2 Bakgrunn. Gjeldande rett
Retten til barnetrygd blir i dag regulert av lov 24. oktober 1946 nr. 2 om barnetrygd med tilhøyrande forskrifter. Ny lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd tek til å gjelde 1. januar 2003 (jf. Innst. O. nr. 24 (2001-2002), jf. Ot.prp. nr. 11 (2001-2002), jf. Ot.prp. nr. 57 (2000-2001)).
På enkelte punkt inneber den nye barnetrygdlova materielle endringar. Mellom anna gjeld det rett til og disponering av barnetrygd for barn i fosterheimar og institusjonar.
Gjeldande reglar går fram av forskrift 13. september 1977 nr. 1 om kven som skal ha retten til barnetrygd for barn som ikkje blir oppfostra hos foreldra sine eller hos adoptivforeldre. Barnetrygd for barn som er i fosterheim eller institusjon i minst seks månader, skal utbetalast til fosterforeldra eller institusjonen.
Barnetrygda skal forvaltast av fosterforeldra eller styraren ved institusjonen slik at ho kjem barnet til gode. Trygda skal nyttast til ekstraordinære utlegg og til oppsparing på eigen konto. Dei oppsparte barnetrygdmidlane er meinte å kome barnet til nytte seinare, til dømes i samband med utdanning.
Dersom barnet blir tilbakeført til dei biologiske foreldra sine før det fyller 18 år, skal oppspart barnetrygd overførast til foreldra dersom ein kan rekne med at midlane blir forvalta på ein forsvarleg måte.
Når den nye lova tek til å gjelde, fell særreglane for disponering av barnetrygd for barn under omsorg av barneverntenesta bort. Barnetrygda skal også for desse barna vere eit tilskot til det jamlege underhaldet. Systemet med oppsparing på eigen konto i barnet sitt namn fell bort.
Den nye barnetrygdlova § 26 nr. 3 regulerer kven som skal få overført dei barnetrygdmidlane som ved det tidspunktet lova tek til å gjelde, er oppsparte etter reglane i forskrifta om kven som skal ha retten til barnetrygd for barn som ikkje blir oppfostra hos foreldra sine eller hos adoptivforeldre. Barnetrygdmidlane skal overførast til barnet dersom barnet er 18 år, eller til barnet si verje.