5 Fisket etter avtalane i 2022 og 2023
Dette kapittelet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde med andre land i 2022 og 2023. Hovudvekta er lagd på den norske utnyttinga av avtalane, i kva grad partane som får tildelt kvotar i havområda under norsk jurisdiksjon, faktisk nyttar desse kvotane, og verdien av fisket etter avtalane.
Det går godt i den norske fiskerinæringa, og norske fiskarar nyttar generelt kvotane godt. For dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1. For mange fiskeartar er det innført kvotefleksibilitet over år, dette gjeld mellom anna torsk, hyse, sei, norsk vårgytande sild, kolmule, sild sør for 62° N og makrell. Samanlikningar mellom kvotar og fangst i dei enkelte åra vil difor vere misvisande. Fiskeslaga dette gjeld, er markerte i fotnotane til tabellane i dette kapittelet. Innføringa av kvotefleksibilitet over år har gjort at kvotane i dei fleste tilfella blir fullt utnytta av alle partar. Variasjon i kvoteutnytting kan til dømes reflektere korleis fiskeflåten tilpassar seg til prisvariasjon over år, prioritering av annan aktivitet eller dårlege fangstforhold.
Tabell 5.1 Norsk utnytting av nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2022 og 2023.
Utnyttingsgrad1 | ||
---|---|---|
2022 | 2023 | |
Barentshavet, Noreg – Russland | ||
Torsk | 106 % | 109 % |
Hyse | 98 % | 106 % |
Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU | ||
Sild | 106 % | 97 % |
Sei | 92 % | 101 % |
Fleirpartsavtalar | ||
Norsk vårgytande sild | 98 % | 100 % |
Makrell | 103 % | 92 % |
Kolmule | 97 % | 101 % |
1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).
For dei bestandane vi deler med Russland, nyttar Noreg kvotane stort sett godt. Russland fiskar store delar av kvotane sine i Noreg si økonomisk sone og i fiskevernsona ved Svalbard.
Noreg nyttar kvotane på fellesbestandane i Nordsjøen godt med unntak av hyse- og raudspettekvoten. Torskebestanden er på eit lågt nivå, men etter ein sterk nedgang der kvoten om lag vart halvert frå 2019 til 2020, auka kvoten kraftig i 2023. Når det gjeld seibestanden i Nordsjøen, aukar denne no etter å ha minka dei siste åra. Kvoten for 2023 var 21 prosent høgare enn kvoten for 2022, og kvoteutnyttinga auka frå 90 prosent i 2022 til 105 prosent i 2023.
Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU dei seinare åra hatt relativt god utnytting av dei fleste fellesbestandane i Nordsjøen, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62° N.
Bortsett frå for hyse og kviting har Sverige nytta kvotane dei får i Noreg si økonomisk sone gjennom nabolandsavtalen, godt.
I 2021 vart Storbritannia ein eigen part i forhandlingane om forvaltinga av fiskebestandar i Nordsjøen og britisk sone. Dette medførte at EU-andelen i fellesbestandar vart redusert, og at tradisjonelle byteartar kom på britiske hender. Noregs andel i fellesbestandane i Nordsjøen heldt seg uendra. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker, medan EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak.
Avtalen mellom Noreg og Storbritannia for 2022 gjorde det mogleg for kvar part å fiske inntil 30 000 tonn botnfisk i kvarandre sine soner i Nordsjøen. Vidare fekk norske fartøy tilgang til å fiske 17 000 tonn nordsjøsild i britiske farvatn, og britane kunne fiske 17 000 tonn NVG-sild i Noreg si økonomisk sone (NØS). Partane bytte kvotar slik at Storbritannia fekk torskekvote i NØS i nord og nokre artar i Nordsjøen, medan Noreg fekk kvotar i britisk sone vest for 4 gradar V, i hovudsak på lange og brosme. Avtalen for 2023 var i hovudtrekk lik, men enkelte kvotar vart justerte. Mellom anna vart Noregs tilgang til å fiske nordsjøsild i Storbritannia si økonomiske sone auka til 20 000 tonn.
Noreg byter til seg kvotar på brosme og lange/blålange i Færøyane si økonomiske sone. Historisk har utnyttinga av kvotane variert, og dei to siste åra er mindre enn halvparten av kvoten på lange/blålange utnytta, medan litt over halvparten av brosmekvoten er fiska. Færøyane har som oftast fiska opp torskekvoten sin i NØS, men i 2023 var det igjen nesten 1 800 tonn ved utgangen av året. Når det gjeld pelagiske fiskeri, auka Noreg sin tilgang til å fiske kolmule i Færøy-sona i 2023, og det vart fiska ein god del. Færøyane har god tilgang til å fiske pelagisk fisk i andre soner enn NØS.
Noreg har hatt godt utbyte av kvotane i sona til Grønland i 2022 og 2023. Det same har Grønland i NØS nord for 62° N. Dei siste åra har det norske fisket ved Grønland vore regulert gjennom fleire rulleringsordningar. Grønland har fiska med to fartøy dei to siste åra.
Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har meldt seg på til dette fisket. Island har tradisjonelt nytta torskekvoten som dei er tildelte i NØS nord for 62° N, godt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantumet som kan fiskast som bifangst.
Alle kyststatane har nytta kvotane sine på kolmule godt. Det same har dei med kvoten på norsk vårgytande sild, med unntak av Færøyene, som dei siste åra har overført meir enn 10 prosent ubrukt sildekvote til neste år. Kyststatanes kvoteutnytting i fisket etter makrell har generelt vore lågare enn i dei andre pelagiske fiskeria dei siste åra. Også i dette fiskeriet har Færøyane i fleire år overført meir enn 10 prosent ubrukt kvote til neste år.
Når det gjeld loddefisket ved Grønland, Island og Jan Mayen i sesongen 2022–2023, vart fisket godt, og Noreg nytta heile kvoten innanfor dei norske rammene for fisket på Island. Etter at det norske fisket var over, vart TAC auka til 459 800 tonn.
Etter fleire år utan fiske vart det gjennomført loddefiske i Barentshavet både i 2022 og i 2023, med låge kvotar.
Tabell 5.2 gjev ei oversikt over verdien av dei viktigaste fiskeria i Noreg. Her ser vi på kvart av fiskeria, ikkje berre på verdien av kvar kvoteavtale. Noreg får til dømes kolmule i kyststatsavtalen om kolmule, men òg i den bilaterale avtalen med EU. Vi ser at torsken i Barentshavet utgjer om lag halvparten av verdien av fiskeria i tabell 5.2, medan makrellen står for cirka 18 prosent av verdien. Denne fordelinga vil variere som følgje av endringar i både kvotane og prisane.
Tabell 5.2 Verdi for nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2022 og 2023.
Kvoteverdi i millionar kroner (2023-verdi)1 | ||
---|---|---|
2022 | 2023 | |
Barentshavet, Noreg – Russland | ||
Torsk | 9 831 | 8 638 |
Hyse | 1 815 | 1 422 |
Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU | ||
Sild | 855 | 1 085 |
Sei | 358 | 376 |
Fleirpartsavtalar | ||
Norsk vårgytande sild | 3 381 | 3 661 |
Makrell | 3 848 | 4 122 |
Kolmule | 564 | 1 250 |
1 Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning (2023-verdi).
5.1 Verdien av fisket
Det er fleire faktorar som påverkar verdien av det norske fisket, som kvotar, prisen på råstoff, valutasvingingar og handelspolitikk. Generelle utviklingstrekk i samfunnet har òg mykje å seie for fiskeria, som den teknologiske utviklinga, den generelle økonomiske utviklinga og demografiske trendar. I 2023 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 43 milliardar kroner.
Dette delkapittelet gjer greie for hovudtrekka i utviklinga av verdien på kvotane for dei viktigaste fiskeslaga over tid og med vekt på perioden 2021–2023. Vi presenterer òg hovudtrekka i utviklinga av lønnsemda i den norske fiskeflåten generelt og for fartøygruppene i lønnsemdsgranskinga spesielt.
Innan botnfiskeria er det fiskeartane torsk, hyse, sei og reke som er dei kommersielt viktigaste, medan det innan pelagiske fiskeri er artane sild, makrell, kolmule og lodde som er kommersielt viktigast.
5.1.1 Verdien av kvotane for norske fiskarar
For å finne verdien av kvotane som norske fiskarar kan fiske på etter avtalane, har vi først funne oppnådd gjennomsnittspris til fiskar per kilo fisk (rund vekt)1 som er omsett. Denne bruker vi så som verdi per kilo kvote som er oppgjeven i dei enkelte reguleringsforskriftene. Det vi ser på her, er førstehandsverdien på fiskeslaga og ikkje den verdien fisken kan generere i form av vidaresal og ringverknader.
5.1.1.1 Torsk og hyse
Trenden for både torsk og hyse er at kvoteverdien har auka i perioden frå 2010 til 2023 samla sett. Frå 2021 til 2023 vart kvoteverdien for både torsk og hyse redusert. Det same vart kvotane for begge fiskeslaga; torskekvotane gjekk ned med 37 prosent frå 2021 til 2023, medan hysekvotane gjekk ned med 26 prosent. I perioden 2021–2023 har prisane på torsk auka mykje, medan prisen på hyse har gått ned. Frå 2022 til 2023 vart kvoteverdien for torsk redusert med 12 prosent, medan kvoteverdien for hyse vart redusert med 22 prosent.
5.1.1.2 Sild, makrell og kolmule
Både kvoten og kvoteverdien for makrell, kolmule og sild i sør var høgare i 2023 enn i 2010. For norsk vårgytande sild (NVG-sild) var kvoten i 2023 under halvparten av nivået i 2010, medan kvoteverdien berre var 1 prosent lågare, målt i 2023-verdi.
For sild i Nordsjøen og Skagerrak har prisen variert gjennom heile perioden, og etter nokre år med stiging gjekk prisen ned både i 2021 og i 2022. Prisen steig igjen i 2023. Kvoteverdien i 2023 vart høgare enn i 2022 trass i redusert kvote.
Målt i 2023-verdi var 2016 året med høgast gjennomsnittspris på NVG-sild, med 9,47 kroner. Lågast gjennomsnittspris var det i 2010 med 4,10 kroner. Førebels gjennomsnittspris for 2023 er 9,42 kroner (omtrent som i 2016), ein auke på 27 prosent frå 2022. Kvoteverdien steig frå 2020 til 2023. I same periode vart kvotane reduserte med 22 prosent. Auken i kvoteverdi er dermed eit resultat av høgare pris.
Prisen på makrell har variert mykje i perioden 2010–2023. I 2023 var prisen mykje høgare enn i 2021 og 2022. Prisen i 2023 var på 17,80 kroner, noko som er 32 prosent høgare enn i 2022. Samanlikna med prisen i 2021 har han auka med 54 prosent. Trass i redusert kvote gjekk kvoteverdien difor likevel opp.
Prisen på kolmule har auka frå 2021 til 2023, men er framleis lågare enn i toppåret 2020. Samstundes har kvotane òg auka, og det gjer at kvoteverdien var mykje høgare i 2023 enn i 2021. Kvoteverdien har gått opp med 80 prosent frå 2021 til 2023 og er på same nivå som i 2016 og berre 6 prosent lågare enn i 2020.
5.1.2 Lønnsemda i den norske fiskeflåten
Fiskeridirektoratet samlar kvart år inn opplysningar om lønnsemda i og arbeidsinnsatsen frå den norske fiskeflåten. Alle registrerte fiskefartøy som har hatt ei fangstinntekt over ei minimumsgrense, som varierer etter storleiken på fartøya, inngår i lønnsemdsgranskinga. Desse fartøya står for rundt 90 prosent av den totale fangstinntekta i dei norske fiskeria.2
I Noreg har vi hatt lønnsemdsgranskingar sidan 1950, men den første tida berre for utvalde fartøygrupper og ikkje årleg. Sidan 1966 er lønnsemdsgranskingane gjennomførte årleg og etter kvart for heile fiskeflåten. I lønnsemdsgranskinga er det to ulike nøkkeltal som seier noko om lønnsemda – driftsmargin og totalkapitalrentabilitet. Nøkkeltalet driftsmargin viser kor mange kroner ein har tent per 100 kroner omsett, medan nøkkeltalet totalkapitalrentabilitet gjev uttrykk for avkastinga på den totale kapitalen. Desse to nøkkeltala viser den same trenden, men sidan totalkapitalen har auka over tid, har betre lønnsemd ført til mindre utslag på totalkapitalrentabiliteten enn på driftsmarginen. I figurane har vi valt å vise lønnsemda i form av nøkkeltalet driftsmargin.
Dei underliggjande årsakene til den positive lønnsemdsutviklinga i perioden sett under eitt er fleire. Fleire av dei viktigaste fiskebestandane våre har vore i langt betre tilstand på 2000-talet enn dei var i 1990-åra. Samstundes har talet på merkeregistrerte fiskefartøy gått ned, noko som bidreg til reduserte kostnader og auka produktivitet.
Auka kvotar på viktige kommersielle artar som torsk, hyse og sei innanfor botnfiskeria og sild, makrell og kolmule innanfor pelagiske fiskeri har vore vesentleg for at den norske fiskeflåten i dag har god lønnsemd. Samstundes er det ikkje kvotane aleine som gjev god lønnsemd. Noreg er ein betydeleg eksportør av fisk – over 90 prosent av det vi haustar, blir eksportert. Situasjonen i marknadene og prisendringar på kommersielt viktige fiskeslag har òg mykje å seie for korleis lønnsemda i den norske fiskeflåten endrar seg.
Figur 5.7 viser utviklinga i driftsmargin for den norske fiskeflåten frå 1980 til 2022.
Driftsmarginane i 2019 og 2020 var, saman med marginane i 2011 og 2016, dei høgaste som er målte. Driftsmarginen for 2021 og 2022 er litt lågare enn i 2020, men er framleis på eit høgt nivå. Førebelse tal for 2023 viser at fangstverdien for norske fartøy var om lag på same nivå som i 2022.
I pelagisk sektor har fangstverdien vore rekordhøg i 2021, 2022 og 2023. Fangstverdien i torskesektoren var rekordhøg i 2022, men er noko lågare i 2023. Korleis dette vil slå ut på lønnsemda, er vanskeleg å seie no, ettersom det totale kostnadsbiletet for 2023 ikkje er klart enno. Høge drivstoffprisar er eit moment som kan trekkje lønnsemda for flåten nedover.
Medan figur 5.7 viser utviklinga i lønnsemda samla sett tilbake til 1980, viser figur 5.8 utviklinga i lønnsemda innanfor botnfiskeri og pelagiske fiskeri for perioden frå 2010 til 2022.
Innan botnfiskeria er torsk, hyse, sei og reke viktige kommersielle artar, medan det innan dei pelagiske fiskeria er artane sild, makrell, kolmule og lodde som er kommersielt viktigast. Driftsmarginen innan dei pelagiske fiskeria har over tid vore høgare enn driftsmarginen innan botnfiskeria. Også i 2022 var driftsmarginen innan dei pelagiske fiskeria høgare enn for botnfiskeria, men avstanden minka noko for 2021 og 2022 etter ein auke frå 2019 til 2020.
Boks 5.1 Utviklinga i dei norske fiskeria sidan etterkrigstida
Det årlege fangstkvantumet har variert naturleg med biologiske variasjonar og tilhøyrande kvotar. Enkelte periodar er sterkt påverka av kollaps i bestanden av norsk vårgytande sild og den sterke nedgangen i torskebestanden i 1980- og 1990-åra. Etter ein liten auke etter krigen har talet på fiskarar og fiskefartøy gått ned som følgje av auka effektivitet på grunn av teknologisk utvikling og ein styrt struktureringspolitikk. Dette har gjeve ein betydeleg produktivitetsvekst i fiskeria og syner at fangsten per fiskar har auka frå under 10 tonn per fiskar i 1945 til nesten 220 tonn i 2023. Den største auken i fangsten per fiskar har skjedd dei siste 30 åra, frå om lag 60 tonn i 1990 til nesten 220 tonn per fiskar i 2023. Det utgjer ein produktivitetsvekst på om lag 280 prosent i perioden, eller om lag ein årleg auke på 4,5 prosent.
Det er store variasjonar i lønnsemda både mellom fartøy innan ei flåtegruppe og mellom flåtegrupper. Figur 5.9 og 5.10 viser utviklinga i driftsmargin for høvesvis utvalde kystfiskegrupper og havfiskegrupper for åra 2010–2022. Det har tradisjonelt vore ringnotsnurparar og torsketrålarar som har oppnådd høgast driftsmargin. Dei siste åra har også dei pelagiske trålarane hatt høg driftsmargin, og i 2019 og 2020 var det denne fartøygruppa som oppnådde den høgaste driftsmarginen. I 2021 og 2022 var det igjen ringnotsnurparane som oppnådde den høgaste driftsmarginen, med høvesvis 27,4 prosent og 24,6 prosent. Kystfiskefartøya og den konvensjonelle havfiskeflåten ligg noko lågare i driftsmargin.
5.2 Tosidige avtalar
5.2.1 Noreg – Russland
Noreg har i all hovudsak ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i den økonomiske sona til Russland. Justert for kvotefleksibilitet ligg utnyttingsgraden på 100 prosent for torsk. For hyse var utnyttingsgraden på 96 prosent i 2022 og 100 prosent i 2023. Den kystnære flåten har hatt utfordringar med tilgangen til hysebestanden dei siste åra. Fiskeridirektoratet har justert reguleringa gjennom åra ved å innføre høg overregulering og fritt fiske for å leggje til rette for at norsk hysekvote kan nyttast fullt ut. Noreg utnytta kvotane på lodde, snabeluer og blåkveite godt begge åra.
Tabell 5.3 Norske kvotar på og fangstar av fellesbestandane i Barentshavet.
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Torsk3 | 336 467 | 269 451 | 355 991 | 294 622 |
Hyse3 | 90 701 | 86 556 | 89 108 | 91 499 |
Blåkveite | 12 975 | 12 735 | 13 800 | 13 481 |
Uer (Sebastes mentella) 4 | 44 291 | 43 981 | 40 704 | 44 493 |
Lodde | 41 950 | 37 150 | 42 350 | 37 934 |
1 Etter tilbakeføring av uutnytta kvote avsett til tredjeland.
2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 31. januar 2024, inklusive forskingsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.
3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).
4 Etter kvotebyte med andre land.
Russland utnyttar òg kvotane sine godt. Dei fiskar betydelege delar av kvotane sine på torsk, sei, steinbit, uer og norsk vårgytande sild i norsk økonomisk sone.
Tabell 5.4 Russiske kvotar på og fangstar av fellesbestandane i Barentshavet.
Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | |||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Torsk3 | 309 605 | 248 782 | 333 697 | 276 916 |
Hyse3 | 79 130 | 75 177 | 82 364 | 81 744 |
Blåkveite | 11 085 | 11 325 | 11 747 | |
Uer (Sebastes mentella) 4 | 15 198 | 15 120 | 16 717 | |
Lodde | 28 050 | 24 850 | 22 649 | 23 038 |
1 Etter overføring til Noreg, men før eventuell tilbakeføring av uutnytta tredjelandskvote.
2 Fangsttala for 2022 og 2023 er rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Fangst av blåkveite og uer var ikkje med i rapporten for 2023.
3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).
4 Av totalkvoten kunne 1 100 tonn berre takast som bifangst.
Tabell 5.5 Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Torsk | 200 000 | 200 000 | 1 961 | 5 769 |
Hyse | 47 000 | 47 000 | 2 672 | 10 887 |
Blåkveite | 12 225 | 11 985 | 1 | 3 |
Uer (Sebastes mentella) | 46 391 | 46 081 | - | |
Lodde | 41 700 | 36 900 | - | |
Reker | 4 650 | 4 650 | - | |
Grønlandssel2 | 7 000 | 7 000 | - | |
Steinbit | 2 500 | 2 500 | 169 | 458 |
Flyndre | 200 | 200 | - | |
Bifangstkvote | 500 | 500 | 11 | 50 |
1 Fiskeridirektoratets register for elektronisk fangst- og aktivitetsdata per 2. februar 2024.
2 Talet på dyr, ikkje tonn.
Tabell 5.6 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde.
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
NØS nord for 62° N | ||||
Torsk | 200 000 | 200 000 | 73 846 | 61 912 |
Hyse | 47 000 | 47 000 | 11 724 | 12 795 |
Blåkveite | 10 335 | 10 575 | 1 271 | 1 502 |
Lodde | 27 800 | 24 600 | 22 835 | 2 170 |
Sei2 | 12 705 | 12 100 | 11 506 | 11 560 |
Steinbit | 5 000 | 5 000 | 4 103 | 4 930 |
Uer3 | 2 200 | 2 200 | 2 068 | 1 213 |
Snabeluer3 | 14 098 | 14 020 | 7 016 | 2 763 |
Kolmule | 13 102 | 23 666 | 1 384 | 168 |
Norsk vårgytande sild | 77 819 | 65 532 | 65 532 | 54 966 |
Andre artar | 2 500 | 2 500 | 1 512 | 1 684 |
Fiskerisona ved Jan Mayen | ||||
Norsk vårgytande sild | 77 819 | 65 532 | - | - |
Kolmule | 13 102 | 23 666 | - | - |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2024.
2 Sei kunne berre takast som bifangst i 2022 og 2023.
3 Russiske fartøy kunne fiske snabeluerkvoten i eit direktefiske i NØS nord for 62° N; resterande uer kunne berre takast som bifangst.
5.2.2 Noreg – EU – Storbritannia
I 2021 vart Storbritannia ein egen part i forhandlingane om forvaltinga av fiskebestandar i Nordsjøen. Dette medførte at EU-andelen i fellesbestandane vart redusert, og at tradisjonelle byteartar kom på britiske hender. Noregs andel i fellesbestandane i Nordsjøen heldt seg uendra. Dermed vart det store reduksjonar i EU-kvotane i 2021 samanlikna med i 2020. Noreg og Storbritannia vart ikkje samde om ein byte- eller tilgangsavtale for 2021, slik at norske fartøy ikkje fekk moglegheit til å fiske i britisk sone, og vice versa. Partane vart likevel samde om ein avtale for 2022. Avtalen for 2023 er i hovudsak basert på denne avtalen. Tabell 5.7, 5.8 og 5.9 viser kvotane og fangstane til høvesvis Noreg, EU og Storbritannia i 2022 og 2023.
Tabell 5.7 Norske kvotar på og fangstar av fellesbestandane i Nordsjøen.
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Torsk | 1 870 | 3 681 | 2 248 | 3 465 |
Hyse | 9 626 | 13 432 | 2 521 | 2 406 |
Sei4,5 | 22 619 | 27 755 | 20 827 | 28 066 |
Kviting | 2 164 | 3 429 | 910 | 1 014 |
Raudspette | 8 798 | 9 305 | 17 | 40 |
Nordsjøsild3,5 | 126 158 | 116 971 | 133 683 | 113 520 |
1 Etter overføringar til/frå EU og tredjeland.
2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 26. januar 2024.
3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerrak-kvoten som kan takast ut i Nordsjøen, før kvotefleksibilitet.
4 Seikvote i Skagerrak og Nordsjøen.
5 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.
Tabell 5.8 EUs kvotar på og fangstar av fellesbestandane i Nordsjøen.
Art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 20234 | |
Torsk | 5 060 | 8 089 | 3 889 | 4 865 |
Hyse | 6 159 | 7 709 | 3 772 | 4 898 |
Sei3 | 16 564 | 19 433 | 16 435 | 16 510 |
Kviting | 7 842 | 9 455 | 1 832 | 1 634 |
Raudspette | 83 623 | 88 433 | 16 408 | 12 731 |
Nordsjøsild2,3 | 222 281 | 203 830 | 209 814 | 161 381 |
1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.
2 I tillegg kjem ein bifangstkvote for sild på 8 174 tonn i 2022 og 7 716 tonn i 2023. Av desse vart høvesvis 5 456 tonn og 6 806 tonn fiska (tal frå Fiskeristyrelsen i Danmark).
3 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.
4 1. januar 2023–31. oktober 2023.
Tabell 5.9 Storbritannias kvotar på og fangstar av fellesbestandane i Nordsjøen.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 20231 | |
Torsk | 5 934 | 9 882 | 6 916 | 7 938 |
Hyse | 28 432 | 37 261 | 25 611 | 23 125 |
Sei | 5 012 | 6 186 | 6 748 | 5 257 |
Kviting | 13 131 | 21 410 | 10 699 | 8 834 |
Raudspette | 33 271 | 35 184 | 4 475 | 4 029 |
Nordsjøsild | 81 335 | 77 725 | 83 227 | 73 060 |
1 1. januar 2023–10. oktober 2023.
5.2.3 Noreg – EU
Som følgje av at Storbritannia har forlate EU, er det ikkje lenger mogleg for EU å gjennomføre byte med Noreg på same nivå som tidlegare. Grunnen er at dei fleste artane som inngjekk i bytet på EU si side, oppheld seg i britiske farvatn. Einaste art av betyding i EU-sona er kolmule som norske fartøy fiskar i irsk sone. Utanom kolmule fiskar norske fartøy minimale mengder i jurisdiksjonsområda til EU, jf. tabell 5.10. Noreg får òg kvotar ved Grønland, som i tidlegare år. Desse blir godt utnytta. EU får kvotar på mellom anna torsk, hyse og sei i NØS nord for 62° N og på fleire artar i Nordsjøen.
Tabell 5.10 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar og fangstar frå EU i grønlandske farvatn.
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
EU-farvatn | ||||
Sild3 | 2 700 | 2 700 | - | 31 |
Kolmule | 146 054 | 224 000 | 140 814 | 106 138 |
Havbrisling6 | 10 000 | 10 000 | - | 3 560 |
Torsk3 | 2 027 | 3 064 | 15 | 14 |
Hyse3 | 9 300 | 11 182 | 1 | 11 |
Sei3,4 | 21 037 | 23 106 | 49 | 14 |
Kviting3 | 2 398 | 2 855 | - | 30 |
Raudspette3 | 7 918 | 7 746 | - | 1 |
Sjøtunge | 10 | 5 | - | - |
Andre artar5 | 500 | 500 | 9 | 9 |
Vest-Grønland | ||||
Blåkveite | 550 | 325 | 550 | 325 |
Skolest/isgalt | 55 | 55 | 15 | 34 |
Aust-Grønland | ||||
Reker | 1 701 | 2 123 | 1 349 | 1 735 |
Blåkveite | 650 | 850 | 600 | 774 |
Uer | 300 | 556 | 295 | 185 |
Skolest/isgalt o.a. | 40 | 40 | 32 | 6 |
1 Etter overføringar til EU og tredjeland. Inkluderer ikkje Skagerrak, bortsett frå for sei.
2 Fangsttala er henta frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 26. januar 2024.
3 For desse fellesbestandane avtaler EU, Storbritannia og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten både i EU-sona, i britisk sone og i NØS. Berre fangstar frå EU-sona blir rapporterte.
4 Inkludert kvote og fangst i Skagerrak.
5 ICES område 4.
6 Havbrisling i EU-sona kan fiskast i perioden 1. juli–31. mars. Dette er reflektert i fangsttala. Totalkvoten i Nordsjøen i 2022 vart lågare enn 100 000 tonn, noko som medførte at Noreg ikkje fekk fiske kvoten.
Tabell 5.11 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde.
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
NØS, Nord for 62° N | ||||
Torsk4 | 10 259 | 9 150 | 10 656 | 9 035 |
Hyse | 450 | 400 | 448 | 490 |
Sei | 700 | 550 | 750 | 549 |
Blåkveite | 100 | 125 | 121 | 174 |
Uer | 1 500 | 1 500 | 1 402 | 1 433 |
Kolmule | 114 554 | 10 000 | 17 | 10 |
Makrell | - | 266 | - | 250 |
Norsk vårgytande sild | 27 278 | 19 780 | 27 194 | 12 548 |
Andre artar | 100 | 125 | 624 | 537 |
NØS, Nordsjøen | ||||
Torsk2 | 3 958 | 5 853 | 2 366 | 3 795 |
Hyse2 | 4 123 | 4 774 | 805 | 927 |
Sei2,3 | 14 908 | 16 178 | 4 421 | 4 498 |
Kviting2 | 4 782 | 5 333 | 166 | 184 |
Lange | 700 | 500 | 500 | 379 |
Brosme | 50 | 50 | 23 | 12 |
Breiflabb | 1 000 | 900 | 946 | 836 |
Raudspette2 | 30 883 | 30 209 | 2 690 | 2 051 |
Nordsjøsild2 | 2 700 | 2 700 | 2 465 | 1 806 |
Kolmule | 114 554 | 10 000 | - | 5 |
Reker | 200 | 200 | 102 | 64 |
Lysing | 2 000 | 1 870 | 1 676 | 1 547 |
Sjøkreps | 200 | 200 | 151 | 126 |
Andre artar | 2 500 | 1 650 | 1 451 | 1 155 |
Fiskerisona ved Jan Mayen | ||||
Norsk vårgytande sild | 27 278 | 19 780 | - | - |
Kolmule | 114 554 | 10 000 | - | - |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 29. januar 2024. Tala er baserte på fartøya sine rapporterte soner ved fiske.
2 For desse fellesbestandane avtaler EU, Storbritannia og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei tre partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.
3 Gjeld Nordsjøen og Skagerrak.
4 EU-fartøy fiska 22 776 tonn torsk i fiskevernsona ved Svalbard i 2021. Ettersom kvoten i fiskevernsona ved Svalbard var på 17 885 tonn, inneber dette at 4 891 tonn er avrekna på kvoten for EU-fartøy i Noregs økonomiske sone, i samsvar med forskrift om regulering av fisket etter torsk i fiskevernsonen ved Svalbard i 2021.
Tabell 5.11 viser EU sine kvotar og fangstar i norske havområde. I NØS i Nordsjøen er kvotane både i 2022 og i 2023 sette saman av fleire kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, «kolmuleavtalen», «makrellavtalen» og den bilaterale sonetilgangsavtalen mellom EU og Noreg.
Fisket i Skagerrak og Kattegat
I Skagerrak og Kattegat har EU dei siste åra nytta kvotane på torsk, hyse, sild og reker best. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men andre EU-land har mindre kvotar for enkelte artar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak og Kattegat. Det norske fisket i Skagerrak har i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. Noreg har til dømes ein ganske stor kvote på kystbrisling som blir lite nytta. Dette fiskeriet har vore eit kombinasjonsfiskeri av brisling og sild, som har skjedd på dei tradisjonelle felta i Oslofjorden. Tabell 5.12 og 5.13 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2022 og 2023.
Noreg – Sverige
Tabell 5.12 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Torsk4 | 61 | 100 | 58 | 44 |
Hyse | 116 | 151 | 215 | 209 |
Kviting | 17 | 12 | 3 | 5 |
Raudspette | 336 | 356 | 4 | 7 |
Sild2,6 | 3 337 | 3 102 | 238 | 583 |
Brisling | 1 465 | 1 971 | 342 | 919 |
Reker5,6 | 2 515 | 1 982 | 3 558 | 2 120 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30. januar 2024.
2 Inntil 100 prosent av kvoten kan takast ut i Nordsjøen.
4 Utanfor grunnlinene.
5 Den delen av rekekvoten som i utgangspunktet kunne fiskast i Skagerrak, utgjorde 2 515 tonn i 2022. Rekene i Nordsjøen og Skagerrak høyrer likevel til den same bestanden, og rekekvotane i Nordsjøen og Skagerrak blir difor forvalta som éin. I 2022 fiska norske fartøy 3 558 tonn i Skagerrak og 1 087 tonn i Nordsjøen. I 2023 vart kvoteåret lagt om, og no går det frå 1. juli til 30. juni året etter. Tal for 2023 gjeld for perioden 1. januar til 30. juni. Det vart fiska 994 tonn i Nordsjøen i 2023.
6 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.
Noreg har ein nabolandsavtale med Sverige om fiskeri som gjev svenske fiskarar rett til å fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2022 og 2023 er viste i tabell 5.14. Med unntak av hyse- og kvitingkvoten nyttar Sverige desse kvotane godt.
Tabell 5.13 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Torsk2 | 1 832 | 2995 | 1 807 | 1 904 |
Hyse | 2 645 | 3 438 | 3 122 | 2 948 |
Kviting | 912 | 664 | 221 | 217 |
Raudspette2 | 16 480 | 17 427 | 3 836 | 2 761 |
Sild3 | 21 648 | 20 148 | 476 | 222 |
Brisling | 18 064 | 24 307 | 379 | 69 |
Reker2 | 2 883 | 2 271 | 2 877 | 2 223 |
1 Fangsttala for 2022 og 2023 (jan.–okt.) utleverte under forhandlingane mellom Noreg og EU.
2 Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og i den nordlege delen av Kattegat.
3 I tillegg kjem ein bifangstkvote på sild på 6 659 tonn i 2022 og 2023. Av desse er høvesvis 137 tonn og 92 tonn fiska (tal frå Fiskeristyrelsen i Danmark).
Tabell 5.14 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde.
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
NØS, Nordsjøen | ||||
Torsk | 382 | 382 | 378 | 381 |
Hyse | 707 | 707 | 83 | 110 |
Sei | 880 | 880 | 873 | 875 |
Kviting/lyr | 190 | 190 | 88 | 96 |
Industrifiske2 | 800 | 800 | 808 | 775 |
Makrell | 283 | 265 | 279 | 265 |
Sild | 991 | 932 | 991 | 932 |
Reker | 123 | 123 | 84 | 118 |
Andre artar3 | - | - | 365 | 534 |
1 Fangsttala er baserte på innrapporterte tal frå Det svenske fiskeriverket per 15. januar 2024.
2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kan maksimalt 400 tonn vere hestmakrell.
3 Det blir ikkje tildelt ein fast kvote på andre artar, men fangstane skal vere på tradisjonelt nivå.
5.2.4 Noreg – Storbritannia
Noreg og Storbritannia vart samde om ein avtale om kvotebyte og gjensidig tilgang både for 2022 og for 2023. Hovudtrekka i avtalane er at fartøy frå begge partar kan fiske inntil 30 000 tonn botnfisk i sonene til kvarandre i Nordsjøen. Det vart òg gjennomført eit kvotebyte der Noreg fekk tilgang til å fiske mellom anna torsk, blåkveite, brosme, skjelbrosme og lange i områda vest for Dei britiske øyane (ICES-område 6), medan Storbritannia fekk kvote på torsk og sild nord for 62° N og kvote på nokre artar i Nordsjøen. Tabellane nedanfor viser omfanget av kvotebyta mellom Noreg og Storbritannia, i tillegg til kor mykje som vart fiska.
Tabell 5.15 Gjensidig tilgang til å fiske inntil 30 000 tonn botnfisk i Nordsjøen i 2022 og 2023.
Norske fangstar i britisk sone1 | Britiske fangstar i norsk sone2 | |||
---|---|---|---|---|
Art | 2022 | 2023 | 2022 | 2023 |
Breiflabb | 15 | 44 | 264 | 316 |
Vassild | 93 | 64 | - | |
Kveite | - | - | 35 | 30 |
Blålange | 189 | 167 | - | - |
Torsk | 1 207 | 1 526 | 1 238 | 1 624 |
Sandflyndre | - | - | 23 | 16 |
Skjelbrosme | 98 | 109 | - | - |
Blåkveite | 518 | 470 | - | - |
Hyse | 296 | 212 | 3 476 | 3 438 |
Lysing | 451 | 233 | 1 149 | 382 |
Lomre | - | - | 55 | 100 |
Lange | 5 444 | 2 458 | 242 | 238 |
Raudspette | - | - | 717 | 1 119 |
Lyr | 120 | 87 | 282 | 304 |
Havmus | 63 | 38 | - | - |
Sei | 7 339 | 5 102 | 1 084 | 1 230 |
Skater | 29 | 17 | - | - |
Brosme | 924 | 471 | 1 | 1 |
Kviting | 12 | 35 | 719 | 673 |
Smørflyndre | - | - | 34 | 63 |
Steinbit | - | - | 138 | 145 |
Snabeluer | 16 | 29 | - | - |
Andre artar der fangstane er under 20 tonn | 102 | 43 | 55 | 60 |
1 Landings-og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30. januar 2024.
2 ERS-meldingar.
Tabell 5.16 Kvoteoverføringar til Noreg frå Storbritannia i 2022 og 2023 og fangstar av kvotane.1
Kvotar og fangstar til Noreg i 2022 | Kvotar og fangstar til Noreg i 2023 | |||
---|---|---|---|---|
Art | Kvotar | Fangstar | Kvotar | Fangstar |
NAFO-område 3M | ||||
Torsk | 187 | 187 | 285 | 285 |
Storbritannias økonomisk sone | ||||
Torsk2 | 15 | 4 | 15 | 7 |
Blåkveite3 | 600 | 584 | 700 | 694 |
Lange2 | 1 200 | 1 182 | 1 300 | 758 |
Brosme2 | 650 | 242 | 380 | 394 |
Skjelbrosme2 | 150 | 79 | 100 | 126 |
Blålange2 | 60 | 65 | 70 | 73 |
Anna (bifangst) | - | 50 | 40 | 138 |
Nordsjøsild | 17 000 | 12 494 | 20 000 | 18 939 |
1 Delt under forhandlingar mellom Noreg og Storbritannia for 2024.
2 ICES-område 6.
3 ICES-område 2a, 5b og 6.
Tabell 5.17 Kvoteoverføringar til Storbritannia frå Noreg i 2022 og 2023 og fangstar av kvotane.1
Kvotar og fangstar til Storbritannia i 2022 | Kvotar og fangstar til Storbritannia i 2023 | |||
---|---|---|---|---|
Art | Kvotar | Fangstar | Kvotar | Fangstar |
Noregs økonomisk sone | ||||
Breiflabb2 | 600 | 600 | 1 075 | 1 043 |
Blålange2 | 25 | 18 | 20 | 4 |
Lysing2 | 600 | 600 | 25 | 17 |
Kviting2 | 500 | 500 | 25 | 25 |
Torsk3 | 500 | 501 | 750 | 749 |
NVG-sild3 | 17 000 | 10 192 | 20 000 | 8 690 |
Anna3 | 70 | 70 | 120 | 118 |
1 Delt under forhandlingar mellom Noreg og Storbritannia for 2024.
2 ICES-område 4.
3 ICES-område 1 og 2.
5.2.5 Noreg – Færøyane
Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk i færøysk sone i varierande grad dei siste åra, og dei to siste åra har utnyttinga vore nokså låg. Færøyane har nytta botnfiskkvotane i norske jurisdiksjonsområde godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei fiska difor ikkje makrell i NØS eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2022. I 2023 hadde dei heller ikkje tilgang til desse sonene. Færøyane har ikkje hatt tilgang til å fiske kolmule i norske havområde dei siste åra. Noregs tilgang til å fiske kolmule i færøysk sone vart auka til 50 000 tonn i 2023.
Tabell 5.18 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Lange/ blålange | 3 000 | 3 000 | 1 303 | 1 219 |
Brosme | 1 500 | 1 500 | 848 | 808 |
Makrell 2 | 6 600 | 6 600 | 28 | 14 |
Kolmule3 | - | - | 11 496 | 35 076 |
Andre artar | 800 | 800 | 136 | 199 |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 29. januar 2024.
2 Makrellkvoten er fiska i anna farvatn.
3 Noreg byter til seg sonetilgang i den bilaterale avtalen: 31 920 tonn i 2022 og 50 000 i 2023.
Tabell 5.19 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde.
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
NØS, Nord for 62° N | ||||
Torsk2 | 8 735 | 10 395 | 8 563 | 8 597 |
Hyse2 | 1 300 | 1 600 | 1 008 | 1 040 |
Sei | 500 | 500 | 434 | 342 |
Makrell | 10 000 | - | - | - |
Andre artar3 | 400 | 700 | 392 | 332 |
NØS, Nordsjøen | ||||
Makrell | 10 000 | - | 9 650 | - |
Fiskerisona ved Jan Mayen | ||||
Makrell | 10 000 | - | - | - |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2024.
2 Inkluderer kvotar overførte frå russisk økonomisk sone.
3 Inkluderer uer, sei og blåkveite.
5.2.6 Noreg – Grønland
Dei norske kvotane og fangstane i Grønlands økonomiske sone i 2022 og 2023 går fram av tabell 5.20. I tillegg kunne norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU, sjå tabell 5.10.
Kvotane på torsk og blåkveite vart godt nytta. Dei siste åra har fisket vore regulert gjennom fleire rulleringsordningar. Kvoten på uer har tradisjonelt vore delt i botnlevande og pelagisk uer, men etter 2021 har ikkje Noreg fått tildelt kvote på pelagisk uer. Uerkvoten blir godt nytta.
Grønland utnyttar som regel kvotane sine i NØS godt, jf. tabell 5.21. I 2022 og 2023 var det to fartøy som fiska dei grønlandske kvotane i norske havområde.
Tabell 5.20 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Vest-Grønland: | ||||
Blåkveite | 900 | 900 | 928 | 900 |
Aust-Grønland: | ||||
Blåkveite | 375 | 375 | 375 | 375 |
Kveite | 30 | 30 | 18 | 16 |
Uer | 500 | 500 | 500 | 500 |
Brosme | 540 | 540 | 525 | 467 |
Skolest | 150 | 150 | 150 | 150 |
Bifangst av andre artar | 352 | 325 | 190 | 180 |
Vest- og Aust-Grønland: | ||||
Torsk | 1 350 | 1 350 | 1 349 | 1 350 |
1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 30. januar 2024.
Tabell 5.21 Grønlandske kvotar og fangstar i norske havområde.
Område/art | Kvotar1 (tonn) | Fangstar2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
NØS, Nord for 62° N | ||||
Torsk | 7 691 | 4 000 | 7 069 | 3 994 |
Hyse | 1 000 | 750 | 771 | 673 |
Sei | 650 | 650 | 474 | 508 |
Andre artar | 425 | 425 | 357 | 324 |
1 Grønland overførte 3 691 tonn torsk og 250 tonn hyse frå russisk til norsk økonomisk sone i 2022.
2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2024.
5.2.7 Noreg – Island
Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra, jf. tabell 5.22, som viser norske kvotar og fangstar i islandsk sone. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har meldt seg på til dette fisket. To nye fartøy får vere med i dette fisket kvart år.
Tabell 5.22 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Brosme, lange, blålange | 500 | 500 | 499 | 497 |
Uer2 | - | - | 3 | 17 |
Anna2 | - | - | 96 | 85 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 26. januar 2024.
2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.
Tabell 5.23 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde.
Område/art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
NØS, Nord for 62° N | ||||
Torsk | 6 438 | 5 125 | 6 137 | 5 157 |
Hyse2 | - | - | 340 | 293 |
Sei2 | - | - | 315 | 214 |
Andre artar2 | 1 931 | 1 538 | 390 | 308 |
1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 29. januar 2024.
2 Bifangst inntil 30 prosent. Fangst av hyse og sei blir belasta kvoten for andre artar.
5.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
5.3.1 Norsk vårgytande sild
I 2007 vart kyststatane samde om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Som følgje av at Færøyane hausten 2012 fremja krav om ein høgare del norsk vårgytande sild, vart det i åra 2013 og 2014 inngått firepartsavtalar mellom EU, Island, Noreg og Russland om fordeling av norsk vårgytande sild. I avtalane vart det sett av eit kvantum til færøysk fiske, i samsvar med delen deira frå 2007. Det vart ikkje semje om ein kyststatsavtale for 2015, men partane vart likevel samde om ein totalkvote i tråd med tilrådinga frå ICES. I 2016 vart det heller ikkje semje om ein avtale, men 15. januar 2016 la Noreg fram eit forslag til forvaltingstiltak i NEAFCs konvensjonsområde for 2016. I forslaget var det mellom anna lagt opp til ein TAC ut frå forvaltingsplanen. Tre partar røysta for, ein imot, og ein part valde å ikkje røyste. Forslaget frå Noreg vart difor vedteke. For åra 2017 til og med 2023 har partane blitt samde om ein totalkvote for norsk vårgytande sild. Hausten 2020 kom Storbritannia med i forhandlingane, frå 2021 har dei fastsett eigen kvote. Det er semje mellom partane om at Storbritannia er kyststat til sild, medan EU ikkje lenger er det.
Tabell 5.24 Kvotar på og fangstar av norsk vårgytande sild i 2022.1
Stat | Kvote | Balanse 2021 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn) | Balanse 2023 |
---|---|---|---|---|---|---|
Færøyane | 131 989 | 21 747 | −13 500 | 140 236 | 122 082 | 18 154 |
Island | 108 225 | 1 654 | - | 109 879 | 110 482 | −603 |
Noreg | 454 927 | −9 318 | - | 445 609 | 446 264 | −655 |
Russland | 76 739 | 1 080 | 7 000 | 84 819 | 85 873 | −1 054 |
Storbritannia | 11 690 | 623 | −2 102 | 10 211 | 10 379 | −168 |
Totalt kyststatar | 783 570 | 15 786 | −8 602 | 790 754 | 775 080 | 10 719 |
EU | 27 278 | 2 967 | 2 102 | 32 347 | 30 507 | 1 840 |
Grønland | 25 000 | - | 6 500 | 31 500 | 6 321 | - |
Totalt | 835 848 | 18 753 | - | 854 601 | 811 908 | 17 514 |
1 Tala for kvote, balanse og fangst er innrapporterte frå land som deltok på kyststatsforhandlingane i oktober 2023. Tal for overføringar er henta frå landa som deltok på kyststatsforhandlingane i oktober 2022. Norske fangstar er frå landings- og sluttsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 30. januar 2024.
Andelsfordelinga er det ikkje semje om, og partane set seg unilaterale kvotar. Fordelinga av kvotar for 2022 og 2023, før og etter overføringar mellom partane og overføringar over år, er vist i tabell 5.24 og 5.25.
Vandringsmønsteret til silda endrar seg stadig. Det ser ein spesielt i 2017, 2018 og 2019, då den store silda oppheldt seg i internasjonalt farvatn i ein lengre periode. Dette gjorde at kyststatane, med unntak av Noreg og Island, fiska den største delen av kvoten sin her. Island og Noreg hadde hovudfisket i eigne farvatn. Sidan 2020 har fangstmønsteret vore eit anna: Totalt blir det fiska mest i norske farvatn, så islandsk og færøysk farvatn. Dei som har tilgang til norske farvatn, har hovudfisket sitt her. Færøyane har fiska mesteparten av kvoten sin i islandsk sone, noko i si eiga sone og noko i internasjonalt farvatn. Island fiska hovudsakleg i si eiga sone. Russland fiska i 2022 og 2023 størstedelen av kvoten sin i NØS. I 2022 fiska grønlandske fartøy mest i internasjonalt farvatn, medan dei i 2023 oppheldt seg mest i færøysk farvatn. Landa utnytta dei unilateralt fastsette kvotane sine godt, med unntak av Færøyene, som i fleire år har overført meir enn 10 prosent av ufiska kvote til neste år, sjølv om dei gjennom kvoteavtalen mellom partane har forplikta seg til å halde seg innanfor 10 prosent.
Tabell 5.25 Kvotar på og fangstar av norsk vårgytande sild i 2023.1
Stat | Kvote | Balanse 2022 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn) |
---|---|---|---|---|---|
Færøyane | 112 713 | 18 154 | −15 000 | 115 867 | 67 219 |
Island | 92 421 | −603 | - | 91 818 | 90 386 |
Noreg | 388 490 | −655 | - | 387 835 | 384 107 |
Russland | 65 532 | −1 054 | 8 500 | 72 978 | 57 603 |
Storbritannia | 9 983 | −168 | 117 | 9 932 | 7 607 |
Totalt kyststatar | 669 139 | 15 674 | −6 383 | 678 430 | 606 922 |
EU | 23 294 | 1 840 | −117 | 25 017 | 12 362 |
Grønland | 5 112 | - | 6 500 | 11 612 | 2 824 |
Totalt | 697 545 | 17 514 | – | 715 059 | 622 108 |
1 Tal for kvotar, balanse og overføringar er utrekna frå tal som er rapporterte inn frå land som deltok på kyststatsforhandlingane i oktober 2023. Fangsttal for alle land er førebelse tal frå fangststatistikken til NEAFC per november 2023.
5.3.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
Etter mange forhandlingsrundar sidan 2015 inngjekk kyststatane ein ny trepartsavtale i juni 2018.
Målingar hausten 2021 på umoden lodde førte til at ICES fann grunnlag for å fastsetje ein førebels TAC på 400 000 tonn lodde for sesongen 2022–2023. I august og september 2022 samarbeidde Island og Grønland om å gjennomføre loddetokt. Basert på resultata frå dette toktet vart TAC justert ned frå 400 000 tonn til 218 400 tonn lodde. Island gjekk ut på tokt igjen i desember, men fann ikkje grunnlag for å justere TAC. Island gjennomførte fleire tokt i januar 2023. Den 3. februar 2023 vart TAC justert opp til 275 705 tonn, noko som gjorde at den norske kvoten auka til 48 280 tonn. Fisket var godt, og Noreg nytta heile kvoten. Den 24. februar 2023 vart TAC justert opp til 459 800 tonn, noko som gjorde at den norske kvoten auka til 57 585 tonn. Sidan Noreg ikkje hadde tilgang til IØS etter 22. februar kunne dei norske fartøya ikkje utnytta denne kvoten. Island nytta seg av delar av denne, noko som gjer at Noreg vil få kompensasjon i sesongen 2023–2024 dersom det blir funne grunnlag for å opne for eit loddefiske.
Loddefisket er avgrensa til fartøy med ringnotløyve, og det er veldig stor interesse for å delta.
Tabell 5.26 Norske kvotar på og fangstar av lodde i sesongane 2022–2023 og 2023–2024.
Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | |||
---|---|---|---|---|
2022–20232 | 2023–2024 | 2022–2023 | 2023–2024 | |
Totalt | 57 585 | - | 49 611 | - |
Derav Grønland | 57 585 | - | - | - |
Derav Jan Mayen | 57 585 | - | - | - |
Derav Island | 57 585 | - | 49 611 | - |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30. januar 2024.
2 Kvoten vart sett saman av 22 990 tonn frå trepartsavtalen, 24 595 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet og 10 000 tonn frå den årlege kvoteavtalen mellom EU og Noreg.
5.3.3 Kolmule
Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule.
I tillegg til Noregs kyststatsdel av kolmule byter Noreg tradisjonelt til seg kolmule frå EU – samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland.
Tabell 5.27 Kvotar på og fangst av kolmule i 2023.1
Stat | Kvote | Balanse 2022 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn) |
---|---|---|---|---|---|
EU | 457 122 | 25 339 | −70 790 | 411 671 | 353 515 |
Færøyane | 483 042 | 3 504 | −90 500 | 396 046 | 385 827 |
Island | 286 884 | −13 422 | - | 273 442 | 275 158 |
Noreg | 328 431 | −15 086 | 50 335 | 363 680 | 390 666 |
Storbritannia | 106 034 | −1 256 | −3 210 | 101 568 | 100 150 |
Totalt | 1 661 513 | −921 | −114 165 | 1 546 407 | 1 404 681 |
Russland2 | 100 884 | 6 206 | 95 666 | 202 756 | 152 035 |
Grønland | 7 342 | - | 18 500 | 25 842 | 25 664 |
1 Tal for kvotar og overføringar er innrapporterte frå partar som deltok på kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2023. Fangsttala er førebelse tal frå fangststatistikken til NEAFC per november 2023.
2 Tal for kvotar og overføringar er innrapporterte frå Russland til NEAFC i mai 2023.
Noreg fiska både i 2022 og i 2023 på forskot på kvoten for neste år – som i dei føregåande åra. I 2022 fiska norske fartøy dei største delane av kvoten sin i EU-sona vest for og nord for Irland, medan norske fartøy i 2023 fiska dei største delane av kvoten sin både i EU-sona vest for og nord for Irland og i internasjonalt farvatn. Trass i kyststatsavtalar utan fordeling av totalkvoten og unilateral kvotefastsetjing dei siste åra har Noreg gjennom bilaterale avtalar med EU og Færøyane tilgang til å fiske delar av kvoten i sonene til EU og Færøyane. Tilgangen i EU-sona vart, som normalt, godt nytta i 2022. Tilgangen i EU-sona i 2023 vart utnytta i mindre grad enn normalt. Dette kan forklarast med at tilgangen i EU-sona vart tildelt i mars, seinare enn normalt. Tilgangen til Færøy-sona vart nytta i liten grad i 2022, medan han i 2023 vart nytta relativt betre enn dei siste åra.
Tabell 5.27 og 5.28 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane og overføringar over år. Dei fleste partane nyttar kvotane godt.
EU-fartøy og færøyske fartøy har dei siste åra fiska den største delen av kvotane sine i eigne farvatn, medan islandske fartøy i størst grad har fiska i færøysk sone. Russland og Grønland fiskar i hovudsak i færøysk sone og i internasjonalt farvatn.
Tabell 5.28 Kvotar på og fangst av kolmule i 2022.1
Stat | Kvote | Balanse 2021 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn) | Balanse 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
EU | 253 389 | 31 323 | −25 493 | 259 219 | 233 254 | 25 965 |
Færøyane | 267 413 | 43 192 | −89 700 | 220 905 | 217 401 | 3 504 |
Island | 158 827 | 15 730 | - | 174 557 | 187 979 | −13 422 |
Noreg | 181 832 | −20 342 | 18 398 | 179 888 | 194 974 | −15 086 |
Storbritannia | 58 393 | −151 | −6 007 | 52 235 | 53 492 | −1 256 |
Totalt | 919 854 | 69 752 | −102 802 | 886 804 | 887 100 | 961 |
Russland2 | 55 834 | 6 229 | 88 102 | 150 165 | 128 002 | 22 163 |
Grønland | 4 076 | 1 472 | 14 700 | 20 248 | 18 778 | 1 470 |
1 Tala er innrapporterte frå partar som deltok på kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2023.
2 Tal for kvotar og overføringar er innrapporterte frå Russland under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2022. Fangsttala er førebelse tal frå fangststatistikken til NEAFC per desember 2022.
5.3.4 Makrell
Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.29 og 5.30 viser kvotane før og etter overføringane mellom partane og overføringane over år. Norske fiskarar naut eit godt fiske etter makrell i 2022 og utnytta så godt som heile kvoten i norsk økonomisk sone. Alle partane forutan Storbritannia stod igjen med ufiska kvote ved utløpet av 2022. Som i tidlegare år stod Færøyane også i 2022 igjen med eit stort ufiska kvantum som dei overførte til året etter.
I 2023 hadde norske fiskarar tilgang til å fiske inntil 60 prosent av kvoten i britisk økonomiske sone, og heile det tilgjengelege kvantumet vart oppfiska. Det viste seg likevel vanskeleg å fiske den norske totalkvoten, og det stod igjen meir ufiska kvote ved utløpet av 2023 enn det Noreg kan overføre innanfor kvotefleksibiliteten på 10 prosent. Det vart gjort ei rekkje justeringar i fisket gjennom året for alle grupper for å sikre at den norske kvoten vart utnytta.
Både Færøyane og Island naut eit godt makrellfiske i sine respektive økonomiske soner i 2023 samanlikna med tidlegare år. Dette førte òg til at det vart fiska mindre i internasjonalt farvatn. Ein må tilbake til før Brexit for å finne år der det vart fiska meir makrell i Storbritannias økonomiske sone enn i 2023.
Tabell 5.29 Kvotar på og fangst av makrell i 2023.1
Stat | Kvote | Balanse 2022 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn) |
---|---|---|---|---|---|
EU | 177 048 | 18 554 | 1 177 | 196 779 | 151 387 |
Færøyane | 153 285 | 66 700 | −20 900 | 199 085 | 175 825 |
Island | 129 040 | 18 728 | 1 300 | 149 068 | 138 303 |
Noreg | 249 870 | 14 119 | −18 301 | 245 688 | 212 823 |
Grønland | 50 834 | - | - | 50 834 | 28 821 |
Storbritannia | 210 814 | −4 753 | 23 734 | 229 795 | 215 317 |
Totalt for kyststatane | 970 891 | 113 348 | −12 990 | 1 071 249 | 922 476 |
Russland | 118 000 | - | 13 000 | 131 000 | 111 513 |
1 Tala for kvotar og overføringar er innrapporterte frå partar som deltok på kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2023. Kvoten for Russland er henta frå tal som innrapporterte til NEAFC. Fangsttala er baserte på førebelse tal som er innrapporterte til NEAFC per november 2023.
Tabell 5.30 Kvotar på og fangst av makrell i 2022.1
Stat | Kvote | Balanse 2021 | Overføring | Kvote etter overføring og fleksibilitet | Fangstar (tonn) | Balanse 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
EU | 185 543 | 19 806 | −591 | 204 758 | 168 259 | 36 499 |
Færøyane | 155 804 | 67 897 | −21 200 | 202 501 | 133 747 | 66 700 |
Island | 131 162 | 21 094 | 1 300 | 153 556 | 127 379 | 26 177 |
Noreg | 278 222 | 23 666 | 6 317 | 308 205 | 294 086 | 14 119 |
Grønland | 51 670 | - | - | 51 670 | 18 562 | 33 108 |
Storbritannia | 210 820 | −4 577 | 859 | 207 102 | 211 854 | −4 752 |
Totalt for kyststatane | 1 013 221 | 127 886 | −13 315 | 1 127 792 | 953 887 | 171 851 |
Russland | 120 032 | - | 13 300 | 133 332 | 102 130 | 31 202 |
1 Tala er innrapporterte frå partar som deltok på kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2023. Fangsttal for Russland er baserte på innrapporterte tal til NEAFC per desember 2022.
5.3.5 Norsk fiske i Irmingerhavet
Den norske kvoten på uer i Irmingerhavet har tradisjonelt vore samansett av tre komponentar: eitt kvantum frå forvaltingsavtalen om snabeluer i Irmingerhavet og to kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU. Dei to siste åra har det ikkje vore opna for fiske etter snabeluer i Irmingerhavet.
Tabell 5.31 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1,2 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Snabeluer | - | - | - | - |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2024.
2 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.
5.3.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet
Sidan 2010 har det vore stor interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. Rekrutteringa har vore på eit lågt nivå sidan 2011, og bestanden, og dermed kvotane, er blitt kraftig reduserte sidan 2017. I 2022 deltok to norske fartøy, mot eitt i 2023. Kvoten vart godt utnytta i begge åra. I 2022 og 2023 har rekefisket i reguleringsområde 3M vore stengt.
Tabell 5.32 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet.
Art | Kvotar (tonn) | Fangstar1 (tonn) | ||
---|---|---|---|---|
2022 | 2023 | 2022 | 2023 | |
Torsk | 557 | 849 | 561 | 851 |
1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 26. januar 2024.