Ordforklaring og forkortingar
- ACOM
Advisory Committee on Fisheries Management / ICES’ rådgjevande komité for fiskeriforvalting
- CBD
Konvensjonen om biologisk mangfald
- CCAMLR
Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources / Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. CCAMLR vart oppretta i 1981, og konvensjonen tok til å gjelde i 1982, med Noreg som ein av grunnleggjarane.
- COFI
The Committee on Fisheries / FAOs fiskerikomité. Komiteen vart etablert i 1965 og er eit mellomstatleg forum der fiskeri og havbruk blir diskuterte.
- FAO
Food and Agricultural Organization / FNs mat- og jordbruksorganisasjon. FAO vart etablert i 1945, og Noreg vart medlem same året.
- FN
United Nations / Dei sameinte nasjonane. Generalforsamlinga i FN vedtek årleg ikkje-bindande reglar gjennom fiskeriresolusjonen, som får betyding for statar, regionale fiskeriorganisasjonar og FAO. Ein tilsvarande havrettsresolusjon tek avgjerder for andre havsaker, mellom anna skipsfart og miljø.
- ICCAT
International Convention for the Conservation of Atlantic Tunas / Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk. ICCAT vart oppretta i 1966 og gjord gjeldande frå 1969. Noreg har vore medlem sidan 2004.
- ICES
International Council for the Exploration of the Sea / Det internasjonale rådet for havforsking. ICES er ein uavhengig, vitskapleg organisasjon som gjev råd om forvaltinga av det marine miljøet og dei marine ressursane. Oppretta i Danmark i 1902. Noreg vart medlem same året.
- IMO
International Maritime Organization/Den internasjonale sjøfartsorganisasjon vart oppretta i 1948. IMO er FN-kontoret som er ansvarleg for å betre maritim sikkerheit og å hindre forureining frå skip.
- IUCN
International Union for the Conservation of Nature / Verdas naturvernunion. Organisasjonen vart grunnlagd i 1948 og har til formål å bevare naturen og fremje ei berekraftig utnytting og bevaring av naturressursane. Noreg ved Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet har vore medlem sidan 1970.
- IWC
International Whaling Commission / Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. IWC skal vareta oppgåvene til konvensjonen for regulering av kvalfangst, ICRW. Oppretta i Washington DC i 1946. Noreg vart medlem i 1948.
- MSY
Maximum Sustainable Yield / Maksimalt berekraftig utbyte
- NA-FIG
Den nordatlantiske fiskerietterretningsgruppa. NA-FIG vart oppretta i 2015 for å kartleggje økonomisk kriminalitet i fiskeindustrien i Nord-Atlanteren.
- NAMMCO
North Atlantic Marine Mammal Commission / Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen. Avtalen om samarbeid om forsking, bevaring og forvalting av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren vart inngått av Færøyane, Grønland, Island og Noreg i 1992.
- NAFO
Northwest Atlantic Fisheries Organization / Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen. Oppretta i 1979, signert av Noreg same året.
- NEAFC
North East Atlantic Fisheries Commission / Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen. NEAFC er ein regional fiskeriforvaltingsorganisasjon som arbeider for ei langsiktig og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NEAFC vart oppretta i si noverande form i 1982.
- NVG-sild
Norsk vårgytande sild
- OSPAR
The Convention for the Protection of the Marine Environment of the North-East Atlantic / Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet. Noreg underskreiv avtalen i 1992. OSPAR-konvensjonen vart gjeldande 25. mars 1998.
- RFMO
Regional Fisheries Management Organisation / Ein regional fiskeriforvaltingsorganisasjon
- SDG
Sustainable Development Goals / FNs berekraftsmål fram mot 2030
- SEAFO
South East Atlantic Fisheries Organization / Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen. Etablert 20. april 2001. SEAFO er ein regional fiskeriorganisasjon som arbeider for langsiktig utnytting av ressursane.
- SSB
Gytebestand
- TAC
Total Allowable Catch / Totalkvote
- UNODC
United Nations Office on Drugs and Crime / FN-kontoret for narkotika og kriminalitet
- UNFSA
United Nations Fish Stock Agreement – implementerings-/etterlevingsavtale under havrettskonvensjonen. Gjer vedtak for statar og RFMO-ar.
- UUU-fiske
Ulovleg, urapportert og uregulert fiske
- WTO
World Trade Organisation / Verdas handelsorganisasjon. Arbeider for eit opent og ikkje-diskriminerande handelssystem. Noreg har vore medlem sidan opprettinga i 1995.