3 Samarbeid om demokrati og menneskerettar
Arbeidet OSSE gjer for vern av menneskerettane, utvikling av demokrati og styrking av rettsstatsprinsippa, er viktige bidrag til langsiktig stabilitet. I dette arbeidet står dei uavhengige OSSE-institusjonane – Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR), Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM), Kontoret til representanten for frie medium (FOM) og sendelaga – heilt sentralt. Noreg støttar verksemda til OSSE på dette området og ser det som særleg viktig at institusjonane får behalde den sjølvstendige rolla si, slik at dei kan vidareføre rolla si som vaktbikkjer med bakgrunn i objektivt formulerte mandat og utan politisk førehandsgodkjenning av enkeltaktivitetar. Noreg er òg oppteken av at OSSE må samarbeide nært med andre internasjonale organisasjonar, i første rekkje Europarådet og EU på desse områda.
Det har vore ein aukande tendens til direkte angrep og truslar mot menneskerettsforsvararar og journalistar i fleire OSSE-land. Noreg har teke til orde for at OSSE bør styrkje arbeidet for å støtte menneskerettsforsvararar og har aktivt støtta opp om FOM, som har peikt på mange overgrep mot journalistar.
3.1 Valobservasjon og valstandardar
Arbeidet til ODIHR for å hjelpe land med å oppretthalde OSSE-standardar knytte til demokrati og gjennomføring av frie og rettferdige val er ein sentral del av samarbeidet i OSSE. Det er likevel ikkje semje om kor stor grad av sjølvstende ODIHR skal ha i arbeidet sitt, særleg når det gjeld arbeidet med valobservasjon og valstandardar. Noreg har gjentekne gonger forsvart autonomien til dette kontoret. Noreg gjev òg økonomiske bidrag til arbeidet kontoret gjer med å fremje grunnleggjande menneskerettar og rettsstatsprinsipp og deltek i fleire av dei større valobservasjonane.
Russland ønskjer at deltakarlanda i større grad skal styre arbeidet til ODIHR ved å vedta detaljerte reglar for valobservasjon. Dette er vurderingar som ODIHR i dag gjer sjølv, og kontoret har utvikla ein svært omfattande og internasjonalt anerkjend metodikk for observasjon og vurdering av hele valprosessen. Dei russiske ideane vart nedfelte i eit eige konseptdokument i den uformelle Korfu-prosessen, der ein tok til orde for ein kraftig reduksjon i størrelsen på observasjonsteama og for ein standardisering av metodikken slik at same framgangsmåten kunne brukast både i vestlege og austlege medlemsland. Konseptdokumentet vart lagt fram på vegner av Armenia, Kviterussland, Russland, Tadsjikistan og Usbekistan, altså av ei gruppe land som aldri har klart å leve opp til OSSE-forpliktingane sine i valsamanheng. Noreg var på si side initiativtakar og, saman med Danmark, Frankrike, Luxemburg, Nederland, Slovenia, Ungarn og USA, medforslagsstillar til eit rumensk konseptdokument om institusjonalisering av oppfølginga av forbetringsforslag frå valobservatørane. Dette var mellom anna basert på erfaringane frå samarbeidet mellom Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og ODIHR om oppfølging av slike tilrådingar etter observasjonen av stortingsvalet i Noreg i 2009. KRD presenterte erfaringane med samarbeidet for den relevante fagkomiteen i OSSE våren 2010.
ODIHR gjennomførte 20 valobservasjonar i 2010. Noreg deltok i 8 valobservasjonar med totalt 22 korttidsobservatørar og 10 langtidsobservatørar. Observatørane vart rekrutterte og sende ut via beredskapsmekanismen, NORDEM.
Parlamentarikarforsamlinga i OSSE speler ei viktig rolle i valobservasjon. I ein situasjon der valobserveringa er under stort press frå enkelte deltakarland, er det viktig å få til eit styrkt samarbeid mellom parlamentarikarforsamlinga og ODIHR på ein slik måte at det ikkje svekkjer metodane ODIHR bruker ved valobservasjon.
3.2 Menneskehandel og seksuell utnytting av barn
Menneskehandel er ei utfordring for alle OSSE-land, anten som opphavs-, transitt- eller mottakarland. Den mest utbreidde forma for menneskehandel i OSSE-området er kvinner og barn som vert utnytta til prostitusjon og andre seksuelle formål. Det er òg eit aukande problem at stadig fleire vert tvinga inn i slaveliknande arbeidsforhold. OSSE samarbeider nært med andre internasjonale organisasjonar og aktørar i kampen mot menneskehandel. Særleg sendelaga på Vest-Balkan og i Moldova har fokus på menneskehandel, og dei arbeider for å auke merksemda i vertslanda kring denne problemstillinga. I tillegg yter dei hjelp til offer og forsøkjer å bidra til å styrkje etterforskinga av menneskehandelssaker. Dei støttar dessutan vertslanda i utarbeidinga av handlingsplanar for kamp mot menneskehandel. Det arbeidet som OSSEs spesialrepresentant for menneskehandel gjer, vert stadig meir synleg i deltakarlanda.
Noreg er ein pådrivar for kampen OSSE fører mot menneskehandel, basert på handlingsplanen til regjeringa for ein koordinert innsats for å stoppe handelen med menneske og for å sikre ofra hjelp og vern. På dette området er det eit utbreitt samarbeid mellom OSSE og Europarådet, som har fått på plass en ny overvakingsmekanisme.
3.3 OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar
Knut Vollebæk har sidan sommaren 2007 vore OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar (High Commissioner on National Minorities – HCNM). HCNM arbeider i område med potensielle etniske konfliktar og forsøkjer å forhindre slike konfliktar gjennom stille diplomati på høgaste nivå. Høgkommissæren besøkjer regelmessig særleg Sentral-Asia, Sør-Kaukasus, Vest-Balkan og Baltikum, men òg fleire EU-land.
Basert på dei forpliktingane deltakarlanda i OSSE har teke på seg, har HCNM lagt etablerte normer til grunn for balanserte løysingar tilpassa ulike lokale og regionale utfordringar. Samtidig har HCNM hjelpt land i utforminga av nasjonal lovgjeving. HCNM har òg sendt ut ulike tematiske retningslinjer knytte til minoritetane sine rettar innanfor mellom anna utdanning, språk, deltaking i samfunnet og medium og i møte med politiet.
Høgkommissæren presenterte i juni 2008 eit sett tilrådingar for behandling av minoritetsspørsmål i mellomstatlege forhold, dei såkalla Bolzano/Bozen-tilrådingane. Her vert ansvaret statane har for å verne nasjonale minoritetar innanfor eigen jurisdiksjon, framheva. Høgkommissæren understrekar vidare at statane må respektere suvereniteten og den territoriale integriteten til andre statar og overhalde folkeretten dersom dei føretek seg noko for å verne, forsvare eller støtte nasjonale minoritetar utanfor eigen jurisdiksjon.
Høgkommissæren tok hausten 2008 til orde for at tilrådingane hans på sikt bør gjerast politisk bindande. Grunnen til dette er at fleire konfliktar i OSSE-området er knytte til minoritetsspørsmål. Det er ikkje tilstrekkeleg å fokusere på rustingskontroll og «hard tryggleik». Det må takast tak i dei underliggjande årsakene til konfliktane. Noreg har teke initiativ til å oppgradere desse tilrådingane og gjere dei meir bindande, og Noreg fikk i den uformelle Korfu-prosessen aktiv støtte frå ei rekke land. Det er likevel framleis ingen konsensus om dette.
Høgkommissæren besøkte fleire gonger Kirgisistan under krisa i landet i 2010 og rapporterte til OSSE om observasjonane sine i etterkant av overgrepa mot i hovudsak usbekiske minoritetar i Sør-Kirgisistan. For første gong sidan 1999 kom Høgkommissæren med ei formell åtvaring om situasjonen («early warning») som førte til auka OSSE-engasjement i konflikten. Han har på same måten i 2010 besøkt okkuperte område i Georgia, inkludert Sør-Ossetia.
Høgkommissæren vil arbeide vidare innanfor mandatet sitt for å fremje integrasjon og berekraftig sameksistens med sikte på å førebyggje konfliktar der nasjonale minoritetar er involverte. Regjeringa vil vidareføre støtta til arbeidet høgkommissæren gjer, mellom anna økonomisk støtte.
3.4 Representanten for frie medium
Dunja Mijatovi frå Bosnia-Hercegovina overtok våren 2010 stillinga som representant for frie medium. Mijatovi har stått fram som ein aktiv forsvarar av fri rett til informasjonsutveksling innanfor nye medium, i tillegg til at ho aktivt har peika på forsøk på innskrenking i ny medielovgjeving og på overgrep mot journalistar og mangelfull etterforsking av slike overgrep. Noreg har aktivt støtta opp om arbeidet til medierepresentanten både politisk og økonomisk.