Om opphevinga av kommunelova § 27 nr. 4 og endring i lov om interkommunale selskap § 40 ? avgifter m.m. i samband med omregistreringar

Fylkesmennene

Dykkar ref

Vår ref

Dato

03/4451-1 JEM

12.12.2003

Om opphevinga av kommunelova § 27 nr. 4 og endring i lov om interkommunale selskap § 40 – avgifter m.m. i samband med omregistreringar

Vi viser til rundskriv H-31/03 der departementet m.a. informerar om framlegget til endringar i kommunelova § 27 nr. 4 og i lov om interkommunale selskaper (IKS-lova) § 40 andre ledd, som er fremma ved Ot. prp. nr. 105 (2002-2003) Om lov om endringar i kommuneloven m.m. (interkommunalt samarbeid). Endringane inneber at plikta til å omorganisere interkommunale samanslutningar med uavgrensa ansvar til interkommunale selskap vil falle bort.

Omdanning av interkommunale verksemder som er eigne rettssubjekt med uavgrensa ansvar til interkommunale selskap etter IKS-lova har så langt kunne skje etter ein forenkla omdanningsprosedyre, ved at det i lova er blitt opna for at det for slik omdanning skal leggast til grunn eit såkalla « kontinuitetsprinsipp ». Dette inneber m.a. at det ikkje har vore nødvendig å betale dokumentavgift m.m. ved omregistreringar som er blitt nødvendiggjort av ei slik omdanning. Spørsmålet om fritak frå avgifter for omorganiseringar som skjer etter at lovendringa var trått i kraft og fram til 1.1.2004 blei ikkje omtalt i odelstingsproposisjonen og hadde heller ikkje blitt teke opp av nokon av høyringsinstansane i høyringsrunden til forslaget.

Departementet vil gjere merksam på at kommunalkomiteen på Stortinget i Innst. O. nr 10 (2003-2004) føreslo eit tillegg til IKS-lova § 40 slik at bortfallet av fritaket for dokumentavgift m.m. ikkje skulle råke dei som innan lovendringa trer i kraft ikkje har rukke å fullføre omorganiseringa – men som gjennomfører dette før dette årsskiftet. Endringa inneber såleis at omorganiseringar som blir gjennomførte innan årsskiftet vil nyte godt av dei forenkla omdanningsprosedyrane med avgiftsfritak. Eit fritak frå avgifter som er gitt som følgje av pålegget om å foreta omorganisering av interkommunale verksemder er dermed ikkje aktuelt for omorganiseringar som skjer etter 01.01.2004, ettersom det ikkje lenger er ei lovpålagt plikt til slik omdanning jf. innleiinga til § 40 andre ledd, der det framgår at føresegnene i dette leddet gjeld ”(v)ed omorganisering innen fristen i første ledd.”. Frå og med 01.01.2004 er det såleis ingen heimel for kontinuitet ved slike omorganiseringar.

Lovendringane blei vedtekne i Stortinget den 09.12 og tråtte i kraft ved sanksjon 12.12.2003. IKS-lova § 40 slik den no lyder er gjengitt nedanfor (endringane i lovteksten er markert i kursiv).

§ 40. Tilpassing av interkommunalt selskap med ubegrenset deltakeransvar til loven

Interkommunalt selskap som er organisert etter selskapsloven, må innen fire år etter lovens ikrafttredelse være organisert som interkommunalt selskap etter loven her. Bestemmelsen i selskapsloven § 1-1 femte ledd er ikke til hinder for at kommune eller fylkeskommune som ved lovens ikrafttreden var deltaker i selskap etter selskapsloven sammen med andre enn kommuner eller fylkeskommuner, fortsetter deltakerforholdet.

Representantskapet eller tilsvarende organ hvor deltakerne utøver sin myndighet i selskapet, kan med flertall av de avgitte stemmer beslutte at selskapet skal organiseres som interkommunalt selskap, samt vedta slike endringer i selskapets vedtekter som er nødvendig for å bringe vedtektene i samsvar med loven.

Ved omorganisering innen fristen i første ledd av interkommunalt selskap som før lovens ikrafttreden er stiftet med eget styre etter kommuneloven § 27 og som er eget rettssubjekt, og ved omorganisering etter bestemmelsene i denne paragraf av interkommunalt selskap som er organisert etter selskapsloven, overføres selskapets eiendeler, rettigheter, herunder offentlige tillatelser mv, og forpliktelser til det interkommunale selskapet. Fordringshavere og øvrige rettighetshavere kan ikke motsette seg overføringen eller gjøre gjeldende at den utgjør en bortfallsgrunn for rettsforholdet. Omregistrering i grunnbok og andre offentlige registre i forbindelse med omorganiseringen skjer ved navneendring.

Med helsing

Jostein Selle
seniorrådgiver

Jan Erik Mardal
rådgiver