5 Merknader til føresegna
Etter framlegget blir dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen i saker som han vurderer å leggje fram for Stortinget, først offentlege hos forvaltninga når saka er moteken i Stortinget. Etter føresegna er det ei føresetnad for å kunne utsetje innsynstidspunktet at Riksrevisjonen har gjeve forvaltningsorganet varsel om at ein vurderer å leggje saka fram for Stortinget i samsvar med § 18 andre ledd andre punktum i riksrevisjonslova. Dersom Riksrevisjonen ikkje har gjeve slikt varsel, vil ikkje forvaltningsorganet ha høve til å utsetje tidspunktet for innsyn jamvel om Riksrevisjonen vurderer å leggje saka fram for Stortinget. Har derimot Riksrevisjonen gjeve slikt varsel, vil forvaltninga ha plikt til å nekte innsyn i saksdokumenta inntil saka er motteken i Stortinget. Forvaltninga har altså ikkje høve til å utøve meiroffentlegheit for slike dokument.
Plikta for forvaltninga til ikkje å offentleggjere slike dokument gjeld fram til saka er motteken i Stortinget. Riksrevisjonslova § 18 andre ledd krev ikkje at Riksrevisjonen varslar forvaltningsorganet om at saka er motteken i Stortinget. I praksis vil likevel forvaltningsorganet bli varsla i samband med at Riksrevisjonen sender saka over til Stortinget. Jamvel om forvaltningsorganet ikkje mottek noko varsel frå Riksrevisjonen om at saka er send til Stortinget, vil forvaltningsorganet ikkje lenger ha høve til nekte innsyn i dokumenta med heimel i den nye føresegna etter at saka er motteken i Stortinget. Dersom saka blir ferdigbehandla utan å ha vore lagd fram for Stortinget, vil det ikkje lenger vere høve til å nekte innsyn etter føresegna etter at Riksrevisjonen har gjeve forvaltningsorganet varsel om at saka er ferdigbehandla.