Meld. St. 30 (2020–2021)
Årsmelding 2020 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer
Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 23. april 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2020.