Meld. St. 43 (2016–2017)
Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for 2016
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 21. juni 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for føregåande år sendes kvart år til Stortinget i form av ei melding. Meldinga inneheld ei beskriving av arbeid, tiltak, vedtak og tilsyn som er gjennomført i året som har gått. KMD gir i innleiinga til meldinga nokre kommentarar til årsmeldingane og ei skildring av utfordringar på personvernområdet.