Meld. St. 19 (2023–2024)

Profesjonsnære utdanningar over heile landet

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Figur 6.1 

Figur 6.1

Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe investeringane i forsking og høgare utdanning framover. Samtidig blir det økonomiske handlingsrommet i statsbudsjetta mindre i åra som kjem. Regjeringa må derfor finne rom for å prioritere viktige forskings- og høgare utdanningssatsingar innanfor dei gjeldande budsjettrammene framover. Universitet og høgskular må også ta endå større ansvar for å prioritere satsingar med interne omprioriteringar. Nye tiltak i denne stortingsmeldinga blir dekte innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene ved omprioriteringar både frå staten og institusjonane si side.

Denne meldinga fører vidare prioriteringane i Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Regjeringa sine prioriteringar i utdannings- og kompetansepolitikken er kompetanse for eit konkurransedyktig næringsliv, det grøne skiftet, gode velferdstenester og å mobilisere fleire av dei som står utanfor arbeidslivet. I tillegg vil regjeringa prioritere lærarutdanningane. Meldinga vil bidra til at samfunnet har god tilgang på kompetent arbeidskraft, at profesjonsutdanningane gir relevant og oppdatert kompetanse, og at utdanningane rekrutterer frå heile befolkninga.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk og bygge sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet. Meldinga kan bidra til auka rekruttering og attraktivitet i utdanningane gjennom tiltak som gir institusjonane meir handlingsrom til å tilby profesjonsnære utdanningar. Det gjeld til dømes meir handlingsrom til å prøve ut nye måtar å organisere lærarutdanningane på og forsøk med profesjonsbachelor/-master. Utgreiingar, evalueringar og utprøving av tiltak vil bli gjennomførte innanfor dei eksisterande budsjettrammene.

Departementet vil vurdere tiltak for å styrke kapasitet og kvalitet i praksis, rettleiarkompetanse og profesjonsnær undervisning. Departementet vurderer det sånn at desse tiltaka vil medføre auka kostnader, i ein skalerbar storleik. Regjeringa vil kome tilbake til omfang og innhald i slike tiltak i dei årlege budsjettprosessane.

Fleire private aktørar vil få ei plikt til å tilby praksisplassar viss dei skal levere helse- og omsorgstenester til offentlege helseføretak. Det er ikkje grunn til å tru at det får større økonomiske konsekvensar for private aktørar. Opplæringa går føre seg i samband med ordinær verksemd og behandling av pasientar. Universitet og høgskular kan få utgifter til å utvikle rettleiarkompetanse i privat sektor. Dette blir finansiert innanfor dei gjeldande rammene for universitet og høgskular.

Det vil ha økonomiske konsekvensar for helseføretaka at fleire utdanningsstillingar blir lyste ut som stillingar som dekker eit fullverdig masterløp (120 studiepoeng). Helseføretaka må betale lønn i det siste semesteret av masterutdanninga. Vidare vil dei måtte erstatte arbeidskraft som det allereie er knapp tilgang på.

Regjeringa vil vurdere generelle tiltak og personretta ordningar for å betre tilgangen på personar med høgare utdanning i distrikta. Regjeringa vil kome tilbake til omfang og innhald i dei årlege budsjettprosessane.

Kunnskapsdepartementet

tilrår:

Tilråding frå Kunnskapsdepartementet 5. april 2024 om Profesjonsnære utdanningar over heile landet blir send Stortinget.

Til forsida