Oppnemning av medlemmer til arbeidsgruppe om eigenkontroll
Brev | Dato: 28.11.2008 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og regionaldepartementet
Adressater i henhold til liste
Vår ref 08/1685-21 MOP Dato 28.11.08
OPPNEMNING AV MEDLEMMER TIL EI ARBEIDSGRUPPE SOM SKAL FØRESLÅ TILTAK FOR Å STYRKJA EIGENKONTROLLEN I KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR
Vi syner til brev til Den norske Revisorforening, Forum for Kontroll og Tilsyn, KS og Norges Kommunerevisorforbund 3. september 2008 med oppmoding om å føreslå namn på medlemmer til ei arbeidsgruppe som skal føreslå tiltak for å styrkja eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar. Vi takkar for forslaga vi har motteke, og har gleda av å oppnemna følgjande som medlemmer i arbeidsgruppa:
Namn | Bakgrunn |
Føreslått av |
Bjørn Arild Gram (leiar) | Ordførar i Steinkjer. Nestleiar i kontrollutvalet i Nord-Trøndelag fylkeskommune | KS |
Harald Brandsås | Fagdirektør for regnskap, revisjon, skatt, avgift og selskapsrett. Nestleiar i kontrollutvalet i Hole kommune | Den norske Revisorforening |
Ann-Kristin Grødahl | Leiar i kontrollutvalet i Halden kommune. Styre-medlem i Forum for Kontroll og Tilsyn. Førstekonsulent i Kriminalomsorgen Østfold | Forum for Kontroll og Tilsyn |
Terje Hermansen | Leiar av kontrollutvalet i Hordaland fylkes-kommune. Leiar i Forum for Kontroll og Tilsyn. Rektor ved Os ungdoms-skule, Os | Forum for Kontroll og Tilsyn |
Arne Johansen | Rådmann i Harstad | KS |
Anita Orlund | Ordførar i Skedsmo | KS |
Ole Kristian Rogndokken | Dagleg leiar i Norges Kommunerevisorforbund | Norges Kommunerevisorforbund |
Jan Morten Sundeid | Seniorrådgivar i Kommunalavdelinga i Kommunal- og regionaldepartementet. Siviløkonom og jurist | Kommunal- og regional-departementet |
Signy Irene Vabo | Førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, dr. polit. For tida ved Rokkan-senteret, Bergen | Kommunal- og regional-departementet |
Inger Østensjø | Rådmann i Stavanger | KS |
Mandatet for arbeidsgruppa følgjer som vedlegg.
Kommunalavdelinga vil vera sekretariat for arbeidsgruppa, med Martin Hill Oppegaard som prosjektleiar: martin.oppegaard@krd.dep.no, telefon 22246805 og mobil 48005502.
Departementet vil dekkja reisekostnader og gi godtgjersle for møte. Første møte vil truleg vera i januar 2008. De vil bli kontakta når dag for møtet skal fastsetjast.
Vi ønskjer arbeidsgruppa lykke til med arbeidet!
Med helsing
Anne Nafstad Lyftingsmo (e.f.)
ekspedisjonssjef
Helga Hjorth
avdelingsdirektør
Likelydande brev til medlemmene i arbeidsgruppa
Kopi til:
Den norske Revisorforening
Forum for Kontroll og Tilsyn
Fylkesmennene
KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)
Norges Kommunerevisorforbund
Vedlegg
MANDAT FOR ARBEIDSGRUPPA SOM SKAL FØRESLÅ TILTAK FOR Å STYRKJA EIGENKONTROLLEN I KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR
I Bakgrunn
Regelverket for kontroll og tilsyn i kommunane og fylkeskommunane vart utvida vesentleg i kommunelova av 1992. Rapporten frå NIBR Full kontroll? En studie av kontroll- og tilsynsordningene i kommuner og fylkeskommuner (2000) syner at desse endringane har verka til ei klar vitalisering av kontroll- og tilsynsarbeidet i kommunane og fylkeskommunane.
I 2004 vart regelverket endra ved at det mellom anna kom nye forskrifter om kontrollutval og om revisjon.
Eit spørsmål som einskilde stiller er om kontrollutvala er tilstrekkeleg ubundne av organa dei skal kontrollera. Rapporten frå Nordlands¬forsking Kommunale kontrollutvalg - Uavhengighet eller flertalls¬diktatur (2007) peiker nokså eintydig i retning av at verken kontroll¬utvalsmedlemmene sjølve eller ordførarane, rådmenn eller opposisjons-politikarar ser det som eit stort problem at kontrollutvala er bundne av organa dei skal kontrollera.
Departementet si oppfatning er at det ikkje har kome fram, verken gjennom forsking eller på anna vis, særskilte manglar i regelverket som ein kan rekne med hemmar moglegheitene revisor og kontrollutvalet har til å avdekkja uheldige tilhøve.
Internkontrollen til administrasjonssjefen er ein sentral del av eigenkontrollen i kommunane og fylkeskommunane. Gode rutinar og system for intern¬kontroll er nødvendig. Departementet meiner at dette i utgangspunktet er eit område som ikkje eignar seg godt for ytterlegare lovregulering, og at kommunelova § 23 nr. 2 opnar for å finne gode løysningar lokalt. Agenda har på oppdrag frå departementet greidd ut korleis internkontrollen vert praktisert og utvikla i et utval kommunar. Rapporten Internkontroll i norske kommuner (2008) syner at det ligg ei utfordring i å forstå omgrepet ”betryggende kontroll” i kommunelova § 23 nr. 2. Fleire kommunar meiner at statlege lover og pålegg ikkje gir godt nok grunnlag for heilskapleg kontroll. Trass i dette har fleire av kommunane etablert heilskaplege styrings¬system når det gjeld internkontroll.
II Hovudfokus for arbeidsgruppa
Ein velfungerande eigenkontroll er viktig ikkje berre for å sikra at innbyggjarane har tillit til kommunen eller fylkeskommunen, men òg for å sikra effektiv og rett bruk av ressursane.
Behovet for å styrkja eigenkontrollen har blitt synleg mellom anna i departementet sitt arbeid med etikk i kommunesektoren og i samband med oppfølginga av Terra-saka. Departementet si vurdering er at regelverket i dag alt i alt set kommunane og fylkeskommunane i stand til å gjennomføra kontroll og tilsyn med eigen verksemd. Etter departementet si vurdering bør ein ikkje endra hovudtrekka i regelverket før ein kan syne til klåre forskingsbaserte funn som syner at regelverket ikkje fungerer tilfreds¬stillande. Hovudutfordringa, slik departementet vurderar det, er derfor ikkje korleis ein kan forbetra regelverket, men korleis ein ved rettleiing og kompetanseheving kan medverke til at kontrollutvala, revisjonen og administrasjonssjefen betre kan fylle rollene sine i eigenkontrollsystemet. Dette er truleg eit spørsmål om mellom anna rolleforståing, ressursar og kompetanse – og om vilje til å ta opp ubehagelege spørsmål. I samband med dette er det ønskjeleg å sjå på tilhøvet og samspelet mellom kontrollutvalet og revisjonen på den eine sida og administrasjonssjefen på den andre sida. Agenda si undersøking syner at fleire kommunar ønskjer stat¬lege initiativ når det gjeld rettleiing i å utvikla internkontrollen.
På denne bakgrunn bør arbeidsgruppa vurdera og føre¬slå tiltak (mellom anna peika på behov for rettleiingsmateriell) som kan gjera sitt til å styrkja eigenkontrollen i kommunane og fylkeskommunane. Dette vil seia forslag til korleis arbeidet i kontrollutvala, revisjonen og internkontrollen til administrasjonssjefen kan få auka effekt, tyngde og gjennomslagskraft. Tiltaka arbeidsgruppa føreslår kan vera både på lokalt og nasjonalt nivå og peika mot initiativ frå folkevalde, mynde eller organisasjonar. Arbeidsgruppa skal levera rapporten sin til departementet innan 31. desember 2009.
III Mandat
1. Arbeidsgruppa skal føreslå tiltak lokalt og nasjonalt for å styrkja eigen¬kontrollen i kommunar og fylkeskommunar.
2. Arbeidsgruppa skal identifisera område der rettleiingsmateriell kan verka til å styrkja arbeidet i kontrollutvala, revisjonane og internkontrollen til administrasjonssjefen og skissera innhaldet i rettleiingsmateriellet.
3. Arbeidsgruppa skal identifisera område der forsking eller utgreiing kan verka til å styrkja eigenkontrollen.
4. Arbeidsgruppa skal gjera greie for samspelet mellom internkontrollen til administrasjons¬sjefen og arbeidet i kontroll¬utvalet og revisjonen, og vurdera tiltak som kan styrkja dette samspelet.
5. Arbeidsgruppa skal gjera greie for tilhøvet mellom regnskaps¬revisjon og forvaltningsrevisjon, både etter regelverket og i praksis, og vurdera tiltak som kan bidra til auka bruk og utbytte av forvaltnings¬revisjon. Arbeidsgruppa bør presentera gode eksempel på forvaltningsrevisjon.
6. Arbeidsgruppa skal vurdera tiltak som kan bidra til auka bruk og utbytte av selskapskontroll. Arbeidsgruppa bør presentera gode eksempel på selskapskontroll.
7. På bakgrunn av rapporten Internkontroll i norske kommuner frå Agenda skal arbeidsgruppa vurdera og føreslå tiltak for at kommunane og fylkeskommunane utviklar ein heilskapleg internkontroll. Arbeidsgruppa skal presentera gode eksempel på internkontrollsystem når det gjeld anskaffingar, og føreslå tiltak eller rettleiing som kan verka til at kontroll med anskaffingar vert ein del av ein heilskapleg internkontroll.
8. Arbeidsgruppa skal vurdera om mindretalet i kommunestyret eller fylkestinget bør ha fleirtalet i kontrollutvalet, og om det vil vera tenleg om eit mindretal i kontrollutvalet fekk ein lovfesta rett til å be revisor gi ei vurdering av ei sak eller ei hending og kor stort dette mindretalet eventuelt bør vera.
9. Arbeidsgruppa kan òg drøfta andre spørsmål av meir juridisk karakter, og eventuelt føreslå lovendringar. Hovudtrekka i den gjeldande arbeidsdelinga mellom kontrollutval, revisjon og sekretariat skal liggja til grunn for arbeidet.
10. Arbeidsgruppa skal gjera greie for og vurdera følgjande spørsmål:
- moglegheita revisor har til å ta opp konkrete spørsmål med fylkesmannen og andre statlege organ, mellom anna grensene som følgjer av teieplikta til revisor
- den rolla kontrollutvalet og revisor har eller bør ha overfor finans¬forvaltninga i kommunen eller fylkeskommunen
- moglegheita revisor har til å på eigenhand setja i verk kontroll¬tiltak.
11. Arbeidsgruppa skal gjera greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka gruppa føreslår.