2 Ansvarsfordeling tryggleik til sjøs
Fleire departement har eit ansvar for tryggleiken til sjøs. I denne meldinga har vi særleg fokus på oppgåvene til Nærings- og fiskeridepartementet og Sjøfartsdirektoratet i form av regelverksarbeid og kontroll og tilsyn, jamfør kapittel 5.
Nærings- og fiskeridepartementet, med Sjøfartsdirektoratet som utøvande etat, har ansvaret for å leggje til rette for sikker og klima- og miljøvennleg maritim verksemd for mannskap og skip. Sjøfartsdirektoratet er både forvaltnings- og tilsynsmakt for norske skip og gjennomfører hamnestatskontroll av utanlandske skip som går innom norsk hamn eller ankringsplass. Direktoratet varetek òg funksjonen som realregister gjennom skipsregistera Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS).
Samferdselsdepartementet med Kystverket som utøvande etat har ansvaret for å leggje til rette for sikker sjøtransport og god framkomst i norske farvatn og for den statlege beredskapen mot akutt forureining.
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for administrativ koordinering av redningstenesta. Leiing og koordinering av sjø- og luftredningsaksjonar blir utført av hovudredningssentralane i Bodø og på Sola. Departementet har fag- og budsjettansvar for redningshelikoptertenesta. Departementet forvaltar òg statens avtale med Telenor om levering av naud- og tryggleikstenesta til sjøs (kystradiotenesta), og frå og med 2019 statens rammeavtale med Redningsselskapet.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det overordna ansvaret for den nasjonale kartproduksjonen i Noreg. Pålitelege og gode sjøkart er avgjerande for sikker og effektiv navigasjon for både profesjonelle og ikkje-profesjonelle brukarar. Kartverket er sjøkartmyndigheit og har ansvaret for å gi ut dei offisielle sjøkarta over norske farvatn.
Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for utdanning. Tilgang på kompetanse er avgjerande for å bevare og utvikle konkurranse- og verdiskapingsevna både til sjøs og for landbaserte maritime bedrifter.
Klima- og miljødepartementet har ansvaret for Sjøfartsdirektoratets saker som gjeld forureining frå skip og vern av det marine miljøet. Arbeidet med klima- og miljøvennlege løysingar er viktig for å få til ei omstilling i skipsfarten.