Meld. St. 19 (2010–2011)

Samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2010

Til innhaldsliste

2 Vedtak nr. 1/10. Utnemning av OSSE representanten for frie medium

Ministerrådet,

som minner om vedtak nr. 193 av 5. november 1997 i Det faste rådet om å opprette ei stilling som OSSE-representant for frie medium,

som tek omsyn til at etter ministerrådsvedtak nr. 1/07 vil mandatperioden til den sitjande representanten for frie medium, Miklós Haraszti, gå ut 10. mars 2010,

som uttrykkjer si takksemd til den avtroppande representanten for frie medium, Miklós Haraszti,

som tek omsyn til tilrådinga frå Det faste rådet,

vedtek å utnemne Dunja Mijatovi som representant for frie medium for ein periode på tre år, med verknad frå 11. mars 2010.