7 Jubileumserklæring frå Astana Mot ein tryggleiksfellesskap
Vi, stats- og regjeringssjefane i dei 56 deltakarstatane i OSSE, har kome saman i Astana elleve år etter det førre OSSE-toppmøtet i Istanbul, for å forplikte oss på nytt til visjonen om ein fri, demokratisk, felles og udeleleg euroatlantisk og eurasisk tryggleiksfellesskap som strekkjer seg frå Vancouver til Vladivostok, og som er forankra i avtalte prinsipp, felles forpliktingar og felles mål. Når vi no markerer 35-årsjubileet for Sluttakta frå Helsingfors og 20-årsjubileet for Paris-pakta for eit nytt Europa, stadfestar vi at prinsippa denne organisasjonen byggjer på, framleis er relevante, og at vi stadig er forplikta av dei. Vi har gjort store framsteg, men vi erkjenner òg at det må gjerast meir for å sikre full respekt for og gjennomføring av desse kjerneprinsippa og forpliktingane som vi har påteke oss i den militærpolitiske dimensjonen, den økonomiske og miljømessige dimensjonen og den menneskelege dimensjonen, særleg på område som menneskerettar og grunnleggjande fridomar.
Vi stadfestar at vi sluttar fullt opp om FN-pakta og alle OSSE-normer, prinsipp og forpliktingar, heilt frå Sluttakta frå Helsingfors, Paris-pakta, Tryggingspakta for Europa og alle andre OSSE-dokument som vi har vorte samde om, og at vi er ansvarlege for å gjennomføre dei i sin heilskap og i god tru. Vi understrekar på nytt at vi er forplikta av omgrepet utvida, kooperativ, lik og udeleleg tryggleik, som vart lansert i Sluttakta, og som knyter fredsbevaring til respekt for menneskerettane og grunnleggjande fridomar og koplar økonomi- og miljøsamarbeid saman med fredelege mellomstatlege forhold.
Tryggleiken til kvar deltakarstat er uløyseleg knytt til tryggleiken til alle dei andre. Kvar deltakarstat har lik rett til tryggleik. Vi stadfestar på nytt den ibuande retten til kvar enkelt deltakarstat til fritt å kunne velje eller forandre tryggingsordningane sine, mellom anna alliansetraktatar, etter kvart som dei utviklar seg. Kvar stat har òg rett til å vere nøytral. Kvar deltakarstat skal respektere rettane til alle dei andre i desse samanhengane. Dei skal ikkje styrkje tryggleiken sin på kostnad av tryggleiken til andre statar. Innanfor OSSE kan ingen stat, gruppe av statar eller organisasjon ha eit hovudansvar for å oppretthalde fred og stabilitet i OSSE-området eller sjå på ein del av OSSE-området som sin interessesfære. Vi skal berre oppretthalde ein militær kapasitet som er i samsvar med dei legitime individuelle eller kollektive tryggingsbehova våre, der vi tek omsyn til forpliktingane våre etter folkeretten og dei legitime forsvarsbehova til andre statar. Vi stadfestar vidare at alle OSSE sine prinsipp og forpliktingar, utan unntak, gjeld likt for alle deltakarstatane, og vi understrekar at vi står ansvarlege overfor borgarane våre og kvarandre for at dei vert gjennomførte i sin heilskap. Vi ser på desse forpliktingane som noko vi har skapt i fellesskap og som følgjeleg direkte og legitimt angår alle deltakarstatane.
Takka vere desse normene, prinsippa og forpliktingane har det vore mogeleg for oss å gjere framgang med å leggje gamle konfliktar bak oss og bevege oss nærare mot demokrati, fred og samhald i heile OSSE-området. Vi må ha dei med oss som rettesnor vidare i det 21. hundreåret når vi arbeider saman for å gjere den ambisiøse visjonen frå Helsingfors og Paris til ein realitet for alle innbyggjarane våre. Saman med alle andre OSSE-dokument fastset dei tydelege standardar for deltakarstatane i behandlinga av kvarandre og alle enkeltpersonar på territoria deira. Vi er fast bestemte på å byggje vidare på dette sterke grunnlaget, og vi stadfestar på nytt at vi er forplikta til å styrkje tryggleiken, tilliten og dei gode naboforholda mellom statane og folka våre. I denne samanhengen er vi overtydde om at OSSE framleis speler ei avgjerande rolle, som bør styrkjast ytterlegare. Vi vil vidare arbeide med å styrkje effektiviteten og handlekrafta i OSSE.
Vi verdset at OSSE, som den mest inkluderande og omfattande regionale tryggingsorganisasjonen i det euroatlantiske og eurasiske området, framleis er eit unikt forum som arbeider på grunnlag av konsensus og suveren jamlikskap mellom statane, for å fremje open dialog, førebyggje og løyse konfliktar, byggje felles forståing og fremje samarbeid. Vi understrekar kor viktig arbeidet er som vert gjort av OSSE-sekretariatet, Høgkommissæren for nasjonale minoritetar, Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar og Representanten for frie medium, i tillegg til OSSEs feltoperasjonar, i samsvar med deira respektive mandat, som hjelper deltakarstatane med å gjennomføre OSSE-forpliktingane sine. Vi er fast bestemte på å intensivere samarbeidet med Parlamentarikarforsamlinga i OSSE og støttar opp om innsatsen for å fremje tryggleik, demokrati og velstand i heile OSSE-området og blant deltakarstatane og for å auke tilliten mellom deltakarstatane. Vi verdset òg den viktige rolla organisasjonen speler for å opprette effektive tillits- og tryggleiksskapande tiltak. Vi stadfestar på nytt at vi er forplikta til å gjennomføre dei fullt ut, og at vi er fast bestemte på å sikre at dei held fram å vere eit vesentleg bidrag til den felles og udelelege tryggleiken vår.
OSSEs heilskaplege og kooperative tilnærming til tryggleik, som ser dei menneskelege, økonomiske og miljømessige, politiske og militære dimensjonane ved tryggleik som ein integrert heilskap, er framleis heilt nødvendig. Vi er overtydde om at det ibuande menneskeverdet til den enkelte står i sentrum for full tryggleik, og vi tek opp att at menneskerettar og grunnleggjande fridomar er umistelege, og at det viktigaste ansvaret vi har, er å fremje og verne om dei. Vi stadfestar kategorisk og ugjenkalleleg at forpliktingane vi har teke på oss under den menneskelege dimensjonen, har direkte og legitim interesse for alle deltakarstatane og ikkje berre høyrer inn under ein bestemt stats indre saker. Vi verdset den viktige rolla sivilsamfunnet og frie medium speler i arbeidet med å sikre full respekt for menneskerettar, grunnleggjande fridomar, demokrati, mellom anna frie og rettferdige val, og rettsstaten.
Det står att alvorlege truslar og utfordringar. Vi må overvinne mistillit og sprikande syn på tryggleik. Forpliktingane våre i den militærpolitiske, økonomiske og miljømessige og menneskelege dimensjonen må gjennomførast i sin heilskap. Respekten for menneskerettane, grunnleggjande fridomar, demokrati og rettsstaten må vernast om og styrkjast. Det må gjerast ein større innsats for å fremje religions- og trusfridom og kjempe mot intoleranse og diskriminering. Vi må vidareutvikle eit gjensidig fordelaktig samarbeid som har som mål å møte konsekvensane økonomiske og miljømessige utfordringar får for tryggleiken i regionen vår. Dialogen om energitryggleik, mellom anna om avtalte prinsipp for samarbeidet, må styrkjast. Det bør gjerast ein sterkare innsats for å løyse eksisterande konfliktar i OSSE-området på ein fredeleg og framforhandla måte, innanfor format vi er samde om, med full respekt for normene og prinsippa frå folkeretten som er nedfelte i FN-pakta og Sluttakta frå Helsingfors. Vi må hindre at det oppstår nye kriser. Vi lover å avstå frå truslar om eller bruk av makt på einkvar måte som er i strid med føremåla og prinsippa i FN-pakta eller med dei ti prinsippa i Sluttakta frå Helsingfors.
Kontroll med konvensjonelle våpen og tillits- og tryggleiksskapande tiltak er framleis viktige verktøy for å sikre militær stabilitet, føreseielege forhold og openheit, og desse verktøya må no få nytt liv, oppdaterast og moderniserast. Vi verdset arbeidet til Forum for tryggingssamarbeid og ser fram til at Wien-dokumentet frå 1999 vert oppdatert. Vi verdset at CFE-avtalen medverkar til å skape eit stabilt og føreseieleg miljø for alle deltakarstatane i OSSE. Vi merkjer oss at CFE-avtalen ikkje er gjennomført slik at kapasiteten vert fullt utnytta, og at tilpassingsavtalen til CFE-avtalen (ACFE) ikkje er tredd i kraft. Vi seier oss glade for at det vert gjort ein styrkt innsats for å kome ut av blindgata vi no er inne i, og vi uttrykkjer vår støtte til konsultasjonane som no går føre seg, og som har som mål å opne for forhandlingar i 2011.
Samstundes, i dagens samansette og samankopla verd, må vi skape større samhald om målsetjingar og handling når vi står overfor nye grenseoverskridande truslar, som terrorisme, organisert kriminalitet, ulovleg innvandring, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, digitale truslar og ulovleg handel med handvåpen og lette våpen, narkotika og menneske. Slike truslar kan oppstå i eller utanfor regionen vår.
Vi erkjenner at tryggleiken i OSSE-området er uløyseleg knytt til tryggleiken i tilgrensande område, særleg i Middelhavsområdet og i Asia. Vi må difor styrkje samarbeidet med samarbeidspartnarane våre. Vi understrekar særleg behovet for å bidra effektivt, ut frå kapasiteten og dei nasjonale interessene til kvar deltakarstat, til den kollektive internasjonale innsatsen for å fremje eit stabilt, uavhengig, velståande og demokratisk Afghanistan.
Vi ser positivt på initiativ som har som mål å styrje tryggleiken i Europa. Tryggingsdialogen, som vart styrkt gjennom Korfu-prosessen, har medverka til at vi no har eit skarpare fokus på desse initiativa og andre utfordringar vi står overfor i alle dei tre dimensjonane. No er tida inne for å handle, og vi må definere konkrete og handfaste mål i arbeidet med desse utfordringane. Vi er fast bestemte på å samarbeide for å realisere visjonen fullt ut om ein fellesskap med utvida, kooperativ og udeleleg tryggleik i heile OSSE-området. Denne tryggleiksfellesskapen bør ha som mål å møte utfordringane i det 21. hundreåret og må vere basert på full etterleving av dei felles normene, prinsippa og forpliktingane i OSSE, på tvers av alle dei tre dimensjonane. Fellesskapen må samle alle deltakarstatane i OSSE i heile det euroatlantiske og eurasiske området, utan skiljelinjer, konfliktar, interessesfærar og soner med ulike tryggingsnivå. Vi skal arbeide for å sikre at samarbeidet mellom statane våre, og mellom aktuelle organisasjonar og institusjonar dei er medlemer av, vert rettleidd av prinsippa om likskap, partnarskap, inkludering og openheit. Alt medan vi finn styrke i mangfaldet, set vi oss føre å nå dette overordna målet gjennom vedvarande handlekraft og felles innsats, både innanfor OSSE og i andre format.
For dette føremålet pålegg vi den påtroppande formannskapen å organisere ein oppfølgingsprosess innanfor eksisterande format, der det vert teke omsyn til idear og forslag som er lagde fram av deltakarstatane, mellom anna innanfor ramma av Korfu-prosessen og i førebuingane til toppmøtet i Astana, og vi lovar å gjere alt vi kan for å hjelpe dei påtroppande formannskapa med å utvikle ein konkret handlingsplan som byggjer på arbeidet som er gjort av den kasakhstanske formannskapen. Framdrifta i arbeidet skal evaluerast på det neste ministerrådsmøtet i OSSE, som finn stad i Vilnius 6. og 7. desember 2011.
Vi uttrykkjer djup takksemd overfor Kasakhstan for at landet har vore vertskap for møtet vårt, og for energien og vitaliteten landet har synt i arbeidet med den utfordrande oppgåva som formannskap for OSSE i 2010. Vi ønskjer Litauen velkomen som formannskap i organisasjonen i 2011, Irland i 2012 og Ukraina i 2013.