M-3/1996 - Statsbudsjettet 1997 - Budsjettforslag fra forskningsinstituttene
R-445 (09.01.1996)
Rundskriv | Dato: 09.01.1996 | Landbruks- og matdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Landbruksdepartementet
Rundskriv
|
Saksnr. 1996/00148 |
23. februar 1996 |
Vedlegg 1 Tilpasset rapporteringsskjema for den aktuelle institusjon/etat
Vedlegg 2 Skjema for tidsavgrensa organiserte stillingar pr. 1. mai 1996
Til |
NILF, NISK |
Innleiing
Departementet gjev med dette rundskrivet generelle retningsliner for institusjonane sine budsjettframlegg for 1997. Frist for innsending av budsjettframlegget er 2. mai 1996.
Landbruksnæringa står overfor utfordringar på fleire område. Eit hovudmål for landbrukspolitikken framover er å skape eit meir framtidsretta landbruk, som er meir robust i høve til å møte nye utfordringar og endringar i rammevilkåra, jf. St prp nr 8 (1992-93) og
St prp nr 1 (1995-96). Det er difor viktig å redusere kostnadsnivået i jordbruket, få ein meir konkurransedyktig omsetnad og foredling av jordbruksvarer og nytte ut nye høve til verdiskaping og næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Departementet legg vidare stor vekt på å vidareføre omsynet til miljøet. Institusjonar/etatar må gjere sitt for at norsk landbruk utviklar seg i tråd med desse måla og blir meir framtidsretta.
Mål- og resultatstyring er eit sentralt virkemiddel for å sikre effektiv ressursbruk og høg måloppnåing i forvaltninga. Dette systemet inneber at departementet overfor institusjonane og etatane fastset overordna mål og resultatmål samstundes som dei ulike verksemdene har stor fridom til å avgjere korleis måla skal bli nådd.
Ein viktig konsekvens av målstyringsprinsippet er at krava til verksemdene har auka når det gjeld å dokumentere resultat, og med det å vise kva for effekt dei ulike ordningane og verkemidla har hatt. Behovet for betre resultatdokumentasjon frå underliggjande institusjonar og etatar har vore sterkt understreka i budsjettrundskriv dei siste åra.
For departementet er budsjettrundskrivet elt viktig styringsdokument som får fram grunnlagsmateriale til budsjettbehandlinga i departementet og som sikrar at institusjonane/etatane får den same informasjonen med omsyn til viktige styringssignal.
Institusjonane sine budsjettforslag, med klåre målformuleringar og strategiar som er godt utvikla, er vidare viktige bidrag til styringsdialogen mellom departementet og dei underliggjande verksemdene.
For å oppfylle politiske mål, må ein møte stramme budsjettrammer med omprioriteringar og nytenking. Departementet ønskjer særleg at institusjonane/etatane forklarar korleis endringar i omgivnadene slår ut i endra vektleggingar og omprioriteringar internt i verksemda.
Rundskrivet er i stor grad sams for fleire institusjonar og etatar. Av omsyn til arbeidet med å betre resultatrapporteringa er del II Rapport 1995 lagt ut som eit eige tilpassa vedlegg for kvar enkelt institusjon/etat (vedlegg 1).
Omorganisering av landbruksforskinga
Departementet viser til Stortinget si handsaming av St prp nr 1 Tillegg nr 2 (1995-96) og oppfølginga av dette. Arbeidet med budsjettet for 1997 vil være prega av arbeidet med omorganisering av landbruksforskinga.
Departementet vil fremme ein eigen proposisjon om omorganisering av høgre utdanning og forsking første halvdel av av 1996, her vil ein leggje fram forslag til prinsippvedtak om overføring av høgskolane og omorganisering av landbruksforskingsinstitutta. I St prp nr 1 (1996‑97) vil ein leggje fram dei konkrete vedtak om løyvingar avhengig av Stortinget sine vedtak i samband med handsaminga av først nemnde proposisjon.
På denne bakgrunn bed departementet om at forskningsinstitutta i sitt budsjettforslag for 1997 legg til grunn dei nye retningslinene for statleg finansiering av forskingsinstitutt. Sjå omtale under pkt III Budsjettframlegg nedanfor.
Budsjettframlegget til institusjonen
Budsjettframlegget frå institusjonen skal innehalde I. Mål og strategiar, II. Rapport for 1995 og III. Budsjettframlegg for 1997.
I Mål og strategiar
1. Institusjonen si rolle i samfunnet
Avsnittet skal gje ein kort presentasjon av institusjonen der det primære er å gje eit bilete av oppgåvene og rolle til institusjonen i samfunnet. I tilknyting til dette bør ein og presentere institusjonen sin verksemdidé/visjon.
Institusjonen skal i hovudtrekk få fram korleis ein ser føre seg at behova for institusjonen sine tenester vil utvikle seg dei næraste åra og kva for konsekvensar dette bør få for verksemda med omsyn til vektlegging av mål- og satsingsområde.
2. Mål
Institusjonen skal her gjere greie for sine overordna mål/hovudmål. I utforminga av måla bør ein leggje vekt på samfunnseffekten som verksmda har. Når det gjeld framlegg til konkrete resultatmål for 1997, viser ein til pkt. III nedafor.
3. Analyse av tilstanden
Avsnittet skal gje ei framstilling/analyse av tilstanden innafor institusjonen sine verksemdområde. Framstillinga/analysen skal ta utgangspunkt i dei måla som institusjonen har for verksemda.
4. Framtidige behov for institusjonen sine tenester
Institusjonen skal i hovudtrekk få fram korleis ein ser føre seg at behova for institusjonen sine tenester vil utvikle seg dei næraste åra og kva for konsekvensar dette bør få med omsyn til vektlegging av mål- og satsingsområde.
5. Strategiar
Institusjonen skal legge fram dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda. Strategiane skal ha ei klår forankring i institusjonen sine mål, samstundes som dei tek utgangspunkt i realistiske ressursrammer.
Det er viktig at strategiane synleggjer korleis institusjonen har tenkt å kome frå nåtilstand, jf pkt. 3 til ønskt framtidig tilstand, jf. pkt. 2.
Landbruksdepartementet vil og be om at institusjonen legg fram strategiar på område med behov for endring, jf. pkt. 4.
II Rapport 1995
Når det gjeld bruk av FIOL viser departementet til brev av 12.01.95. Departementet stiller ikkje krav til bruk av FIOL, men krav til at dei opplysningane som blir gitt i.h.t. punkt G, H, I og J i vedlegget skal være prosjektbasert (vedlegg 3). Dette kan oppfyllast på to måtar:
1. Ved at institusjonane sjølve har eigne system som sørgjer for at dei kan generere desse opplysningane frå ein prosjektbase.
2. Ved at institusjonane nyttar den nye FIOL-applikasjonen som er utvikla av Softforum.
III Budsjettframlegg
Departementet bed om at forskningsinstitutta i sitt budsjettforslag for 1997 legg til grunn dei nye retningslinene for statleg finansiering av forskingsinstitutt. Dette inneber at inntektene til institutta vil bestå av (jfr. omtale i St prp nr 1 Tillegg nr 2 (1995-96)):
- grunnløyving,
- statregiske instituttprogram,
- forvaltningsretta aktivitetar og nasjonale oppgåver
- forskningsprogram og prosjekt
Departementet har som kjent sett ned fire arbeidsgrupper for å gå gjennom verksemda til institusjonane og gjere dei nødvendige tilpasningar til dei nye retningslinene. Budsjettforslaget må utformast i samsvar med dette.
Landbruksdepartementet viser 6g til vårt brev av 12.10.94 til institutta der desse retningslinene vart oversendt
Sidan Stortinget enno ikkje har fatta vedtak om endringar i organiseringa og finansieringsstrukturen ber departementet om at institutta og må kunne gjere greie for korleis budsjettet fordelar seg etter gjeldande budsjettstruktur (med fordeling på post 01, 11 og 21). Dette kan gjerast kortfatta som ein merknad i budsjettframlegget.
Budsjettframlegget skal på vanleg måte femne om alle utgifter og inntekter som kjem til kontant utbetaling eller innbetaling i budsjettåret, og framlegget skal byggje på forventa prisnivå i 1996. Forventa prisstigning i 1997 vil bli innarbeidd av departementet.
Retningsliner for statsbudsjettet for 1997 er enno ikkje utforma av Finansdepartementet. Landbruksdepartementet tek difor visse atterhald m.o.t. opplysningane nedafor. Endringar i føresetnadene eller behov for tilleggsdata vil vi eventuelt kome tilbake til.
1. Prioriteringar og satsingsområde for budsjettåret 1997
1.1 Prioriteringar innafor uendra budsjettramme
Under punktet skal institusjonen leggje fram og grunngi kva for oppgåver og verksemdområde som vil bli styrkt og redusert innafor eit uendra driftsbudsjett i høve til tildelinga for 1996. Ein bør leggje opp til ein særskild omtale av viktige satsingsområde. Departementet vil be om at omprioriteringane blir oppsummert i ein tabell som vist nedafor. I tabellen må det og gå fram kor stor effektiviseringsgevinst ein legg til grunn i 1997, jf linje III i tabelloppsettet. Beløpet blir gjeve opp i mill. kr med 1 desimal.
(mill. kr)
Oppgåver |
Verksemdområde |
Auke/reduksjon |
|
I. Auka ressursbehov |
(Spesifiserast) |
(Spesifiserast) |
+ |
II. Redusert ressursbehov |
(Spesifiserast) |
(Spesifiserast) |
- |
III. Effektivisering |
- |
||
Uendra driftsbudsjett |
0 |
1.2 Prioriteringar innafor ei redusert budsjettramme
Under punktet skal institusjonen gjere framlegg om reduksjonar som samla utgjer 3 % i høve til tildelinga for 1996. Ein ber om at dei oppgåvene som får redusert ressursbruken blir summert opp i ein tabell som vist nedafor.
(Mill. kr
Oppgåver |
Verksemdområde |
Reduksjon |
|
Redusert ressursbruk |
(Spesifiserast) |
(Spesifiserast) |
|
Redusert driftsbudsjett |
(3 %) |
1.3 Om store nyinnkjøp etc.
Departementet vil elles vise til at institusjonen kan foreslå auka ressursrammer gjennom meirnntekter. Det er generelt lettare å få gjennomslag for tilleggsframlegg mot meinnntekter enn tilleggsframlegg utan inndekking.
Landbruksdepartementet vil framleis disponere løyvingar sentralt under kap. 1100, postane
45 Store nyinnkjøp og
46 Ekstraordinært vedlikehald.
InstitusjonanE/etatane kan i eigen søknad til departementet søke om midlar til enkeltprosjekt. Søknad om slike midlar må sendast departementet innan 1. mars i budsjetterminen.
1.4 Stillingar m.m.
Sidan Stortinget enno ikkje har fatta vedtak om endring i organiseringa, ber vi om at skjemaet for organiserte stillingar pr. 1. mai 1996 blir fyllt ut, jf. vedlegg 2. Vi ber institusjonane gruppere stillingane etter dei stillingskategoriane som er nytta i St prp nr 1 (1995‑96).
Eventuelle framlegg om nye stillingsheimlar (alle grupper) eller framlegg om omgjering av/til gruppe I stillingar (avdelingsdirektør, sjefsingeniør, forskingssjef, professor el. tilsvarande/høgare) må ein ta opp særskild innan 15. april 1996. Departementet oppmodar verksemdene til å melde frå dersom det er stillingsheimlar som står unytta, og som derfor kan nyttast andre stader innafor forvaltningsområdet.
Dersom institusjonen i 1997 har behov for fleire stillingsheimlar til oppdragsforsking/ oppdragsverksemd under post 21, ber departementet om at dette blir forklart særskild.
2. Resultatmål
Departementet ønskjer betre dokumentasjon av resultata av verksemda i institusjonane/etatane, særleg m.o.t. samfunnseffektar. Utforming av konkrete resultatmål og tilhøyrande resultatindikatorar er eit nødvendig skritt i den retninga.
I budsjettproposisjonen for 1995 er det presentert resultatmål og resultatindikatorar for institusjonen/etaten. Institusjonane kan i budsjettframlegget åg gjere framlegg om nødvendige justeringar av resultatmåla og/eller ‑indikatorane eller gjere framlegg om viktige nye resultatmål og tilhøyrande resultatindikatorar.
3. Inntekter
Alle inntektene må bli budsjetterte så realistisk som mogleg, og i nødvendig grad sjåast i samanheng med nivået på utgifter som er knytt til desse. Reduserte inntekter vil normalt føre til ein tilsvarande reduksjon på utgiftssida. Dersom ein ventar at inntektene vil gå ned, er det difor viktig at verksemda vurderer nærare korleis ein kan kompensere for irintektsbortfallet.
Landbruksdepartementet ber institusjonane gjere ein grundig gjennomgang av tiltak som kan gje auke i inntektene. Dette er viktig med omsyn til budsjettbalansen for Landbruksdepartementet totalt og med tanke på å finne fram til ordningar som gjev institusjonane auka økonomisk handlefridom.
- insitusjonen kan ta betalt for/auke prisen for tenester og andre produkt som institusjonen leverer
- institusjonen kan leggje gebyr på/auke gebyret på andre oppgaver som institusjonen gjer
- institusjonen kan auke omfanget av oppdragsforsking/oppdragsverksemd i høve til omfanget av slik verksemd i dag
Forslag om auka utgifter mot auka inntekter må fremmast som ei a sak innan 15.03.96.
Praktiske spørsmål
Budsjettframlegget med vedlegg skal sendast Landbruksdepartementet ved Administrasjons- og økonomiavdelinga i 4 eksemplar innan 1. mai 1996.
Vi gjer merksam på at institusjonane sine budsjettframlegg er offentlege dokument, og at desse etter ev. oppmoding blir sendt Stortinget.
St prp nr 1 er Regjeringa sitt budsjettframlegg, og departementet tillet ikkje at institusjonane uoppfordra går direkte til Stortinget med budsjettsaker.
Med hilsen
Terje Jensen |
||
Anne Kathrine Fossum |