13 Forholdet til internasjonale konvensjonar
Internasjonale konvensjonar er særleg relevante i forholdet til dei nasjonale minoritetsspråka.
Kommunal- og regionaldepartementet viser i si høyringsfråsegn mellom anna til Europarådets rammekonvensjon for beskyttelse av nasjonale minoriteter og ILO-konvensjon 169 om urfolk. I Europarådets rammekonvensjon blir det understreka at dei nasjonale minoritetane mellom anna har rett til å ha skilt på sitt eige språk. I denne samanhengen blir det vist til Europarådets ministerrådsresolusjon av 8. april 2003, der retten kvenane har til bruk av eigne stadnamn er omtala. I ILO-konvensjon 169, art. 28.3 står det at «Det skal treffes tiltak for å bevare og fremme utviklingen og bruk av de opprinnelige språk for vedkommende folk». Kultur- og kyrkjedepartementet er kjent med at dei same måla og prinsippa er uttrykte i Den europeiske pakt om regions- eller minoritetsspråk, art. 7.
På bakgrunn av desse konvensjonane ber Kommunal- og regionaldepartementet om at det blir teke inn eit tillegg i forslag til stadnamnloven § 1:
« Lova skal særskilt sikre hensynet til samiske og kvænske stadnamn i henhold til nasjonalt lovverk og internasjonale forpliktelser.»
Det har vist seg at offentlege organ ikkje alltid følgjer reglane om fleirspråkleg namnebruk. Kultur- og kyrkjedepartementet er samd med Kommunal- og regionaldepartementet i at samiske og kvenske stadnamn treng eit særleg vern og eit incitament til å ta vare på og nytte dessa namna i samsvar med regelverket. Dette vil også gjelde skogfinske stadnamn. I andre ledd i § 1 i loven er det derfor teke inn ei føresegn som legg vekt på det ansvaret det offentlege har for slike namn. Lovforslaget har ei eiga føresegn om bruk av stadnamn (§ 9), og andre ledd i denne paragrafen skal sikre bruken av samiske og kvenske stadnamn der desse eksisterer og er i bruk blant folk som bur fast på staden eller har næringsmessig tilknyting til staden. Denne siste presiseringa av føresegna er teken inn for å sikre at mellom anna reindriftsamar og fiskarar har rett til å nytte samiske eller kvenske stadnamn på stader dei har næringsmessig tilknyting til.