kommunedelplan for Larvik by 2021 – 2033, men med endringar som følgje av motsegn frå Bane NOR. Endringa inneber at område #3a Indre hamn blir oppretthaldt til baneføremål. Departementet legg vekt på at området vil bli brukt til dette føremålet i lang tid framover. Motsegna frå Bane NOR er med dette teken til følgje.

Bakgrunn for saka

Kommunedelplan for Larvik by 2021 – 2033 er sendt frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i brev av 8. mars 2022 på grunn av ei uløyst motsegn. Bane NOR har fremma motsegn til planføremålet for området #3a Indre hamn. Motsegna gjeld delar av område som i dag er avsett til baneføremål, og som kommunen har føreslått endra til transformasjons-område. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd om motsegna skal takast til følgje.

Kommunedelplanen for Larvik by blei vedteken av kommunestyret 6. oktober 2021. Føremålet med planen er å avklare rammer for utviklinga av sentrumsområda i Larvik. Planen følgjer opp målet i samfunnsdelen om å styrke Larvik sentrum som kommunen sitt hjarte og naturlege samlingspunkt for befolkninga i heile kommunen. Motsegna er avgrensa til å gjelde område #3a Indre hamn. Dette området vil kommunen utvikle som Fjordby med ein overvekt av funksjonar knytt til rekreasjon, slik som kulturtilbod, bevertning og tenesteyting, med innslag av kontor og bustader.

Bane NOR fremma i brev 9. mars 2021 motsegn til forslag til endring av arealbruk for delar av jernbaneområdet. Bane NOR grunngjev motsegna med at arealbehovet til jernbanen i Larvik ikkje er avklart. Arealet er i bruk til jernbaneføremål, og Bane NOR forventar at arealet vil vere i bruk i fleire år fram i tid. Bane NOR meiner at kommunen ikkje har vurdert dagens bruk tilstrekkeleg. Driftsgarden er i dag i bruk som reserveareal for togparkering og til parkering av brøytemaskinar om vinteren. Banegarden nyttast òg til parkering av andre arbeidsmaskiner. Motsegna til foreslått arealbruk for området omfattar òg forslag om ny veg som vil krysse stasjonsområdet frå Storgata til Strandpromenaden framfor dørene til lokomotivstallen.

Larvik kommune v/ bystyret vedtok kommuneplanen i møte 6. oktober 2021 utan å ta motsegna til følgje. Kommunen peiker på at det er beklageleg at Bane NOR ønskjer å bruke eit så sentralt og attraktivt område av sentrum til vending og parkering av tog og anna driftsmateriell. Ved å endre noverande planføremål, vil det kunne bidra positivt til utviklinga av indre hamn og heile byen, samtidig som barrierane mot sjøen vil bli redusert. Videre legg kommunen vekt på at Bane NOR ikkje i tilstrekkeleg grad har dokumentert det reelle behovet for bruken av området.

Kommunen peiker vidare på at planforslaget framleis vil omfatte baneføremål, slik at området vil kunne nyttast av Bane NOR så lenge det er behov for det. I planføresegna til kommune-del­­­planen for område #3a Indre hamn er følgjande planføremål lista opp: Næring og teneste­yting, veg og bane. Videre seier planføresegna at det skal etablerast besøksintensiv verk­semd i 1. etasje mot sjøen. Etter kommunen si meining vil planforslaget føre til ein meir fleksibel og framtidsretta arealbruk, utan at dette hindrar Bane NOR sin bruk av området så lenge det er naudsynt.

Mekling i saka blei gjennomført 17. desember 2021. Meklinga  førte ikkje fram til ei løysing som begge partar kunne gje tilslutning til. Både kommunen og Bane NOR ga uttrykk for at det er mest høveleg at departementet tar endeleg stilling til saka.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sendte saka til departementet den 8. mars 2022 utan tilråding, fordi saken gjeld forhold utanfor statsforvaltaren sitt kompetanseområde.

Møte og synfaring blei gjennomført 18. oktober 2022 med representantar frå Larvik kommune, Jernbanedirektoratet, Bane NOR og Kommunal- og distriktsdepartementet. 

Samferdselsdepartementet rår i brev 21. november 2022 til å støtte motsegna frå Bane NOR. Samferdselsdepartementet peikar på at Bane NOR ikkje har avgjort framtidig lokal­isering av drifta for sporbasert vedlikehald. Det er i dag mangel på høvelege plasseringar av maskiner og utstyr for dette på Vestfoldbanen. Det føreligg òg planar om eit forsterka togtilbod i Grenland og Vestfold, der Larvik stasjon kan spele ei viktig rolle sidan det er kapasitet til å snu og parkere tog på driftsbanegarden. I tillegg er Larvik egna som utgangs­punkt for alternativ transport når jernbanen må stengast midlertidig for vedlikehald.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at dagens stasjonsløysing i Larvik er eit premiss for togtrafikken som i dag betener Vestfoldbanen. Med dei endra planane for Inter City-utbygginga, må dagens linje og stasjon oppretthaldast. Departementet peiker på at bruken av areala vil halde fram i mange år. Av omsyn til drift og tryggleik meiner departementet difor at det vil vere uheldig om føreslått arealbruksendring blir innarbeida i kommunedelplanen for Larvik by.

Sjølv om Samferdselsdepartementet har forståing for Larvik kommunes behov for å utvikle byen, meiner departementet at behova til jernbanen, slik desse er lagt fram av Bane NOR og Jernbanedirektoratet, må vege tyngre i denne saka. Departementet viser òg til Jernbane­direktoratet sin vurdering om at  § 3-6 i jernbaneinfrastrukturforskrifta gjev forbod mot nye planovergangar.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd avgjere om motsegna frå Bane NOR skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan i den forbindelse gjere naudsynte endringar i planen.

Føremålet med kommunedelplanen er å avklare utviklinga i og nær sentrum av Larvik i planperioden 2021-2033. Motsegna gjeld eit areal mellom sjøfronten og jernbanespora sør for jernbanestasjonen. Kommunen sin hensikt med å leggje inn arealet som transformasjonsområde, er å signalisere at området på sikt bør frigjerast til byutvikling og redusere barrierane mellom jernbanen og sjøen.

Det aktuelle området består i dag av banegarden med spor til togparkering, drift og vending. På eit mindre areal mot Skottebrygga er det eit areal som ikkje er i bruk til dette føremålet. Departementet oppfattar det kombinerte føremålet som eit uttrykk for kommunens ønskje om ein endra bruk av området over tid, og ikkje som arealføremål som kan kombinerast med baneverksemd. 

Kommunal- og distriktsdepartementet har stor forståing for kommunen sitt ønske om transformere attraktive sentrumsareal til byutviklingsføremål. Jernbanestasjonen, og særleg området som vert nytta til togparkering og vedlikehald, tar stor plass og utgjer ein stor barriere mot sjøen. Kommunens ønskje om ein ny stasjon og endra trasé for jernbanen er òg ein viktig bakgrunn for forslaget å transformere området til byutviklingsføremål.

Samstundes meiner departementet at planlegginga må vere realistisk, og så langt som mogleg kunne gjennomførast i planperioden. Området er i bruk til jernbaneføremål i dag, og vil vere det i lang tid framover. Usikkerheita ved om, og i tilfelle når, jernbanestasjonen vil få ei anna lokalisering, tilseier at ein bør vere tilbakehalden med å endre arealføremålet for området no. Bane NOR vil som grunneigar ha råderett over området, og det vil ikkje være aktuelt å gå i gang med detaljregulering av området så lenge jernbanen har behov for arealet.

Kommunal- og distriktsdepartementet har ut frå ei samla vurdering kome til at motsegna frå Bane NOR blir teken til følgje, og at kommunens vedtak om å endre arealbruken til kombinert føremål ikkje blir godkjend. Departementet vil likevel oppmode Larvik kommune og Bane NOR om å fortsette dialogen om korleis ein kan realisere kommunen sine ønsker om å utvikle ei god sjøfront og høveleg samanheng mellom byen og sjøen. Slik departementet vurderer saka, bør det være mogleg å sjå på området som ligger lengst mot Skottebrygga, og som ikkje vil komme i konflikt med drifta på banegarden. Departementet meiner òg det bør vurderast grundig kva moglegheiter som finst for å flytte aktivitetane innanfor plan­området som handlar om vedlikehald, dersom dei ikkje er direkte knytt til jernbanestasjonen.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd, godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet Kommunedelplan for Larvik by 2021-2033, vedtatt av Larvik kommune 6. oktober 2021, med følgjande endring:

Planføremålet for #3a Indre hamn endrast til baneføremål.

Departementets vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på. For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.

Kommunal- og distriktsdepartementet ber om at Larvik kommune endrar plankart og planføresegner i tråd med vedtaket.

Kommunen er orientert gjennom kopi av dette brevet.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Larvik kommune
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Bane NOR
Samferdselsdepartementet