2 Freds- og demokratibygging
OSSE har ein omfattande feltaktivitet. Gjennom 17 såkalla sendelag støttar organisasjonen demokratisk utvikling, menneskerettar og rettsstatsprinsipp i land på Vest-Balkan, i Ukraina, Moldova og Kviterussland (sistnemnde vert lagd ned i 2011), i Sør-Kaukasus og Sentral-Asia.
2.1 Vest-Balkan
Vest-Balkan er framleis det største operasjonsområdet til OSSE. Arbeidet er retta mot demokrati- og institusjonsbygging, flyktningretur, overvaking av og hjelp til gjennomføring av demokratiske val, utvikling av massemedium, fremjing av rettsstaten og menneskerettar og støtte til forsoning mellom folkegrupper. Rolla OSSE speler vert sett pris på i dei fleste vertslanda, som ser på innsatsen til organisasjonen som ei viktig hjelp i sitt eige reformarbeid og arbeidet for euroatlantisk integrasjon. Bistanden frå OSSE har i stor grad hjelpt landa til å førebu seg på EU- og NATO-medlemskap. Det er eit tett samarbeid med FN, EU og NATO i regionen.
OSSE-sendelaga har gradvis kunna fase ut enkelte av dei opphavlege oppgåvene sine etter kvart som delar av mandata er oppfylte og nasjonale styresmakter og lokale aktørar har kunna overta ansvaret. Dette har skjedd parallelt med at EU har trappa opp innsatsen i regionen. Kroatia har forhandla med EU om medlemskap i fleire år og er no inne i sluttfasen. Når striden med Hellas om namnespørsmålet vert løyst, ligg alt til rette for å starte forhandlingane om EU-medlemskap for Makedonia. Forholdet mellom EU og Serbia er i rask betring, noko den serbiske medlemskapssøknaden frå desember 2009 vitnar om. Serbisk kompromissvilje i samband med behandlinga av uttalen frå Den internasjonale domstolen om sjølvstendeerklæringa til Kosovo under generalforsamlinga i FN hausten 2010 har forsterka det positive samarbeidsklimaet. Albania og Montenegro har òg søkt om EU-medlemskap, og Montenegro fekk kandidatstatus i desember 2010. Det vart innført visumfridom til Schengen-området for serbiske, makedonske og montenegrinske borgarar i desember 2009, og eitt år seinare vart dette utvida til også å omfatte Albania og Bosnia-Hercegovina, noko som ytterlegare understrekar den positive utviklinga som har funne stad dei siste åra. I alle land er det eit tett samarbeid mellom sendelaga og EU-representasjonen. NATO-medlemskap for Albania og Kroatia i 2009 – og for Makedonia når namnespørsmålet vert løyst – er eit anna tydeleg uttrykk for framgangen.
Framleis er OSSEs sendelag i Kosovo den største feltoperasjonen organisasjonen har. Etter sjølvstendet i 2008 vert delar av arbeidet til OSSE vidareført, ikkje minst for å sikre rettane til minoritetane, og dette arbeidet utfyller den innsatsen EUs politi- og justisoperasjon (EULEX) gjer. Sendelaget er likevel for stort i forhold til oppgåvene og speler ei nokså marginal rolle blant dei internasjonale aktørane i Kosovo. Det er sett i gang eit nødvendig arbeid med å redusere verksemda til sendelaget, og under budsjettforhandlingane for 2010 og 2011 er løyvinga til aktivitetane til sendelaget redusert med til saman ti prosent. Samtidig kom arbeidet med minoritetsspørsmål relativt sett styrkt ut. Regjeringa støttar eit mindre og meir fokusert OSSE-nærvær i Kosovo, der aktivitetane i større grad vert retta inn mot situasjonen til minoritetane. På denne måten vil OSSE kunne spele ei viktig komplementær rolle til EULEX.
Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina er framleis vanskeleg og uoversiktleg. Medan alle er samde om at det trengst grunnlovsendringar for å få den bosnisk-hercegovinske grunnlova i tråd med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, står representantar for dei tre konstituerande folkegruppene (bosnjakar, serbarar og kroatar) ofte langt frå kvarandre i synet på om Bosnia-Hercegovina bør vere ein einskapsstat eller ei laus samanslutning med få fullmakter på statsnivå. Den politiske situasjonen har påverka arbeidet til sendelaget, særleg innanfor område som utdanning, vern om menneskerettane og demokratibygging. Skulevesenet er ei særleg utfordring fordi det bidreg til å oppretthalde etniske skiljelinjer. Det er difor ei prioritert oppgåve for sendelaget å arbeide for at skulen vert ei samlande og ikkje splittande kraft i det bosniske samfunnet. Arbeidet har til no gjeve få resultat. OSSE gav òg i 2010 omfattande hjelp til oppbygginga av rettsstaten og uavhengige domstolar. Overvaking av behandlinga i domstolane av krigsforbrytarsaker, mellom anna saker som er overførte frå Det internasjonale straffetribunalet for Jugoslavia (ICTY) i Haag, var òg i 2010 ei sentral oppgåve for sendelaget. Rettsforfølging av krigsforbrytarar er svært viktig for det nasjonale forsoningsarbeidet. Retur av flyktningar og internt fordrivne har framleis høg prioritet hos sendelaget. Uteståande eigedomsrettstvistar må løysast og privat eigedom tilbakeførast for å lukkast med å byggje opp att samfunnet og skape økonomisk og sosial framgang, og denne prosessen vert støtta av OSSE-nærværet i Bosnia-Hercegovina. Men arbeidet er vanskeleg og møter ofte politiske, rettslege og administrative hindringar.
Reformarbeidet i Serbia er nært knytt til forventningane om rask europeisk integrasjon. Den klare pro-europeiske kursen som landet har slått inn på etter regjeringsskiftet i 2008, er vidareført i 2010. Etter at Kosovo reiv seg laus frå Serbia og dei fleste EU- og NATO-landa, mellom anna Noreg, godkjende landet, står serbiske styresmakter framleis overfor vanskelege avvegingar. Ingen ser for seg at Serbia i nær framtid vil endre haldning i dette spørsmålet, men serbiske styresmakter har samtidig akseptert å gå i forhandlingar med styresmaktene i Pristina om løysing av nokre praktiske spørsmål. Når slike forhandlingar enno ikkje er komne i stand, skuldast dette ikkje minst regjeringskrise og nyval i Kosovo hausten 2010. Hovudoppgåva til sendelaget er å støtte reformarbeidet, mellom anna å fremje minoritets- og menneskerettar, kjempe mot korrupsjon og organisert kriminalitet og medverke til kapasitetsbygging i domstolane slik at dei kan gjennomføre krigsforbrytarsaker i samsvar med internasjonale standardar. Sendelaget har til dømes stått sentralt i etableringa av ein krigsforbrytardomstol og har sidan 2003 overvaka krigsforbrytarsaker som vert førte i nasjonale domstolar. Sendelaget overvakar i tillegg saker som er oversende frå ICTY. Sendelaget har òg bidrege til å styrkje det regionale samarbeidet om krigsforbrytarsaker.
Andre oppgåver er støtte til vidare reform og utdanning innanfor rettsvesenet, mellom anna kamp mot organisert kriminalitet og korrupsjon. Sendelaget har det samordnande ansvaret for politireform og gjev støtte til styresmaktene på dette området. Reform av politiet har òg stått svært sentralt i arbeidet for å betre forholdet mellom dei etniske gruppene og bidra til stabilitet i landet. Serbia er det største flyktninglandet i Europa. Det er eit utstrakt samarbeid med sendelaga i Bosnia-Hercegovina og Kroatia, i tillegg til FNs høgkommissær for flyktningar og EU-kommisjonen, om det store flyktningproblemet regionen framleis har. Noreg yter monaleg støtte til OSSE-aktivitetane i tillegg til omfattande bilaterale program.
Som følgje av den positive demokratiske og institusjonelle utviklinga i Kroatia vart OSSE-sendelaget nedlagt i 2008 og erstatta av eit mindre kontor som overvakar resterande krigsforbrytarsaker og bidreg til flyktningretur. Leiaren for kontoret slo hausten 2010 fast at mandatet i det store og heile er oppfylt, men Kroatia har likevel akseptert at arbeidet vil verte vidareført òg i 2011. Det er ikkje unaturleg å sjå ei kopling mellom tidspunktet for endeleg avvikling av OSSE-nærværet i landet og spørsmålet om avslutting av medlemskapsforhandlingane med EU.
Vidareføring av reformpolitikken er avgjerande for ambisjonane Makedonia har om EU-medlemskap, og bistanden OSSE-sendelaget gjev til gjennomføring av OHRID-avtalen, utvikling av rettsstaten, tryggingsreform, vallovgjeving, kompetanseutvikling og desentralisering støttar opp om dette arbeidet. Sendelaget medverkar òg i reformer innanfor rettsvesenet og i å byggje opp eit profesjonelt politi som betre speglar den etniske samansetjinga av landet. Vidare har sendelaget hjelpt makedonske styresmakter i arbeidet med å kjempe mot korrupsjon og organisert kriminalitet, mellom anna menneskehandel. Sendelaget arbeider òg med integrering av minoritetsgruppene i det makedonske samfunnet.
Det overordna målet for sendelaget i Albania er å støtte demokratiske reformer, fremje rettsstatsprinsippa og auke respekten for menneskerettane som ledd i arbeidet styresmaktene gjer for å bli ein fullverdig deltakar i dei euroatlantiske samarbeidsstrukturane. Sendelaget har dei seinare åra støtta opp om arbeidet med eigedomsreform, ny vallov, regional administrativ reform, styrking av rolla til parlamentet, kamp mot menneskehandel og korrupsjon, medieutvikling, utvikling av det sivile samfunnet, støtte innanfor politiarbeid og utdanning av grensepoliti. Sendelaget har òg bidrege til likestillingsreform og reform av fengselssystemet, betring i rettane til romfolket, betre vern av vitne og etablering av tilpassa varetektsanlegg for unge lovbrytarar.
Sendelaget i Montenegro støttar reformarbeidet til styresmaktene for å oppfylle krava som vert stilte for full euroatlantisk integrasjon. Sendelaget bidreg til lovgjevingsreform og institusjonsoppbygging for å kjempe mot korrupsjon og organisert kriminalitet, politireform og støtte til frie medium. Sendelaget arbeider òg med miljøvern og økonomisk utvikling. Det er eit nært samarbeid med Europarådet om å styrkje det regionale samarbeidet, medverke til utvikling av ny lovgjeving og auke respekten for menneskerettane og rettane til minoritetane.
2.2 Ukraina, Moldova og Kviterussland
Ukraina vart hardt ramma av finanskrisa og opplevde i 2009 og 2010 økonomisk og sosial tilbakegang. «Oransjerevolusjonen» i 2004 vart starten på ei markert vestorientering i ukrainsk utanrikspolitikk, mellom anna med ønske om NATO-medlemskap, og førte til eit spent forhold til Russland. Etter presidentvalet i byrjinga av 2010, der den tidlegare statsministeren Viktor Janukovitsj kom til makta, har sambandet med Russland vorte betre. Medan den tidlegare leiinga ønskte ukrainsk medlemskap både i NATO og EU, har kursen vorte justert etter presidentskiftet. President Janukovitsj held fast ved at EU-medlemskap framleis skal vere ei hovudprioritering i ukrainsk utanrikspolitikk, medan NATO-medlemskap, som aldri har vunne særlig oppslutning i folket, er teke av dagsordenen. Det er òg sett bom for denne saka gjennom ei lovendring som slår fast at Ukraina skal bli verande eit alliansefritt land. Etter år med store politiske omveltingar og uro ser no styringsevna til ukrainske styresmakter ut til å vere betre. Samstundes meiner delar av opposisjonen at det pågår ein uheldig maktkonsentrasjon.
Ukraina overtek i 2013 formannskapsrolla i OSSE. Prosjektkontoret til OSSE legg vekt på eit nært samarbeid med styresmaktene om å vidareutvikle demokratiet basert på rettsstatsprinsippa. Sendelaget arbeider med demokratisering og godt styresett, utvikling av rettsstaten og med økonomiske, miljømessige og politisk-militære prosjekt. Trygg destruksjon av det farlege rakettdrivstoffet «mélange» har vore det største OSSE-prosjektet i Ukraina. Her har Noreg òg bidrege med store beløp.
Den utanrikspolitiske hovudmålsetjinga for Moldova er integrasjon i EU, og EU har dei siste åra trappa opp støtta til landet. Den ikkje-kommunistiske regjeringskoalisjonen som kom til makta etter valet i 2009, har store ambisjonar om raskast mogeleg EU-integrasjon, og forhandlingane om ein assosieringsavtale med EU starta opp i januar 2010. Heller ikkje etter det framskunda parlamentsvalet hausten 2010 er det klart om ein no vil greie å samle tilstrekkeleg fleirtal i parlamentet til å få valt ein ny president og dermed løyse den langvarige konstitusjonelle krisa. Det er framleis forhandlingar mellom dei ulike politiske grupperingane om kva som bør vere vegen vidare. Valresultatet har like fullt gjeve den ikkje-kommunistiske regjeringskoalisjonen grunnlag for å styre vidare, og EU-integrasjon vil framleis vere den fremste prioriteten. Moldova er det fattigaste landet i Europa og er prega av omfattande arbeidsutvandring. Innanrikspolitisk er difor økonomisk vekst, utvikling av rettsstaten, desentralisering av offentleg administrasjon og løysing av Transnistria-konflikten dei viktigaste prioriteringane. Verdsbanken og EU arrangerte i mars 2010 ein gjevarkonferanse for Moldova i Brussel, der det til saman vart lansert bidrag på 1 936 milliardar euro i perioden 2010–2013 med EU-kommisjonen og Verdsbanken som dei største gjevarane. Noreg lanserte et bidrag på omlag 2,6 millionar euro for 2011 som i hovudsak går til tiltak knytte til styrking av rettsapparatet og institusjonssamarbeid.
Den uløyste konflikten med utbrytarområdet Transnistria, der det meste av industrien ligg, er òg ei alvorleg hindring for økonomisk og sosial utvikling i landet. Trass i ei rekkje initiativ for å få i gang samtalar att om statusen til området har det så langt ikkje lukkast å få teke opp att dei formelle forhandlingane i 5+2-format (OSSE, Moldova, Transnistria, Ukraina, Russland + EU og USA), som ikkje har vore haldne på fire år. OSSE speler ei sentral rolle i samtalane om konflikten i Transnistria, men den langvarige innsatsen til organisasjonen har dei siste åra ikkje gjeve dei resultata ein kunne ønskje.
Konflikten i Transnistria er òg viktig for CFE-avtalen. Under OSSE-toppmøtet i Istanbul i 1999 forplikta Russland seg til å trekkje resterande styrkar og materiell ut av Transnistria (og Georgia) som eit ledd i gjennomføringa av den tilpassa CFE-avtalen (dei såkalla Istanbul-forpliktingane). Tilbaketrekkinga av materiell frå Moldova stansa likevel opp i 2004. Noreg legg vekt på å oppmuntre partane til å gjere bruk av dei kanalane og verkemidla som finst for å løyse konflikten (CFE-avtalen vert omtalt under kap. 5.2).
Hovudoppgåva til sendelaget er å bidra til å konsolidere suvereniteten til Moldova, støtte forhandlingane om konflikten i Transnistria og å finne ei varig ordning for denne regionen. Sendelaget arbeider med eit breitt spekter av saker innanfor den menneskelege dimensjonen, mellom anna menneskerettar, minoritetsrettar, demokrati, frie medium og menneskehandel. Sendelaget har sidan 1999 handtert fjerning og destruksjon av russisk ammunisjon og militært utstyr. Arbeidet med å støtte styresmaktene i kampen mot menneskehandel og andre former for vald mot kvinner og barn er ei anna prioritert oppgåve. Sendelaget arbeider òg med å overvake individuelle menneskerettssaker. Moldovske styresmakter har eit tett samarbeid med OSSE-representantane i landet og gjer bruk av ekspertisen deira i reformarbeidet.
Frå norsk side yter vi eit substansielt bidrag til arbeidet med demokratisering, mellom anna gjennom utsendt juridisk fagpersonell frå Styrkebrønnen (NORLAM) som hjelper til i arbeidet med justissektorreform. Noreg bidreg òg til arbeidet OSSE gjer for å kjempe mot bruken av falske reisedokument gjennom finansiering av Interpol-databasen for tapte og stolne reisedokument i Moldova.
Det autoritære styret i Kviterussland har ikkje vist teikn til svekking, og situasjonen for menneskerettane er framleis svært kritikkverdig. Forfølging og trakassering av journalistar, opposisjonspolitikarar og andre representantar for det sivile samfunnet auka i omfang att i 2010. Presidentvalet i desember 2010 var ifølgje observatørar frå OSSE/ODIHR og andre europeiske organisasjonar langt frå frie og rettferdige. Styresmaktene opptredde svært brutalt med fysisk maktbruk og arrestasjon av opposisjonsleiarar og andre som protesterte mot utfallet av valet, og dette har vekt sterke reaksjonar frå EU, USA og Noreg. Frå norsk side vart det teke klar avstand frå handlemåten til dei kviterussiske styresmaktene. Som tilsvar på dei internasjonale reaksjonane valde Kviterussland på slutten av 2010 å ikkje akseptere at mandatet for OSSE-sendelaget i Minsk vart forlenga. Avrettinga av to personar i mars 2010 stadfesta at Kviterussland er det einaste landet i Europa som framleis nyttar dødsstraff.
Forholdet mellom Kviterussland og OSSE har lenge vore spent som følgje av at styresmaktene har lagt sterke restriksjonar på verksemda til sendelaget. Sendelaget i Minsk arbeidde under svært vanskelege forhold, og all aktivitet vart kontrollert av styresmaktene. Nærværet til OSSE vart likevel sett på som viktig for å oppmuntre det sivile samfunnet, støtte demokratisering og overvake og rapportere om brot på menneskerettane. Avviklinga av nærværet vil gjere det vanskelegare for det internasjonale samfunnet å påverke utviklinga i landet.
Noreg deltok på ein gjevarkonferanse i Warszawa i februar 2011 for å styrkje koordineringa av politikken overfor Kviterussland og støtta til demokratirørsla i landet. Noreg vil, som EU-landa, innføre innreiserestriksjonar og frysing av finansielle midlar retta mot representantar for dei kviterussiske styresmaktene som har bidrege til valfusk, eller som hadde medansvar for dei brutale inngrepa frå styresmaktene under demonstrasjonane etter presidentvalet. Noreg aukar støtta til prosjektsamarbeid med Kviterussland frå 15 til 20 millionar kroner i 2011. Innsatsen rettar seg i første rekkje mot det sivile samfunnet og dei demokratiske kreftene i landet.
Noreg har saman med Tyskland og Finland støtta eit samarbeidsprosjekt mellom OSSE og kviterussiske styresmakter om styrkt grensekontroll, og saman med OSSE og UNDP har vi gått inn i eit prosjekt for å sikre forsvarleg lagring og handtering av handvåpen og tilhøyrande ammunisjon.
2.3 Sør-Kaukasus
Krigen i Georgia i august 2008 viste risikoen for open konflikt med bakgrunn i dei uløyste konfliktane i Kaukasus. Vanskelege naboforhold har stått i vegen for regionalt samarbeid og hemma utviklinga i området. Krigen i Georgia i 2008 førte til eit vanskeleg samarbeidsklima i OSSE, som framleis pregar arbeidet i organisasjonen, trass i fleire initiativ for å betre dialogen. Under toppmøtet i Astana i desember 2010 stranda forsøka på å få vedteke ein omfattande handlingsplan for det vidare arbeidet i OSSE nettopp på spørsmålet om suvereniteten og den territoriale integriteten til Georgia.
Den greske formannskapen forsøkte i 2009 å få til ei løysing som kunne sikre at OSSE framleis kunne vere til stades i heile Georgia. Dette lukkast ikkje og verksemda til OSSE i landet måtte difor avviklast sommaren 2009. Også under den kasakhstanske formannskapen i 2010 fortsette arbeidet med å få gjenoppretta eit OSSE-nærvær, utan at det førte fram. Også FN måtte avvikle det mangeårige arbeidet sitt i landet. I dag er dermed EU, med over 200 sivile observatørar, den viktigaste internasjonale aktøren i Georgia. OSSE speler likevel ei rolle som medformann i den såkalla Genève-prosessen, som kom i gang hausten 2008. Samtalane vert førte mellom Georgia, utbrytarregionane og Russland og vert leidde av FN, EU og OSSE. USA deltek òg i desse samtalane. Samtalane dreier seg dels om praktiske tiltak for konflikthandtering og dels om spørsmål knytte til situasjonen for flyktningar og internt fordrivne som er ramma av konflikten. Dei grunnleggjande spørsmåla om statusen til områda vert ikkje drøfta i Genève-prosessen. Det har vore regelmessige møte òg i 2010, utan at det har kome til noko gjennombrot. Samtalane held fram i 2011.
Noreg støttar suvereniteten og den territoriale integriteten til Georgia og oppmodar partane om å respektere våpenkvileavtalen. Russland har ikkje oppfylt forpliktingane i avtalen om at russiske styrkar skulle trekkjast tilbake til dei posisjonane dei hadde før konflikten i august 2008. Vi har vidare uttrykt djup uro for den humanitære situasjonen i utbrytarregionane, og vi har fleire gonger bedt om at representantar for det internasjonale samfunnet må få tilgang til Sør-Ossetia. Det har vore enklare å få tilgang til Abkhasia. Noreg har dessutan støtta opp om innsatsen til formannskapen for å sikre OSSE eit meiningsfylt nærvær i heile Georgia
Nagorno-Karabakh er folkerettsleg ein del av Aserbajdsjan, men har vore okkupert av armenske styrkar sidan ei våpenkvile tredde i kraft i 1994 etter fleire års konflikt. Armenia har òg kontrollen over ytterlegare sju provinsar, hovudsakeleg mellom Nagorno-Karabakh og Armenia. Det høge talet på internt fordrivne frå denne regionen utgjer eit omfattande problem for Aserbajdsjan. Fredsforhandlingane mellom Armenia og Aserbajdsjan finn stad i den såkalla Minsk-gruppa, som vert leidd av USA, Russland og Frankrike. OSSE støttar medformennene i Minsk-gruppa i forhandlingsprosessen, rapporterer om situasjonen og kjem med forslag til korleis det internasjonale samfunnet kan bidra til ei fredsløysing. OSSE er den einaste internasjonale organisasjonen med permanent tilgang til områda langs konfliktlinja.
Det er vanskeleg å sjå at konflikten vil kunne verte løyst på kort sikt, sjølv om felleserklæringa frå presidentane i dei to landa frå november 2008 var eit skritt i riktig retning. Her forplikta dei to statsleiarane seg til å intensivere forhandlingane om ei fredeleg løysing på konflikten og å vidareføre tillitsskapande tiltak. Dei møttest i alt fem gonger i løpet av 2009, og samtalane vart vidareførte i 2010. I konfliktområdet har likevel spenninga auka. I 2010 var det fleire alvorlege samanstøytar med tap av menneskeliv. Regjeringa vil framleis støtte arbeidet OSSE gjer, og oppmuntrar begge partar til å finne ei fredeleg løysing på konflikten.
Den politiske situasjonen i Armenia er prega av polarisering og djup mistillit mellom regjering og opposisjon. Opposisjonen er svak og splitta, men det har så seint som i mars 2011 vore omfattande demonstrasjonar mot det sitjande styret. Armenia har store utfordringar med fattigdom, og landet vart hardt ramma av den globale finanskrisa.
Sendelaget frå OSSE gjev bistand til politireform, og reform av kriminalomsorga og justisapparatet står òg sentralt. Det vert lagt stor vekt på å gje folk betre tilgang til rettssystemet, mellom anna gjennom opplæring av advokatar og påtalemakt. Armenia har eit stort behov for bistand til å handtere miljøutfordringar, og sendelaget bidreg òg til destruksjon av det svært miljøfarlege rakettdrivstoffet «mélange».
Utviklinga i Aserbajdsjan er prega av at landet vert stadig viktigare som eksportør av olje og gass. Samtidig står Aserbajdsjan overfor ei rekkje utfordringar når det gjeld demokratiske reformer, respekt for menneskerettane og frie medium, der utviklinga har vore negativ dei siste åra. Både medie- og forsamlingsfridomen er i praksis svært avgrensa, og det skjer hyppige overgrep mot journalistar. Parlamentsvalet hausten 2010 var skjemt av valfusk og bidrog ikkje til vidare demokratisering i landet.
OSSE-sendelaget har eit breitt mandat og arbeider særleg med spørsmål knytte til kampen mot korrupsjon, politireform og godt styresett på sentralt og lokalt nivå. Eit program for destruksjon av rakettdrivstoff er òg ein viktig del av arbeidet til sendelaget. Regjeringa vil i 2011 halde fram med å støtte opp om verksemda til OSSE i Aserbajdsjan, med særleg vekt på justisreform og frie medium. Tre juridiske ekspertar frå Styrkebrønnen var i 2010 sekonderte til OSSE i Aserbajdsjan, eit engasjement som held fram på noko lågare nivå i 2011.
2.4 Sentral-Asia
Som det første landet i regionen og som den første av dei tidlegare sovjetrepublikkane hadde Kasakhstan OSSE-formannskapen i 2010. Formannskapen bidrog til å auke merksemda om situasjonen i Sentral-Asia og dei asiatiske partnarlanda, særleg Afghanistan. OSSE-formannskapen vart dessutan brukt til å fremje rolla Kasakhstan speler i regionen, og det internasjonale omdømmet til landet. Som formannskapsland var Kasakhstan aktiv i handteringa av krisa i Kirgisistan i 2010 og i arbeidet med å stabilisere forholda etter dei etniske samanstøytane i dette landet i juni. Det aktive formannskapsåret til Kasakhstan toppa seg ved at det første OSSE-toppmøtet på elleve år vart halde i Astana i desember 2010. Trass i avgrensa politiske resultat bidrog toppmøtet til styrka merksemd om OSSE og visjonane for samarbeidet.
Dei sentralasiatiske landa er uroa over at den ustabile situasjonen, nord i Afghanistan skal smitte over og spreie seg. Det er allereie tendensar til dette. Som formannskapsland var difor Kasakhstan oppteken av å setje Afghanistan på dagsordenen i OSSE og ønskte at organisasjonen skulle trappe opp innsatsen i landet. Dette er ein ambisjon Noreg har støtta. Det har likevel vore vanskeleg å oppnå semje innanfor OSSE om ei slik styrking. Innsatsen inne i Afghanistan er dermed avgrensa til vallovgjeving. Samstundes har ein, innanfor både OSSE, IOM og UNODC, trappa opp arbeidet med grensetryggleik i regionen. Dette er eit arbeid Noreg støttar gjennom ulike kanalar. OSSE søkjer dessutan å fremje det regionale samarbeidet på område som grenseoverskridande vassforvalting, rettstryggleik, grensetryggleik og narkotikakontroll.
Regjeringa legg vekt på å styrkje den regionale tilnærminga i bistanden til Sentral-Asia. Den norske innsatsen er retta mot område som demokratibygging, kamp mot fattigdom, berekraftig miljø- og ressursforvalting, grensekontroll og kamp mot organisert kriminalitet. Noreg er dessutan ein stor bidragsytar til OSSE-akademiet i Bisjkek, som utdannar studentar frå heile regionen.
Kasakhstan står fram som det leiande landet i området og har med OSSE-formannskapen lukkast i å spele ei sentral regional rolle og i å fremje det internasjonale omdømmet sitt. Landet satsa store ressursar på å førebu og gjennomføre formannskapen på ein teknisk prikkfri måte. Også frå norsk side bidrog vi til førebuingane gjennom kursing av fleire kasakhstanske diplomatar i Noreg. Formannskapen fekk ein god start då OSSE, under kasakhstansk leiing, for første gong på mange år klarte å verte samde om budsjettet før budsjettåret byrja. Utanriksminister Saudabajev var ein særskilt aktiv OSSE-formann og gjennomførte ei rekkje besøk til dei mest sentrale aktørane og til regionar der OSSE er særleg aktiv.
Kasakhstan arbeidde allereie frå byrjinga av formannskapen for eit toppmøte i OSSE i 2010 og viste mellom anna til at det då ville vere 35 år sidan Sluttakta frå Helsingfors og 11 år sidan det førre toppmøtet under den norske formannskapen i 1999. Som ledd i førebuingane til eit toppmøte arrangerte Kasakhstan eit uformelt utanriksministermøte i Almaty i juli 2010.
Den kasakhstanske formannskapen synte stor handleevne i handteringa av krisa i Kirgisistan våren 2010. Allereie dagen etter at uroa braut ut, vart det utnemnd ein spesialrepresentant for Kirgisistan, og formannskapen stod sentralt i arbeidet med å overtale presidenten til å gje opp makta og forlate landet.
Kasakhstan har gjennom dei siste åra gjennomført ei rekkje politiske, økonomiske og sosiale reformer. I samband med tildelinga av OSSE-formannskapen tok landet på seg klare forpliktingar om å vidareføre demokratiseringa og oppfylle OSSE-forpliktingane sine, mellom anna med omsyn til politiske parti, medium, valprosedyrar og lokalt sjølvstyre. Det vart vedteke ei rekkje lovendringar, men reformiveren kjølna i stor grad etter at formannskapen vart tildelt i 2007. Mykje står att når det gjeld demokratiutvikling, menneskerettar og frie medium.
OSSE-sendelaget har ytt eit omfattande bidrag til reformarbeidet, mellom anna gjennom rådgjeving om lovreformer og dialog med styresmakter og det sivile samfunnet. Sendelaget arbeider òg med reformer i justissektoren, tryggleiks- og tillitsskapande tiltak, styrking av grensetryggleiken og kampen mot terrorisme, i tillegg til aktivitetar som fremjar berekraftig utvikling og samarbeid om vassforvaltingsspørsmål. Noreg vil vidareføre støtta til demokratisering og betra styresett, i tillegg til kompetanseheving innanfor energi- og miljøsektoren.
Kirgisistan var lenge kjend som det mest opne og minst autoritære landet i Sentral-Asia, og det er det einaste som er medlem av WTO. Regimeskiftet etter revolusjonen i 2005 skulle opne for ein parlamentarisk styreform, men president Bakijev gjennomførte ei rekkje grunnlovsendringar som styrkte makta hans.
Under uroa i 2010 stod Kasakhstan sentralt i arbeidet med å overtale presidenten til å gje opp makta og forlate landet. Ei overgangsregjering under leiing av opposisjonsleiaren Rosa Otunbajeva lovde ny grunnlov basert på eit parlamentarisk styresett og snarlege val. Arbeidet til den nye regjeringa vart alvorleg forstyrra av ein serie blodige opptøyar og overgrep, særleg mot usbekiske minoritetar i dei sørlege regionane av landet, der den avsette presidenten hadde maktbasen sin. Usbekistan opna grensene sine for flyktningane, men avstod elles frå å kritisere dei nye styresmaktene i Kirgisistan.
Overgangsregjeringa utarbeidde med internasjonal støtte ei ny grunnlov som vart vedteken 27. juni 2010 ved ei folkeavstemming som gjekk føre seg i rolege former. Dei påfølgjande parlamentsvala, som vart haldne 10. oktober 2010, og var i samsvar med den nye lova, avdekte openberre konfliktlinjer mellom nord og sør i landet. Det tok lang tid før regjeringsforhandlingane vart avslutta. Den nye styreforma er ei nyskaping i landet, og gjer at Kirgisistan treng omfattande internasjonal bistand for å kunne utvikle seg til eit levedyktig demokrati.
OSSE har bidrege med eksperthjelp, men ut over den første raske formannskapsstyrte innsatsen viste det seg vanskeleg å verte samde i OSSE om den vidare praktiske oppfølginga. Av eit sett med fire tilrådde hjelpetiltak var det berre mogeleg å samle konsensus om utplassering av ei felles politirådgjevingsgruppe. Tanken var at gruppa skulle bidra til å stabilisere situasjonen, særleg i dei områda i sør som var hardast råka av konflikten. Dette forslaget vart likevel ikkje godt motteke av opposisjonskreftene i sør, og det lét seg ikkje gjere å få samtykke til utplassering av rådgjevingsgruppa før etter at parlamentsvala var haldne og den mest labile fasen var overstått. Politirådgjevingsgruppa, som hjelper nasjonale kirgisiske politistyresmakter med å vareta tryggleiken for befolkninga og bidreg til det nasjonale politireformprogrammet, vart operativ i 2011. Noreg vil bidra økonomisk til dette programmet.
Noreg er blant dei økonomiske hovudbidragsytarane til OSSE-akademiet i Bisjkek, som har vært være eit regionalt knutepunkt for undervisning og forsking. Akademiet har eit akademisk samarbeid med NUPI og har studentar frå heile regionen og frå Afghanistan. Vidare støttar Noreg OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar (HCNM) i arbeidet med mellomstatleg dialog om utdanning for minoritetar. Noreg gjev støtte til arbeidet OSSE gjer med tollopplæring i Bisjkek, der også afghanske tolltenestemenn vil kunne få opplæring. Noreg vil vidareføre støtta til politireform og andre reformprogram i Kirgisistan. Gjennom Statistisk sentralbyrå støttar Noreg utviklinga av eit einingsregister i landet.
Tadsjikistan er blant dei fattigaste landa i verda og er sterkt ramma av den internasjonale økonomiske krisa som særleg har råka dei mange utanlandsarbeidande tadsjikarane. Den politiske situasjonen er svært skjør, og regimet har berre delvis kontroll over dei dalføra som er dei viktigaste smuglarrutene for narkotika ut av Afghanistan. Opprørarar har dermed kunna gjennomføre alvorlege terroråtak mot regimet og overfor sivilbefolkninga fleire stader i landet, mellom anna i hovudstaden Dusjanbe. Etter ein serie overgrep frå gamle krigsherrar i og rundt Garm tilbaud OSSE assistanse, som Tadsjikistan takka nei til. Utviklinga særleg i sørlege delar av landet er dermed urovekkjande. Forholdet til Afghanistan og dei utfordringane denne naboskapen medfører er avgjerande for tryggleik og stabilitet i landet. OSSE gjennomfører fleire prosjekt for å styrkje grensesamarbeidet med Afghanistan. Å styrkje innsatsen mot radikalisering i Tadsjikistan, arbeid innanfor energitryggleik og støtte til ombodsmannsordninga er òg blant hovudprioriteringane for sendelaget. OSSE-sendelaget i Tadsjikistan har sidan 2009 vorte leidd av nordmannen Ivar Vikki.
Norsk innsats i Tadsjikistan er retta inn mot godt styresett, styrkt grensetryggleik og kamp mot organisert kriminalitet. Noreg har i fleire år støtta arbeidet til sendelaget i kampen mot ulovlege handvåpen og sekondert ekspertar til dette arbeidet. Vidare støttar Noreg opp om det arbeidet Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) gjer i landet. Innanfor ramma av OSSE bidreg Noreg med støtte til eit patruljeringsprosjekt på grensa mot Afghanistan, og Noreg var den største bidragsytaren til etableringa av eit opplæringssenter i Dusjanbe om grensetryggleiks- og grenseforvaltingsspørsmål som vart sett i drift i 2009.
Turkmenistan er framleis eit av dei mest lukka landa i verda, sjølv om det er forsiktige teikn til auka deltaking i internasjonale fora. Samtidig har Turkmenistan knapt gjennomført reformer etter presidentskiftet i 2007. Situasjonen for opposisjonen og MR-forsvararar er svært vanskeleg, og landet har lang veg å gå før det oppfyller internasjonale forpliktingar og standardar. Energiressursane til landet gjev eit relativt godt økonomisk armslag, men problema med høg arbeidsløyse og undersysselsetjing, korrupsjon og narkotikamisbruk er store. Det vert no gjennomført enkelte forsiktige reformer innanfor utdanning, helse, økonomi og jordbruk, men det er langt att.
For å støtte dei få og forsiktige reformene styresmaktene har sett i verk, har sendelaget òg i 2010 lagt vekt på å bidra med ekspertise og erfaringar på område som grensetryggleik og forvalting, lovgjevingsreformer og effektiv utnytting av vassressursane. Dette arbeidet vil verte vidareført. Sendelaget vil òg prøve å hjelpe turkmenske styresmakter med gjennomføring av internasjonale menneskerettsstandardar. Som det einaste sendelaget gjev det råd til innbyggjarar med individuelle menneskerettsklagar, og det har i tillegg støtta opp om etableringa av ei telefonlinje for offer av vald i nære relasjonar. Noreg støttar arbeidet til OSSE for å styrkje opplæringa av tolltenestemenn og samarbeidet om tollspørsmål mellom Turkmenistan og Afghanistan.
Usbekistan har eit autoritært styresett, der demokratiske rettar, rettsstaten og ytringsfridomen står svakt. Landet har vore delvis isolert frå vestleg samarbeid sidan hendingane i Andijan i 2005. Usbekiske styresmakter har likevel vist teikn til ønske om auka internasjonalt samarbeid, og har tillete omfattande transport av humanitær, ikkje-militær bistand til Afghanistan gjennom landet. Usbekistan opptredde forsiktig og konstruktivt i samband med overgrepa mot usbekiske minoritetar i Kirgisistan i juni 2010 og opna grensene for flyktningar og bidrog med assistanse. I 2009 vart det på usbekisk initiativ inngått eit nærare samarbeid med ODIHR. Det har vore nokre framsteg innanfor rettsreform, og ein del politiske fangar er sette fri, men situasjonen for menneskerettane og mangelen på rettsstat i Usbekistan er framleis urovekkjande.
Sendelaget vil halde fram med å leggje vekt på å hjelpe usbekiske styresmakter i gjennomføring av OSSE-prinsippa og -forpliktingane, mellom anna utviklinga av det sivile samfunnet, fremjing av sosial og økonomisk utvikling og miljøvern, og kampen mot terrorisme, valdeleg ekstremisme og narkotikatrafikk. Samarbeidet mellom Noreg og Usbekistan har vore avgrensa, men vart noko styrkt siste år. Usbekistan har no for første gang utnemnt ein ambassadør til Noreg.