Meld. St. 10 (2017–2018)
Årsmelding 2017 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer
Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 23. mars 2018, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2017.