Meld. St. 13 (2019–2020)
Noregs fiskeriavtalar for 2020 og fisket etter avtalane i 2018 og 2019
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 13. mars 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Meldinga omtalar fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2020 og fisket etter avtalane i 2018 og 2019. Ho gjev ei innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslege rammeverket, internasjonale havmiljøprosessar, kontrollsamarbeid, og kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske og fiskerikriminalitet. I tillegg gjer meldinga greie for status og vitskapleg rådgjeving for dei viktigaste bestandane vi deler med andre land.