23 Opplæring i finsk for kvensk-finske elevar i Troms og Finnmark
23.1 Innstillinga frå opplæringslovutvalet
Utvalet har ikkje gjort framlegg om særskilde lovreglar om opplæring i finsk for kvenar. Lovgivinga i dag inneheld heller ikkje slik reglar.
Utvalet presiserer likevel at forskriftsheimelen for innhaldet i opplæringa skal omfatte forskrifter om opplæring i finsk både i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
23.2 Høyringsinstansane
Somme høyringsinstansar har teke opp spørsmålet om rett og plikt til opplæring i finsk. Det gjeld blant anna Norske Kveners Forbund, som gjer framlegg om rett til opplæring i finsk for elevar frå finsk-kvensk miljø, blant anna også rett til fritak for sidemål. Rettane skal omfatte både grunnskolen og den vidaregåande skolen.
23.3 Vurderingar og framlegg frå departementet
Departementet viser innleiingsvis til kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar, der departementet sluttar seg til vurderinga frå utvalet om forholdet mellom læreplanheimelen og finskopplæringa. Lovutkastet frå departementet omfattar såleis ein heimel til å gi forskrifter om innhaldet i finskopplæringa, også forskrifter om den nærmare timefordelinga. Forskrifter om innhaldet i finskopplæringa er idag gitt i forskrift av 16.07.1997 nr. 791 om læreplanverka for grunnskolen. Forskriften inneheld mellom anna Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen og Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen.
Lovutkastet omfattar også ein heimel til å gi forskrifter om finsk i den vidaregåande opplæringa, blant anna i tråd med synet til komitéfleirtalet i Innst. S. nr. 105 (1995-96) s. 8, jf. § 3-4 første leddet i lovutkastet. Departementet gjer ikkje framlegg om ytterlegare lovheimling av finsk i den vidaregåande opplæringa.
Departementet viser dessutan til lovvedtak 28.06.1996 nr. 53, som gav departementet heimel til å gjere unntak frå kravet om sidemålsopplæring, jf. § 40 nr. 5 andre leddet i grunnskolelova. Slike forskrifter blei vedtatt 8. april 1997 som ny § 2-5 i grunnskoleforskrifta:
«Elevar som vel opplæring i finsk som 2. språk, blir fritekne for opplæring i sidemål på 9. og 10. klassesteg.»
I Innst. S. nr. 105 (1995-96), om St.meld. nr. 15 (1995-96) Om fag- og timefordelingen i den 10-årige grunnskolen, s. 8 uttaler komitéfleirtalet:
«Finsk gis status som 2. språk i område i Troms og Finnmark med kvensk/finsk befolkning. Spørsmålet om antall elever som må ønske finsk for at det skal gis opplæring i finsk som 2. språk, vil flertallet komme tilbake til ved behandlingen av opplæringslovene.»
I St.meld. nr. 15 (1995-96) gjekk departementet inn for at det måtte vere minst tre elevar for at ein kunne tilby opplæring i finsk på ein skole.
Departementet går inn for at elevar med kvensk-finsk bakgrunn får lovfest rett til opplæring i finsk. Retten bør vere avgrensa til grunnskolar i Troms og Finnmark. Dessutan bør retten vere avhengig av at minst tre elevar på skolen krev dette.
Departementet ser det som urealistisk å innføre individuell rett til finskopplæring før ein meir avgrensa rett er utprøvd med omsyn til lærarressursar og økonomiske konsekvensar. Departementet går i denne samanhengen ut frå at utgiftene til opplæring i finsk skal dekkjast av staten gjennom refusjon av utgiftene til kommunane, jf. St.meld. nr. 15 (1995-96) s. 17. Departementet viser også til at den finsk-kvenske folkegruppa ikkje er omfatta av dei same folkerettslege reglane som samane. Framlegget frå departementet i kapittel 22 om å gi individuell rett til samisk opplæring for samar tilseier derfor ikkje nødvendigvis ein tilsvarande rett for elevar med kvensk-finsk bakgrunn.
På same måten som utvalet gjer departementet framlegg om at det skal kunne givast forskrifter om alternative former for opplæring i samisk når det ikkje kan skaffast eigna undervisningspersonell til skolen. Grunngivinga til utvalet er at opplæringsretten skal sikrast reelt innhald også når det ikkje er mogleg å skaffe eigna undervisningspersonell. Departementet meiner at denne grunngivinga også er relevant for retten til finsk opplæring. Departementet gjer derfor framlegg om ein tilsvarande forskriftsheimel for alternativ organisering (til dømes fjernundervisning) av finskopplæringa.
Frå og med 8. klasse bør elevane sjølv velje om dei vil ha opplæring i finsk. Lovutkastet frå departementet gir såleis elevane den same sjølvråderetten ved val av finsk som ved val av målform og samisk (sjå kapitla 12 og 22).