Oppnemning av eit offentleg utval som skal greie ut om genteknologi, nye teknikkar og reguleringa av genmodifiserte organismar
Kongeleg resolusjon | Dato: 13.11.2020 | Klima- og miljødepartementet
Nr: 20/3391
Klima- og miljødepartementet legg med dette fram forslag om å oppnemne eit offentleg utval som skal greie ut om genteknologi, nye teknikkar og reguleringa av genmodifiserte organismar (GMO). Utvalet skal foreta ein brei fagleg gjennomgang av teknologisk status og moglegheiter, regulatoriske rammer, behovet for uavhengig forsking, eventuelle nye risikoaspekt og etiske dilemma. Utvalet startar opp arbeidet så snart som mogleg og skal levere utgreiinga si innan 1. juni 2022.