M-17/1996 - Produksjonstillegg i jordbruket sett i forhold til forskrift om særlige tiltak for å hindre spredning av scrapie og mædi hos sau i Hordaland og Rogaland
R-459 (13.03.1996)
Rundskriv | Dato: 13.03.1996 | Landbruks- og matdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Landbruksdepartementet
Rundskriv
|
Saksnr. 1996/01278 |
13. mars 1996 |
Fylkesmenn, landbruksavdelingen, Kommunar, landbruksforvaltningen, Sauehaldarar i Rogaland og Hordaland |
Produksjonstillegg i jordbruket sett i høve til «Forskrift om særlige tiltak for å hindre spredning av scrapie og mædi hos sau i fylkene Hordaland og Rogaland».
Det har vore ein markert auke av tilfelle av scrapie og mædi hos sau i fylka Rogaland og Hordaland. Landbruksdepartementet har derfor sett i verk ei rekke med tiltak for å hindre spreiing av sjukdommane. Desse er gjevne i «Forskrift om særlige tiltak for å hindre spredning av scrapie og mædi hos sau i fylkene Hordaland og Rogaland», av 16.10.95, sist endra 10.11.95.
Eit av dei midla som kan bli nytta, er produksjonstillegga i jordbruket. I generell forskrift om produksjonstillegg i jordbruket er det krav om at all produksjon på ein landbrukseigedom skal vere i samsvar med gjeldande lover og forskrifter om jordbruksdrift, jfr § 3. Det er såleis heimel til å avslå ein søknad som er til behandling, men der utbetaling ennå ikkje har skjedd. Det er vidare gjeve høve til å krevje tilbake utbetalt produksjonstillegg dersom ein landbrukseigedom. har vore drive i strid med gjeldande lover og forskrifter som regulerer husdyrhald og planteproduksjon, jfr. § 9.
Dette tyder at dersom distriktsveterinæren meiner at ein saueeigar ikkje følgjer dei reglane som er gjevne for å hindre spreiing av scrapie og mædi, kan veterinæren rapportere dette til landbruksforvaltlinga i kommunen. Kommunen kan avslå/foreta trekk av heile eller delar av produksjonstillegget etter samråd med distriktsveterinæren om graden av brot på regelverket. Maksimalt trekk kommunen kan foreta er avgrensa til kr 10. 000,-. Meiner kommunen og/eller distriktsveterinæren at det må foretakast større trekk, skal fylkesmannen avgjere saka. Søkjaren har vanleg klagerett på avgjerda etter forvaltningslova.
Trekk i produksjonstillegg er i mange høve eit sterkt virkemiddel. Denne reaksjonsforma bør nyttast med varsemd.
Veterinærtenesten vil bli informert om dette rundskrivet.
Med hilsen
Martin Holtung |
||
Aase Storhaug |