Meld. St. 25 (2023–2024)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Med denne meldinga til Stortinget legg Regjeringa fram informasjon om omfanget av eksporten av våpen, ammunisjon og anna militært materiell får norske verksemder i 2023. Gjennom mest mogleg openheit er det Regjeringa sitt mål å bidra til kunnskap også om denne delen av norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk. I meldinga blir det gjeve innsyn i kva slags forsvarsrelaterte varer, tenester og teknologi knytt til desse varene som blei eksportert i 2023, til kva for mottakarland og verdien av eksporten. Det blir også gjeve informasjon om avslag på søknader om lisens av forsvarsmateriell, samt om eksporten av fleirbruksvarer for militær sluttbruk. Meldinga gjer også greie for eksportkontrollregelverket, retningslinjene for handsaming av søknader om eksport, samt regjeringa sin politikk på eksportkontrollområdet. Utviklingstrekk innanfor eksportkontrollen, og opprettinga av det nye Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA) blir også gjort greie for.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg meldinga på Stortinget