M-6/1998 - Tilskott til rydding, planting og kvalitetstiltak i frukttrefelt fordeling av fylkeskvoter for 1998

R-610 (09.03.1998)

Rundskriv
M-6/1998
R-610

Saksnr. 1998/00862

09.03.1998

Til

Fylkesmennene, landbruksavdelingen
Kommunene
Statens Landbruksbank

Tilskott til rydding, planting og kvalitetstiltak i frukttrefelt - fordeling av fylkeskvoter for 1998

Ved jordbruksoppgjøret 1997 blei det satt av 4 mill, kroner til ordningen i 1998, jfr. St.prp. nr. 70 (1996-97). For disponering av midlene skal “forskrift for tilskott til rydding, planting og kvalitetstiltak i frukttrefelt”, fastsatt 26.02.97 legges til grunn. For utfyllende kommentarer til enkelte av bestemmelsene i forskriften vises til rundskriv M-8/97 datert 03.03.97.

Innenfor ordningen kan det gis tilskott til to hovedformål:

  • støtte rydding av eldre/urasjonelle frukttrefelt med eple, pære, plomme og søt- og surkirsebær
  • fremme kvaliteten i søtkirsebærproduksjonen gjennom støtte til planting/dekking av søtkirsebærfelt

Fylkesvis kvotefordeling

Av bevilgningen på 4 mill. kroner for 1998 er 2 mill. kroner avsatt til rydding av eldre og urasjonelle frukttrefelt og 2 mill. kroner avsatt til planting og dekking av søtkirsebærfelt.

Det er foretatt følgende fylkesvise fordeling (kroner):

Fylke

Rydding av eldre og urasjonelle frukttrefelt

Planting og dekking av søtkirsebærfelt

Østfold

0

0

Akershus og Oslo

0

0

Hedmark

0

0

Oppland Buskerud

0

0

 

285.000

50.000

Vestfold

120.000

50.000

Telemark

135.000

800.000

Aust-Agder

25.000

0

Vest-Agder

45.000

50.000

Rogaland

45.000

250.000

Hordaland

750.000

650.000

Sogn og Fjordane

570.000

100.000

Møre og Romsdal

25.000

50.000

Totalt

2.000.000

2.000.000

Fylkenes rapporter om bruk av midler i 1997 viser at behovet for midler langt oversteg de tildelte kvoter i alle fylker. Ved stor søknadspågang til rydding bør områder som er lite egnet for fruktdyrking prioriteres.

Et vilkår for å fa utbetalt tilskott til rydding er at trærne blir hogd innen 1. juli. Landbruks­avdelingene må fastsette en frist for innsending av søknad slik at ryddinga av felt som innvilges tilskott kan utføres innen 1. juli.

Landbruksavdelingene er ansvarlige for å kunngjøre tilskottsordningen.

Rapportering

Fylkesmannen, landbruksavdelingen skal innen 15. januar 1999 sende inn en rapport som viser henholdsvis

  • innkomne søknader i 1998: registrert behov i antall dekar når det gjelder rydding
  • innkomne søknader i 1998: registrert behov i antall dekar når det gjelder dekking og planting/dekking
  • innvilget og utbetalt tilskott til rydding av eldre og urasjonelle frukttrefelt fordelt på de forskjellige fruktslaga samt antall dekar som har blitt ryddet i 1998
  • innvilget og utbetalt tilskott til planting og dekking av søtkirsebærfelt. Dette må fordeles på planting/dekking av nye felt og dekking av eksisterende felt. Vennligst spesifiser også hvor mange dekar som har fått støtte til dette.

Rapportene for 1997 var av varierende kvalitet. Vi ber derfor om at alle fylkene som mottar tilskudd er nøye med rapporteringen for 1998.

Utbetalt tilskott skal posteres på Landbrukets utviklingsfond, fondsnr. 810 340 05, og tas med i kassarapporten til departementet på vanlig måte.

Vedlegg:

Forskrift for tilskott til rydding, planting og kvalitetstiltak i frukttrefelt

(Gjeve av Landbruksdepartementet 26. februar 1997 i medhald av jordbruksoppgjeret og med heimel i jordlova av 12. mai 1995 nr. 23 §§ 3 og 18 og etter samråd med Norsk Bonde-og Småbrukarlag og Norges Bondelag)

§ 1 Føremål

Føremålet med tilskottsordninga er å fremje marknadstilpassa og bærekraftig produksjon av kvalitetsfrukt gjennom å gje støtte til rydding av eldre og urasjonelle frukttrefelt og gjennomføring av kvalitetstiltak

§ 2 Tiltak

Tilskott kan gjevast til:

  • rydding av eldre/urasjonelle frukttrefelt med eple, pære, plomme og søt- og surkirsebær.
  • planting og dekking av søtkirsebærfelt

Det kan ikkje gjevast tilskott til rydding dersom det er utbetalt ryddetilskott for feltet etter 1.1.90

For søtkirsebærfelt som er planta etter 1.1.92 og som tilfredsstillar krava gi evne under § 3 Vilkår, kan det gjevast tilskott til dekking av feltet.

Det kan ikkje gjevast tilskott til planting av nye søtkirsebærfelt utan at dekking inngår i planen for tiltaket, jfr.§ 3.2.

§ 3 Vilkår

3.1 Krav til bruket

Tilskott kan gjevast til bruk som fyller krava for å motta støtte etter generell forskrift om produksjonstillegg, pkt. 2 Definisjonar.

Dersom søkjaren ikkje eig bruket, må han ha heimel til å gjennomføra arbeidet i forpaktningskontrakt eller annan skriftleg avtale. Kontrakten må leggjast fram for kommunen og fylkesmannen.

Fylkesmannen kan stille særskilte vilkår for tildeling av tilskott dersom dette er naudsynt for åfa god effekt av tiltaket eller er rett driftsøkonomisk sett.

3.2 Krav til tiltaket

Ved rydding må feltet minst vere eitt dekar samanhengande areal. Det er eit vilkår for tilskott til rydding at det er drive fruktproduksjon som næringsverksemd på bruket.

Ved planting og dekking av søtkirsebærfelt må feltet vere fulldyrka/overflatedyrka og tilfredsstillande grøfta. Feltet må dekke eit areal på minimum 3 dekar. Feltet skal tilplantast med minst 80 tre pr.dekar godkjent areal.

For å sikre jamn tilførsel av vatn er det eit krav at det vert bygd vatningsanlegg på feltet. Fylkesmannen kan utfrå ein fagleg vurdering av jordart, klima m.v gjere unntak frå dette kravet i særskilte tilfelle.

Sortsvalet må vere tilpassa tilhøva på bruket og det som er ynskjeleg med tanke på omsetnad også på den utanlandske marknaden. Fylkesmannen kan i samråd med grossistane og fagmiljøa setje krav til kva sortar som kan nyttast i distriktet og krav til kvalitetssikring av produksjonen gjennom gode produksjonsrutinar.

Dekkesystemet skal utformast i samsvar med retningsliner gjevne av Planteforsk.

Det er eit vilkår for tilskottet at tiltaket vert utført i samsvar med planane og vedlikehalde. Arbeidet med tiltaket må ikkje påbyrjast før søknaden om tilskott er avgjort.

3.3 Krav til leveranseavtale

Ein føresetnad for å gje tilskott til planting og dekking av søtkirsebærfelt er at det er inngått skriftleg avtale om levering av produksjonen til godkjent grossist som har marknadsplan for eksport av søtkirsebær.

3.4 Krav til plan

Ved planting og dekking av søtkirsebærfelt skal det utarbeidast ein plan for etablering av feltet der arealet vert avmerka på kart eller flyfoto og der det vert gjort greie for planteavstand, sortsval, grunnstamme, dekkesystem m.v. Plantearealet må avmerkast utfrå fastpunkt. Planen skal også gje eit oversyn over planlagt utvikling av kirsebærarealet på bruket, der omfanget av kvart steg og framdrifta av nyplantingane er gjevne.

Kostnadene med rydding og planting/dekking må setjast opp kvar for seg i kostnadsoverslaget.

§ 4 Satsar for tilskott.

4.1 Rydding

Det kan gjevast tilskott til rydding av eldre frukttrefelt med inntil 80 % av godkjent kostnadsoverslag. Tilskottet er avgrensa til 3000 kroner pr. dekar.

I kostnadsoverslaget kan takast med material- og arbeidskostnader til hogging av trea og fjerning av stubbane. Kostnader til nødvendig grøfting og til jamning av kupert terreng for køyring med traktor og utstyr i feltet, kan takast med i kostnadsoverslaget.

Det kan gjevast tilskott til planting og dekking i søtkirsebærfelt med inntil 35 % av godkjent kostnadsoverslag. Tilskottet er avgrensa til 12.000 kroner pr. dekar.

I kostnadsoverslaget kan takast med materialkostnader til planting, vatning, nett, dekkesystem (treverk, streng, plast m.v.), leplanting/levegg og arbeidskostnader (eige og leigd).

Dersom søknaden gjeld dekking av eksisterande søtkirsebærfelt som er planta etter 1.1.92, jfr. § 2, er tilskottet avgrensa til 9000 kroner pr. dekar.

Ved dekking av eksisterande felt kan berre kostnadene med dekkesystemet og vatningsanlegg takast med.

§ 5 Søknad, sakshandsaming, prioritering

5.1 Søknad

Søknaden skal skrivast på godkjent skjema. Søknaden skal innehalda plan for arbeidet, teikningar, kostnadsoverslag og skriftleg leveranseavtale med grossist, evnt. fruktlager, dersom søknaden omfattar planting og/eller dekking av søtkirsebærfelt.

5.2 Sakshandsaming

Søknaden skal sendast om kommunen til fylkesmannen.

5.3 Innvilging

Fylkesmannen avgi er søknaden. Ved innvilging skal tilskottet fastsetjast etter dei føresegnene som er gievne i § 4.

Arbeidsfristen for rydding av fruktrefeltet er utgangen av det året søknaden vert innvilga. Trea skal vere hogne man 1. juli.

Arbeidsfristen for planting/etablering av dekkesystem er fire år frå utgangen av det kvartalet søknaden vert innvilga; evnt. fire år frå arealet er rydda og klart for planting. Fristen kan ikkje forlengjast ytterlegare.

5.4 Prioritering

Landbruksdepartementet kan fastsetje fylkeskvoter og reglar for prioritering av søknader.

§ 6 Tilsyn og kontroll

Fylkesmannen eller den fylkesmannen gir fullmakt fører tilsyn med arbeidet.

Før utbetaling av tilskottet skal det kontrollerast at arbeidet er utført i samsvar med planen og føresegnene som er gjevne i denne forskriften.

Fylkesmannen, eller den fylkesmannen gir fullmakt, fører tilsyn med at vilkåra for tilskottet vert overhaldne. Brukaren må finna seg i nødvendig kontroll i samband med dette og gje turvande opplysningar.

§ 7 Utbetaling

Fylkesmannen utbetaler tilskottet etter tilvisning frå kommunen når det føreligg skriftleg melding frå søkjaren. Det kan utbetalast inntil 75 % av det løyvde tilskottet når ein tilsvarende del av arbeidet er utført. For rydding kan det ikkje utbetalast forskott når feltet er mindre enn tre dekar. Minstegrensa for utbetaling av forskott er når 25 % av tiltaket er utført.

Dersom arbeidet ikkje er ferdig innan den fastsette fristen, skal tilskottet reknast ut frå kostnadene berre for det arealet som er gi ort heilt ferdig. For rydding kan det ikkj e betalast ut tilskott dersom arbeidet som er gjort ferdig er mindre enn eitt dekar. Tilsvarande minstegrense for planting og dekking av søtkirsebærfelt, er tre dekar.

Minst 25 % av tilskottet skal haldast tilbake til arbeidet er fullført.

§ 8 Tilbakebetaling

Syner det seg ved kontroll av feltet eller ved justering som nemnt under §6 at det er betalt ut for mykje tilskott, skal den overskytande delen betalast attende.

Tilskottet kan krevjast tilbakebetalt, heilt eller delvis, dersom føresetnadane for tilskottet ikkje er oppfyllte. Krav om tilbakebetaling skal setjast fram av fylkesmannen straks ein har fatt kjennskap om tilhøve som er i strid med føresetnadene for tilskottet.

Når krav om tilbakebetaling er framsett, kan kravet motreknast i produksjonstillegg eller andre tilskott som vedkomande har krav på, eller inndrivast etter vanlege rettsreglar. Det kan krevjast morarenter av den summen som skal betalast attende.

Krav om tilbakebetaling kan ikkje setjast fram seinare enn 10 år etter at tilskottet er utbetalt.

§ 9 Dispensasjon

Landbruksdepartementet kan fråvike føresegnene i denne forskrifta dersom særlege grunnar tilseier dette. Dispensasjon kan ikkje gå utover føremålet med tilskottsordninga og heller ikkje det som er fastsett ved stortingsvedtak eller er kravd i lov eller særskilt forskrift.

§ 10 Klage

Vedtak som fylkesmannen har gjort i medhald av denne forskrifta gjev klagerett etter lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. VI.

§ 11 Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samstundes blir forskrift for tilskott til rydding, planting og drift av frukttrefelt, fastsett av departementet 19. januar 1990, oppheva.


Med hilsen

Almar Sagelvmo
landbruksdirektør

   
   

Gabriella Dånmark
avdelingsdirektør