Rundskriv V-3N/2015 Om utarbeiding av søknad om tilskot for 2016 og statistikkskjema - styringsnivå 3
Rundskriv | Dato: 02.02.2015 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
Nr:
V-3N/2015
Vår referanse:
14/4933
Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2016 og statistikkskjema.
1.1 Innleiing
Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2016 og statistikkskjema.
Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via nettportalen ABM-statistikk. Internettadressa til nettportalen og brukarnamnet og passordet til institusjonen er oppgitt på eit eige ark som er lagt ved dette rundskrivet.
På kvar side i skjemaene er det lenke til hjelpetekstar om utfylling av skjemaene.
1.2 Budsjettsøknad
Søknaden skal mellom anna innehalde:
- årsrapport med rekneskap for 2014
- søknad om statstilskot for 2016
Tilskotsmottakarane må oppgi kva for bankkonto statstilskotet skal overførast til.
Institusjonane skal innleie søknaden med ein statusrapport om den økonomiske situasjonen, jf. eige felt på side 2 i skjemaet.
1.2.1 Årsrapport med rekneskap for 2014
Krav til innhaldet i årsrapporten og årsrekneskapen gjekk også fram av Kulturdepartementets tilskotsbrev for 2014.
Årsrapporten:
Årsrapporten for 2014 skal skrivast inn på side 2 i skjemaet. Rapporten skal utarbeidast med utgangspunkt i dei krava som blei stilte i tilskotsbrevet for 2014.
Rekneskapen:
Rekneskapen inkludert balansen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året. Vesentlege avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2014 skal kommenterast.
Tilskotsmottakarane må forklare årsaker til eventuelt negativt årsresultat, og opplyse om korleis dette blir dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.
1.2.2 Søknad om statstilskot for 2016
Talbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få i løpet av 2016. Inntekter og utgifter må balansere. I inntektsbudsjettet er det lagt inn eit nytt felt for spesifisering av andre eigeninntekter.
Det er færre rader for spesifisering av ordinære offentlege driftstilskot og andre offentlege tilskot enn i skjemaet for budsjettsøknader 2015. I skjemaet er det lagt inn ei ny rad for den kulturelle skulesekken. Tilskot frå andre enn Kulturdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og den kulturelle skulesekken skal spesifiserast i særskilde felt.
Institusjonen skal gi ei tekstleg framstilling av planlagt drift i 2016 med utgangspunkt i uendra driftstilskot.
I tillegg kan søknaden innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving, jf. side 7 i skjemaet, feltet ”Opprett nytttiltak”. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må institusjonen vurdere konsekvensar av at tiltaket blir gjennomført ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.
1.3 Statistikkskjema
Tilskotsmottakarane skal òg fylle inn skjemaet for statistikk over institusjonen sine aktivitetar, publikum, årsverk og dessutan likestilling. Dette skjemaet vil de finne på same side i nettportalen som skjemaet for søknaden. Det er sett inn nye felt for måltal for publikum og aktivitetar i 2015. Måltala er dei måla institusjonen planlegg å nå i 2015.
1.4 Frist 1. mars
Nettportalen vil vere open i tidsrommet 1. februar - 1. mars, og institusjonen kan arbeide med og gjere endringar i skjemaet fram til fristen går ut. Det kan skrivast ut eller lagrast kopiar av søknaden i pdf-format på eigen maskin.
Søknaden skal leverast seinast 1. mars 2015.
Revidert rekneskap for 2014 med revisormelding og styrets årsmelding skal sendast til postmottak@kud.dep.no så snart dei ligg føre og seinast 1. juni 2015.
Med helsing
Kjell Myhren e.f.
ekspedisjonssjef
Øivind Danielsen
avdelingsdirektør
Vedlegg