Lokale forhandlingar for skoleverket med verknad frå 01.09.98

Tillegg nr. 3 til F- 42-98

23.12.98 98/13470

Statens utdanningskontor
Fylkeskommunane
Fylkesrevisjonane
Kommunane
Kommunerevisjonane
Kommunekasserarane
Folkehøgskolane
Private skolar
Statens Pensjonskasse
Lærarorganisasjonane
Kommunenes Sentralforbund

Lokale forhandlingar for skoleverket med verknad frå 01.09.98

Det er ført lokale forhandlingar for skoleverket etter punkt 2.3.3 i hovudtariffavtalen for staten, innanfor ei ramme på 0,55 % av lønnsmassen. Resultatet frå forhandlingane inneber at gjeldande særavtale om lønn og godtgjersler m.m i skoleverket er revidert.

Den nye reviderte særavtalen om lønn og godtgjersler m.m. i skoleverket er linkdoc014005-991222#docvedlagd. Denne særavtalen kjem i staden for den tidlegare særavtalen som står på sidene 42 - 51 i rundskriv F - 42/98.

Endringar av innhaldet er merkt med feit tekst eller med lita tekst [klammeparentes] der tekst er stroken i den nye avtalen. Desse endringane er gjeldande med verknad frå 01.09.98.

Endringar av redaksjonell art eller som berre inneber ei ajourføring av særavtalen i forhold til gjeldande reglar i m.a. hovudtariffavtalen er merkt med kursivert tekst.

Departementet ber verksemdene setje avtalen i verk.

Med helsing

Carl O. Geving e.f.
fung. avdelingsdirektør

Vidar Kåsin
fung. byråsjef

Lagt inn 18. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen