Meld. St. 33 (2019–2020)
Langskip – fangst og lagring av CO2
Tilråding frå Olje- og energidepartementet 21. september 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Meldinga er det samla grunnlaget for regjeringas forslag om å realisere Langskip. Langskip er eit fullskala demonstrasjonsprosjekt for CO2-handtering. Regjeringa vil halde fram med å bidra til utvikling av teknologi for fangst, transport og lagring av CO2. Regjeringa vil i det vidare arbeidet bygge på etablerte verkemiddel og ordningar.