1 Innleiing
1.1 Generelt
Kommunal- og regionaldepartementet legg med dette fram forslag til lovendringar i samband med omdanning av Noregs Kommunalbank (Kommunalbanken) til finansieringsselskap, Kommunalbanken AS. Det blir lagt opp til at Kommunalbanken AS blir organisert og driven som eit ordinært finansieringsføretak og gitt same rammevilkår som andre finansieringsføretak organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at selskapet blir underlagt dei vanlege reglane for denne typen finansinstitusjonar, og at Kredittilsynet på vanleg måte skal føre tilsyn med verksemda. Statsgarantien blir avvikla for nye innlån i selskapet, og selskapet blir skattepliktig. Utlånsreguleringa med innvilgingsrammer blir avvikla. Etter dei vanlege reglane i lov av 10 juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsverksemdslova) vil verksemda til Kommunalbanken AS bli avgrensa til finansieringsverksemd og verksemd som naturleg heng saman med dette. Selskapet får resultatansvar overfor eigarane på vanleg måte.
Selskapet blir skipa som eit aksjeselskap i 100 prosent statleg eige. Eigarinteressene vil bli forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet (Kommunaldepartementet ). Det blir lagt opp til at 20 prosent av aksjane i det nystarta selskapet blir selde til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Det inneber at det må gjerast lovendring i form av eit nytt unntak frå eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova, jf nærmare omtale i pkt 5.2. Vidare blir det lagt til grunn at siktemålet skal vere å overdra alle statens aksjar til kommunal sektor, slik at den statlege eigarskapen blir avvikla over tid. Statens aksjar skal overdragast til kommunesektoren til marknadspris. I tidsrommet fram til kommunal sektor fullt ut har overteke selskapet, legg ein opp til at selskapet ikkje skal ha andre eigarar enn staten og kommunesektoren.
I statsbudsjettet for 1999 (Gul bok) melde regjeringa at ho drøfta ulike former for framtidig organisering av Kommunalbanken, bl a om noverande organisering og eigarskapen er den mest formålstenlege. Regjeringa varsla at ho på den bakgrunnen eventuelt ville komme tilbake med forslag om å omorganisere Kommunalbanken.
Under behandlinga av statsbudsjettet for 1999 gjorde Stortinget følgjande vedtak i samband med behandlinga av Budsjett-innst S nr 6 (1998-99):
«Stortinget ber Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar som fylgje av at Kommunalbanken vert gjort om til aksjeselskap.»
I denne proposisjonen blir det lagt opp til at 20 prosent av aksjane i det nye selskapet Kommunalbanken AS blir selde til KLP (Kommunal Landspensjonskasse). Vidare blir det lagt til grunn at siktemålet skal vere å overdra alle statens aksjar til KLP/kommunesektoren over tid. Statens aksjar skal overdragast til kommunesektoren til den marknadsprisen som gjeld på det tidspunktet aksjane blir selde.
Dei budsjettmessige konsekvensane av omdanninga er alt innarbeidde i statsbudsjettet for 1999. Men det kan bli behov for å gjere visse endringar i dei beløpa som er vedtekne. Eventuelle forslag til endring i beløpet for tilbakeføring av fondskapital vil bli fremma i samband med nysalderinga for 1999. Eventuelt forslag til endra beløp for aksjekapitalen i det nye selskapet vil bli fremma i samband med framlegget til Revidert nasjonalbudsjett for 1999. Kommunaldepartementet vil i samråd med Finansdepartementet komme tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane av eventuelt sal av aksjar i det nye selskapet.
Det blir arbeidd for at banken skal verke som aksjeselskap frå og med 1 oktober 1999.
Det blir gjort framlegg om at garantiordninga for kommunale lån til skulebygg fell bort.
Omtale av verksemda i Kommunalbanken i 1996, 1997 og 1998
Etter vedtak i Stortinget 7 juni 1985 skal melding om verksemda i Noregs Kommunalbank leggjast fram for Stortinget annakvart år. Melding om verksemda i banken i 1994 og 1995 blei lagd fram 15 november 1996. I St prp nr 1 (Kommunal- og regionaldepartementet) for 1998-99 er det gitt ein omtale av verksemda i Kommunalbanken i første halvår 1998. Som vedlegg til denne proposisjonen er det gitt ein omtale av verksemda i Kommunalbanken i 1996, 1997 og 1998.
1.2 Hovudinnhaldet i lovforslaget
Det blir med dette fremma forslag om lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap. Føremålet med lova er å slå fast at banken skal omdannast til aksjeselskap, og regulere visse overgangsspørsmål i samband med omdanninga. Det blir mellom anna gjort eit unntak frå forretningsbanklova, slik at Kommunalbanken framleis kan nytte ordet «bank» i namnet sitt. Bakgrunnen for dette er at Kommunalbanken etter lova ikkje er ein bank. Det trengst derfor ei lovendring der dette framgår. Etter som det blir lagt opp til at KLP og staten kvar for seg skal eige meir enn 10 pst av aksjane i selskapet, blir det gjort lovendring i form av eit unntak frå eigaravgrensningsreglane i finansieringsverksemdslova.
Det blir lagt til grunn eit kontinuitetsprinsipp for korleis verksemda i Noregs Kommunalbank skal overførast til Kommunalbanken AS. Dette inneber at omdanninga kan gjennomførast ved at verksemda med eigedelar, rettar, løyve og forpliktingar blir overført til aksjeselskapet som ein heilskap. Det blir likevel lagt til grunn at selskapet må søkje konsesjon etter finansieringsverksemdslova. Fordringshavarar og andre rettshavarar til dei forpliktingane som blir overførte må godta overføringa utan at det krevst deira samtykke eller at dei kan vise til overføringa som ein opphøyrsgrunn.
Når Kommunalbanken blir omdanna til aksjeselskap blir lov om Noregs Kommunalbank overflødig. Det blir derfor gjort framlegg om å oppheve lova. Det nye kredittføretaket Kommunalbanken AS blir underlagt den vanlege lovgivinga for finansinstitusjonar og aksjelova. Det vil seinare i vår bli fremma ein proposisjon med endringar i skattelova der det og blir gjort framlegg om å oppheve skattefritaket for Noregs Kommunalbank.
Det blir lagt opp til at KLP/kommunal sektor skal vere representert i styret i selskapet.
Dersom person som eventuelt skal ha styreverv i Kommunalbanken AS samstundes er medlem av styrande organ eller har leiande stilling i KLP, vil dette krevje dispensasjon frå finansieringsverksemdslova § 2-8. Sjå nærmare om dette under pkt 5.2. Det vil - dersom dette skulle bli aktuelt - bli fremma ein søknad til Kredittilsynet om dispensasjon frå forbodet mot gjensidig styrerepresentasjon.
Dei tilsette i Kommunalbanken er statstenestemenn, og deira rettsstilling blir i dag regulert av tenestemannslova og tenestetvistlova, og likeins hovudavtalen i staten og anna statleg avtaleverk. Dette vil endre seg når Kommunalbanken blir omdanna til aksjeselskap. Rettsstillinga for dei tilsette vil etter ei omdanning i staden bl a bli regulert av arbeidsmiljølova og arbeidstvistlova. Dette reiser enkelte overgangsspørsmål, bl a spørsmålet om å føre vidare reglane i tenestemannslova om førerett til anna statsstilling og ventelønn, for ein avgrensa periode.
Ved omdanning til aksjeselskap blir det lagt opp til at alle dei som i dag er tilsette i Kommunalbanken, får tilbod om å halde fram i banken. For desse blir det gjort framlegg om at reglane i tenestemannslova § 13 nr 2 til 6 om førerett til ny stilling i staten og rett til ventelønn, framleis skal gjelde for dei arbeidstakarane som er tilsette i Kommunalbanken ved omdanningstidspunktet for ein periode på tre år frå dette tidspunktet. Dette vil vere i samsvar med dei overgangsordningane som tidlegare er fastsette ved omdanning av forvaltningsorgan og forvaltningsbedrifter til selskap (jf bl a lov 24 juni nr 45 1994 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap).
Ein legg til grunn at omdanninga av Kommunalbanken vil vere omfatta av reglane i arbeidsmiljølova om verksemdsoverdraging (arbeidsmiljølova kap XII A). Dei tilsette vil i samsvar med reglane om verksemdsoverdraging ha krav på å halde fram med arbeidsforholdet sitt i den omorganiserte verksemda. Dei arbeidstakarar som ikkje ønskjer å ta imot tilbod om arbeid i det nye selskapet, vil ha vanleg oppseiing og vil behalde førerett til ny statsstilling i inntil eitt år etter omdanninga.