Meld. St. 22 (2014-2015)
Finansmarknadsmeldinga 2014
Tilråding frå Finansdepartementet 10. april 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Meldinga gjev mellom anna eit oversyn over tilhøve i den norske finanssektoren og verksemda til Noregs Bank, Finanstilsynet, Folketrygdfondet, Statens finansfond og Det internasjonale valutafondet (IMF). Meldinga inneheld også omtale av utviklinga av finansmarknadsreguleringa, vilkåra for ein heilskapleg politikk for finansmarknaden, og viktige internasjonale avtaler som set rammer for finansmarknadsreguleringa i Noreg.