Meld. St. 19 (2010–2011)

Samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2010

Til innhaldsliste

3 Vedtak nr. 2/10. Utviding av mandatet til OSSEs Høgkommissær for nasjonale minoritetar

Ministerrådet,

som minner om vedtaket på KSSE-toppmøtet i Helsingfors i 1992 om å opprette ei stilling som høgkommissær for nasjonale minoritetar,

som tek omsyn til at den første mandatperioden til den noverande høgkommissæren, Knut Vollebæk, går ut 19. august 2010,

som tek omsyn til tilrådinga frå Det faste rådet,

vedtek å utvide mandatet til Knut Vollebæk som OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar for ein periode på tre år, med verknad frå 20. august 2010.