Lillestrøm kommune - motsegner til Frogner næringspark i kommuneplanens arealdel for tidlegare Sørum kommune

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje område avsett til nærings-føremål (Frogner næringspark) i kommuneplanens arealdel 2019-2031 for tidlegare Sørum kommune. Begge alternativa for Frogner næringspark er i strid med nasjonale og regionale føringar for jordvern, matproduksjon, kulturlandskap, naturmangfald, verneinteressene i Leiravassdraget og føringar i regional plan for areal og transport. Forslaget som kommunen har vedteke inneber inngrep i miljøsona langs E6 i eit område med antatt kvikkleire og påvist risiko for utglidingar/setningar mot E6, spesielt i anleggsfasen. Motsegnene frå Statens vegvesen, Noregs vassdrags- og energidirektorat og tidlegare Statsforvaltaren i Oslo og Viken er tekne til følgje.

Bakgrunn

Kommuneplanens arealdel for Sørum (no Lillestrøm) kommune 2019-2031 er sendt frå tidlegare Statsforvaltaren i Oslo og Viken (no Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus) i brev datert 28. februar 2023 på grunn av uløyste motsegner frå statsforvaltaren ved klima- og miljøvernavdelinga og landbruksavdelinga, Statens vegvesen og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Kommunal- og distriktsdepartementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd om motsegnene skal takast til følgje.

Motsegnene gjeld eit område kalla Frogner næringspark i kommuneplanens arealdel 2019-2031 for tidlegare Sørum kommune. Kommunen er no ein del av Lillestrøm kommune. Området utgjer 65,5 dekar avsett til næringsføremål pluss 34 dekar til støttefylling i område avsett til miljøsone/ LNF-område mellom næringsarealet og E6. I tillegg omfattar planen ein mogleg ny lokalveg med eit areal på rundt 10 dekar. Tilkomst til området vil først bli avklart på reguleringsplannivå.

Saka har ei lang historikk. Eit større område på 195 dekar vart avsett til næringsføremål i kommuneplanen frå 1989, og blei ført vidare i kommuneplanens arealdel for 2015-2027. Sørum kommune vedtok områderegulering for Frogner næringspark 26. april 2017 utan rettsverknader. Dette planforslaget omfatta heile næringsområdet slik det låg inne i kommuneplanens arealdel for 2015-2027. Fylkesmannen (no statsforvaltaren) si klima- og miljøvernavdeling og NVE fremma motsegner til områdereguleringa. Planområdet omfatta to ravinedalar kategorisert med A-verdi (ravina i nord) og B-verdi (ravina i sør). Kommunal- og moderniseringsdepartementet (no KDD) tok motsegnene til følgje og godkjente ikkje planforslaget i vedtak av 24.april 2018.

Ved høyring og offentleg ettersyn av kommuneplanens arealdel for Sørum 2019-2031 foreslo kommunen å tilbakeføre heile det aktuelle området til landbruks-, natur- og friluftsføremål (LNF), ut frå at det i den tidlegare avgjerda frå departementet vart avklart at området måtte reduserast betydeleg av omsyn til naturmangfaldet, ravinelandskapet og Leira med tilhøyrande sideelver og bekker. Ved sluttbehandlinga av kommuneplanen vedtok kommune­styret å tilbakeføre den nord-austre delen av området (A-ravina) til LNF-føremål og å vidareføre resten (ca. 75 dekar) som næringsføremål.

I etterkant av kommunestyret sitt vedtak av kommuneplanens arealdel, blei kommunen av statsforvaltaren gjort merksam på at forslaget om å behalde deler av det opphavelege arealet som næringsformål, skulle ha vore på ny høyring. Saka vart difor handsama på nytt av formannskapet i Lillestrøm kommune 24. mars 2021, og formannskapet vedtok å sende tre alternative forslag på høyring:

  • Alternativ 1 - behalde området (75 dekar) til næringsføremål med ei uendra miljøsone på 150 meter langs E6 for å ivareta omsyn til støy, støv, stabilitet og estetikk/landskap, slik det var vedteke i kommuneplanens arealdel 2019-2031 for Sørum kommune,
  • Alternativ 2 - flytte næringsområdet nærmare E6 og redusere miljøsona langs E6, og
  • Alternativ 3 - tilbakeføre heile området til LNF-formål.

Det er høyringa av desse alternativa, nemnd alternativ 1, 2 og 3, som ligg til grunn for omtala av motsegnene under.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fremja i brev av 22. april 2021 motsegn til alternativa 1 og 2. Motsegna blei fremma med heimel i vassressurslova § 35. NVE meiner at planen vil få store negative konsekvensar for verneinteressene i Leira-vassdraget, og at den ikkje kan gjennomførast innanfor miljømessig akseptable rammer. NVE peiker på at dei allereie i si motsegn til områdereguleringa i 2016 sa tydeleg ifrå at motsegna omfatta begge ravinane av omsyn til verneverdiane i Leira med tilhøyrande sideelver og bekker. NVE kan difor berre akseptere at området vert ført tilbake til LNF-formål (alternativ 3).

Statens vegvesen fremma i brev av 19. mai 2021 motsegn til alternativ 2 om å flytte næringsområdet nærare E6 og inn i miljøsona langs denne, og til punkt 1.8 under alternativ 1 om å tillate naudsynte geotekniske støttefyllingar i miljøsona mellom næringsarealet og E6. Motsegnene er fremma av vegvesenet som ansvarleg styresmakt for riksvegnettet. Motsegnene er for begge alternativa grunngjeve med at skogen i miljøsona langs E6 er viktig som ein skjerm mot distraksjonar frå aktivitetar langs motorvegen. E6 har her særleg høg trafikk og eit høgt fartsnivå. Motsegna til alternativ 2 er primært grunngjeve ut frå dei geotekniske forholda. Ei eventuell feilvurdering knytt til dei omfattande masseflyttingane som planen krev i miljøsona, kan - om feilen påverkar E6 - ha store negative konsekvensar. Alternativ 3 vil ikkje gi konflikt med E6 og vert difor tilrådd.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken fremma i brev av 20. mai 2021 motsegn til alternativ 1 og 2. Motsegnene er for begge alternativa grunngjeve med at dei er i strid med nasjonale og regionale føringar for jordvern, matproduksjon og kulturlandskap, samt føringar i regional plan for areal og transport. Statsforvaltaren meiner òg at både alternativ 1 og 2 vil ha store negative konsekvensar for naturmangfald, og føre til alvorleg svekking av nasjonale og regionale viktige naturtypelokalitetar. Motsegna omfattar òg mogleg ny lokalveg langs E6 under Trondheimsveien, som fører til ytterlegare inngrep i dyrka jord og kulturlandskap.

Både Viken fylkeskommune og fleire nabokommunar rådde til at alternativ 3 blei valt.

Lillestrøm kommune ved kommunestyret vedtok 15. desember 2021 alternativ 2 med flytting av næringsområdet nærmare E6. Då som ei endring av kommuneplanens arealdel 2019-2031 for Sørum kommune.

Mekling blei gjennomført 30. september 2022, utan at partane kom til ei løysing.

Lillestrøm kommune ved kommunestyret slutthandsama kommuneplanens arealdel for Sørum kommune i møte 14. desember 2022 og heldt fast på vedtaket om å flytte Frogner næringspark nærare E6 (alternativ 2). Planen er vedteke utan rettsverknad for området det er knytt motsegner til.

Kommunen har i samband med oversending av motsegnssaka til departementet gjort greie for si grunngjeving for ikkje å ta motsegnene til følgje (brev til statsforvaltaren av 10. januar 2023). Kommunen ønskjer å være føreseieleg, og viser til at det har ligge inne eit område til næringsføremål i kommuneplanen sidan 1989. Kommunen meiner at alternativet som er vedteke samla sett er gunstigare enn arealet som vart vedteken i 2019. Det vil uansett vere naudsynt med sikringstiltak. Ei gjennomføring av utbygginga slik ho no er forutsett kan betre den geotekniske stabiliteten og gi moglegheit for innløysing av tunet på Tømmereggen, samt oppgradering av tilkomstvegen til det eksisterande Fjellbo næringsområde. Kommunen peiker på at kommuneplanen ikkje angir kven som skal gjennomføre tiltaket, men det bør vurderast ein gjennomføringsmodell som gir Statens vegvesen styring med eit slikt sikringsprosjekt. Avbøtande tiltak mot avrenning til Leira kan innarbeidast i reguleringsplan, og voll med skjerm mot E6 kan hindre innsyn og virke støyreduserande.

Kommunen peiker på at mange bedrifter skal flytte ut av Oslo og at det er etterspørsel etter næringsareal mellom Oslo og Gardermoen. Samstundes er det krevjande å finne andre egna næringsareal med lågare konfliktnivå langs E6. Kommunen vektlegg nærleiken til Berger og E6. Sjølv om Frogner næringspark ikkje inngår i det regionale næringsområdet ved Berger, ligg det relativt nært og med tilkomst til eit velfungerande motorvegkryss. Kommunen peikar òg på nærleiken til Fjellbo næringsområde, og at Frogner næringspark kan bli ei utviding av eit allereie etablert næringsområde.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet i brev av 28. februar 2023. I oversendinga tilrår statsforvaltaren at motsegnene vert tekne til følgje.

Møte om saka og synfaring blei halde 18. august 2023. På møtet deltok representantar frå Lillestrøm kommune, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Samferdselsdepartementet, Vegdirektoratet, Statens vegvesen, Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, Energidepartementet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Kommunal- og distriktsdepartementet. Frogner Næringspark AS og nokre av grunneigarane var òg til stades.

Landbruks- og matdepartementet rår i brev av 28. september 2023 å ta motsegna frå landbruksavdelinga hos statsforvaltaren til følgje. Departementet syner til føringane i den nye jordvernstrategien frå 2023, som har eit innskjerpa mål om  nedbygging av matjord. Dei viser òg til dei nasjonale forventningane til kommunal og regional planlegging, der det mellom anna står at arealforvaltninga skal bidra til å nå målet om redusert omdisponering av matjord. Vidare skal utbyggingsbehovet balanserast betre mot det langsiktige omsynet til innanlandsk matproduksjon.

Landbruks- og matdepartementet legg vekt på at planforslaget fører til omdisponering av opptil 30,5 og minimum 19,5 dekar dyrka jord, og at næringsområdet vil legge press på den tilgrensande dyrka jorda til området. Departementet legg òg vekt på at det er avsett tilstrekkeleg med areal til næringsføremål i kommuneplanen, og at området er i strid med føringane for lokalisering av næringsområde i regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus.

Samferdselsdepartementet rår i brev av 13. september 2023 å ta motsegna frå Statens vegvesen til følgje. Departementet er samd i deira vurdering av at det vil medføre ein betydeleg og ikkje naudsynt risiko å gjennomføre ei større utbygging med store terreng­inngrep i eit område med dårlege grunnforhold. Særleg når det forutsett omfattande stabiliseringstiltak i skråninga rett ved E6 og ein ikkje har alternative vegar med same kapasitet i nærleiken. Det er ikkje registrert setningar eller utglidingar på dagens E6, og ein bør ikkje utsette E6 for den risikoen inngrep i skråninga kan medføre. Samferdselsdeparte­mentet meiner det forsterkar deira vurdering om at motsegna bør takast til følgje at forslaget til utbygging av området òg er i strid med andre nasjonale og regionale omsyn. Samferdsels­departementet legg òg vekt på at kommunen framleis har fleire næringsområde med betydeleg utbyggingspotensial, og at det er store område for lager, logistikk og småindustri i det definerte regionale næringsområdet på Gardermoen.

Klima- og miljødepartementet rår i brev av 13. september 2023 å ta motsegnene til følgje. Etter departementet si vurdering vil planforslaget ha negative konsekvensar for den trua naturtypen ravinedal og denne sitt bidrag til klimatilpassing, samt for den trua arten elvemusling og verneverdiane og vassmiljøet i Leiravassdraget. Departementet kan ikkje sjå at samfunnsnytta av tiltaket veg tyngre enn naturmangfald av nasjonal og vesentleg regional verdi. Klima- og miljødepartementet viser til statsforvaltaren si omtale og at den synar at det finnes alternativ til planen om eit næringsareal ved Tømmereggen, slik at ein kan unngå konflikt med regional plan for areal og transport.

Energidepartementet rår i brev av 19. september 2023 å ta motsegna frå NVE til følgje. Departementet meiner at planforslaget vil ha negative konsekvensar for verneinteressene i Leiravassdraget, og at nytta av tiltaket er av mindre verdi enn ulempene. Departementet gjer merksam på at gjenfylling av ei ravine i eit verna vassdrag vil være eit tiltak som treng løyve etter vassressurslova (vrl) § 8. Departementet påpeikar at løyve etter eitt lovverk ikkje automatisk erstattar løyve etter eit anna lovverk. Konsesjonspliktige tiltak etter vassressurs­lova kan samordnast med reguleringsplan viss planen varetek omsyna etter lova på ein god nok måte (jf. vrl § 20). Planforslaget i denne saka gjeld kommuneplanens arealdel, og ikkje ein reguleringsplan. Det er avgrensa i kva grad det er høve til å tillate nye tiltak i verna vassdrag, jf. vrl § 35 nr. 5 og 8. Energidepartementet ser ikkje at det er mogleg å gi noko løyve etter vassressurslova eller å bruke samordningsregelen i vrl § 20 for ein etterfølgjande reguleringsplan som inneber å fylle igjen ravinedalen som planlagt i dette verna vassdraget.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd ta stilling til om motsegnene til kommuneplanen skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

I denne saka er motsegnsstyresmaktene samstemde om at begge alternativa for eit nytt næringsområde nordvest for E6 mellom Berger- og Grankrysset er i strid med fleire nasjonale eller vesentlege regionale omsyn. Dei rår alle til å tilbakeføre heile området til landbruks-, natur- og friluftsføremål (LNF).

Alternativet som kommunen har vedteke (alternativ 2) fører til at næringsområdet vert flytta nærmare E6, og at resten av miljøsona mellom utbyggings­området og E6 vert nytta til støttefyllingar for næringsområdet. Kommunal- og distriktsdepartementet er samd med vegstyresmaktene i at endring av arealbruken til næringsføremål innanfor kommuneplanens byggegrense/miljøsone langs E6 i eit område ned mot E6 med antatt kvikkleire og påvist risiko for utglidingar/setningar mot E6, ikkje bør godkjennast. Eit leirskred som vil stenge E6 over lengre tid vil få svært store konsekvensar. Departementet finn at dei fortrinna alternativ 2 måtte ha for jordvern og naturmangfald, samanlikna med alternativ 1, ikkje veger opp for risikoen for utglidingar/setningar, når det ikkje er alternative veger med same kapasitet som E6 i nærleiken.

Gjennom tilrådinga frå Energidepartementet er det bekrefta at både alternativ 1 og 2 vil ha store negative konsekvensar for verneinteressene i Leira vassdraget, og at det ikkje er mogleg å gi løyve etter vassressurslova til å fylle igjen ravinedalen i det verna vassdraget. Omsynet til dei nasjonale og regionale interessene knytt til naturmangfald, jordvern og kultur­landskap er også så viktige at departementet ikkje finn at det er grunnlag for at dei lokale interessene knytt til næringsområdet kan tilleggas avgjerande vekt. Planen bryt òg med føringane i regional plan for areal og transport, samstundes som Lillestrøm kommune etter departementet si vurdering har andre alternativ tilgjengelege i gjeldande kommuneplan.

Konklusjon
Kommunal- og distriktsdepartementet har etter ei samla vurdering kome til at område avsett til næringsføremål (Frogner næringspark) i kommuneplanens arealdel 2019-2031 for tidlegare Sørum kommune ikkje vert godkjend. Heller ikkje alternativ 1, vedteke av dåverande Sørum kommune 12. juni 2019, er aktuelt å godkjenne. Motsegnene frå Statens vegvesen, Noregs vassdrags- og energidirektorat og tidlegare Statsforvaltaren i Oslo og Viken er tekne til følgje.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet område avsett til næringsføremål (Frogner næringspark) i kommuneplanens arealdel 2019-2031 for tidlegare Sørum kommune, vist som unntatt rettsverknad i Lillestrøm kommuneplans arealdel 2023-2035.

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunn­gjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd. Kommunen er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet.

Departementet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. plan- og bygningslova § 11-16, siste ledd.

Med helsing
Erling Sande

Kopi: 
Akershus fylkeskommune
Energidepartementet
Klima- og miljødepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Lillestrøm kommune
Miljødirektoratet
Noregs Vassdrags- og energidirektorat
Samferdsledepartementet
Statens Vegvesen Vegdirektoratet