Ot.prp. nr. 12 (2008-2009)

Om lov om endringar i lov om erstatning frå staten for personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova)

Til innhaldsliste

3 Nærmare om endringsforslaget

3.1 Gjeldande rett

Valdsoffererstatningsordninga vart innført i 1976 som ei rettferdsyting, og den vart lovfesta i 2001 samstundes med at ofre fekk rett til erstatning. Evalueringa av lova har vist at den fungerer etter intensjonen.

Den øvre grensa for valdsoffererstatninga er regulert av valdsoffererstatningslova § 11 første ledd der det går fram at det for kvart skadetilfelle ikkje skal ytast høgare valdsoffererstatning enn 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Ved at beløpsgrensa er sett til gjeldande grunnbeløp, vil ein få ei gradvis heving av øvre grense for beløpet i takt med at grunnbeløpet aukar.

Omgrepet «kvart skadetilfelle» er tolka slik at dersom offeret dør, er dette å sjå på som eitt skadetilfelle. Dei etterlatne si erstatning må då samla sett liggje innanfor beløpsgrensa.

Grensa på 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda er så høg at det store fleirtalet av dei valdsutsette har fått dekt heile erstatningskravet sitt. I dei nesten 7 åra som har gått sidan grensa vart utvida frå 200 000 til 20 G, er det berre 30 av totalt fleire tusen saker som har nådd maksimalbeløpet i lova. I 9 av desse sakene var det fleire etterlatne etter eit valdsoffer som vart drepe. Dei fleste av dei andre sakene var unge menn på rundt 20 år som vart arbeidsuføre. Det var òg eit par meir vaksne valdsutsette med relativt høg inntekt (over 800 000 kroner per år), og i ei sak var vedkommande tilkjent blant anna ca. 3,5 mill. kroner for pleie og tilsyn utover kva det offentlege helsevesenet tilbyr.

3.2 Forslaget i høyringsnotatet

Vi siterer frå høyringsnotat 8. april 2005:

«Voldsoffererstatningsloven § 11 lyder:

’For hvert skadetilfelle ytes det ikke høyere voldsoffererstatning enn 20 ganger grunnbeløpet i folketrygden, jf. folketrygdloven § 1-4. Skadevolder er part i regressaken. Voldsoffererstatning ytes ikke når det tap som ville kunne kreves erstattet av staten er mindre enn kr 1 000.’

(...)

Justiskomiteen har bedt om at utviklingen med den øvre grensen følges, og at det på et senere tidspunkt vurderes om det er nødvendig å ha noen øvre grense.

Avkorting på grunn av den øvre grensen vil blant annet være aktuelt når skadelidte hadde en høy inntekt før skaden og denne ikke er dekket på andre måter. Den øvre grensen vil også ha aktualitet der tapsposten fremtidige utgifter er særlig høy, altså ved meget alvorlige personskader. Høytlønnede vil ha økonomisk mulighet til å tegne forsikring som kan dekke tap som ikke omfattes av voldsoffererstatningsordningen.

Kontoret for voldsoffererstatning og Erstatningsnemda har opplyst at de per 15. desember 2004 ennå ikke har hatt en eneste sak hvor man har nådd den øvre grensen.»

3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Desse høyringsinstansane uttalte seg om den øvre grensa:

Redd Barna meiner at det ikkje er nokon grunn til å fastsetje ei øvre grense for utbetaling. Dei kan ikkje sjå noka god grunngiving for at det her skal vere eit skilje mellom erstatning utbetalt etter valdsoffererstatningslova og erstatning utbetalt etter alminnelege erstatningsrettslege prinsipp.

Heller ikkje Landsforeningen for voldsofre og Landsforeningen for trafikkskadde meiner det bør vere ei grense.

Blant anna Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og Rådgivingskontora for kriminalitetsoffer (RKK) stiller i høyringsuttalen sin spørsmål ved om tilkjende erstatningar ligg på eit nivå det er grunn til å vere tilfreds med.

Juridisk rådgiving for kvinner (JURK) meiner

«at en øvre grense kan virke som en ubevisst psykisk grense for den enkelte saksbehandler når de fatter vedtak om erstatning. Det kan tenkes at noen ubevisst holder litt igjen på erstatningssummen, med den tanke at ’det kan jo hende verre ting enn dette, som bør erstattes med en enda høyere sum enn saken jeg nå behandler’. JURK påpeker at 20 G ikke er veldig mye sett i forhold til de skader enkelte har blitt påført. Særlig gjelder dette personer som har blitt utsatt for seksuelle overgrep av nærstående gjennom hele barndommen. Ofte har disse fått betydelige psykiske problemer og derfor aldri hatt faktisk mulighet til å ta utdannelse og få arbeid med høy lønn, som kunne kvalifisere til høyere erstatning for tap av arbeidsinntekt. Her er det helt umulig å forutsi hvor mye vedkommende ville ha tjent dersom misbruket ikke hadde funnet sted. Vi finner det noe betenkelig at ingen søkere så langt har nådd opp til den øvre grensen, og viser igjen til vår påstand om at grensen på 20 G kanskje virker som en psykisk sperre mot å innvilge høyeste erstatningssum.»

Fleirtalet i Erstatningsnemnda for valdsoffer, beståande av Harald Jølle og Marianne Jakobsen, har ingen merknader til føresegna. Mindretalet i nemnda, Carl Gunnar Sandvold, uttalar at når tanken er at ordninga skal sjåast i samanheng med kriminalpolitikken og vere subsidiær i høve til erstatningsretten, der det ikkje er noka grense, kan nivået i dag lett tenkjast å bli for lågt. Dette særleg når det er tale om at fleire skadelidne no kan komme inn under § 1, og pårørande skal få dekt eit større økonomisk tap enn før etter § 7, slik at det kan bli lågare erstatning til dei andre enn det som er ordninga i dag. Det er betre å nytte erstatningsreglane om adekvans mv. enn 20 G som avgrensing. Det er vidare gjort merknad om at når departementet viser til at det hittil ikkje har vore utbetalingar som overstig 20 G synest det ikkje særleg veleigna som argument for å avgrense eventuelle framtidige utbetalingar.

Kristoffer Inderberg Bastiansens minnefond meiner kvar av dei pårørande som er skadelidande etter eit dødsfall bør få erstatning kvar for seg, ikkje samla.