7 Økonomiske og administrative konsekvensar
I meldinga blir det skissert ei klargjering av Riksarkivarens ansvar og omprioritering av Norsk kulturråds oppgåver på arkivfeltet. Dette medfører i seg sjølv inga endring av administrativ organisering eller økonomiske rammevilkår i dei to statsinstitusjonane. Vidare blir det drøfta å setje i gang eit arbeid med tanke på å revidere arkivlova med forskrifter. Lov- og forskriftsarbeidet og andre strategiar som blir drøfta i meldinga, fører ikkje til endringar i gjeldande administrativ organisering eller økonomiske rammevilkår for arkivsektoren.
Kulturdepartementets oppfølging av dei måla, strategiane og tiltaka som blir drøfta i meldinga, rekkjefølgja på iverksetjinga og tempoet i framdrifta vil kome fram av dei årlege budsjettframlegga for Stortinget, eventuelt også av lovproposisjonar. Endringar i oppgåver innanfor arkivsektoren som blir drøfta i meldinga, kan gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer for Kulturdepartementet.