4 Vedtak nr. 3/10. Tid og stad for det neste OSSE-toppmøtet og den neste tilsynskonferansen
Ministerrådet,
som minner om ministererklæringa om Korfu-prosessen i OSSE frå 2. desember 2009 (MC.DOC/1/09) og ministerrådsvedtaket om tid og stad for neste møte i OSSEs ministerråd frå 2. desember 2009 (MC.DEC/14/09),
som minner om vedtaket frå toppmøtet i Budapest i 1994 om at tilsynsmøtet før kvart toppmøte skal haldast i Wien, og som tek omsyn til at det er vanleg praksis å halde delar av tilsynskonferansen frå 1999 på andre stader,
som handlar i samsvar med OSSEs forretningsorden (MC.DOC/1/06), og som minner om vedtak nr. 476 i Det faste rådet om reglane for OSSE-møte om spørsmål knytte til den menneskelege dimensjonen,
som tek omsyn til vedtak nr. 932 i Det faste rådet om datoane for gjennomføringsmøtet om den menneskelege dimensjonen (HDIM) i 2010 og vedtak nr. 933 i Det faste rådet om temaa for den andre delen av HDIM-møtet i 2010,
som merkjer seg at den årlege tilsynskonferansen om tryggingsspørsmål, den årlege tilsynskonferansen innanfor den menneskelege dimensjonen og Forum for økonomiske og miljømessige spørsmål allereie var haldne i 2010,
vedtek at
det neste OSSE-toppmøtet skal finne stad i Astana 1. og 2. desember 2010,
det 18. møtet i OSSEs ministerråd skal haldast i 2011,
tilsynskonferansen før det neste OSSE-toppmøtet skal finne stad i tre delar, der arbeidsmøta skal fordelast mellom dimensjonane på denne måten:
den første delen skal haldast i Warszawa frå 30. september til 8. oktober 2010,
den andre delen skal haldast i Wien frå 18. til 26. oktober 2010, med fokus på i) alle OSSE sine forpliktingar innanfor den militærpolitiske dimensjonen, ii) alle OSSE sine forpliktingar innanfor den økonomiske og miljømessige dimensjonen, og iii) strukturar og aktivitetar i OSSE; og møtet skal organiserast i parallelle arbeidsmøte,
den tredje delen skal arrangerast i Astana frå 26. til 28. november 2010,
Dei delane av tilsynskonferansen som vert haldne i Warszawa og Astana, skal fokusere på alle OSSE sine forpliktingar innanfor den menneskelege dimensjonen, mellom anna temaa som vart utpeikte i PC.DEC/933, og skal organiserast som påfølgjande arbeidsmøte. Reglane for dei årlege gjennomføringsmøta om den menneskelege dimensjonen, slik dei er fastsette i PC.DEC/476, skal brukast tilsvarande på dei delane av tilsynskonferansen som gjeld den menneskelege dimensjonen. Gjennomføringsmøtet om den menneskelege dimensjonen i 2010 skal avlysast,
Det faste rådet skal gjere vedtak
om dagsordenen, den organisatoriske ramma, tidsplanen og andre reglar for OSSE-toppmøtet i Astana i 2010,
om dagsordenen, den organisatoriske ramma, tidsplanen og andre reglar for OSSE-tilsynskonferansen i 2010,
om budsjettet for toppmøtet og tilsynskonferansen i 2010.