M-3/1993 - Tilskott til rydding av frukttrefelt 1993

(15.01.1993)

Rundskriv
M-3/1993

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1993/00367

15.01.1993

Til

alle fylkeslandbrukskontor og landbrukskontor, jordbruksetaten

Tilskott til rydding av frukttrefelt 1993

Ved jordbruksoppgjeret blei det sett av 5 mill, kroner til ordninga for 1993.

Det kan løyvast 3170 kroner pr. dekar til rydding av eple og pærefelt.

Areal det blir søkt ryddetilskott til skal målast opp av landbrukskontoret. Det kan ikkje løyvast tilskott til rydding av areal som er mindre enn eitt dekar.

Ved stor søknadspågang bør det prioriterast område som er lite eigna for frukt­dyrking og sortar (av eple og pære) som ikkje er godkjende for distrikts- og kvalitetstillegg. Det er elles eit vilkår for å løyva tilskott at det tidlegare er drive eple- og pæreproduksjon av næringsmessig betydning.

Eit vilkår for å få utbetalt tilskott er at trea blir hogne innan 1. juli. Før tilskottet blir utbetalt, skal landbrukskontoret kontrollera arealet som er hogd.

Fylkeslandbrukskontoret må fastsetja ein søknadsfrist slik at rydding det blir løyvd tilskott til, blir utført innan 1. juli 1993.

Departementet har fastsett maksimalt areal det kan løyvast tilskott til i dei einskilde fylka. Ved fastsetjing av kvotane er det lagt til grunn fruktarealet i dei einskilde fylka og oppgåver over rydda areal i 1992.

Fylke

Kvote

Dekar

(Kroner)

Østfold

0

(0)

Akershus

37

(117.290)

Hedmark

20

(63.400)

Oppland

10

(31.700)

Buskerud

220

(697.400)

Vestfold

80

(253.600)

Telemark

150

(475.500)

Aust-Agder

15

(47.550)

Vest-Agder

20

(63.400)

Rogaland

100

(317.000)

Hordaland

460

(1.458.200)

Sogn og Fjordane

455

(1.442.350)

Møre og Romsdal

10

(31.700)

Sum

1.577

(5.000.000)

Maksimal kvote er ført opp i parantes.

Innanfor den fastsette fylkeskvota kan det løyvast tilskott til rydding (1920 kr/dekar) og planting (1250 kr/dekar) av andre fruktslag enn eple og pære. Jfr. forskrift for tilskott til rydding, planting og drift av frukttrefelt fastsett 19. januar 1990.

Fylke som treng auka kvote eller som ikkje nyttar den tildelte kvota, må gje melding om dette til departementet.

Fylkeslandbrukskontoret må føre særskilt rekneskap over løyvd tilskott til rydding av eple- og pæreareal. Det skal også førast særskilt rekneskap over løyvd og utbetalt tilskott til rydding og planting av andre fruktslag enn eple og pære. Oversiktene skal sendast Landbruksdepartementet, jordbruksavdelinga, postboks 8007 Dep, 0030 Oslo innan 15. juli 1993. For øvrig skal utbetalt tilskott posterast på Landbrukets utbyggingsfond, fondsnr. 810 340

  • post 7-01 Planting
  • post 7-02 Drift av pærefelt
  • post 7-03 Rydding

og takast med i kassarapporten til departementet på vanleg måte.

Vi bed også, så langt det er råd, om å få oversikt over tilplanting av areal det er løyvd tilskott til rydding av i 1990-93. Det vil vera ein fordel om oversikta viser korleis nyplantinga fordeler seg på ulike fruktslag.

Det vart i 1981 innført ei ordning med tilskott til drift av nyplanta felt med pæretre i tillegg til det vanlege plantetilskottet, jfr. rundskriv M-97/81 og forskrift for tilskott til rydding, planting og drift av frukttrefelt. Arealtilskottet er 2000 kroner pr. dekar og år, avgrensa til dei fyrste fem åra etter planting. 1987 vart sett som siste året for løyving av slikt tilskott. Tilskott kan utbetalast i fem år løpande etter at pæreplantinga var ferdiggodkjent. Tilskott til drift av pærefelt kan no berre utbetalast i dei tilfella der femårsperioden ikkje er gått ut.

Utbetalt arealtilskott skal posterast på Landbrukets utbyggingsfond, fondsnr. 810 340, post 7-02. Fylkeslandbrukskontoret skal innan 15. januar 1994 sende oppgåver over utbetalt tilskott i 1993. Det skal sendast kassarapport over utbetalt tilskott kvart år.

Vi bed fylkeslandbrukskontora syta for informasjon til fruktdyrkarane om ordninga med frist for framsetjing av søknad, slik at ryddinga blir utført innan 1. juli.

Med hilsen

Magne Stubsjøen

Jarleif Norheim

Sakshandsamar: Bjørn Huso



Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55