Rapport om saker med økonomisk misleghald i fjerde kvartal 2022

I fjerde kvartal 2022 registrerte Sentral kontrolleining 25 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, men nokre var òg relaterte til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).

I den same perioden vart 21 saker avslutta, blant desse var sju SEAH-saker. Alle tala omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.

Oversikta nedanfor viser dei ti sakene der det var grunnlag for reaksjon, og som vart avslutta i fjerde kvartal 2022. Det er betalt tilbake til saman 503.040 kroner. I tillegg er 253.995 kroner betalte tilbake til prosjekt.

Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, Internrevisjonen i Norad eller til Norec.

Oversikt fjerde kvartal 2022 – avslutta med reaksjon

Saksnr./
Ansvar

Land/
region

Avtalepartnar

Kort omtale
av saka

1077
Norad

Kenya

Digni / Norsk Pinsemisjon

Ei gransking av Norsk Pinsemisjon sin lokale partnar fann m.a. feilaktig avstemming av bankkontoar, brot på innkjøpsreglement og mangelfull kontroll med utbetaling av transportgodtgjersler. NOK 154.934 er betalte tilbake til Norad.

 

1174
Norec

Uganda

Uganda Community Tourism Association

 

Svindel med lønnsutbetalingar. Samarbeidet avslutta.

1331

Norad

Sør-Sudan

Norsk Folkehjelp

 

Det vart avdekt vekslingskurssvindel og fabrikkering av ei kvittering hos Norsk Folkehjelp sin lokale partnar. NOK 57 179 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1332
Norad

Papua Ny-Guinea

Regnskogfondet

 

Revisjon av Regnskogfondet sin lokale partnar fann at organisasjonen ikkje hadde betalt skatt slik dei skulle. NOK 3422 er betalte tilbake til Norad.

 

1338
Norad

Rwanda

Norsk Folkehjelp

Ein lokal partnar av Norsk Folkehjelp har misleghalde midlar, og det er avdekt grov svikt i internkontrollen.

NOK 34.282 er betalte tilbake til Norad.

 

1394
Norad

Etiopia

Atlas-alliansen / Norsk Forbund for Utviklings-hemmede

 

Ein lokal partnar av Norsk Forbund for Utviklingshemmede mislegheldt tilskotsmidlar m.a. ved å dele ut ekstra møtegodtgjersle og for utilstrekkeleg og manglande dokumentasjon på hotell- og transportkostnadar. NOK 196.776 er betalte tilbake til prosjektet.

 

1398
UD

Syria

Care

Tjuveri av sjekk på Care sitt Syria-kontor. NOK 6113 er betalte tilbake til UD.

 

1402
Norad

Tanzania

Strømmestiftelsen

 

 

Ei gransking av ein av Strømmestiftelsen sine lokale partnarar avdekte utilstrekkeleg dokumentasjon på utgifter, m.a. ikkje-verifiserbare tilbydarar og ikkje-eksisterande leverandørar. NOK 281.099 er betalte tilbake til Norad.

 

1421
Norec

Bangladesh

Bandhu Social Welfare Society

 

 

Seksuell trakassering. Samarbeidet avslutta.

1449
UD

Den sentral-afrikanske republikken

Flyktninghjelpen

Svindel med bensinutgifter og tjuveri av utstyr ved Flyktninghjelpens kontor. NOK 23.190 er betalte tilbake til UD.