3 Levande lokalsamfunn
Regjeringa vil bidra til levande og aldersvennlege lokalsamfunn som støttar opp under aktivitet, deltaking og møte mellom generasjonar. Tilgang til kulturopplevingar, naturområde og eit godt fysisk og sosialt inkluderande nærmiljø er viktig i eit levande lokalsamfunn. Omgivnader og løysingar utan unødvendige barrierar og avgrensingar er eit gode for alle innbyggarane, uavhengig av alder. Moglegheit for sosial kontakt kan fremme sjølvstende og meistringsevne og førebygger einsemd og sosial isolasjon. Levande lokalsamfunn legg til rette for at alle innbyggarane får høve til å engasjere seg og bidra til fellesskapet.
I innspela til reforma er behovet for «å kjenne tilhøyrsel til staden ein bur» og «å kjenne seg nyttig» framheva som grunnleggande behov blant eldre. Regjeringa løftar derfor fram levande lokalsamfunn som eit eige innsatsområde. Gjennom ei samling av ulike tiltak vil regjeringa møte utfordringa med alderisme og diskriminering av eldre. Regjeringa vil jobbe for utjamning av sosiale helseforskjellar, slik at alle kan ha ein trygg alderdom.
Konsekvensane av ei aldrande befolkning er gjennomgripande for heile samfunnet. Grunnlaget for god helse blir først og fremst lagt utanfor helse- og omsorgssektoren. Fleire sektorar må arbeide saman for å skape alders- og demensvennlege samfunn, og det må bli lagt betre til rette for at sivilsamfunn, næringsliv og offentlege aktørar kan møtast i likeverdige partnarskap for å utvikle løysingar for lokalsamfunnet saman. Levande og aldersvennlege lokalsamfunn krev at vi legg til rette for gode liv gjennom heile livsløpet, og ikkje minst at lokalsamfunnet er tilgjengeleg, slik at eldre kan komme seg ut og delta. Mange eldre har mykje erfaring og kompetanse og er ein viktig ressurs i arbeidet med å utvikle gode nærmiljø og nabolag. Ved auka bruk av nye og innovative løysingar og eit godt samspel med eldre innbyggarar, næringslivet og det frivillige vil regjeringa skape moglegheita for trygg aldring med meiningsfylt innhald i eit levande lokalsamfunn.
Det er over fleire år jobba systematisk og målretta med å skape eit meir aldersvennleg samfunn. Aldersvennleg samfunn er eit mål, men det er også ein metode for samfunnsutvikling som planlegg for å møte aldring og aldersrelaterte behov, fremme helsa og livskvaliteten til eldre, inkludere eldre og verdsette bidraget deira i samfunnet. Regjeringa vil gjennom Bu trygt heime-reforma og som del av folkehelsepolitikken føre vidare og styrke det målretta og langsiktige arbeidet med å skape eit aldersvennleg Noreg.
Innsatsen til regjeringa for å bidra til eit levande og aldersvennleg lokalsamfunn blir samla i tre hovudområde:
inkluderande nærmiljø og aktive eldre
deltaking og samskaping
planlegge for en betre alderdom
Hovudområda skal bidra til å nå målsettinga om eit meir levande og aldersvennleg samfunn. Regjeringa vil målrette innsatsen gjennom eit konkret program under overskrifta Program for eit aldersvennleg Noreg 2030.Programmet skal stimulere til at det blir tatt grep nasjonalt, regionalt og lokalt for å fremme aktivitet, inkludering og tilrettelegging som gjer det mogleg for eldre å delta på lik linje med andre, og oppleve innhaldsrike og meiningsfulle dagar. Program for eit aldersvennleg Noreg 2030 er ei ramme for tiltak som skal støtte opp under målsettingane ovanfor.
3.1 Inkluderande nærmiljø og aktive eldre
Synet på aldring er ei grunnleggande utfordring i det vestlege samfunnet. Aldring blir ofte omtalt som ei byrde eller utfordring, utan at ein viser til moglegheitene som ligg i mangfaldet, eller til ressursane og erfaringane eldre menneske har, og kan bidra med. Det understrekar behovet for nye perspektiv på aldring og kva det inneber å vere eldre, og på korleis samfunnet kan legge betre til rette for at eldre kan bruke ressursane sine til nytte for seg sjølve og fellesskapet. Derfor vil regjeringa løfte fram tiltak som bidrar til inkludering, medverknad og meiningsfulle aktivitetar.
Å kunne bevege seg til daglege gjeremål og rekreasjon er grunnleggande i eit levande lokalsamfunn. Alders- og demensvennlege omgivnader og løysingar er viktig for å fjerne unødvendige barrierar og for å legge til rette for at eldre kan delta og vere aktive, også med funksjonsavgrensingar. Gjennom eit inkluderande, universelt utforma og aktivitetsvennleg nærmiljø kan eldre halde oppe sjølvstendet og meistringsevna lenger, og delta på lik linje med andre.
Regjeringa vil
bidra til meir alders- og demensvennlege omgivnader i lokalsamfunna
følge opp handlingsplanen for universell utforming
bidra til å utvikle gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø
rettleie og spreie erfaringar med aldersvennlege mobilitets- og transportløysingar
bygge ned digitale barrierar og digitalt utanforskap for eldre gjennom handlingsplanen til Digital heile livet
utvikle tiltak for lågterskel møteplassar for sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar
vidareutvikle Den kulturelle spaserstokken
legge til rette for gode generasjonsmøte i bustadplanlegginga
3.1.1 Alders- og demensvennlege omgivnader
Regjeringa vil bidra til meir alders- og demensvennlege omgivnader i lokalsamfunna. For å kunne leve gode og aktive liv må omgivnadene vi lever og beveger oss i, vere inkluderande og tilgjengelege, og dei må innby til fysisk og sosial aktivitet. Nærmiljøet er derfor viktig, og kvalitetar i nærmiljøet og dei fysiske omgivnadene våre har noko å seie for gode liv, helse og livskvalitet gjennom heile livsløpet.
Nærmiljø kan vere alt frå tettbygde område til grisgrendte strøk. Sentrale element i det fysiske miljøet er bustadområde, vegar, gater, parkar, plassar, leikeplassar, natur- og friområde og kulturlandskap, og det inkluderer institusjonar som barnehagar, skular, bibliotek og helse- og omsorgstenester. Nærmiljøet omfattar også eit psykososialt rom, blant anna knytt til oppleving av tillit, tilhøyrsel og tryggleik og sosiale møteplassar, og ved at estetisk kvalitetar kan påverke trivselen til folk og kjensla deira av stoltheit og identitetstilknyting. Stadig færre av oss har tilgang til nærnatur, parkar og grøntområde, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er nødvendig å sikre grønstruktur slik som areal for naturområder, turdrag, friområde, parkar og fellesområde. Gjennom arealplanlegging kan ein legge til rette for at nærmiljøet og nabolaget er både gå- og aktivitetsvennleg for alle. Eldre og menneske med funksjonsnedsettingar er særleg avhengige av trygge og bustadnære møteplassar, gangvegar og stiar for fysisk og sosial aktivitet og rekreasjon, og likeins at dei kan få utført ulike tenester og daglege gjeremål i gangavstand frå bustaden.
Universell utforming
For å lykkast med å legge til rette for inkludering og deltaking i heile befolkninga er det behov for eit løft som fremmer tilgjengelegheit for alle i lokalsamfunna. Det er derfor eit mål for regjeringa å styrke den universelle utforminga av samfunnet. Universell utforming av omgivnadene våre er ein føresetnad for eit alders- og demensvennleg samfunn. Uteareal som er universelt forma ut, er viktige for å oppnå like moglegheiter til å delta i fysisk og sosial aktivitet, førebygge einsemd og bidra til god folkehelse og livskvalitet. I tillegg bidrar universell utforming til eit inkluderande og levande lokalsamfunn på tvers av generasjonar. Regjeringa vil derfor følge opp Bærekraft og like muligheter – et universelt utformet Norge, handlingsplanen for universell utforming 2021–2025. Handlingsplanen har fire prioriterte område: transport, infrastruktur, bygningar og IKT. Fleire tiltak siktar mot å auke planleggingskompetansen i kommunane innan universell utforming. KS administrerer eit kommunenettverk for universell utforming. Målet er å oppnå konkrete resultat av universell utforming i nærmiljøa. Viktige verkemiddel for nettverket er å knyte kontaktar og dele erfaringar mellom ulike kommunar og fylkeskommunar.
Gå- og aktivitetsvennleg nærmiljøutvikling
Som ein del av oppfølginga av Sammen om aktive liv – handlingsplanen for fysisk aktivitet 2020–2029 vil regjeringa etablere eit tverrsektorielt program for gå- og aktivitetsvennleg nærmiljøutvikling i by- og landkommunar innan 2025, der samarbeid, innovasjon og kunnskaps- og erfaringsdeling er sentralt. Det handlar om å skape gode og tilgjengelege nærmiljø og nabolag som både er aktivitetsvennlege og aldersvennlege, og som gir gode liv for alle.
Dei fysiske føresetnadene blir lagde gjennom samfunns- og arealplanlegginga regionalt og lokalt, gjennom tverrsektoriell innsats og med reell medverknad frå innbyggarane. Det er derfor viktig å bringe folkehelseomsyn inn i planprosessane tidleg, som til dømes kunnskapen vi har om kva kvalitetar i nærmiljø og nabolag har å seie for moglegheitene til rekreasjon og fysisk og sosial aktivitet i kvardag og fritid. Menneskelege omsyn og ulike føresetnader og behov må settast i sentrum og vere premissar for utviklinga av lokalsamfunnet og utforminga av nærmiljøet og nabolaget. Dette blir omtalt nærare i kapittel 3.2 om deltaking og samskaping.
Helsedirektoratet har, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet og basert på erfaringar frå Nærmiljøprosjektet som blei gjennomført i perioden 2015–2018, utarbeidd eit forslag til eit tverrsektorielt program for gå- og aktivitetsvennleg nærmiljøutvikling.1 Vidare har Noregs miljø- og biovitskaplege universitet gjennomført ei kartlegging av indikatorar for gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø. Kartleggingsrapporten viser at det finst mykje kunnskap, men at det er mangelfull samordning mellom kunnskapsgrunnlag, mål og indikatorar.2 Som oppfølging går det blant anna føre seg indikatorutvikling i eit samarbeid mellom statlege etatar på direktoratsnivå og med fagleg bistand frå Statistisk sentralbyrå, basert på eit felles kunnskapsgrunnlag og felles mål innanfor ramma av berekraftsmåla. Regjeringa vil styrke den nasjonale samordninga av nærmiljøutvikling i kommunesektoren.
Utviklinga av gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø vil bygge opp under berekraftsmåla og nullvekstmålet om at veksten i persontransporten i dei største byområda skal skje gjennom bruk av kollektivtransport, sykling eller gåing. Saman med betre systematisk planlegging for å sikre god tilgang til nærturområde, parkar og grøntareal, gang- og sykkelvegar og ikkje minst trygge og smarte mobilitetsløysingar, og med medverknad frå innbyggarane i utforminga, vil dette vere viktig for utviklinga av aldersvennlege og levande lokalsamfunn.
Boks 3.1 Demensvennlege kommunar
Nasjonalforeningen for folkehelsen samarbeider med kommunane for å skape eit meir demensvennleg samfunn. Ved å inngå ein samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen får kommunen tilgang til eit kursopplegg som rettar seg mot servicenæringa. Kursdeltakarane får kunnskap om demens og gode råd om korleis ein møter personar med demens. Bedrifter som har gjennomført kurset, får eit synleg bevis i form av eit klistremerke som viser at her vil ein møte tilsette som har kunnskap om demens.
Kommunane som inngår samarbeidsavtale, gir uttrykk for at dei ønsker å legge til rette for at personar med demens skal oppleve meistring og inkludering. Arbeidet for eit meir demensvennleg samfunn handlar også om utforminga av fysiske omgivnader, kommunale tenester og sosiale omgivnader. Kommunane som deltar i arbeidet, må svare på ei enkel spørjeundersøking på slutten av året. Kvart år blir prisen for eit meir demensvennleg samfunn delt ut til ein kommune som har jobba strukturert og målretta for å bidra til eit meir demensvennleg samfunn.
Kjelde: Nasjonalforeningen for folkehelsen
3.1.2 Mobilitet og aldersvennleg transport
Regjeringa vil rettleie og spreie erfaringar med aldersvennlege mobilitets- og transportløysingar. Aldersvennlege transport- og mobilitetsløysingar er avgjerande for at ulike tilbod blir tilgjengelege og faktisk brukte. Mange stader med store avstandar og få innbyggarar finst det ikkje gode nok transporttilbod for eldre. Tilsvarande kan det vere krevjande for eldre å nytte eit elles godt kollektivtilbod på grunn av lange avstandar og dårleg framkomst til haldeplassar og så vidare. For at eldre skal bruke lokalsamfunnet er det viktig at det er trygt og framkommeleg uansett årstid, derfor er vintervedlikehald viktig.
Dei seinare åra har fleire kommunar satsa på aldersvennleg transport, til dømes Oslo med rosa bussar og Folldal med prosjektet Smart transport i distriktene. Dei fleste fylkeskommunane har ei eller anna form for bestillingstransport.3 Slike dør-til-dør-løysingar er viktige for spesifikke grupper av brukarar, slik som eldre og personar med funksjonsnedsettingar. Felles for tiltaka er målet om å skape smartare transporttilbod, som er tilgjengelege der folk bur. Dette er like viktig i distrikta som i meir sentrale strøk og bidrar til auka deltaking for eldre og andre grupper. Det at tilbodet er etterspurnadsbasert i form av bestillingsløysingar, gjer det meir fleksibelt for brukarane og kan i nokre tilfelle også bidra til at kapasiteten og ressursane blir betre utnytta enn i dag. Ein viktig suksessfaktor vil vere å rette merksemda mot kva dei lokale behova for transport er. Delingsmobilitet, til dømes i form av samkøyring, er ei anna moglegheit. I dag er delingsmobilitet mest utbreidd i og rundt dei største byane. Dette støttar opp under forsking som viser at bildeling har best moglegheiter for å lykkast i folketette urbane område.4 Det er grunn til å tru at veksten i bildeling vil halde fram, og at det vil bli oppfatta som ein meir vanleg måte å ha tilgang til bil på i framtida.
I tråd med klimaforpliktingane våre er det eit mål å redusere bilbruken og få fleire over på andre transportløysingar, som kollektivtransport, sykkel og gonge, jf. nullvekstmålet som er omtalt i 3.1.1. Dette handlar om meir enn hyppigheita på avgangar. Det er viktig at ein tenker tilgjengelegheit, universell utforming og inkluderande løysingar i heile reisekjeda, slik at dette blir eit tilgjengeleg tilbod for eldre og personar med funksjonsnedsettingar.
Som ein del av ansvaret for lokal kollektivtransport har fylkeskommunen også ansvar for å legge til rette transport (TT) for dei som på grunn av funksjonsnedsettingar ikkje kan reise med det ordinære kollektivtilbodet. Det er kommunen eller fylkeskommunen som er ansvarleg for ordninga, og som fastset kriteria for kven som kan få TT-kort.
Boks 3.2 AKT Svipp
AKT Svipp er eit prøveprosjekt som er oppretta for å forbetre transporttilbodet og gi nye reisemoglegheiter til reisande i ulike område på Agder. Tilbodet på AKT Svipp varierer frå kommune til kommune, men felles er at AKT Svipp ei samkøyringsteneste, utan fast ruteplan, som baserer seg på at turane blir førehandsbestilte. Kunden har likevel stor fleksibilitet knytt til bestillingstidspunkt, hentetidspunkt og servicenivå. I enkelte område er AKT Svipp eit tilbod berre for honnørreisande, i andre område er tilbodet ope for alle.
Kjelde: Agder kollektivtrafikk
3.1.3 Aldersvennleg digitalisering
Regjeringa vil bygge ned dei digitale barrierane til eldre og digitalt utanforskap i handlingsplanen for Digital heile livet. Digitalisering og auka bruk av teknologi gir moglegheit for at fleire eldre kan bu heime lenger og delta i samfunnet på nye måtar. Samtidig viser innspela til arbeidet at eldre opplever at digitale plattformer kan vere eit hinder for deltaking i det sosiale livet og for tilgang til tenester, og at låge forventningar til eigen kompetanse kan føre til sjølvekskludering. På same måte som dei fysiske og sosiale omgivnadene, må også digitale verktøy og verkemiddel bli utvikla slik at dei er aldersvennlege og inkluderande og legg til rette for deltaking og medverknad.
Eldre og personar med kort utdanning er blant gruppene som har svakast digitale ferdigheiter. Fleire undersøkingar og innspel til reforma peiker på at ein må legge betre til rette for å sikre at ikkje enkeltgrupper blir avskorne frå deltaking i samfunnsliv og tilgang til tenester og tilbod på grunn av digitalt utanforskap. Rådet for et aldersvennlig Norge peikte i årsrapporten sin for 2021 på at digitalt utanforskap representerer ei demokratisk utfordring.
Datatilsynet har tatt opp utfordringane med prosedyrar for innlogging med kodar og passord, spesielt for eldre med sansetap. Universell utforming av IKT-løysingar handlar om retten til tilgang på tilrettelagt informasjon, som er ein føresetnad for retten til demokratisk deltaking. For at innbyggarane skal kunne delta i samfunnet, også digitalt, er det viktig at det finst gode digitale løysingar som alle kan bruke.
Regjeringa ved Kommunal- og distriktsdepartementet har fleire tiltak gåande for å auke den digitale deltakinga og kompetansen i befolkninga. Regjeringa følger opp strategien Digital heile livet, og vil legge fram ein konkret handlingsplan basert på strategien i 2023.
Kommunane har eit ansvar for å legge til rette for at dei som treng det, får tilbod om digital hjelp og opplæring lokalt. I 2022 inngjekk Kommunal- og distriktsdepartementet og KS ein ny samarbeidsavtale om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auke den digitale kompetansen til innbyggarane. Avtalen varer ut 2025. Mange kommunar har i dag gode tilbod på bibliotek og andre stader der folk møtest. Om lag 70 kommunar har per mars 2023 etablert eit rettleiingstilbod innan grunnleggande digitale ferdigheiter.
Boks 3.3 Digital opplæring
Organisasjonen Seniornett får driftsstøtte til opplæring av eldre over 65 år som manglar grunnleggande digitale ferdigheiter. Tiltak og aktivitetar er målretta mot innbyggarar med låg eller manglande digital kompetanse og er utvikla i eit samarbeid mellom blant anna Seniornett, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og KS. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse driftar og utviklar på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet ulike opplæringsressursar som kan bli brukt vederlagsfritt av alle som tilbyr kurs og opplæring innan grunnleggande digitale ferdigheiter.
Kjelde: Kommunal- og distriktsdepartementet
3.1.4 Aktive eldre
Aktivitet og deltaking i eit sosialt fellesskap fremmer helse og livskvalitet og førebygger einsemd. For at eldre skal kunne bu heime lenger, er det viktig å halde oppe god psykisk og fysisk helse og funksjon gjennom helsefremmande og førebyggande tiltak som fremmer gode levevanar, og gjerne i god tid før det er behov for tenester. Lågterskeltilbod for fysisk aktivitet i lokalsamfunnet har vist seg å ha god effekt. Sosiale og kulturelle møteplassar med interessant innhald bidrar også til at eldre opplever meiningsfulle dagar og møter med andre.
Sosiale og kulturelle møteplassar
Eit gjennomgåande tema i tilbakemeldingane regjeringa har fått i arbeidet, er behovet for sosial og kulturell aktivitet. Mange eldre opplever at det er få tilbod, eller at tilboda ikkje treffer innhaldsmessig, jf. kapittel 2. For at fleire eldre skal oppleve det som trygt å bu lengre heime, er moglegheita til å vere i aktivitet og delta i sosiale fellesskap viktig. Regjeringa vil derfor utvikle tiltak for lågterskelmøteplassar for sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar. Regjeringa vil bidra til systematisk deling av gode døme på meiningsfulle møteplassar for eldre, blant anna sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar og tilbod. Senteret for et aldersvennlig Norge skal støtte kommunane og hjelpe dei å gjennomføre blant anna Generasjonsleikane og andre aktivitetar som gir meiningsfulle møteplassar og auka deltaking for eldre.
Eldresenter og seniorsenter er gode døme på tiltak som bidrar til å skape aktivitet og sosialt fellesskap. Dette er tilbod som når mange, og som utløyser ein betydeleg frivillig innsats lokalt. Mange eldresenter og seniorsenter har eit variert og spennande program, med ei blanding av foredrag, kulturopplevingar, song og musikk, trening, sjakk og så vidare. Samtidig viser innspel til reforma at fleire strever med å rekruttere nye brukarar. Det er viktig at ein gjer desse tilboda kjende, og at innhaldet er attraktivt for nye generasjonar eldre. Det er også eit potensial for å opne opp sentera for andre aldersgrupper, og at ein i større grad tenker fellesaktivitetar og sambruk.
Eit levande lokalsamfunn handlar om å skape gode møteplassar for innbyggarar i alle aldrar. Uformelle møteplassar i nærmiljøa, som torg, parkar, treningssenter, bibliotek og så vidare, er stader der alle generasjonar møtest, utan at dette er sett i system. Denne typen uformelle møteplassar er svært viktige, og det er viktig at ein tenker på denne typen møteplassar når ein driv med stadsutvikling, slik at det blir tilgjengeleg for alle. Folkebiblioteka er eit godt døme. Dei seinare åra har dei i større grad opna seg opp mot lokalsamfunnet ved å ikkje berre vere ein stad ein låner bøker, men ein møteplass med rom for ulike opplevingar og tilbod.
Vi veit at kulturdeltaking har positiv innverknad på helsa. Blant anna viser HUNT-data at det er ein positiv samanheng mellom kulturdeltaking, både som aktiv og som tilhøyrar, og helse og dødelegheit.5 Frå HUNT-undersøkingane veit vi at dei mest brukte formene for deltaking er friluftsliv, konsert-, kino- og teaterbesøk og idrettsaktivitetar. For dei fleste arenaene og aktivitetstypane aukar deltakinga med aukande alder opp til 40–59 år og flatar deretter ut eller fell noko. Aldersgruppa 80 år og eldre deltar i minst grad. Det er gjennomgåande store forskjellar i samfunnsdeltaking knytte til utdanningsnivået til innbyggarane, der lengre utdanning er forbunde med høgare grad av deltaking.6 Å fremme aktivitet og engasjement innan kulturlivet blant innbyggarane kan bidra til å betre folkehelsa i kommunen.
Boks 3.4 Alders- og demensvennleg bibliotek
Deichman, Bydel Østensjø og Sjukeheimsetaten i Oslo kommune gjekk i 2018 saman om å gjere Deichman Oppsal til eit alders- og demensvennleg bibliotek. Gjennom prosjektet har det vore tett innbyggardialog og samarbeid på tvers av tenester for å gjere biblioteket til ein møteplass for alle, uansett alder eller diagnose. Pilotprosjektet alders- og demensvennleg bibliotek på Deichman Oppsal er del av utviklinga av Oslo som aldersvennleg by, og i tråd med nasjonale strategiar.
Kjelde: Oslo kommune
Nærbutikk og kjøpesenter som møteplass
Der vi ferdast i det daglege, er også eit utgangspunkt for uformelle møte og kontakt med andre, som butikken eller kjøpesenteret. Dette er stader ein som oftast ikkje tenker på som møteplassar, men som er lett tilgjengelege treffpunkt i kvardagen. Ein ny studie viser at kjøpesenter er ein attraktiv stad å vere sjølv om handling ikkje er primærformålet med besøket.7 Studien viser at mange rapporterer om positive effektar av å vere på eit kjøpesenter, blant anna sosial tilhøyrsel, stadstilknyting og opplevinga av å vere på ein fristad. Resultata viser at folk ønsker eit mangfald av aktivitetar på senteret, og at det er eit potensial i å vidareutvikle kjøpesenter som ein meiningsfull møteplass.
I mange små lokalsamfunn er daglegvarebutikkane det siste servicepunktet som er att. Utkantbutikkane speler ei viktig rolle i å halde oppe tenestetilbodet i små lokalsamfunn. Det er ikkje uvanleg at butikkane i praksis fungerer som velferdssentralar. Gjennom Merkur-programmet, som er eit utviklingsprogram Kommunal- og distriktsdepartementet har for daglegvarebutikkar i distrikta, blir det arbeidd med å utvikle både tenestetilbodet til butikken og butikken som møteplass. Eldre er den viktigaste målgruppa for mange av butikkane.
I tillegg til sal av daglegvarer tilbyr dei aller fleste Merkur-butikkane tilleggstenester.8 Det kan vere apotekvarer, kafé/pub, heimlevering av daglegvarer, skyss til butikken eller andre servicefunksjonar, treningsfasilitetar, trådlaust nett, teknisk hjelp med mobil/pc med meir. Fleire distriktskommunar etablerer serviceavtalar med lokale butikkar. Målet er at butikken skal hjelpe kommunen å føre tenestene nærare innbyggarane i lokalsamfunnet. Butikken kan til dømes etablere bibliotektilbod og formidle kommunal informasjon. Tenester som hjartestartar, samarbeid med heimetenesta og avtale om å vere beredskapspunkt i tilfelle kriser bidrar til å fremme tryggleik for innbyggarane i lokalsamfunnet. Det er spesielt viktig for sårbare innbyggarar som eldre og sjuke, og deira pårørande. Samarbeidet bidrar til at kommunen når ut til innbyggarane sine med informasjon og tenester, samtidig som det gir butikken eit større inntektsgrunnlag. Vidare blir butikken og staden der han er lokalisert, meir attraktiv. Det gjer desse lokalsamfunna meir berekraftige på lang sikt.
Boks 3.5 Butikk og eldrebustader i same bygg
Røyrvik kommune i Trøndelag har samarbeidd med nærbutikken om eit nybygg som inneheld nytt butikklokale og fire leilegheiter som er godt eigna for eldre som ønsker å flytte frå hus til ein mindre bustad. Satsinga er ein del av eit heilskapleg arbeid med å utvikle eit kompakt sentrum, og kommunen ser på butikken som kritisk infrastruktur i Røyrvik-samfunnet.
1 Merkur-programmet: «Butikk og eldreboliger i samme bygg».
Kjelde: Merkur-programmet1
Den kulturelle spaserstokken
Regjeringa vil i tråd med Hurdalsplattforma vidareutvikle Den kulturelle spaserstokken. Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre. Gjennom ordninga skal det bli lagt til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgssektoren, slik at det blir utvikla gode kunst- og kulturprosjekt lokalt innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. Ordninga skal også bidra til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei er i dagleglivet. Regjeringa ønsker å vidareutvikle det samarbeidet som er etablert mellom kultursektoren og helse- og omsorgstenestene gjennom Den kulturelle spaserstokken, slik at fleire eldre kan oppleve gode kulturopplevingar i kvardagen. Tiltaket blir sett i samanheng med aktivitetstiltaka i kapittel 6.3.
Fysiske aktivitetar
Å vere fysisk aktiv saman med andre gir glede og meistring. Fysisk aktivitet er samtidig nødvendig for å utvikle og halde oppe god helse og livskvalitet gjennom heile livet. God fysisk funksjon er viktig for livsutfalding og ein god alderdom. Alle vaksne og eldre bør vere fysisk aktiv regelmessig, og all aktivitet tel. Berre nokre få minutt dagleg fysisk aktivitet tilsvarande rask gåing har helsegevinst. Det er eit stort potensial for ei friskare aldring hos både yngre eldre (65–79 år) og eldre eldre (80+), og dagleg fysisk aktivitet og å redusere stillesittinga er derfor viktig.
Styrke- og balansetrening er nødvendig for å halde oppe muskelstyrke, fysisk funksjon og balanse og dermed viktig for å førebygge fall og brot blant godt vaksne og eldre. Det er dokumentert at trening reduserer risikoen for fall. Blant dei nye råda om fysisk aktivitet er styrke- og balansetrening minst to gongar i veka for vaksne over 65 år. Dei nye råda skal bli gjort betre kjende og tatt systematisk i bruk i helse- og omsorgstenesta, blant anna ved heimebesøk, og også i eit samspel mellom helsetenesta og frivillige organisasjonar i lokalsamfunnet, som lågterskeltilbodet Sterk og stødig er eit godt døme på. Fysisk aktivitet blir også omtalt i Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga.
Lokalsamfunnet og nærmiljøet bør gi moglegheiter for fysisk aktivitet både i dagleglivet og som rekreasjonsaktivitet eller trening, jf. omtalen av gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø. Korleis omgivnadene er innretta og utforma, har mykje å seie for moglegheita for tur og rørsle. Trygge gangvegar og stiar med jamt underlag, belysning, benker og tilgjengeleg toalett er døme på viktige element for eldre.
Frivillig sektor er ein viktig aktør som bidrar med mange gode tilbod som fremmer aktivitet. DNT, Nasjonalforeningen for folkehelsen og lokale tur- og idrettslag arrangerer ulike turgrupper og fysiske aktivitetar. I tillegg har eldresenter og treningssenter tilbod som er tilpassa eldre. Dette er viktige møteplassar for både fysisk aktivitet og sosialt samvær.
Boks 3.6 Sterk og stødig
Mange kommunar har treningstilbod med låg terskel for godt vaksne og eldre, og over 100 kommunar tilbyr Sterk og stødig-trening. Sterk og stødig er ein modell for kunnskapsbasert balanse- og styrketrening med frivillige treningsinstruktørar, og tilbodet rettar seg mot heimebuande eldre. Modellen blei først utvikla i samarbeid med Trondheim kommune, og det er også her det er flest Sterk og stødig-grupper. Kommunar som arbeider med modellen, har utdanna eigne kursleiarar som held kurs for frivillige instruktørar og nye fysioterapeutar etter behov. Kommunane set av ein stillingsbrøk til dette førebyggande arbeidet, og dei årlege kostnadene varierer med omsyn til kommunestorleik og omfanget av tilbodet. Nasjonalt senter for aldring og helse driftar Sterk og stødig frå 2022.
Kjelde: Nasjonalt senter for aldring og helse
Generasjonsmøte
Mange eldre har spelt inn at dei ønsker å kunne møtast meir på tvers av generasjonar, og ha meir kontakt med yngre generasjonar. Å skape generasjonsmøte handlar både om å etablere møteplassar mellom unge og eldre i dagleglivet, og om å organisere aktivitet og verksemd på tvers av generasjonane. Det kan til dømes skje på skular, arbeidsplassar, sjukeheimar eller i nærmiljø. Regjeringa vil legge til rette for gode generasjonsmøte i bustadplanlegginga av blant anna eldrebustader og institusjonar, jf. kapittel 4. For å skape fleire gode møteplassar er det viktig at kommunane utviklar politikk og planverk som legg til rette for eit tettare samarbeid mellom generasjonane. Eit viktig utgangspunkt for generasjonsmøte er vissa om at interesser og aktivitetar ikkje er generasjonsavhengige. Det gjeld å finne dei rette og naturlege møteplassane og aktivitetane som er godt lokalt forankra og tilpassa. Mange kommunar har sett dette i system og skaper gode generasjonsmøte mellom unge og eldre. Til dømes kan eit torg som er utforma som ein aktivitetsplass, eller ein leikeplass fungere som integreringsarena mellom generasjonar. I frivillig arbeid og organisasjonsliv er det ofte interesse for eit saksfelt eller ei oppgåve som fører folk saman på tvers av alder, og som gir ulike generasjonar større perspektiv og moglegheit til å utveksle synspunkt og erfaringar.
Først og fremst handlar generasjonsmøte om dei tilfeldige eller uformelle møta der ulike generasjonar møtest i kvardagen. Det føreset at vi ikkje innrettar samfunnet slik at ulike aldersgrupper lever kvar sine liv, oppheld seg på kvar sine stader, og held på med kvar sine oppgåver og aktivitetar, utan at vegane deira kryssar kvarandre. Organisering handlar om å legge opp arrangement, aktivitetar og verksemd slik at det inviterer til generasjonsfellesskap og skaper gjensidig forståing og utveksling av kunnskap og erfaringar. Senteret for et aldersvennlig Norge, arrangerer kvart år Generasjonsleikane i lokalsamfunna. Dette er eit arrangement med leik og aktivitetar som bidrar til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, og der det frivillige i samarbeid med kommunen står i sentrum. I 2023 skal 39 kommunar vere med på arrangementet.
Kvar og korleis ein bur, har også noko å seie for tilgangen på generasjonsmøte. Å bu i eit bufellesskap kan lette tilgangen til eit sosialt fellesskap. Likevel er det i dag lite kjennskap til denne typen buform i Noreg, og marknaden tilbyr berre i avgrensa grad slike bustader.9 Bufellesskap kan vere reserverte for eldre eller vere opne for alle aldersgrupper. Låg kunnskap om konseptet påverkar etterspurnaden og dermed tilbodet av slike løysingar. Vidare kan den sterke eigarlinja i Noreg gjere det utrygt å investere i utradisjonelle bustader.10 Kommunen kan ha ei viktig rolle i å informere om buforma og kople bebuarar og utbyggarar. Det blir vist til forslag til tiltak i Eldrebustadprogrammet i kapittel 4.
Ein annan måte å legge til rette for generasjonsmøte på, er å dra aktivitetar for lokalbefolkninga inn i bygg der kommunen leverer helse- og omsorgstenester, til dømes gjennom å samlokalisere institusjonsplassar med aktivitets- og kulturhus eller privat næring som kafé/pub, frisør med meir.
Boks 3.7 Studentar flyttar inn i seniorhus
Pastor Fangens vei 22 Seniorhus er eit bu- og aktivitetssenter for eldre i Oslo kommune. Sidan 2018 har to studentar budd i kvar si leilegheit på senteret, med redusert husleige, mot at dei er eit visst tal timar saman med dei eldre kvar månad. Det var ei undersøking blant bebuarane som sette kommunen på ideen om medbebuarar. Undersøkinga viste at dei eldre ville ha fleire møteplassar på tvers av generasjonar i meir naturlege settingar. Studentane gjer aktivitetar, både planlagde og tilfeldige, saman med dei eldre, som å handle mat, ha pizza- eller filmkveld, ha vaffellaurdag, dra på sykkel- og skiturar eller hjelpe til med opplæring og støtte i teknologi.
Kjelde: Oslo kommune
3.2 Deltaking og samskaping
Eldre er viktige samarbeidspartnarar for kommunane i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet. For å styrke den demokratiske deltakinga, sikre legitimitet for løysingar og legge til rette for nærleik og tillit i lokalmiljøet er det nødvendig å utvikle god dialog, godt samarbeidsklima og likeverdige relasjonar mellom fleire aktørar som bidrar til å skape levande og aldersvennlege lokalsamfunn.
Ressursane i lokalsamfunnet skal forvaltast til det beste for fellesskapet. Det krev samarbeid og samskaping i utviklinga av nye og berekraftige løysingar.
Regjeringa vil
vidareutvikle og implementere opplæringsprogrammet for eldreråd i heile landet
greie ut korleis stat og kommune kan styrke samskaping og innovasjon for ei meir aldersvennleg samfunnsutvikling
vidareføre arbeidet til Senteret for et aldersvennlig Norge med partnarskapsordninga
gjennomføre ei felles nasjonal eldreveke
legge til rette for eit godt samarbeid med frivillige og ideelle aktørar
vurdere samordning og forenkling av statlege tilskot til frivillige organisasjonar
oppmode kommunane til å utvikle lokal frivilligpolitikk og opprette lokale kontaktpunkt for det frivillige
oppmode kommunane om å gjere lokale tilgjengelege for aldersvennleg frivilligheit
oppmode frivilligsentralane og organisasjonane til å mobilisere seniorkrafta
utvikle og dele kunnskap om aldersvennleg frivilligheit
3.2.1 Deltaking og medverknad
Mange eldre opplever å ikkje ha reell tilgang til lokaldemokratiske arenaer eller at dei blir inkludert så seint i utviklingsløp at dei har få moglegheiter for påverknad. Ein god og meiningsfylt alderdom føreset at også eldre blir lytta til og får høve til å delta i utviklingsprosessar som skal legge rammene for eit levande, trygt og godt lokalsamfunn. Medverknad frå innbyggarar følger av både kommunelova, plan- og bygningslova og av folkehelselova. Det er behov for betre prosessar som involverer stemmene og behova til eldre tidlegare i prosessen.
Regjeringa har gitt organisasjonane til pensjonistane forhandlingsrett på andre område enn reguleringa av pensjonane, og dermed høve til å drøfte viktige spørsmål i eldrepolitikken. Regjeringa held derfor fire faste møte med pensjonistorganisasjonane gjennom året, for innspel og dialog til statsbudsjettet og andre saker.
Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom skal sikre ein brei, open og tilgjengeleg medverknad frå eldre i alle saker som gjeld dei. Pensjonistorganisasjonane har lenge etterlyst ei betre opplæring for medlemmer av eldreråd for å sikre medverknad og betre system for arbeidet råda gjer inn mot kommunestyret. Regjeringa vil bidra til ei meir systematisk eldrerådsopplæring og har derfor i 2023 løyvd eigne midlar til dette. Senteret for et aldersvennlig Norge har utvikla eit opplæringstilbod i samarbeid med Pensjonistforbundet og KS regionalt. Målet er å tilby kommunale og fylkeskommunale eldreråd, andre kommunale folkevalde og administrative medarbeidarar opplæring i oppgåvene til eldreråda og i medverknadsarbeid for å fremme meir aldersvennlege lokalsamfunn. Regjeringa vil vidareutvikle og implementere opplæringsprogrammet i heile landet. Å bygge på medverknad av eldre innbyggarar inngår i arbeidet med aldersvennlege kommunar, og opplæringsprogrammet skal bli sett i samanheng med Bu trygt heime-reforma for å bidra til implementering av intensjonane i reforma lokalt.
3.2.2 Samskaping og partnarskap
Når ein skal lage nye løysingar, kan dei ofte bere preg av silotenking. Løysingane blir ofte tilpassa tilskotsordningar, øyremerkingar, normer og rettar, og er ofte ikkje skapte saman eller med dei som treng dei. Samskaping, samarbeid og partnerskap er ofte nødvendig for å lykkast og for å sikre at det ikkje blir brukt mykje ressursar på å finne opp løysingar som kanskje allereie finst, i ei litt anna form.
Samskaping
I møte med dei demografiske utfordringane er det behov for å utvikle nye måtar å løyse oppgåvene på. Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor trekker fram samskaping som ein viktig metode for å skape morgondagens tenester. Det finst mange gode døme, men Noreg er ikkje i førarsetet når det gjeld samskaping.
Samskaping kan bidra til nytenking og handlar om å inngå likeverdige partnarskap mellom kommunar, innbyggarar, sivilsamfunn og næringsliv, med mål om samarbeid for å definere problem og designe og implementere nye og betre løysingar. Argumentet for denne metoden er først og fremst at partane har ulike og komplementære kompetansar og ressursar, og samskaping bidrar dermed til eit betre resultat enn om berre den eine parten utfører oppgåva eller utviklar løysingar. I dag er det mange kommunar som ikkje har erfaring med å samskape med frivillige/ideelle organisasjonar, og som dermed ikkje får høve til å etablere nye innovative aktivitetar som kommunen har behov for.
Det er behov for å styrke, støtte opp under og utvikle ressursane som må vere til stades for å kunne utvikle samskaping lokalt. Regjeringa vil ta initiativ til eit forpliktande samarbeid med kommunesektoren, yrkesorganisasjonane, frivilligheita, brukar- og pårørandeorganisasjonar og ideelle leverandørar for å greie ut både barrierar som hindrar, og tiltak som støttar opp under samskaping. Dette vil også innebere at statlege aktørar bør opptre meir samordna. Utvikling av tiltak som heilskaplege styringssignal til underliggande etatar og større grad av samanheng mellom tilskotsordningar er døme på tiltak som staten kan bidra med i eit slikt initiativ.
Regjeringa meiner at «kommune 3.0»-ideologien bør få endå større fotfeste i Noreg. Omgrepet oppstod i Danmark, der dei har jobba systematisk med samskaping over lengre tid. I dette perspektivet beskriv «kommune 1.0» først og fremst ein situasjon der politikarane behandla saker og tok avgjerder på formelle møte, mens innbyggarane var undersåttar som måtte ta omsyn til regelverket til kommunen, utan å ha spesielt store påverknadsmoglegheiter. «Kommune 2.0» har endra seg til ein tenesteytande organisasjon der politikarane set mål og økonomiske rammer i dialog med fagfolk og kundar – altså innbyggarane. «Kommune 3.0» tenker ein seg som ei dreiing mot eit lokalsamfunn der innbyggarane er aktive, engasjerte medborgarar som i samspel med dei kommunalt tilsette tar ansvar for utviklinga av nærmiljøa sine. Rolla til politikarane skal no i større grad vere å stimulere aktiviteten i lokalsamfunnet, og dei kommunale medarbeidarane skal vere opptatt av å hente ut ressursane hos medborgarane, skape fellesskap, fasilitere og støtte. Innanfor denne modellen står dermed sivilsamfunnet og frivillig sektor sentralt.
Regjeringa vil støtte opp under «kommune 3.0»-ideologien gjennom innsatsen i Bu trygt heime-reforma, der frivilligheit og samskaping er grunnleggande for at vi skal lykkast med å nå måla våre om berekraftige samfunn og tenester. Regjeringa vil derfor greie ut korleis staten kan styrke samskaping og innovasjon saman med kommunesektoren, det frivillige, brukar- og pårørandeorganisasjonar og ideelle leverandørar for å få ei meir aldersvennleg samfunnsutvikling med meir aldersvennlege løysingar og tenester.
Boks 3.8 «Dørterskelteneste» i regi av Posten
I samarbeid med KS testar Posten Noreg AS ei «dørterskelteneste» i eit utval kommunar. Tenesta er førebels under utvikling med brukarar i Sogndal, Ringsaker og Asker. Ambisjonen er å utvide til endå eit titals kommunar i løpet av 2023 og 2024.
Tenesta består i å nå fram kvar veke til eldre innbyggarar med ein personleg leveranse av post og offentleg informasjon. Mottakarane er ofte vanskeleg å nå via andre kanalar, spesielt digitale. Tilbakemeldinga frå testmottakarane viser at målretta informasjon om lokale aktivitetar blir opplevd relevant, og bidrar til at fleire deltar på aktivitetar og kjenner seg inkluderte i lokalsamfunnet. Det er også testa enkle former for rekruttering til frivilligheit blant dei eldre, med positive resultat. Tenesta kan på sikt bli utvida med andre leveranseoppdrag, som mat, apotek eller vaskeritenester, i samarbeid med lokalt næringsliv.
Kjelde: Posten Noreg AS
Partnarskap for aldersvennleg samfunnsutvikling
Senteret for et aldersvennlig Norge etablerte i 2021 ei tverrsektoriell partnarskapsordning for eit meir aldersvennleg Noreg. Regjeringa vil føre vidare arbeidet til senteret med partnarskapsordninga. I 2023 er det over 20 strategiske partnarar frå blant anna næringsliv, det frivillige, interesseorganisasjonar og forskingsmiljø. Som strategisk partnar deltar ein i ei tverrsektoriell prosjektgruppe som i ein gitt periode skal jobbe saman for å bidra til å løyse ei utfordring, eller synleggjere ei moglegheit innan tematikken aldersvennlegheit. Partnarskapsordninga og prosjekta har som formål å skape eit meir aldersvennleg samfunn og er tett knytte opp mot berekraftsmåla til FN.
Nasjonal eldreveke
Regjeringa vil gjennomføre ei nasjonal eldreveke i samarbeid med Senteret for et aldersvennlig Norge og Rådet for et aldersvennlig Norge. Tema for eldreveka skal vere i tråd med innsatsområde 1, levande lokalsamfunn, og kan omfatte blant anna inkluderande nærmiljø og samskaping og planlegging for berekraftsutfordringar og eigen alderdom. Eldreveka kan knytast til den internasjonale FN-dagen for eldre den 1. oktober eller eit anna eigna tidspunkt.
3.2.3 Aldersvennleg frivilligheit
Den frivillige innsatsen er avgjerande for å skape gode og levande lokalsamfunn. I Noreg har vi eit godt utbygd sivilsamfunn, med stor grad av organisasjonstilhøyrsel. Ein sterk og mangfaldig frivillig sektor er viktig for det norske velferdssystemet og den norske beredskapsmodellen og er i tillegg med på å skape robuste lokalsamfunn. Frivillig og ideell sektor bidrar med nytenking og innovasjon gjennom nye løysingar og tilbod. Men det er eit grunnleggande prinsipp at frivillig sektor skal supplere og ikkje erstatte offentlege tenester.
Regjeringa vil støtte frivillig og ideell sektor. Frivillige og ideelle tilbydarar må sikrast gode rammevilkår og føreseieleg drift. Dette gjeld både på helse- og omsorgsfeltet og innan andre sektorar. Regjeringa vil gi frivillig sektor ei viktig rolle i gjennomføringa av folkehelsetiltak. Regjeringa vil også legge til rette for eit godt samarbeid med frivillige og ideelle aktørar i eldreomsorga.
Det må tenkast nytt og berekraftig om samarbeid med frivillige og ideelle aktørar framover. Det må også tenkast nytt om korleis den eldre delen av befolkninga kan rekrutterast til og behaldast i frivillig arbeid. Regjeringa har eit mål om at alle som ønsker det, skal ha høve til å delta i frivillige organisasjonar og i frivillig arbeid.
Gode rammevilkår for det frivillige
Regjeringa anerkjenner den viktige samfunnsrolla til frivillige organisasjonar og ønsker å skape gode rammevilkår for at frivilligheita skal opplevast som inkluderande, representativ og med like moglegheiter for deltaking. Gode rammevilkår inneber til dømes føreseieleg finansiering, enkle regelverk og tilskotsordningar og openheit om korleis midlane blir fordelte, og dessutan tilgang til lokale og godt samarbeid med kommunen. Det er viktig at det offentlege er klar over og respekterer eigenarten og sjølvstendet til frivilligheita. Det er eit sjølvstendig mål at det frivillige skal vere frivillig og ikkje regulert.
Ein samordna statleg frivilligpolitikk med fokus på forenkling og godt samarbeid kan støtte opp under målet om at fleire eldre skal kunne bu trygt heime. Vi veit at det er viktig å gjere det lett og attraktivt å vere frivillig, slik at folk kan bruke tida si på det dei brenn for, framfor administrasjon.
I Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga er det varsla ein revisjon av folkehelselova der ein blant anna vil sjå på kommunen si rolle i å skape gode rammer for samarbeid med det frivillige.
Tilskotsordningar
Årleg fordeler staten rundt 11 milliardar kroner i tilskot til frivillig sektor, som grunn- eller driftsstøtte over ulike tilskotsordningar eller som enkeltståande tilskot til øyremerkte mottakarar. Regjeringa vil organisere dei offentlege støtteordningane på ein måte som gjer drifta til frivillige så enkel og føreseieleg som mogleg. Regjeringa har derfor samla statlege tilskot til frivillige organisasjonar i ein ny portal på nett, «tilskudd.no», som skal gjere det lett for alle å finne fram til aktuelle tilskot på dei fleste samfunnsområde. Det er 136 tilskot på éin stad, med informasjon om søknadsfristar, kva ein kan søke om støtte til, med meir. Regjeringa vil vurdere vidare samordning og forenkling av statlege tilskot til frivillige organisasjonar. Regjeringa vil også vurdere rutinane for saksbehandling og utbetalingstidspunktet for dei årlege tilskota, slik at mottakarane får tilstrekkeleg tid til aktivitet i tilskotsåret. Ei rekke andre tilskotsordningar vil også kunne ha mykje å seie for korleis det frivillige blir gjort tilgjengeleg for eldre, som både mottakarar, deltakarar og bidragsytarar.
Lokal frivilligpolitikk
Regjeringa støttar opp om ein aktiv, lokal frivilligpolitikk og oppmodar kommunane til å opprette lokale kontaktpunkt for dei frivillige. Eit godt samspel mellom kommunane og frivillig sektor er viktig. Likevel har berre 11,5 prosent av kommunane vedtatt ein frivilligpolitikk.11 Tal frå Frivillighet Norge frå 2021 viser at om lag 20 prosent av kommunane har vedtatt ein frivilligpolitikk. Ei undersøking viser at i kommunar som har ein frivilligpolitikk, er talet på samspelsrelasjonar til frivillige aktørar større enn i kommunar som ikkje har det. Berre 109 av kommunane i undersøkinga hadde eller var i gang med å lage ein plan for frivilligpolitikken i 2020.12
Boks 3.9 Prinsipp for å skape ei aldersvennleg frivilligheit
Saman med seniorar, organisasjonsliv og næringsliv har Oslo kommune gått gjennom forsking og undersøkt hindringar og moglegheiter for å skape ei aldersvennleg frivilligheit, og korleis alle som organiserer frivillig innsats, kan bidra til å inkludere fleire. Frivillighet Norge har deltatt i ressursgruppa for Dugnad for en aldersvennlig frivillighet. På bakgrunn av dette prosjektet har ein lansert seks prinsipp for å skape ei aldersvennleg frivilligheit, og ein har identifisert tre barrierar. Seks prinsipp for aldersvennleg frivilligheit:
Skap fleksibilitet og gjer tilpassingar.
Gi god oppfølging og aktiv støtte.
Legg til rette for fellesskap og nettverk.
Verdsett og anerkjenn innsatsen.
Gjer oppgåvene meiningsfulle og involver.
Bygg på styrkane og gi utfordringar.
Hindringar for den frivillige innsatsen til eldre:
Praktiske hindringar: forpliktingar; transport og fysisk tilgjengelegheit; digital kompetanse; helseutfordringar; utgifter; norskkunnskapar
Strukturelle hindringar: informasjon som ikkje når fram til nye frivillige; mangel på fleksibilitet; dagens praksis i organisasjonane; manglande ressursar til å følge opp
Emosjonelle hindringar: har ikkje blitt spurt; manglar sjølvtillit og erfaring frå frivilligheit; opplever aldersdiskriminering; fryktar å ta på seg for mykje ansvar
Kjelde: Oslo kommune
Lokale frivilligsentralar
Frivillig aktivitet blir drive der menneske bur – i lokalsamfunna – og frivilligsentralane er heilt avgjerande for å sikre lokal forankring og utbreiing i heile landet. Frivilligsentralane skal stimulere til frivillig innsats og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor, tilpassa lokale føresetnader og behov. Frivilligsentralane har statsstøtte og speler mange stader ei aktiv rolle i å stimulere til frivilligheit blant eldre og legge til rette for aktivitetar for og med målgruppa. Ein ny studie viser at frivilligsentralane det siste tiåret har endra seg i retning av å spele ei større rolle som bindeledd og samskapar i lokalsamfunna.13 Dette er i tråd med intensjonane i dei statlege føringane.
Ny forskrift om statstilskot til frivilligsentralar tok til å gjelde frå 2023. Regjeringa gir i den nye ordninga kommunane eit stort ansvar for å sjå frivilligsentralane i samanheng med lokal frivilligpolitikk, og forskrifta understrekar at sentralane skal jobbe for å stimulere til frivillig innsats og vere opne møteplassar for befolkninga. Norges frivilligsentraler er paraplyorganisasjonen til frivilligsentralane. Organisasjonen får statsstøtte for å drive kompetanseheving i frivilligsentralane og blir oppmoda til å delta i eit langsiktig og strategisk arbeid for å fremme likestilling og senke tersklane for deltaking.
Tilgjengelege lokale
Lokale som er tilgjengelege for frivillig aktivitet er ein viktig premiss for å auke lokal aktivitet. Det er kommunane og fylkeskommunane som eig dei fleste av lokala som er aktuelle for frivillig aktivitet. Mange kommunar har gjort tiltak for å gjere lokale tilgjengelege med bestillingsløysingar og digitale nøklar, som til dømes Oslo, Trondheim og Bergen. Samtidig er det behov for å auke medvitet om behovet for utlån av lokale til det frivillige.
Tilgang til nok og eigna lokale er eitt av temaa som oftast kom opp i arbeidet med Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023–2025). I samband med dette har fleire av aktørane, blant anna KS, vore opptatt av å få kunnskap om kva tilgang kulturfrivilligheita har til statleg eigde lokale. I ei kartlegging som er gjord på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet, av kor mykje det frivillige bruker høgskular og universitet, går det fram at 11 av 13 respondentar låner lokala sine ut til frivilligheita. Barrierar for utleige er blant anna at det kolliderer med eigen bruk av lokala og restriksjonar på tilgang og vakthald.
Regjeringa vil oppmode kommunar og fylkeskommunar til å gjere lokale som står ledige på kveldstid og i helgar, tilgjengelege for det frivillige så langt det er mogleg, der det er behov lokalt. Vidare vil regjeringa som eit ledd i arbeidet med kulturfrivilligheitsstrategien gi auka tilskot til Kulturalliansen sitt prosjekt med å kartlegge lokale. Kartlegginga vil bidra til å identifisere behovet for kulturlokale, blant anna for å kunne planlegge for utvikling av eigna lokale og styrke verkemiddelapparatet. Regjeringa vil dessutan vurdere innretninga og fordelinga av spelemidlar til kulturbygg og frivilligeigde bygg innanfor ramma av tippenøkkelen.
Boks 3.10 Lindeberglokalet
Bydel Alna og Renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo kommune har skapt ein møteplass med utlån av lokale til det frivillige og ombrukssenter i eit levekårsutsett område. Dette har dei fått ein innovasjonspris for. Dei har eit aktivt samarbeid med bydelen og frivillige organisasjonar og samlokaliserer seg med andre kommunale tenester som frivilligsentral, open barnehage, fritidsklubb og «open møteplass». Dei arrangerer og legg til rette for strikkekafe, arbeidstrening, ombruk, møteplassar, fiksefestar, bytemarknad og sykkelverkstad. Med dette lokalet er dei tettare på lokalbefolkninga og kan gjere tenestene sine meir kjende samtidig som dei bidrar med noko positivt for lokalmiljøet.
Kjelde: Oslo kommune
Mobilisere og rekruttere seniorkrafta
Regjeringa vil støtte opp under at frivilligsentralane og organisasjonane mobiliserer seniorkrafta. For å få til det vil regjeringa bidra til utvikling og deling av kunnskap om aldersvennleg frivilligheit. Det vil bli vurdert å føre vidare ein intensjonsavtale med Norges frivilligsentralar om aldersvennleg frivilligheit.
Å vere frivillig kan bidra til ei aktiv aldring som gir ein betre alderdom, betre helse og trivsel og høgare livskvalitet. Det kan også verne mot einsemd, spesielt for alle som bur aleine, og gi ei kjensle av eit meiningsfullt liv. Dette er i tråd med regjeringa si folkehelsekampanje, ABC for god psykisk helse. ABC står for Act, Belong, Commit, og det er godt dokumentert at aktivitet, sosial tilhøyrsel og engasjement i meiningsfulle aktivitetar bidrar til å fremme god livskvalitet og psykisk helse Det er eit stort potensial i i framtidas eldre sin kapasitet og frivillige innsats, som kan gi samfunnsgevinstar både gjennom betre helse og trivsel for kvar enkelt, og gjennom å løyse nyttige oppgåver for samfunnet. Nye generasjonar eldre vil ha meir ressursar og kapasitet enn tidlegare generasjonar. Dei vil ha høgare utdanning, betre helse og økonomi, leve lengre og truleg bevare kognitive evner lenger. Framtidas eldre kan derfor vere viktige ressursar inn i frivillig arbeid som kan vere nyttig for organisasjonar, til dømes kommunikasjon, jus, økonomi, strategi og andre kompetansekrevjande oppgåver, og vi kan rekne med at fleire ønsker å bidra som frivillige.14
I 2019 bidrog pensjonistar med formelt og uformelt frivillig arbeid verdt heile 29 milliardar kroner.15 Forsking viser at over 65 prosent i alderen 60–79 år har vore frivillige det siste året. Det har også omtrent halvparten av dei over 80 år. Ein av tre er aktive frivillige og bruker 1–2 timar i veka på frivillig innsats.16 I tillegg seier halvparten av dei som ikkje er frivillige i dag, at dei kan tenke seg å bli det. Seniorar blir knytte til stabilitet, tillit og kompetanse i organisasjonslivet. I ei undersøking seier 83 prosent av organisasjonane at eldre frivillige er attraktive i tillitsverv. Dei fortel også at kreftene deira er svært viktige for å løyse andre oppgåver.17 Oslo Røde Kors erfarer til dømes at frivillige over 65 år er aktive i organisasjonen over dobbelt så lenge som 18–25-åringar.18 Det er likevel behov for auka frivillig innsats for å møte berekraftsutfordringane i framtida.
Regjeringa vil bidra til å utvikle og dele kunnskap om seniorar i det frivillige, blant anna gjennom ein forskingsavtale med Institutt for samfunnsforsking. I forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2020–2025 er det blant anna fokus på inkludering av eldre og innvandrarar i det frivillige, og nye trendar innan sivilt engasjement og digitale medium. I tillegg er rekruttering, opplæring og kompetanseutvikling av frivillige i museums- og kulturarvssektoren eit nytt prosjekt i perioden 2022–2024.
Det finst mykje kunnskap i organisasjonar og frivilligsentralar om behova og moglegheitene seniorar har som frivillige, som kan bli vidareutvikla og delt. Regjeringa har eit mål om at alle som ønsker det, skal ha høve til å delta i frivillige organisasjonar og i frivillig arbeid. Auka frivillig innsats i målgruppa eldre føreset meir målretta rekruttering og tilrettelegging, der rolla til kommunane er viktig.
Undersøkingar viser at mange eldre ønsker å delta i frivillig arbeid, og dei fleste av dei som ikkje deltar, har aldri blitt spurde. Aldersdiskriminering og ulik moglegheit til å delta i frivillig arbeid på grunn av sosioøkonomiske forskjellar er løfta fram som moglege barrierar for eldre si deltaking i det frivillige.19 Vi kan rekne med at fleire ønsker å bidra som frivillige, men korleis organisasjonane legg til rette for det og klarer å motivere og mobilisere, vil ha noko å seie.20 Det er behov for auka kunnskap om aldersvennleg frivilligheit. Vi må arbeide for at frivilligheita er aldersvennleg og inkluderande for alle, framfor å utvikle aldersspesifikke tilbod.
Boks 3.11 App for lokale samarbeidsnettverk skaper meir velferd
Nyby AS har utvikla ein metodikk og ein app for oppgåvedeling gjennom lokale nettverk for samarbeid. Over 50 kommunar, sjukehus og organisasjonar har etablert sine eigne lokale samarbeidsnettverk for deling av enkle oppgåver og arrangement med Nyby. Appen bidrar blant anna til deling av oppgåver i kategoriane «følge til lege», «praktisk hjelp» og «sosialt og mosjon» og til enkel påmelding på aktivitetar. Med Nyby-appen på tenestetelefonen kan tilsette dele oppgåver direkte med ledige ressursar frå Nav, pårørande, frivillige organisasjonar og andre som kan bidra. Slik får tilsette frigjort viktig tid, og innbyggarar får meir hjelp. Appen bidrar også til auka inkludering og redusert einsemd for dei som bidrar.
Kjelde: Nyby
3.3 Planlegging for ein betre alderdom
I møte med dei demografiske endringane er det nødvendig å utfordre både kommunane og befolkninga til å planlegge alderdommen. Formålet med tidleg planlegging er å kunne vere sjef i eige liv lenger. Samtidig skal ein vere trygg på å få gode helse- og omsorgstenester dersom det oppstår behov for det.
Kommunane må planlegge for ei berekraftig utvikling i møte med ei aldrande befolkning, og den enkelte har høve til å ta eigenregi for å møte alderdommen førebudd. Regjeringa vil derfor bidra til auka merksemd om behovet for planlegging. Planlegging av alderdommen vil inngå i arbeidet med Program for eit aldersvennleg Noreg 2030. Planlegging knytt til bustad blir omtalt i kapittel 4.
Regjeringa vil
bidra til auka merksemd og kunnskap om kommunal planlegging for å møte berekraftsutfordringar
bidra til auka merksemd og kunnskap om planlegging av eigen alderdom gjennom ulike kommunikasjonstiltak
halde oppe merksemda rundt behovet for eit fleksibelt og aldersvennleg arbeidsliv
3.3.1 Planlegging som verktøy for aldersvennlege lokalsamfunn
Målretta samfunns- og arealplanlegging er ein føresetnad både for å legge til rette for god folkehelse og eit helsefremmande samfunn og for å utvikle eit godt tilpassa og berekraftig tenestetilbod. Regjeringa oppmodar kommunane til å sette langsiktig og berekraftig planlegging på dagsordenen.
Planlegging er eit viktig verktøy for å skape eit samfunn som gjer det mogleg å vere fysisk aktiv i nærmiljøet, delta i sosiale aktivitetar og komme seg dit ein vil, utan barrierar. I den kommunale planlegginga må alle sektorar og faggrupper delta, slik at alle aspekt ved befolkninga og lokalmiljøa blir kjende og tiltak blir sette i verk for å sørge for universelt utforma løysingar og eit aldersvennleg lokalsamfunn. Det gjeld både etablering av nye tiltak og forbetring av eksisterande forhold som fortau, uteareal, buområde, stiar, gang- og sykkelvegar, kommunesenter og offentlege bygningar. I tillegg skal dei som planane får følger for, få høve til å gi uttrykk for meiningane og behova sine. At eldreråd blir trekte inn, er sjølvsagt, men det er viktig at også dei eldre som bur i nærleiken av prosjektet, blir tatt med. Dei kan ha ei anna innsikt i og oppfatning av korleis ting fungerer i nærmiljøet og lokalsamfunnet sitt, og dermed bidra med gode innspel til løysingar. Sosial berekraft i planlegginga, som legg til rette for tilpassa fysiske omgivnader og sosiale arenaer som er varierte og inkluderande, vil også gi eldre betre moglegheit for å planlegge for eigen alderdom. Omgivnadene påverkar også kvar eldre ønsker og kan bu i alderdommen.
Det er viktig at kommunane ser ulike sektorar i samanheng i planlegginga si, jf. kapittel 4 om bustadplanlegging og kapittel 5 om kompetanseplanlegging.
3.3.2 Eiga planlegging
Helsepolitisk barometer gjennomført av Kantar frå 2023 viser at åtte av ti nordmenn er samde i at den enkelte sjølv må ta større ansvar for eiga helse, eige sosialt liv og eigen bustadsituasjon for å sikre seg ein god alderdom i tida som kjem. Samtidig vil sosial ulikskap påverke kven som har moglegheita og evna til å planlegge og sette i verk ulike tiltak for eigen alderdom. Dei fleste ønsker å ha kontroll over planlegginga av sitt eige liv, og mange har ressursar til å førebu eigen alderdom i tråd med eigne ønske. Samtidig er det grupper av eldre som har levekårsutfordringar og mindre ressursar og føresetnader til dette. Da skal fellesskapet støtte og bidra. Arbeidet med å få fleire til å starte planlegging tidlegare skal bygge på eit heilskapleg perspektiv som støttar opp under dei ulike føresetnadene til den enkelte. Regjeringa vil gjennom ulike kommunikasjonstiltak, blant anna ein informasjons- og mobiliseringskampanje, bidra til auka merksemd og kunnskap om planlegging av eigen alderdom.
Planlegging og tankar om pensjonisttilværet aukar med alderen. Mange av oss har ikkje lyst til å ta innover seg at vi blir eldre, og vi skyv det framfor oss. Gjennom mindre alderisme og meir openheit om aldring i samfunnet kan det bli lettare å akseptera og kommunisera om planlegging av alderdom. For mange kjem pensjonisttilværet til å vare nesten ein tredel av livet. Mange av desse åra er vi friske, og tida skal fyllast med noko meiningsfullt. Det betyr at vi sjølve må tenke på at vi skal ta initiativ til aktivitetar og sosialt liv når vi planlegg for ein god alderdom. Samtidig må det vere moglegheiter for å delta i ulike aktivitetar i nærleiken av der vi bur.
Dei aller fleste planlegg for og tar grep om ulike livsfasar som utdanning, arbeid og familie- og småbarnsliv. På same måte må vi planlegge for kvar og korleis vi vil bu når vi blir eldre, kva vi vil fylle tida med, kven vi vil omgåast med og bety noko for, om og korleis vi kan vere aktive og deltakande samfunnsborgarar, og kva vi vil gjere for å oppleve meistring og gode kvardagsliv.
Dei fleste ønsker å bu heime så lenge dei kan. Å planlegge for korleis vi vil bu, kan handle om å legge til rette noverande bustad og velje løysingar som fungerer når rørsla eller helsa ikkje lenger er like bra som i dag. For andre kan ein heilt ny heim vere ei betre løysing, føresett at det er noko å flytte til. Planlegging av bustad blir omtalt meir i kapittel 4. På same tid må vi ikkje gløyme kvar vi vil bu. Kva har du av tilbod og tenester i nærmiljøet, og kven bur du i nærleiken av? Stadstilknyting og tilhøyrsel er også viktig.
Å planlegge for eigen alderdom handlar om korleis vi kan halde oppe best mogleg funksjonsevne gjennom eit aktivt liv. Gode rutinar i kvardagen er eit bra utgangspunkt for eit godt liv heile livet. Vi må også tenke på korleis vi kan vareta venner og sosiale nettverk. Eit godt liv handlar mykje om å ha folk rundt seg, bli sett og ha nokon å støtte seg til.
3.3.3 Lengre arbeidsliv
Eldrerolla er i endring, og tida som pensjonist er lengre enn nokon gong. Med store demografiske endringar og berekraftsutfordringar er det behov for å greie ut rammene og fleksibiliteten i arbeidslivet. Auka levealder kombinert med at ein blant anna går seinare inn i arbeidslivet på grunn av utdanning, har ført til at folk nyttar ein kortare del av livet i arbeid. Dette skaper eit aukande press på offentlege velferdsordningar, og gjer det nødvendig å legge til rette for at tilsette kan stå lenger i arbeidslivet. Lengre og meir fleksibelt arbeidsliv vil bidra til inkludering og tilhøyrsel.
Arbeidsmiljølova stiller ei rekke krav til tilrettelegging, blant anna med omsyn til alderen til den enkelte arbeidstakaren. Tilretteleggingsplikta inneheld krav om at arbeidsgivarar skal legge til rette dersom det er nødvendig for å forhindre fråvær.
Trass i høg sysselsetting og låg arbeidsløyse i samfunnet står framleis mange eldre utanfor arbeidslivet. Blant desse er personar med samansette problem, låg formell kompetanse og/eller helseproblem overrepresenterte. Ulike grupper av eldre innvandrarar er også utsette, slik som eldre innvandrarar med flyktningbakgrunn og enkelte grupper av arbeidsinnvandrarar. Andelen som får helserelaterte ytingar samtidig som dei er varig eller mellombels utanfor arbeidslivet, er høg i Noreg samanlikna med dei fleste andre land og har halde seg stabil over tid. Målet til regjeringa er full sysselsetting. Alle som kan og vil jobbe, skal få høve til det. Dette er avgjerande for berekrafta i samfunnet.
For å auke sysselsettinga blant personar i 60-årsalderen må ein ha tiltak for at færre forlèt arbeidsmarknaden og at fleire er mobile i marknaden. Samtidig må det bli lettare for arbeidssøkarar i 60-åra å få ny jobb. Regjeringa har nyleg lagt fram Prop. 120 L (2022–2023) som blant anna inneheld forslag om å oppheve minstegrensa for rett til medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning. Oppheving av minstegrensa kan vere eit insentiv til å søke arbeid også for dei som er over 60 år.
Sysselsettingsutvalet har i NOU 2021: 2 Kompetanse, aktivitet og inntektssikring peikt på følgande moment for å auke sysselsettinga blant personar over 60 år:
Økonomiske insentiv kan ha mykje å seie for den enkelte. Pensjonssystemet blei lagt om i 2011 og har i dag mange sterke insentiv til å stå lenger i arbeid. Yngre årskull må stå stadig lenger i arbeid for å kompensere for verknaden av levealdersjusteringa. Fleksibilitet i pensjonssystemet med høve til gradert uttak og høve til å kombinere arbeid og pensjon kan også bidra til at fleire jobbar lenger. Pensjonsutvalet som evaluerte pensjonsreforma, avleverte utgreiinga si i juni 2022. Utvalet tilrådde blant anna å auke aldersgrensene i pensjonssystemet, som til dømes den nedste alderen for uttak (62 år i dag), i takt med auka forventa levealder. Forslaget frå pensjonsutvalet er framleis under behandling.
Opplæring og utvikling av kompetanse har mykje å seie for om seniorar blir verande i arbeidslivet. Omstillingar i arbeidslivet gjer det nødvendig at både arbeidstakarar og arbeidsgivarar legg til rette for at kompetansen blir fornya på arbeidsplassen, slik at han samsvarer med noverande og framtidig behov. Utvikling av auka og ny kompetanse kan føre til at eldre arbeidstakarar meistrar nye krav på arbeidsplassen.
Arbeidsmiljø, motivasjon og haldningar til eldre har også noko å seie for deltakinga deira i arbeidsmarknaden. Eit godt arbeidsmiljø kan bidra til å auke avgangsalderen. Vidare er det viktig å synleggjere ressursane til eldre og utviklingsmoglegheitene i arbeidslivet. Senter for seniorpolitikk er eit nasjonalt kompetansesenter som skal stimulere og bidra til å utvikle god seniorpolitikk i private og offentlege verksemder, og til at fleire seniorar held fram i arbeid. Senter for seniorpolitikk får årlege tilskot over statsbudsjettet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Senter for seniorpolitikk kartlegg oppfatningar og haldningar til seniorpolitiske spørsmål i arbeidslivet gjennom Norsk seniorpolitisk barometer. Resultata frå 2022 viser at eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer er viktige årsaker til at arbeidstakarar over 62 år framleis er i arbeid.
Aldersgrensa for stillingsvern i arbeidsmiljølova har noko å seie for sysselsettinga for eldre arbeidstakarar. For å få fleire eldre til å stå lenger i arbeid meinte fleirtalet i sysselsettingsutvalet at det bør bli lagt betre til rette for at arbeidstakarar kan jobbe etter at dei har passert aldersgrensa for stillingsvern. I 2015 blei den generelle aldersgrensa i arbeidsmiljølova heva frå 70 år til 72 år. Det førte til at mange private bedrifter innførte ei bedriftsintern aldersgrense på 70 år, som inneber eit krav om konsekvent praktisering, slik at alle arbeidstakarar i desse bedriftene må slutte ved fylte 70 år.
3.4 Program for eit aldersvennleg Noreg 2030
Regjeringa vil føre vidare og styrke arbeidet med å skape eit aldersvennleg samfunn, gjennom å lansere Program for eit aldersvennleg Noreg 2030. Å jobbe for eit meir aldersvennleg samfunn er i tråd med berekraftsmåla til FN. Det inngår i FNs tiår for sunn aldring (2021–2030), der det blant anna blir streka under kor viktig det er med tverrsektorielt samarbeid, inkludering og involvering i tillegg til gode førebyggings- og helsetenester.21 Å inkludere aldersperspektivet og aldersvennlegheit i all politikkutvikling er ei internasjonal tilråding, frå blant anna UNECE Ministerial Conference on Ageing, og blir kalla mainstreaming ageing internasjonalt.
Regjeringa vil
gjennomføre Program for eit aldersvennleg Noreg 2030, med innsats for
meiningsfulle møteplassar
aldersvennleg transport
mobilisering av seniorkrafta
samskaping og partnarskap
planlegging for ein betre alderdom
vidareføre Senteret for et aldersvennlig Norge
knyte seg til Verdshelseorganisasjonens globale nettverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn gjennom Senteret for et aldersvennlig Norge
Det overordna målet med Program for eit aldersvennleg Noreg 2030 er å skape eit meir aldersvennleg og inkluderande samfunn. Gjennom tiltaka i programmet og andre tiltak i Bu trygt heime-reforma vil regjeringa møte utfordringa med alderisme og diskriminering av eldre. Senteret for et aldersvennlig Norge skal ha ei aktiv og utøvande rolle i programmet. Programperioden blir foreslått å vare til og med 2030. Programmet skal vere fleksibelt, med høve til å lansere nye tiltak undervegs i verketida. Arbeidet blir koordinert av Helse- og omsorgsdepartementet, og innhaldet i programmet er forma ut i tett samarbeid med blant anna Kultur- og likestillingsdepartementet. Programmet skal bli følgt opp i eit tverrsektorielt samarbeid på statleg, regionalt og kommunalt nivå.
Regjeringa vil føre vidare Senteret for et aldersvennlig Norge. Senteret er ei eining under Helsedirektoratet og blei oppretta i Ålesund i 2021. Senteret for et aldersvennlig Norge har dei siste åra bygd opp kompetanse, nettverk og verktøy for kommunar og andre aktørar. Senteret har ei overordna rolle overfor regionar og kommunar og gir rettleiing og støtte innanfor relevante tema, som bustadplanlegging, rekruttering av frivillige og innbyggardialog. Denne innsatsen vil regjeringa bygge vidare på gjennom å føre vidare og styrke arbeidet på senteret i Bu trygt heime-reforma. Senteret er også sekretariat for Rådet for et aldersvennlig Norge som blei etablert i 2019, og som i rådsperioden 2019–2024 består av Frivillighet Norge, KS, NHO, IKT-Norge, Oslomet, Husbanken og Pensjonistforbundet. Gjennom programmet for eit aldersvennleg Noreg (2019–2023) har senteret og rådet jobba systematisk og strategisk med tiltak som skal bidra til eit meir aldersvennleg samfunn. Det er blant anna etablert eit nasjonalt nettverk for aldersvennlege kommunar, med over 210 deltakande kommunar per 2023. Fleire aktørar frå næringsliv og organisasjonar har inngått aldersvennlege partnarskap. Statsforvaltarane trekker fram nettverket for aldersvennlege kommunar som eit svært vellykka nettverk.22 Regjeringa vil derfor bidra til å støtte kommunane gjennom å halde oppe det etablerte nettverket.
Det nasjonale nettverket for aldersvennlege kommunar ønsker å ta meir del i det globale nettverket for aldersvennlege byar og lokalsamfunn som Verdshelseorganisasjonen har oppretta, og skal derfor knyte seg til det globale nettverket for å få tilgang til deira arbeid og kunne bidra globalt med norske erfaringar. Senteret for et aldersvennlig Norge skal vere norsk kontaktpunkt i arbeidet. Noreg sitt arbeid for eit aldersvennleg samfunn famnar breitt. Det har ei tverrsektoriell tilnærming og inkluderer medverknad frå eldre innbyggarar, partnarskap med organisasjonar og frivilligheita og gode og universelle helse-, omsorgs- og velferdstenester.
Ambisjonane til regjeringa for eit levande lokalsamfunn og aktive eldre er samla i Program for eit aldersvennleg Noreg 2030 og er sorterte etter dei følgande overordna temaa, med konkrete tiltakspunkt:
meiningsfulle møteplassar
aldersvennleg transport
mobilisering av seniorkrafta
samskaping og partnarskap
planlegging for ein betre alderdom
3.4.1 Meiningsfulle møteplassar
Programmet skal jobbe systematisk med å spreie kunnskap om og døme på meiningsfulle møteplassar for eldre, som kan by på sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar og tilbod. Senteret for et aldersvennlig Norge skal støtte kommunane og hjelpe dei å gjennomføre blant anna Generasjonsleikane og andre aktivitetar som gir meiningsfulle møteplassar og deltaking for eldre. Senteret skal ha eit spesielt fokus på innhaldet i ulike tilbod til eldre, som må bli innretta for å møte interessene og ressursane til kommande generasjonar.
3.4.2 Aldersvennleg transport
Programmet skal jobbe med å spreie kunnskap om og ulike modellar og gode døme for aldersvennlege mobilitets- og transportløysingar. Gjennom programmet skal ein jobbe med opplysnings- og kommunikasjonstiltak retta mot samferdselsbransjen, blant anna fylkeskommunar og private aktørar. Temaet aldersvennleg transport skal bli løfta i både nettverket for aldersvennlege kommunar og i det aldersvennlege partnarskapet.
3.4.3 Mobilisering av seniorkrafta
Programmet skal rette merksemda mot frivilligheit, og vil ta spesielt føre seg korleis seniorkrafta kan bli rekruttert til frivillig arbeid. Det vil bli lagt særleg vekt på ulike metodar for og døme på direkte dialog med dei eldre om deltaking i frivillig arbeid. Gjennom programmet vil det bli gjennomført ein kampanje retta mot kommunar og frivillige organisasjonar om korleis ein kan rekruttere eldre til frivillig arbeid.
3.4.4 Samskaping og partnarskap
Programmet skal jobbe med å spreie kunnskap om og erfaringar med ulike samskapingsløysingar mellom blant anna kommunar, frivillig og ideell sektor, næringsliv, innbyggarar og så vidare. Programmet skal støtte kommunane i arbeidet med å finne og bruke metodar for innbyggardialog. Det aldersvennlege kommunenettverket og partnarskapsordninga skal bli ført vidare og vidareutvikla. I reformperioden skal det gjennomførast ei årleg eldreveke. Temaa for eldreveka skal vere i tråd med innsatsområde 1, levande lokalsamfunn, og kan omfatte blant anna inkluderande nærmiljø og samskaping og planlegging for berekraftsutfordringar og eigen alderdom. Eldreveka skal knytast til den internasjonale FN-dagen for eldre den 1. oktober eller eit anna eigna tidspunkt.
3.4.5 Planlegging for ein betre alderdom
Programmet skal gjennomføre kommunikasjon om berekraftig planlegging for ein betre alderdom, både i samfunnet og for den enkelte. Kommunane sitt ansvar for berekraftig planlegging skal vere tema for nettverkssamlingar med kommunane. Kampanjemateriell frå Senteret for et aldersvennlig Norge skal bli gjort tilgjengeleg for alle kommunar som hjelp til innbyggardialog om ansvaret og moglegheitene den enkelte har når det gjeld planlegging av eigen alderdom, bustad og så vidare. Bruk av hjelpemiddel til eigen bustad vil bli løfta særleg fram. Tilrettelegging og planlegging av eigen bustad og busituasjon blir også omtalt i kapittel 4.
Fotnotar
Bergem et al. (2019).
Fongar og Thorén (2022).
Bardal et al. (2021).
Bardal et al. (2021).
Opdahl et al. (2020).
Opdahl (2020).
Pettersen et al. (2023).
Hauge et al. (2021).
Moe et al. (2021).
Moe et al. (2021).
Monkerud et al. (2016).
Trætteberg et al. (2020).
Eimhjellem og Guribye (2023).
Hansen og Slagsvold (2020).
Ny Analyse (2021).
Frivillighet Norge og Preparation for Active aging – ProAge (2019).
Frivillighet Norge (2022).
Oslo kommune (2020).
Hansen og Slagsvold (2020).
Hansen og Slagsvold (2020).
WHO – What is the UN Decade of Healthy Ageing (2021–2030)?
Zeiner et al. (2021).