8 Opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov
8.1 Gjeldande rett
8.1.1 Grunnskolen
Gsl. § 7 første leddet fastslår at «alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evnene og føresetnadene dei har». Regelen slår fast som eit generelt prinsipp at all opplæring i størst mogleg grad skal tilpassast den enkelte eleven. Dette målet gjeld ikkje berre for læraren, som innanfor klasseromsundervisninga bør freiste å tilpasse opplæringa til enkelteleven. Også skolen, kommunen og staten må arbeide for ein skole som i størst mogleg grad møter behova og føresetnadene til enkelteleven. Dette er eit generelt prinsipp som skal liggje til grunn for all opplæring.
For somme elevar må det særskild tilrettelegging til for å sikre retten til tilpassa opplæring. For desse elevane fører gsl. § 8 vidare prinsippet om tilpassa opplæring ved å gi ein individuell rett til spesialundervisning. Grunnskolelova skil ikkje mellom ulike former for spesialundervisning. Det kan tenkjast ei rekkje ulike tiltak.
Retten til spesialundervisning må sjåast på bakgrunn av det utbyttet eleven kan ha av det konkrete opplæringstilbodet ved skolen. Ein elev som har rett til spesialundervisning på éin skole, har ikkje nødvendigvis rett til dette tilbodet på ein annan skole dersom denne skolen i større grad maktar å tilpasse det ordinære opplæringstilbodet og på den måten oppfyller behova hjå dei ulike elevane.
Retten til spesialundervisning fører i ein del tilfelle til at eleven må få tilbod om ei opplæring som ligg nokså langt frå det vi vanlegvis tenkjer på med grunnskoleundervisning. Også elevar som ikkje kan gjere seg nytte av ei slik undervisning, har rett til opplæring. Det finst i dag inga nedre grense for kva for opplæring som kan givast med heimel i grunnskolelova.
Det er elevar som «treng serleg hjelp», som har rett til spesialundervisning, jf. gsl. § 8. Eleven skal ha eit særleg behov i den meining at han ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den ordinære klasseundervisninga. Vurderinga av kva som er tilfredsstillande må følgje av eit skjønn. Denne vurderinga må leggje til grunn at alle elevar har krav på eit likeverdig opplæringstilbod. Dersom eleven har så dårleg utbytte av den ordinære opplæringa at tilbodet ikkje blir likeverdig, har eleven krav på spesialundervisning.
Grunnskolelova gir ikkje nærmare kriterium for kva for spesialundervisningstilbod elevar med særlege behov har rettskrav på. Det går fram av forarbeida til lova at ein ønskte å innføre rett til eit likeverdig opplæringstilbod for alle barn og unge. At elevar med behov for spesialundervisning har krav på eit likeverdig opplæringstilbod, er seinare lagt til grunn.
Kravet om likeverdig opplæring seier ikkje noko presist om det nærmare innhaldet i eller omfanget av den opplæringa elevar med behov for spesialundervisning har rettskrav på. Her må ein etter skjønn vurdere det totale opplæringstilbodet for enkelteleven i form av spesialundervisning og eventuell vanleg opplæring. Sentrale moment er dei særlege behova eleven har og kva for utbytte eleven kan få av den vanlege opplæringa, utviklingskapasiteten til eleven slik det går fram av ei sakkunnig vurdering, og kvaliteten og omfanget av opplæringa.
Eit absolutt minimumskrav er at opplæringa er slik at eleven kan få eit rimeleg utbytte. Der kommunen har valet mellom fleire alternative opplæringstilbod som alle gjer det mogleg for eleven å nå dei opplæringsmåla som det er rimeleg å setje, kan også kostnadene for dei ulike alternativa vere ein relevant faktor.
Til ein viss grad er også standarden på den ordinære opplæringa i kommunen eit moment når ein skal vurdere om eit opplæringstilbod er likeverdig. Føresetnaden er likevel at den ordinære opplæringa i kommunen ligg innanfor minstestandarden etter lova. Dersom kommunen har valt å bruke meir ressursar på den ordinære opplæringa enn det som følgjer av minimumskrava i lova, må dette også komme elevar som får spesialundervisning til gode.
Elevar som heilt eller delvis får grunnskoleopplæringa si som spesialundervisning, har rett til like mange år i grunnskolen som andre elevar. Etter høgsterettsdommen i Malviksaka (Rt. 1993 s. 811) må det likevel leggjast til grunn at det ordinære veketimetalet for grunnskolen ikkje gjeld automatisk for alle elevar som får spesialundervisning. Unntak frå det ordinære veketimetalet kan tenkjast i heilt ekstraordinære tilfelle der det tilbodet eleven har fått, har vorte særs ressurskrevjande, og ein må gå ut frå at eleven har hatt relativt sett større utbytte av kvar time enn vanlege elevar har av den vanlege klasseundervisninga. Det vart i dommen også lagt vekt på anna opplæring som eleven hadde fått av miljøpersonell.
Hovudregelen må likevel seiast å vere at elevar som får spesialundervisning, har krav på opplæring i eit omfang som svarer til det ordinære veketimetalet i grunnskolen.
Etter § 1-6 nr. 4 i grunnskoleforskrifta er det nødvendig med samtykke frå foreldra før det blir sett i verk spesialundervisning. Det er altså ikkje noka plikt til å ta mot spesialundervisning, slik som for vanleg undervisning.
Grunnskoleforskrifta § 1-4 nr. 4 første leddet krev i tillegg samtykke til overføring til spesialklasse eller spesialskole frå eleven sjølv når eleven er over 15 år.
8.1.2 Vidaregåande opplæring
Gjennom Reform 94 har alle som har fullført grunnskolen, fått rett til tre års vidaregåande opplæring, jf. lvgo. § 8 første leddet. Det gjeld også elevar som ikkje er i stand til å følgje ordinær vidaregåande opplæring. Det vil seie at det ikkje kan stillast krav om at eleven har tileigna seg ein viss kunnskap eller dugleik, eller at den opplæringa eleven har fått i grunnskolen, har lege på eit visst nivå. Også elevar som har fått grunnskoleopplæring i såkalla ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål), har rett til minst tre års vidaregåande opplæring.
For elevar som ikkje har føresetnader for å nå yrkeskompetanse eller studiekompetanse, skal den vidaregåande opplæringa ta sikte på å gi dokumentert delkompetanse, jf. lvgo. § 3.
Elevtilpassa opplæring som generelt mål er ikkje komme særskilt til uttrykk i lov om vidaregåande opplæring. Det må likevel leggjast til grunn at elevtilpassa opplæring er eit krav til all opplæring også i den vidaregåande opplæringa.
Etter lvgo. § 8 tredje leddet har søkjarar til vidaregåande opplæring med «særlig behov for særskilt tilrettelagt opplæring» i visse tilfelle rett til inntak på eit særskilt grunnkurs. Det gjeld dersom søkjaren - på bakgrunn av sakkunnig vurdering - må seiast å ha eit særleg behov for nettopp dette grunnkurset. Formålet med regelen har ikkje vore å leggje særleg vekt på ønska til desse søkjarane, men å opne for å ta omsyn til dei særskilde lærevanskane til elevane også i inntakssamanheng. Regelen gjeld berre for søkjarar som er tjue år eller yngre.
Forskrift 10.11.1993 om inntak til vidaregåande opplæring (inntaksforskrifta) gir i kapittel 6 blant anna reglar om kven som i denne samanhengen må reknast som sakkunnig, kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde, og kva som kan gi grunnlag for særskilt inntak etter lvgo. § 8 tredje leddet. § 6-4 i forskrifta set som vilkår for særskilt inntak at eleven har eit omfattande behov for tilrettelagd opplæring på grunn av store sansedefektar og motoriske defektar, store lærevanskar, store emosjonelle eller sosiale problem, store samansette funksjonshemmingar eller andre store funksjonshemmingar.
Dersom ein reknar at eleven ikkje har særlege behov for - og dermed heller ikkje rett til - inntak på eit særskilt grunnkurs, har eleven etter lvgo. § 8 andre leddet rett til inntak på eitt av tre prioriterte grunnkurs, på lik linje med alle andre elevar.
Med Reform 94 er talet på grunnkurs i den vidaregåande skolen redusert til 13. Fylkeskommunane kan ikkje utarbeide fleire grunnkurs, heller ikkje for elevar som har behov for særleg tilrettelagde tilbod.
Elevar med særlege opplæringsbehov har ikkje i lova fått særrettar når det gjeld inntak på vidaregåande kurs, men har som andre elevar rett til inntak på eitt av dei vidaregåande kursa som byggjer på grunnkurset, jf. lvgo. § 8 andre leddet. I § 7-3 i inntaksforskrifta er det slått fast at desse søkjarane skal takast inn på grunnlag av individuell vurdering dersom dei ikkje har fått karakterar på grunnkurset. I denne vurderinga skal ein leggje vekt på både den sakkunnige vurderinga og på prioriteringane til søkjaren.
Regelen om rett til spesialundervisning i lvgo. § 11 vart ikkje endra som følgje av Reform 94. Trass i at lvgo. § 11 ikkje bruker ordet «rett», har det vorte rekna som sikkert at det her dreier seg om ein rett for ein elev som fyller vilkåra. Dessutan går det fram av forarbeida til lov om vidaregåande opplæring at ein ønskte å innføre reglar om spesialundervisning tilsvarande dei Blom-utvalet hadde gjort framlegg om for grunnskolen. Det vart lagt til grunn at spesialundervisning skulle vere ein rett for den enkelte eleven, jf. Innst. O. nr. 28 (1973-74) s. 26, 27 og 41.
På same måten som for grunnskolen er vilkåra for å ha rett til spesialundervisning også i den vidaregåande opplæringa at eleven etter «en sakkyndig vurdering trenger spesialpedagogisk hjelp og støtte». Det må leggjast til grunn at det også etter lvgo. § 11 må vere eit særleg behov, slik at det ikkje kan vere nok at eleven har utbytte av ekstra hjelp og støtte.
I St.meld. nr. 43 (1988-89), s. 62 har departementet gitt uttrykk for at prinsippet om likeverdig opplæring også gjeld den spesialundervisninga som blir gitt etter lov om vidaregåande opplæring. Den naturlege følgja skulle vere at det også i den vidaregåande opplæringa - på same måten som i grunnskolen - er det utbyttet eleven har av den ordinære undervisninga, som er avgjerande for om eleven har rett til spesialundervisning. Der eleven har så dårleg utbytte av det ordinære undervisningstilbodet at opplæringa ikkje kan reknast som likeverdig, har eleven rett til spesialundervisning. Også forarbeida til lov om vidaregåande opplæring gir støtte for at dei to lovene må tolkast likt på dette punkt, sjå Ot.prp. nr. 18 (1973-74), s. 52 og 76.
Lvgo. § 11 omfattar også elevar som ikkje i utgangspunktet har rett til tre års vidaregåande opplæring etter lvgo. § 8. Det gjeld elevar som har begynt på den vidaregåande opplæringa før hausten 1994, eller som har komme inn på den kvoten elevar utan særlege rettar etter lvgo. § 8 som kvart år skal takast opp, jf. lvgo. § 4 andre leddet.
Elevar med særlege opplæringsbehov har rett til tre års heiltids opplæring på lik linje med alle andre elevar, jf. lvgo. § 8 første leddet.
I tillegg kan elevar som «trenger særskilt tilrettelagt opplæring» etter lvgo. § 8 fjerde leddet få enda to års vidaregåande opplæring. Departementet legg til grunn at lvgo. § 8 fjerde leddet - slik det no lyder - ikkje gir elevar med særlege opplæringsbehov eit rettskrav på opplæring ut over tre år. Om elevane skal få eit slikt tilbod, er avhengig av om fylkeskommunen finn å kunne prioritere dette tilbodet innanfor budsjettet.
Det nærmare innhaldet i opplæringa for elevar som får spesialundervisning, er på same måten som for alle andre elevar i den vidaregåande skolen i stor grad avhengig av kva for grunnkurs og vidaregåande kurs dei er tekne inn på. Lvgo. § 11 gir likevel ein elev rett til å krevje at opplæringa på det kurset han har valt, blir tilpassa slik at eleven har utbytte av opplæringa.
For elevar med omfattande funksjonshemmingar kan innhaldet i den opplæringa som blir tilbydd med heimel i lvgo. § 8, i mange tilfelle ikkje skilje seg særleg frå den opplæringa dei har teke imot med heimel i grunnskolelova.
Lvgo. § 8 femte leddet pålegg fylkeskommunen å «tilby eit anna opplæringsopplegg» dersom ein elev har vanskar med å følgje den opplæringa han har valt. Regelen opnar ikkje for å setje i gang nye grunnkurs ut over dei 13 som er etablerte med Reform 94. Ein må forstå regelen slik at fylkeskommunen har plikt til å tilby ein elev plass på eit grunnkurs som er betre tilpassa evnene og føresetnadene hans, dersom det viser seg at eleven ikkje er i stand til å følgje opplæringa på det grunnkurset han opphavleg var teken inn på.
På same måten som alle andre elevar, har heller ikkje elevar med funksjonshemmingar eller særlege lærevanskar nokon uavgrensa rett til lærlingplass. Det er opp til lærebedrifta om ho vil ta inn lærlingar, og ei lærebedrift som har sagt seg villig til å ta inn lærlingar, avgjer sjølv om ho vil ta inn dei lærlingane fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda tilbyr, jf. § 9-3 i inntaksforskrifta. Når ein elev ikkje får lærlingplass, pliktar fylkeskommunen å tilby eleven ei sluttopplæring i skole, jf. lfa. § 1 b tredje leddet.
Dersom ein elev med redusert arbeidsevne på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming får lærekontrakt med ei lærebedrift, kan fylkeskommunen samtykkje i at det blir fastsett avvikande kontraktvilkår, jf. lfa. § 10 femte leddet. Elevar som er særs lite skolemotiverte, kan etter sakkunnig vurdering få heile den vidaregåande opplæringa i bedrift, jf. § 10 sjette leddet.
Med heimel i lfa. § 13 femte leddet har lærlingar rett til å gjere seg nytte av pedagogisk-psykologisk rådgiving skipa med heimel i lvgo. § 11.
8.1.3 Rett til spesialundervisning i vaksenopplæringslova
Vol. § 4 andre leddet gir ungdom i aldersgruppa 16-20 år med særlege behov for spesialundervisning «på grunnskolens område» rett til ei slik opplæring. Denne opplæringa skal vere likeverdig med den som blir gitt etter grunnskolelova. Fylkeskommunen har ansvaret for å gi eit opplæringstilbod etter regelen. Saman med vol. § 5 andre leddet fører regelen vidare den retten til spesialundervisning etter opplæringspliktig alder som tidlegare følgde av gsl. § 13 nr. 4.
I og med Reform 94 har vol. § 4 andre leddet i dag mist mykje av den praktiske funksjonen.
Vol. § 5 andre leddet gir vaksne med særlege behov rett til spesialundervisning «på grunnskolens område» som er likeverdig med den undervisninga som blir gitt etter grunnskolelova.
På bakgrunn av høgsterettsdommen i Rt. 1993 s. 811, må det leggjast til grunn at vaksne som ikkje tidlegare har fått eit tilfredsstillande grunnskoletilbod, eller som på grunn av skade eller sjukdom treng fornya grunnskoleopplæring, har rett til det etter vol. § 5 andre leddet.
Verken i høgsterettsdommen eller i forarbeida til lova blir det sagt noko om lengda eller omfanget av den opplæringa desse gruppene har krav på. Ut frå formålet med regelen er det eit nærliggjande synspunkt at opplæringa må ha eit slikt omfang og ei slik lengd at ho så vidt mogleg er eigna til å kompensere for det tidlegare mangelfulle grunnskoletilbodet eller er eigna til å få eleven opp på eit nivå tilnærma det han stod på før ulykka eller skaden.
Når det gjeld elevgrupper med sterkt behov for vedlikehaldsopplæring i grunnleggjande dugleik, kan det etter denne høgsterettsdommen synast som om dei ikkje har krav på ytterlegare opplæring når dei alt har fått ni års grunnskoleopplæring tilpassa dei særlege behova. Premissane er likevel ikkje heilt klare på dette punktet, og fråsegner i både juridisk teori og i forarbeida til lova trekkjer i retning av at også desse elevane skal vere omfatta av vol. § 5 andre leddet. Framleis er det likevel uklart kva omfang og lengd ein slik rett til vidare opplæring på grunnskolenivå skal ha. Det er likevel på det reine at somme personar faktisk har behov for ei slik opplæring livet ut. Mykje tyder også på at reglane har vorte praktiserte utan tidsavgrensing for dei som er i ein slik situasjon, til dømes vaksne med psykisk utviklingshemming.
8.1.4 Saksbehandlinga i grunnskolen
Etter gsl. § 8 nr. 1 skal ei sakkunnig vurdering liggje til grunn for ei avgjerd om ein elev skal få spesialundervisning. Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) i kommunen har ansvaret for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering.
Dersom PP-tenesta sjølv ikkje har nok fagkompetanse i ei sak, må det innhentast slik kompetanse utanfrå, til dømes frå eit statleg kompetansesenter, fylkeskommunale habiliteringsteam eller frå andre offentlege eller private instansar med sakkunne på området.
Etter gsl. 22 nr. 5 har lærarane plikt til å melde frå til rektor om elevar som dei meiner treng spesialundervisning.
Verken grunnskolelova eller forskriftene har reglar om samtykke frå foreldra før det blir gjort ei sakkunnig vurdering. Sidan lova ikkje gir heimel til å påleggje den enkelte å medverke til sakkunnig vurdering, må ein likevel gå ut frå at eleven sjølv - eller foreldra dersom eleven er umyndig - kan motsetje seg at det blir gjort ei slik vurdering.
Den sakkunnige vurderinga er berre rådgivande og ikkje formelt bindande for det organet som vedtek spesialundervisning. Det gjeld både avgjerda om ein elev skal få spesialundervisning, og i tilfelle kva slags og kor mykje spesialundervisning eleven skal få. Vedtaksorganet er likevel bunde av lovkriteriet «særleg behov» og av likeverdsprinsippet. Både premissane for den sakkunnige vurderinga og konklusjonane i vurderinga må stå sentralt når ein skal vurdere kva som ligg i desse kriteria i det enkelte tilfellet.
Eit vedtak om tildeling av eller avslag på spesialundervisning er eit enkeltvedtak etter § 2 a og b i forvaltningslova. Arbeidet til PP-tenesta med sakkunnige vurderingar må altså følgje reglane i forvaltningslova. Av desse reglane følgjer ei rekkje krav til saksførebuinga.
Dei allmenne reglane om blant anna habilitet og teieplikt i fvl. kap. II-III gjeld ikkje berre for enkeltvedtak, men for all verksemd på skolen, inkludert PP-tenesta, jf. fvl. § 1. Ein del av reglane er likevel særleg aktuelle i samband med det sakkunnige arbeidet.
Gsl. § 9 pålegg kommunane å skipe ei pedagogisk-psykologisk teneste. Kommunane kan også velje å samarbeide seg imellom og skipe ei interkommunal PP-teneste. Den nærmare inndelinga av tenestedistriktet for PP-tenesta skal godkjennast av Statens utdanningskontor, jf. gsl. § 9. Dersom fleire kommunar vel å samarbeide, men ikkje blir samde om dei nærmare vilkåra, avgjer Statens utdanningskontor saka, jf. gsl. § 9 nr. 2 andre leddet.
Grunnskolelova inneheld ikkje nærmare reglar om organiseringa av og oppgåvene til PP-tenesta, men etter gsl. § 9 nr. 2 kan departementet fastsetje forskrifter om dette. Slike reglar er gitt i § 1-6 i grunnskoleforskrifta, som fastslår at PP-tenesta skal omfatte barn, unge og vaksne med rett til spesialpedagogisk hjelp etter grunnskolelova, privatskulelova og vaksenopplæringslova.
Forskrifta fastset blant anna hovudtrekka i arbeidsfeltet for PP-tenesta. Etter § 1-6 nr. 3 skal PP-tenesta mellom anna gi råd til personalet på skolen og i barnehagen og til foreldra, arbeide med førebyggjande tiltak, gjere undersøkingar eller sakkunnige vurderingar i enkeltsaker og vise til undersøking eller behandling hos andre.
8.1.5 Saksbehandlinga i den vidaregåande opplæringa
Etter lvgo. §§ 8 tredje og fjerde leddet og 11 skal det ligg føre sakkunnig vurdering både i samband med avgjerda om ein elev skal få prioritet til eit bestemt grunnkurs, om eleven skal få opplæring utover tre år og ved avgjerda om eleven skal få spesialundervisning. Lov om vidaregåande opplæring gir ikkje nærmare reglar om kven som skal stå for den sakkunnige vurderinga, eller om saksbehandlinga. Men både når det gjeld den rådgivande statusen for den sakkunnige vurderinga og bruken av forvaltningslova, må ein ta utgangspunkt i dei kriteria som er skisserte ovanfor for grunnskolen.
Inntaksforskrifta § 6-1 fastslår at den instansen som har ansvaret for den pedagogisk-psykologisk rådgivinga etter lvgo. § 11, er sakkunnig i samband med inntak til primært valt grunnkurs. Departementet legg til grunn at denne tenesta har ansvaret for å utarbeide den sakkunnige vurderinga, men at ho ikkje har einekompetanse på området. Dessutan har § 6-2 i inntaksforskrifta reglar om kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde.
Lov om vidaregåande opplæring pålegg ikkje fylkeskommunen å skipe ei eiga fylkeskommunal pedagogisk-psykologisk teneste, men seier at elevane skal ha «adgang til egnet pedagogisk-psykologisk rådgivning (lvgo. § 11 tredje leddet). Etter lvgo. § 11 femte leddet kan departementet gi nærmare forskrifter. Ut over dei reglane som finst i inntaksforskrifta, er slike forskrifter ikkje gitt.
8.1.6 Saksbehandlinga i vaksenopplæringa
Når det gjeld spørsmålet om rett til spesialundervisning for vaksne krev også vol. § 5 andre leddet sakkunnig vurdering. Vaksenopplæringslova seier ikkje noko om kven som skal stå for denne vurderinga. Etter § 1-6 nr. 2 i forskrifta for grunnskolen er det likevel klart at PP-tenesta også har ansvar for denne gruppa. Dessutan byggjer § 1-8 i forskrifta om statlege kompetansesenter på den føresetnaden at dei har eit ansvar også for vaksne med behov for spesialundervisning.
8.1.7 Spesialpedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder
Grunnskolelova § 13 nr. 4 slår fast at også barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei treng det. Kommunen har ansvaret for å gi denne hjelpa og skal dekkje kostnadene, jf. gsl. §§ 8 nr. 6 og 37 nr. 2. Også her skal det liggje føre sakkunnig vurdering før avgjerd blir fatta. Det er ikkje sett noka nedre aldersgrense i lova, og i prinsippet kan slik hjelp bli gitt til barn heilt ned til 1-2 år.
Kva for tilbod den enkelte skal få, må - på same måten som i grunnskolen - avgjerast ut frå ei totalvurdering, der mellom anna behova til det enkelte barnet er eit viktig moment. I visse tilfelle er det særleg viktig at den spesialpedagogiske hjelpa blir sett inn tidleg i utviklinga, sidan det kan vere grunnleggjande for den seinare utviklinga til barnet. Dersom det ligg føre slike forhold, har det stor vekt når ein skal vurdere om eit barn har krav på hjelp. Det må også stå sentralt i vurderinga av det nærmare innhaldet i og omfanget av eit slikt tilbod, slik at det i alle fall må krevjast at hjelpa får eit slikt innhald og omfang at ho er eigna til å hjelpe på dei særlege behova barnet har.
Gsl. § 13 nr. 3 bruker omgrepet «spesialpedagogisk hjelp» i staden for «spesialundervisning». Dette omfattar meir enn det ein vanlegvis legg i «spesialundervisning». Ei slik hjelp kan omfatte leikotekverksemd, trenings- og stimuleringstiltak og rettleiing til foreldra og til personalet i barnehagen.
Ikkje sjeldan har barn med rett til spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder også prioritet til opptak i barnehage etter § 9 i lov 5. mai 1995 nr. 19 om barnehagar. Etter denne regelen skal kommunen sørgje for at barn med funksjonshemming som etter sakkunnig vurdering vil ha nytte av opphald i barnehagen, blir prioriterte i samband med opptak.
Det er likevel ikkje nokon nødvendig samanheng mellom desse ytingane. Retten til spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder er ikkje avhengig av at barnet går i barnehage, og barnehagelova pålegg ikkje kommunen å gi spesialpedagogisk tilbod til funksjonshemma barn som får barnehageplass.
Avgjerd om å gi spesialpedagogisk hjelp eller å avslå søknad om slik hjelp vil vere enkeltvedtak som kan påklagast i medhald av forvaltningslova. Det går fram av § 34 nr. 3 i grunnskolelova at Statens utdanningskontor er klageinstans i desse sakene.
8.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet
8.2.1 Innleiing
Utvalet tek som utgangspunkt at alle elevar - utan omsyn til evne- eller funksjonsnivå - er omfatta av alle reglane i lovutkastet. Det vil seie at det må finnast ein særskild heimel for å unnta elevar som får spesialundervisning, frå dei allmenne reglane om organiseringa og innhaldet av opplæringa. På fleire punkt opnar utvalet for slike unntak. Det gjeld blant anna reglane om lærarkompetanse og læreplan. I tillegg gjer utvalet framlegg om reglar som berre gjeld elevar som får spesialundervisning.
Utvalet har ikkje funne grunn til særskilt å lovregulere verksemda til dei statlege kompetansesentra. I den grad det blir drive grunnskoleopplæring ved dei statlege kompetansesentra, står ein i alle tilfelle overfor eit offentleg skoletilbod som er omfatta av lovframlegget frå utvalet. Utvalet peiker i den samanhengen på at forskrifter om søknadsprosedyrar og rettar for kommunar, fylkeskommunar og enkeltpersonar overfor statlege kompetansesenter kan bli gitt utan at det ligg føre nokon særskild forskriftsheimel.
8.2.2 Felles reglar for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
Utvalet gjer framlegg om at det blir innført ein felles regel om rett til spesialundervisning i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Men på grunn av den typen yting det her er tale om og det store mangfaldet av lærevanskar, viste det seg vanskeleg å gi regelen eit heilt eintydig og presist innhald, ettersom regelen samtidig skulle gi rom for formålstenlege løysingar i det enkelte tilfellet.
For å sikre fleksible og utviklingsdyktige reglar har utvalet derfor funne det nødvendig å gjere framlegg om at retten til spesialundervisning også for framtida blir regulert av ein rettsleg standard. Det vil seie at det nærmare innhaldet i og omfanget av retten til spesialundervisning følgjer av ei totalvurdering basert på skjønn. Utvalet har likevel freista å klargjere skjønnstemaet både når det gjeld vilkår for å få spesialundervisning, og når det gjeld det ein elev har krav på. Dessutan meiner utvalet at lovfeste rettar for eleven og/eller foreldra under saksbehandlinga i samband med spesialundervisning gjer at eleven og/eller foreldra i større grad blir trekte inn i prosessen om tildeling av spesialundervisning. Dette er også med på å heve kvaliteten på avgjerdene.
Utvalet vurderer det slik at retten til spesialundervisning skal avgjerast på grunnlag av ei vurdering som tek utgangspunkt i om den enkelte eleven får eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. Om ein elev skal få spesialundervisning, vil eit stykke på veg vere avhengig av det den enkelte kommunen har sett inn av organisatoriske og pedagogiske differensieringstiltak innanfor den vanlege opplæringa, slik ordninga også er i dag. Når utbyttet skal vere tilfredsstillande, vil det seie at eleven kan ha rett til spesialundervisning også om han har eit visst utbytte av den vanlege opplæringa.
For elevar som alt har eit visst utbytte av den vanlege opplæringa, kan det altså vere nok med spesialundervisning i nokre timar i veka, for ein kort periode, som hjelp i form av ein ekstra lærar, assistent eller som støtte på annan måte. For elevar som har svært lite eller ikkje noko utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, må derimot heile opplæringa leggjast særskilt til rette.
Når det gjeld å vurdere kva for opplæringstilbod som skal givast, viser utvalet til at lovutkastet uttrykkjeleg nemner utvikling hjå eleven som eit moment det skal leggjast vekt på. I det ligg særleg ei tilvising til kva for opplæringsmål det er realistisk å setje for ein elev.
I tillegg meiner fleirtalet i utvalet at lova uttrykkjeleg bør slå fast at det opplæringstilbodet eleven får, skal vere likeverdig. Med bakgrunn i at det tilbodet andre elevar får, kan variere både på den enkelte skolen og ikkje minst i kommunen, meiner fleirtalet det er vanskeleg å seie generelt kva som skal leggjast i samanlikningsgrunnlaget «andre elevar». Fleirtalet i utvalet går i denne samanhengen ut frå at det i praksis ofte er standarden på den ordinære undervisninga på den skolen eleven går i, som er det mest formålstenlege samanlikningsgrunnlaget. Men det kan også vere relevant å samanlikne med heile elevgrupper innanfor kommunen, fylket eller for enkelte små grupper innanfor heile landet.
Utvalet peiker på at prinsippet om likeverdig opplæring har vorte forstått slik at eit opplæringstilbod er likeverdig når den funksjonshemma har omtrent dei same sjansane for å nå dei måla som er realistiske å setje for han som andre elevar har for å realisere sine mål med det ordinære opplæringstilbodet. På same måten som for ordinære elevar kan tilbodet formast ut slik at det blir teke eit visst omsyn til dei pedagogiske og økonomiske ressursane som står til disposisjon. På den andre sida er det ikkje utan vidare nok til å oppfylle likeverdskravet at like store ressursar blir sette inn som for andre elevar. For å gi funksjonshemma elevar eit opplæringstilbod som gjer det mogleg for dei å realisere måla sine, er det i dei fleste tilfella nødvendig å setje inn større ressursar enn for den ordinære opplæringa.
Fleirtalet i utvalet peiker også på ulempene med å knyte retten til spesialundervisning til eit kriterium som «likeverdig», som langt på veg må vurderast ut frå skjønn, og dei vanskane som kan liggje i ei slik vurdering. Fleirtalet går likevel ut frå at likeverdskriteriet gir eit formålstenleg supplement til hovudkriteriet om å tildele spesialundervisning etter behova til og forholda for enkelteleven.
Eit mindretal er ueinig i å lovfeste likeverdskriteriet, og meiner at vurderingskriteria heller bør knyte seg til det enkelteleven kan ha eit forsvarleg utbytte av. Eleven bør ha rett til ei spesialundervisning som i art og omfang er slik at det samla opplæringstilbodet er eigna til å sette eleven i stand til å nå dei opplæringsmåla som er realistiske. Mindretalet gjer derfor framlegg om ei alternativ formulering av § 5-1 tredje punktum i lovutkastet.
Dessutan slår utvalet fast at det ordinære timetalet også gjeld for elevar som heilt eller delvis får spesialundervisning. Utvalet meiner at det ikkje endrar pliktene for kommunane noko særleg. Utvalet finn det likevel ikkje nødvendig å komme med framlegg om ein særskild lovregel som slår fast at dei ordinære reglane om omfanget av undervisninga - timetalet medrekna - også gjeld for elevar som får spesialundervisning. Det følgjer av dei allmenne reglane om omfanget og lengda av opplæringa at det same timetalet gjeld for alle.
Fleirtalet i utvalet går inn for at det heller ikkje i eit framtidig lovverk blir innført noka eksplisitt plikt til å ta imot spesialundervisning i grunnskolen. Funksjonshemma elevar er likevel omfatta av den ordinære opplæringsplikta i grunnskolen og må følgje ordinær opplæring dersom dei ikkje får spesialundervisning. Eit mindretal går inn for at det blir innført ei slik plikt.
8.2.3 Retten til spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder og barnehagelova
Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om at det snarast råd blir gjennomført ei særskild utgreiing av spørsmålet om reglane om ansvaret for spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder bør overførast til lov av 05.05.1995 nr. 19 om barnehagar (barnehagelova). På denne bakgrunnen har utvalet ikkje komme med framlegg om å endre gsl. § 8 nr. 6 og § 13 nr. 4, men gjer framlegg om at desse paragrafane i denne omgang blir førte vidare uendra.
8.2.4 Særlege reglar ved inntak til den vidaregåande opplæringa
Når det gjeld særlege reglar i den vidaregåande opplæringa, har utvalet i hovudtrekk ført vidare dei prinsippa som vart lagde til grunn i samband med Reform 94.
Utvalet gjer likevel framlegg om å endre regelen i lvgo. 8 femte leddet om at fylkeskommunen skal tilby eit anna opplæringsopplegg for elevar som har vanskar med å følgje den opplæringa som er vald. Dermed går det klart fram av lovutkastet at det er tale om ei plikt til å gi eit slikt tilbod, og at plikta omfattar både andre grunnkurs og vidaregåande kurs. Lovutkastet frå utvalet utvidar regelen til også å gjelde lærlingar. På den andre sida avgrensar lovutkastet frå utvalet regelen, slik at han berre skal gjelde elevar eller lærlingar som har særlege vanskar med å følgje opplæringa i det kurset som er valt.
Reglane i lvgo. § 8 fjerde leddet om ytterlegare to års vidaregåande opplæring for elevar med særlege opplæringsbehov blir førte vidare i lovutkastet frå utvalet som ein bør-regel av same typen som i dag. Det vil seie at fylkeskommunen skal gi eit slikt tilbod så langt fylkeskommunen finn det mogleg. Derimot meiner utvalet at aldersgrensa på 22 år etter lvgo. § 8 fjerde leddet er utan praktisk verdi så lenge det ikkje er tale om ein uavgrensa rett for den enkelte eleven.
Retten for elevar med særlege behov til å komme inn på bestemte grunnkurs blir ført vidare i lovutkastet.
Når det gjeld reglane i lov om fagopplæring i arbeidslivet som gjeld for lærlingar med funksjonshemmingar, meiner utvalet at det er mest formålstenleg å innpasse heimelen i lfa. § 10 femte leddet, om retten til å fastsetje avvikande kontraktvilkår, i tilknyting til regelen om unntak frå dei allmenne reglane om innhaldet av opplæringa, sjå også nedanfor.
8.2.5 Rett til spesialundervisning for vaksne
Fleirtalet i utvalet går inn for at det i ei ny lov blir slått fast at vaksne som har fått eit mangelfullt grunnskoletilbod, eller som på grunn av skade, ulykke eller sjukdom treng ny opplæring, får rett til grunnskoleopplæring. Utvalet meiner at for vaksne som har fått mangelfull grunnskoleopplæring, eller som har behov for ei ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade, må opplæringa ha eit omfang, eit innhald og ei lengd som gjer det mogleg å nå dei måla som det i kvart enkelt tilfelle er realistisk å setje opp.
Fleirtalet i utvalet går inn for at elevar som etter å ha gjennomgått grunnskole og vidaregåande opplæring også har behov for opplæring i grunnleggjande dugleik, framleis skal ha rett til det. Fleirtalet har komme til at det ikkje har grunnlag for å gjere framlegg om å innføre noka tidsavgrensing. Retten til ei slik opplæring bør stå open som ein rett for den enkelte så lenge han fyller vilkåra i lova, det vil seie har «særleg behov for opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik». Dette vil i prinsippet seie at enkelte elevgrupper, til dømes ein del psykisk utviklingshemma, får ein livslang rett til opplæring.
I staden for å stille opp krav om at alle som gir ei slik opplæring, skal tilfredsstille kompetansekrava i lova med forskrifter, går fleirtalet inn for at det blir stilt krav om at opplæringa skal givast under fagleg-pedagogisk rettleiing og ansvar, og at det blir utarbeidd ein opplæringsplan som grunnlag for undervisninga.
Fleirtalet meiner at ein rett som er utforma på denne måten, ikkje nødvendigvis fører til større totale kostnader for kommunane samanlikna med ordninga i dag. Ein slik rett legg likevel føringar for korleis kommunane disponerer ressursane til denne gruppa. Kommunen er da bunden til å tilby desse elevane opplæring i grunnleggjande dugleik dersom elevane sjølv ønskjer det og framleis har behov for det. Fleirtalet i utvalet peiker dessutan på at slik opplæring kan vere ei avlasting for andre delar av det totale tenestetilbodet i kommunen.
Fleirtalet i utvalet har ikkje fastsett absolutte reglar for omfanget eller innhaldet av tilbodet om opplæring til denne gruppa, men meiner at det må avgjerast ut frå eit skjønn av forholda, dei tidlegare opplæringstilboda og liknande for eleven. Opplæringstilbodet må ha slikt omfang og innhald at det gjer det mogleg for eleven å nå dei måla som det er realistisk å setje for opplæringa. På den andre sida bør kommunen kunne ta økonomiske omsyn når det gjeld den nærmare utforminga av eit slikt tilbod, og fleirtalet i utvalet finn ikkje grunn til å fastsetje at eit slikt tilbod nødvendigvis må vere eit heiltidstilbod.
Eit mindretal i utvalet meiner at det på dette området er meir formålstenleg å innføre ein pliktregel. Ein slik regel vil gi kommunen ansvaret for å etablere eit opplæringstilbod for elevar som har fullført grunnskolen og den vidaregåande skolen, og som har behov for opplæring i grunnleggjande dugleik, men vil ikkje gi rettar for den enkelte på dette området.
Utvalet har ikkje gjort framlegg om særlege rettar for vaksne med særlege opplæringsbehov til vidaregåande opplæring.
8.2.6 Bruken av læreplanane i spesialundervisninga
Utvalet peiker innleiingsvis på at dei allmenne reglane om innhaldet i opplæringa, blant anna reglane i læreplanen, som eit utgangspunkt må leggjast til grunn også for spesialundervisning. Dersom ein skal sikre eit adekvat tilbod også for elevar med lærevanskar, må desse reglane likevel i visse tilfelle kunne fråvikast.
I den grad ein gjer unntak frå dei allmenne reglane om innhaldet i opplæringa, gjer utvalet framlegg om at det i lova blir fastsett krav om at det skal utarbeidast individuelle opplæringsplanar.
Utvalet går ut frå at dette framlegget ikkje gir vesentleg auka kostnader for kommunesektoren. I somme tilfelle kan det vere nødvendig å gi personalet opplæring i å utarbeide slike planar. Men heller ikkje i desse tilfella dreier det seg om store kostnader, ettersom denne opplæringa bør kunne tilpassast den praksisen ein har i dag med obligatoriske kursdagar.
Utvalet finn ikkje grunn til å gjere framlegg om å lovfeste særskilde krav til innhaldet i dei individuelle opplæringsplanane. Kva ein slik plan skal innehalde, og kor grundig han bør vere, må avgjerast etter fagleg vurdering i det enkelte tilfellet.
Lovutkastet frå utvalet gir også heimel for å fastsetje avvikande kontraktvilkår i samband med skriving av lærekontrakt.
Utvalet går inn for at kravet i § 1-4 nr. 3 i grunnskoleforskrifta om halvårig evaluering av undervisninga blir ført vidare og teke inn i regelen om individuell opplæringsplan.
8.2.7 Krav til kompetanse hjå undervisningspersonalet når det gjeld spesialundervisning
Fleirtalet i utvalet opnar for at også grupper utan lærarutdanning kan tilsetjast til visse spesialundervisningsoppgåver. Fleirtalet peiker på at vernepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, psykologar og andre i visse tilfelle kan vere like godt kvalifiserte til å drive opplæring som personar med tradisjonell lærarutdanning. Framlegget frå fleirtalet manglar altså ikkje på dette punktet krav om kompetanse for lærarar som skal gi spesialundervisning, men seier at også andre typar kompetanse kan kvalifisere.
Fleirtalet finn det ikkje formålstenleg å gjere framlegg om detaljert lovregulering av kva andre utdanningar enn lærarutdanning som kvalifiserer for å gi spesialundervisning. Det bør i staden overlatast til departementet å gi forskrifter om dette.
I tråd med ordninga i dag bør det også i framtida til ein viss grad vere høve til å la personell utan formell kompetanse assistere i arbeidet med å gi spesialundervisning. Fleirtalet har likevel ikkje funne grunn til å komme med særlege reglar om dette i lova.
Mindretalet i utvalet går inn for at dei ordinære kompetansekrava for tilsetjing som undervisningspersonale i skolen bør liggje til grunn også for spesialundervisning. I tillegg må det stillast krav om spesialpedagogisk kompetanse når den sakkunnige vurderinga krev det. Departementet bør kunne gi nærmare forskrifter.
8.2.8 Om krav til inventar, læremiddel og anna utstyr til spesialundervisning
Utvalet går inn for å lovfeste ein regel om at skolane skal sørgje for tilpassa arbeidsplassar for elevane. Utvalet viser til at ein slik regel svarer til § 1-7 nr. 3 i grunnskoleforskrifta av i dag om at kvar elev har krav på ein tilpassa arbeidsplass.
Utvalet meiner at ein slik regel bør vere generelt utforma og gjelde for alle elevar. Utvalet viser likevel til at regelen er særleg aktuell for elevar som på grunn av funksjonshemming har behov for særleg tilpassa arbeidsplass.
8.2.9 Den sakkunnige vurderinga
Utvalet gjer framlegg om at det i lova blir stilt krav om sakkunnig vurdering i samband med vedtak om spesialundervisning. Den sentrale plassen ei slik sakkunnig vurdering har, gjer dessutan at dei grunnleggjande krava som må stillast til vurderinga, bør takast inn i lova. Utvalet gjer derfor framlegg om at det i lova blir stilt minstekrav til den sakkunnige vurderinga. Utvalet går dessutan inn for at departementet får kompetanse til å gi forskrifter om kva dei sakkunnige vurderingane skal innehalde, og om rutinar i samband med den sakkunnige vurderinga.
Dessutan gjer utvalet framlegg om at det blir innført ein rett for eleven og/eller foreldra til å krevje ei slik vurdering med sikte på å fastslå om eleven har særleg behov for - og dermed rett til - spesialundervisning.
Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om ein lovregel om at det skal innhentast samtykke frå eleven og/eller foreldra før sakkunnig vurdering blir sett i gang.
8.2.10 Pedagogisk-psykologisk teneste
Utvalet gjer framlegg om at alle kommunar og fylkeskommunar får pålegg om å ha ei pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste). Etter framlegget blir det altså ikkje høve til å basere seg berre på å kjøpe slike tenester utanfrå.
Utvalet har derimot ikkje funne grunn til å få lovfest nærmare reglar om storleiken eller organiseringa av PP-tenesta. Det bør i utgangspunktet overlatast til kommunen. Så langt det er nødvendig for å gi ei forsvarleg sakkunnig vurdering, må PP-tenesta likevel vere forplikta til å innhente ekstern kompetanse. Dessutan går utvalet ut frå at PP-tenesta blir organisert slik at ho er tilgjengeleg for dei gruppene ho skal arbeide for.
Utvalet går inn for at det framleis skal vere høve for ein kommune til å samarbeide med andre kommunar eller med fylkeskommunen og å organisere ei felles PP-teneste. Utvalet peiker her på at det ofte kan vere ei god løysing å etablere ei felles PP-teneste for både grunnskolar og vidaregåande skolar ettersom det finst felles reglar for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. Ei slik teneste kan også stå betre rusta overfor spesielle problem i samband med overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring.
Utvalet går inn for at det ansvaret PP-tenesta har for den sakkunnige vurderinga, blir særleg framheva i lova. Utvalet har ikkje gjort framlegg om å rekne opp dei andre oppgåvene for tenesta i lova, men gjer framlegg om at departementet får heimel til å gi nærmare forskrifter om desse oppgåvene. Utvalet peiker også på at krava til den sakkunnige vurderinga slik dei er fastsette i lovframlegget og eventuelt i forskrifter gitt av departementet, stiller krav til kvaliteten av det arbeidet PP-tenesta har ansvaret for å få gjort. Indirekte stiller dette også krav til organiseringa av PP-tenesta.
8.2.11 Avgjerd om spesialpedagogiske tiltak
For å få større likskap og kvalitet i vedtak om spesialundervisning går utvalet inn for at det blir teke inn i lova eit krav om individuell grunngiving i relasjon til lovkravet om likeverdige tilbod, dersom vedtaket avvik frå den sakkunnige vurderinga. Framlegget kan etter utvalet reknast som ein spesiell bruk av dei reglane om grunngiving og innhaldet i grunngivinga som følgjer av § 24 og § 25 i forvaltningslova.
Dessutan gjer utvalet framlegg om at den nye opplæringslova får ein særskild regel om at eleven eller foreldra til eleven har rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak om spesialundervisning.
Utvalet gjer også framlegg om ein regel som svarer til regelen i § 8-4 i sosialtenestelova om at tenestetilbodet i størst mogleg grad skal formast ut i samarbeid med klienten, og at det skal leggjast stor vekt på det synet klienten har, når tilbodet blir utforma.
8.3 Høyringsinstansane
8.3.1 Organisasjonane til funksjonshemma, statlege kompetansesenter, PP-tenester og andre
Dei fleste av høyringsinstansane, blant anna Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), sluttar seg i hovudsak til hovudpunkta i innstillinga frå utvalet når det gjeld kapittel 19 i innstillinga om spesialundervisning og dei lovframlegga som er sette fram.
Mellom dei tinga som er framheva som positive, er blant anna lovfesting av individuelle opplæringsplanar, plikta for kommunen eller fylkeskommunen til å grunngi vedtaket dersom det skil seg frå den sakkunnige tilrådinga til ugunst for eleven, og prinsippet om at tilbodet skal formast ut i samråd med brukarane.
Rådet for funksjonshemma, Norges Handikapforbund, Styret for programmet for Nord-Norge, Øverby kompetansesenter og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon vil ha rett til fem års vidaregåande opplæring for elevar med særskilde behov. Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter meiner ein slik rett bør vurderast for blinde og døve elevar.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon meiner den individuelle opplæringsplanen, i tillegg til måla for opplæringa, må innehalde ei oversikt over kva for hjelpemiddel som trengst for at opplæringa skal fungere tilfredsstillande.
Norges Døveforbund saknar rett til opplæring i og på teiknspråk. Foreldreutvalget for hørselshemmede barn i Norge kan heller ikkje sjå at retten for førskolebarn til opplæring i teiknspråk er sikra. Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter ber om rettsfesting av tilgangen på lærebøker med punktskrift for blinde elevar. Likeins bør det vurderast å føre inn ein rett til opplæring i teiknspråk for barn til døve foreldre.
Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter og Afasiforbundet i Norge støttar vurderinga frå utvalet om ikkje å lovregulere kompetansesenterverksemda særskilt.
Fleire høyringsinstansar, blant anna Norges Handikapforbund, Norsk Forbund for Psykisk Utviklingshemmede og Styret for programmet for Nord-Noreg meiner at spesialundervisning bør givast av ein kompetent spesialpedagog, likeins vedlikehaldsopplæringa etter § 5-2 i lovutkastet. Fleire høyringsinstansar uttrykkjer på den andre sida støtte til framlegget frå utvalet om at det ikkje skal vere kompetansekrav for dei som står for vedlikehaldsopplæringa, og peiker på at opplæringa på den måten kan leggjast til ulike arenaer og integrerast i dei daglege situasjonane for denne elevgruppa. Det er dessutan peikt på at lovframlegget i større grad opnar for å utarbeide eit samordna tilbod i kommunen.
Norges Døveforbund understrekar verdien av at den pedagogisk-psykologiske tenesta blir forplikta å innhente kompetanse der tenesta sjølv manglar slik kompetanse, og at tenesta får pålegg om å arbeide fram samarbeidsrutinar med kompetansesenter og fylkesaudiopedagogar.
Styret for programmet for Nord-Norge meiner det bør vere bestemte utdanningskrav for tilsette og organiseringskrav for PP-tenesta, blant anna krav om tverrfagleg kompetanse. Andre oppgåver for PP-tenesta burde også vere oppgitt i lovteksten. Øverby kompetansesenter, Norsk psykologforening og Afasiforbundet i Norge har eit liknande standpunkt. Norsk psykologforening meiner at lova klart må gi uttrykk for at PP-tenesta skal hjelpe skoleverket med å gi alle elevane eit godt opplæringstilbod, også med anna enn sakkunnig vurdering i enkeltsaker om spesialundervisning.
Norsk Forbund for Psykisk Utviklingshemmede er skeptisk til at retten til spesialpedagogisk hjelp for førskolebarn skal heimlast i barnehagelova.
8.3.2 Departementa
Sosial- og helsedepartementet trekkjer fram som særs viktig at likeverdsomgrepet blir teke inn i lovteksten, at retten til sakkunnig vurdering og individuelle opplæringsplanar blir lovfest, at saksbehandlingsreglane blir styrkte og at formuleringa i sosialtenestelova om utforming av tenester i samarbeid med brukaren blir teken inn i opplæringslova. Kommunal- og arbeidsdepartementet meiner på si side at framlegget frå mindretalet til § 5-2 i lovutkastet om pliktregel og framlegget frå mindretalet til alternativ lovtekst om likeverdsomgrepet er betre.
Sosial- og helsedepartementet går dessutan inn for ein lovfest rett til fem års vidaregåande opplæring for elevar som etter sakkunnig vurdering har behov for det. Det er ei svært lita gruppe elevar som etter sakkunnig vurdering har behov for vidaregåande opplæring i ytterlegare to år. Det er rimeleg å gå ut frå at grunngivinga for å velje ytterlegare opplæring framfor eit arbeidstiltak er at eleven gjennom vidare opplæring kan fullføre eit løp, anten studiekompetanse/yrkeskompetanse eller dokumentert delkompetanse. Sosial- og helsedepartementet meiner det bryt med intensjonane i lova dersom dette blir gjort avhengig av økonomien i fylkeskommunen.
Finansdepartementet støttar framlegget frå mindretalet til formulering av § 5-2 i lovutkastet og framlegget om at det kan gjerast unntak i lova frå dei ordinære kompetansekrava for spesialundervisning.
8.3.3 Universitet og høgskolar
Fleire høgskolar har gitt uttrykk for at dei ser det som urovekkjande at det blir opna for at personale med ei anna utdanning enn lærarutdanning skal kunne gi spesialundervisning. Dei viser til at det dreier seg om pedagogisk arbeid, som krev pedagogisk utdanning.
Høgskolen i Akershus støttar ein felles regel om spesialundervisning for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, og stiller spørsmål ved kvifor ikkje dei statlege kompetansesentra er med i lovutkastet.
Universitetet i Oslo, Institutt for spesialpedagogikk er glad for at den likeverdige og inkluderande skolen får setje sitt preg også på den nye lovgivinga, støttar at det same timetalet skal gjelde for alle elevar, og ser dette som ein klar føresetnad for at opplæringstilbodet skal kunne kallast likeverdig. Instituttet ønskjer likevel rett til fem års vidaregåande opplæring dersom eleven etter sakkunnig vurdering treng det. Dessutan går instituttet imot å overføre spesialpedagogisk hjelp for førskolebarn til barnehagelova. Det blir blant anna vist til at ordninga i dag opnar for kontinuerleg planlegging.
8.3.4 Fylkeskommunane
Fylkeskommunane er i hovudsak positive til framlegget om nye lovreglar om spesialundervisning. Nord-Trøndelag fylkeskommune sluttar seg i hovudsak til dei konklusjonane som utvalsfleirtalet har trekt når det gjeld spesialundervisning, men meiner at framlegget frå mindretalet til lovtekst når det gjeld § 5-1 tredje punktum i lovframlegget, er meir realistisk. Også Nordland, Finnmark, Sogn og Fjordane, Buskerud og Rogaland fylkeskommunar går inn for formuleringa til mindretalet om retten til spesialundervisning.
Hordaland, Nordland og Sør-Trøndelag fylkeskommunar understrekar at lovendringane ikkje må føre til at rettane i den vidaregåande skolen blir utvida, eller at nye avgjerder blir rekna som enkeltvedtak.
Telemark fylkeskommune meiner at uttrykket «spesialundervisning» bør bytast ut med «særskilt tilrettelagd opplæring».
8.3.5 Kommunane
Dei fleste av dei kommunane som har uttalt seg om kapittel 19 i innstillinga om spesialundervisning, sluttar seg i hovudsak til hovudpunkta i utgreiinga frå utvalet og til dei lovframlegga som er sette fram.
Fleire kommunar nemner blant anna at
framlegget om prosedyrar harmonerer godt med den praksisen som alt gjeld i kommunane
dei støttar innhaldet i omgrepet «likeverdig»
avgrensinga mellom spesialundervisning og tilpassa opplæring er god
det er positivt at det blir stilt krav om individuelle opplæringsplanar for elevar som får spesialundervisning
dei støttar kravet om sakkunnig vurdering og kravet til innhaldet i denne vurderinga
det er viktig å understreke medverknaden frå foreldra og elevane når ein skal forme ut spesialundervisninga.
Fleire kommunar støttar også framlegget frå mindretalet i utvalet om alternativ formulering av retten til spesialundervisning i § 5-1 tredje punktum i lovframlegget. Det blir blant anna peikt på at dette verkar som ei meir realistisk vurdering enn vurderinga frå fleirtalet, som mange meiner ikkje er presis nok. Fleire kommunar meiner dessutan at framlegget frå mindretalet til ein pliktregel når det gjeld spesialundervisning for vaksne, er det beste. Dei er samtidig usikre på kostnadene knytte til framlegget frå fleirtalet på dette punktet. Ei rekkje kommunar uttaler også at det ikkje er ønskjeleg å opne for at personale utan pedagogisk/spesialpedagogisk kompetanse generelt får undervise vaksne med særskilde behov.
Fleire kommunar meiner at § 5-2 tredje leddet i lovutkastet om at regelen om sakkunnig vurdering gjeld «så langt han passar», er for upresist og ønskjer ei klarare markering av at reglane om sakkunnig vurdering gjeld også i desse tilfella. Ei rekkje av dei kommunane som uttaler seg, etterlyser også klare reglar om kompetanse og om organisering av PP-tenesta.
8.3.6 Andre
Også dei fleste av dei andre høyringsinstansane sluttar seg til hovudtrekka i framlegget frå utvalet om lovreglar for spesialundervisninga. Det gjeld blant anna Lærarforbundet, som meiner at utvalet har gjort ei solid og grundig vurdering av spesialundervisninga.
Lærarforbundet ønskjer likevel rett til fem års vidaregåande opplæring for elevar med særlege behov, og at retten til spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder framleis bør heimlast i opplæringslova. Ettersom utviklingshemma kan vere elevar, ber Lærarforbundet om at ein vurderer å gjere regelverket for sosialsektoren om tvang og maktbruk overfor psykisk utviklingshemma gjeldande også i denne opplæringssektoren. Lærarforbundet gjer også framlegg om at det blir gitt ein heimel til å fastsetje forskrifter om omfang og organisering av PP-tenesta.
Kommunenes Sentralforbund (KS) støttar mindretalet i utvalet, som gjer framlegg om ei alternativ formulering av retten til spesialundervisning i § 5-1. KS er også samd med mindretalet i at ein rettsregel er eit lite eigna verkemiddel når det gjeld spesialundervisning for vaksne. På dette området bør det heller vere ein pliktregel som gir kommunen ansvar for å etablere eit opplæringstilbod. Kommunane må sikrast rett til å gjere ei heilskapleg prioritering. Både § 5-3 og § 5-6 i lovutkastet inneheld forskriftsheimlar. KS meiner at begge desse paragrafane bør gå ut. KS er nøgd med at reguleringa av PP-tenesta fører til at denne tenesta betre enn tidlegare kan sjåast i samanheng med totale arbeidet med oppvekstmiljøet for barn og unge i kommunen.
LO/Norsk Lærarlag meiner at retten til spesialpedagogisk hjelp for barn under skolealder framleis bør vere heimla i opplæringslova. Dessutan meiner organisasjonane at det bør stillast krav om spesialpedagogisk kompetanse for å kunne gi spesialundervisning, når det etter sakkunnig vurdering er behov for det. I tilknyting til § 5-2 i lovutkastet (om spesialundervisning for vaksne) bør det presiserast at kompetansekravet gjeld uavkorta. Blant dei gruppene som kjem inn under denne paragrafen, er til dømes psykisk utviklingshemma, som kan lære å lese i vaksen alder dersom dei får undervisning av ein kvalifisert spesialpedagog.
Foreldreutvalet i grunnskolen (FUG) meiner det kan vere på tide å skifte ut omgrepet «spesialundervisning», fordi det ofte blir brukt synonymt med einetimar eller andre former for segregerande tiltak. Det er betre å bruke «tilpassa opplæring på særskilt grunnlag» eller «særleg tilpassa opplæring». Ut frå kvalitetsomsyn finn FUG det nødvendig å presisere at lova ikkje berre må ha reglar om kva den sakkunnige vurderinga skal greie ut og ta standpunkt til, men også om kva omfang denne tenesta skal ha og kor bindande den sakkunnige vurderinga skal vere for dei enkeltvedtaka kommunen gjer om tildeling av ressursar til spesialundervisning.
Kristeleg Folkeparti vil ha rett til fem års vidaregåande opplæring for dei som etter ei sakkunnig vurdering treng det. Sosialistisk Ungdom har eit liknande standpunkt.
8.4 Vurderingar og framlegg frå departementet
8.4.1 Generelt
Departementet har merka seg at dei fleste av høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, i hovudsak er positive til framlegget frå utvalet til lovregulering av opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Departementet sluttar seg til vurderingane frå utvalet og framlegga til lovregulering, med dei justeringane som er nemnde nedanfor.
Departementet har elles merka seg framlegget frå utvalet om ei utgreiing av spørsmålet om reglane om ansvaret for spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder bør overførast til barnehagelova. Departementet har ikkje funne grunn til ei slik utgreiing i denne omgang. Departementet viser til at grunnskolereforma gjeld frå og med skoleåret 1997-98, og at det er nødvendig å samle røynsler frå denne reforma før ein eventuelt greier ut lovreguleringa av spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder.
Departementet viser endeleg til at ansvaret for finansieringa av tekniske hjelpemiddel til funksjonshemma elevar er overført frå kommunane og fylkeskommunane til folketrygda, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 10-7.
Departementet vil på same måten som utvalet peike på skiljet mellom tilpassa opplæring som prinsipp for all opplæring og spesialundervisning som er ein eksklusiv rett knytt til den enkelte eleven med særskilde behov. Departementet meiner det må vere eit mål at ein så langt råd er, satsar på pedagogiske og organisatoriske tiltak for å differensiere den vanlege opplæringa, framfor å gi spesialundervisning knytt til enkeltelevar, med grunnlag i enkeltvedtak.
8.4.2 Felles reglar for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om felles reglar for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Departementet viser i den samanhengen til at desse to skoleslaga får ei felles lov etter lovframlegget. Rett nok er det - og kjem det framleis til å vere - skilnader mellom dei to skoleslaga. Men departementet kan ikkje sjå at dei skilnadene som finst, er slik at dei gir nokon grunn for ulike reglar. Tvert imot viser den utgreiinga utvalet gjer av gjeldande rett, at dei grunnleggjande reglane om rett til særleg tilrettelagd opplæring også i dag er like for dei to skoleslaga. Utgreiinga viser dessutan at det også elles er stor likskap i den rettslege reguleringa av særleg tilrettelagd opplæring i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Departementet viser i den samanhengen til at også dei fleste høyringsinstansane støttar framlegget om felles reglar.
8.4.3 Rett til spesialundervisning
Departementet er samd med utvalet i at spesialundervisning framleis bør vere ein rett for dei elevane som har behov for det, og at dette må avgjerast etter skjønn. Departementet kan derfor slutte seg til grunngivingane frå utvalet på dette punktet. Departementet har vurdert om retten til spesialundervisning kan gjerast klarare i lova, og har i den samanhengen notert seg at fleire av høyringsinstansane støttar formuleringa til mindretalet når det gjeld § 5-1 tredje punktum i lovframlegget.
Jamvel om prinsippet om likeverdig opplæring framleis skal liggje til grunn for lovreguleringa av spesialundervisning, meiner departementet at omgrepet «likeverdig» er mindre eigna til bruk i konkrete tilfelle. Mindretalet i utvalet gjer framlegg om at ordlyden i lova skal klargjere at tilbodet også skal vurderast i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Departementet meiner at dette gir eit betre grunnlag for dei som skal utarbeide det konkrete tilbodet, og dermed også for ei eventuell vurdering av om retten er oppfylt. Lovutkastet frå departementet er derfor utforma i tråd med framlegget frå mindretalet. Departementet understrekar at dette ikkje er meint som noka realitetsendring i forhold til framlegget frå fleirtalet i utvalet.
Departementet er elles samd med framlegget frå utvalet om at alle reglane i lova skal gjelde for elevar som får spesialundervisning, med mindre det klart går fram av samanhengen at regelen ikkje skal gjelde eller det er gjort eit særskilt unntak. Departementet meiner likevel at undervisningstimetalet er så sentralt for opplæringstilbodet at retten for elevane til opplæring i samsvar med talet på undervisningstimar også bør komme til uttrykk i lovregelen om retten til spesialundervisning.
8.4.4 Inntak til primært valt grunnkurs og plikt til å tilby eit anna opplæringsopplegg i den vidaregåande opplæringa
Departementet går inn for at reglane om inntak til primært valt grunnkurs for søkjarar med særlege behov bør førast vidare utan vesentlege endringar i ei ny lov. Dette er også i tråd med framlegget frå utvalet. Dette inneber at elevar som etter sakkunnig vurdering treng spesialundervisning, framleis skal ha rett til prioritert opptak på eit bestemt grunnkurs dersom dette valet er grunna på dei særlege behova hos eleven.
Departementet er også samd i at ein skal presisere den plikta fylkeskommunen har til å tilby eit anna opplæringsopplegg til elevar med særlege vanskar. Utvalet har likevel gått for langt i si presisering når plikta berre blir knytt til andre kurs. Lovutkastet frå utvalet er slik departementet ser det, ei realitetsendring i forhold til regelen i lvgo. § 8 i dag. I tillegg til eit nytt kurs skal regelen også dekkje andre opplæringsopplegg, til dømes kombinasjonen av opplæring og arbeid. Lovutkastet frå departementet knyter derfor plikta til «anna opplæring», i tråd med gjeldande rett.
8.4.5 Tilbod om fem års vidaregåande opplæring for elevar med særlege opplæringsbehov
Reglane i lvgo. § 8 fjerde leddet om ytterlegare to års vidaregåande opplæring for elevar med særlege opplæringsbehov blir ført vidare i lovutkastet frå utvalet som ein bør-regel av same typen som i dag, det vil seie som ein regel om at fylkeskommunen skal gi eit slikt tilbod så langt ein finn det mogleg. Departementet er samd i at eit slikt tilbod framleis bør vere mogleg etter den nye lova. Sjølv om lova i første rekkje skal regulere rettslege plikter eller rettar, er departementet samd i at lova framleis bør ha ei slik oppmoding til fylkeskommunane. Departementet peiker her på at elevar med særlege behov ikkje sjeldan vil trenge noko lengre tid enn andre elevar, og at eit opplæringstilbod ut over normert tid ofte vil kunne gjere at eleven står bedre rusta til yrkesliv eller vidare utdanning. Ein slik regel kan likevel ikkje lesast som nokon avgrensning av dei gruppene som kan gjevast eit utvida tilbod. Det kan til dømes være aktuelt for enkelte elevar frå språklege minoritetar som på grunn av språkvanskar vil kunne trenge opplæring i lenger tid enn elevar flest.
8.4.6 Rettane til vaksne
På same måten som utvalet går departementet inn for at retten til ny opplæring på grunnskolenivå på grunn av sjukdom, skade eller tidlegare mangelfullt tilbod som i dag er heimla i § 5 andre leddet i vaksenopplæringslova, blir ført vidare i ei ny opplæringslov.
Departementet går også inn for at vaksne med behov for opplæring i grunnleggjande dugleik framleis får rett til slik opplæring. Departementet viser mellom anna til at opplæringa, etter framlegget frå fleirtalet i utvalet, skal vere unnateken frå lov- og forskriftsfeste kompetansekrav. Departementet legg til grunn at dette er ei vidareføring av dei rettane som i dag følgjer av vaksenopplæringslova § 5 andre leddet, slik denne vart tolka av Høgsterett i Rt. 1993 s. 811 (Malviksaka). Departementet forstår utvalet slik at rett til livslangt tilbod ikkje skal vere noka normalordning etter lova, og berre vil vere aktuell i svært få tilfelle. Departementet vil også peike på at opplæringstilbodet etter framlegget ikkje treng vere noko heildagstilbod. Departementet har notert seg at fleire av høyringsinstansane - blant anna Kommunenes Sentralforbund - går inn for at det i staden for rettar blir gitt ein generell pliktregel for kommunane når det gjeld slik opplæring. Departementet meiner det her er tale om eit viktig velferdsgode for ei utsett gruppe, som av den grunn bør rettsfestast. Departementet kan heller ikkje sjå at rettsfesting på det nivået utvalsfleirtalet har gjort framlegg om, avgrensar fridommen for kommunane på nokon urimeleg måte.
8.4.7 Særreglar om bruk av læreplanane og om kompetansen til undervisningspersonalet
Utvalet gjer framlegg om at det i lova blir fastsett krav om at det skal arbeidast ut individuelle opplæringsplanar når det er avvik frå dei allmenne reglane om innhaldet i opplæringa. Departementet støttar i hovudsak dette framlegget, men går inn for at kravet om individuell opplæringsplan skal gjelde for alle elevar som får spesialundervisning etter enkeltvedtak. Krav om individuell opplæringsplan understrekar at rett til spesialundervisning krev tiltak utover ordinære differensieringstiltak.
Eit generelt krav om individuelle opplæringsplanar er også i samsvar med det departementet tidlegare har uttalt i St. meld. nr. 35 (1990-91) og St. meld. nr. 29 (1994-95).
Av lova bør det også gå fram at ein individuell opplæringsplan skal uttrykkje mål for opplæringa, innhaldet i opplæringa og korleis opplæringa skal drivast. Lova bør dessutan klargjere at planen kan fastsetje avvikande kontraktvilkår i samband med skriving av lærekontrakt. Intensjonen må vere å utvikle kortfatta og praktiske planar til hjelp i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa, men utan å stille krav om unødvendig tidkrevjande papirarbeid frå lærarane si side.
Departementet støttar også framlegget frå utvalet om å føre vidare kravet om halvårig evaluering av undervisninga i § 1-4 nr. 3 i grunnskoleforskrifta, og at dette kravet også skal gjelde for vidaregåande opplæring.
Utvalet åpnar for at også andre typar kompetanse enn lærarutdanning kan kvalifisere for spesialpedagogisk arbeid i skolen. Departementet er samd i dette og går inn for at det i forskrifter kan fastsetjast særlege kompetansekrav for undervisningspersonell som gir spesialundervisning.
Dessutan har departementet registrert at synspunkta blant høyringsinstansane er delte når det gjeld framlegget om at personell utan pedagogisk/spesialpedagogisk kompetanse generelt kan gi opplæring til vaksne som treng å utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik. Departementet har valt å leggje vekt på at dette opnar for at personar som kjenner eleven og ofte har stor realkompetanse, får ta del i opplæringa. Vidare meiner departementet at framlegget frå utvalet på dette punktet gjer det mogleg å samordne den kommunale innsatsen. Departementet vil som utvalet peike på at pedagogisk personell framleis skal spele ei viktig rolle i denne opplæringa bl.a. gjennom rettleiing og tilsyn. Departementet går derfor inn for å føre vidare framlegget om at slik opplæring skal vere unnateken frå dei lovfeste og forskriftsfeste kompetansekrava.
8.4.8 Særlege saksbehandlingsreglar
Dei fleste høyringsinstansane har uttrykt støtte til framlegget frå utvalet om saksbehandlingsreglar i form av særlege reglar om den sakkunnige vurderinga i § 5-3 og dei særlege reglane i § 5-4.
Somme av høyringsinstansane har likevel peikt på at framlegget om at § 5-3 skal gjelde «så langt det passar» for opplæring gitt etter § 5-2, er for upresist og ønskjer å klargjere at reglane om sakkunnig vurdering også gjeld i desse tilfella. Departementet er samd i at framlegget frå utvalet på dette punktet kan reise tvil i spørsmålet om sakkunnig vurdering også skal arbeidast ut før det blir gjort vedtak etter § 5-2. Det same gjeld tilvisinga i § 5-7 andre leddet om sakkunnig vurdering før vedtaket om spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder.
Departementet går på denne bakgrunnen inn for at tilvisingane i § 5-2 tredje leddet og § 5-7 andre leddet går ut, og at det blir klargjort i regelen om sakkunnig vurdering i § 5-3 at denne regelen også gjeld for vedtak om å gi opplæring til vaksne eller førskolebarn. Jamvel om nokre av dei vurderingstema som er uttrykte i regelen, passar mindre godt i forhold til dei gruppene det her er tale om, går departementet ut frå at ein i praksis gjer dei justeringane som trengst. Ein kan også presisere innhaldet i den sakkunnige vurderinga for vaksne og førskolebarn i dei forskriftene som regelen gir heimel for.
Tilsvarande bør det klargjerast i lova at foreldre til førskolebarn har den same retten til innsyn i den sakkunnige vurderinga som andre foreldre, unge og vaksne, og at også spesialpedagogisk hjelp til førskolebarn skal formast ut i samarbeid med barnet og foreldra til barnet.
8.4.9 Pedagogisk-psykologisk teneste
På same måten som utvalet går departementet inn for at den pedagogisk-psykologisk tenesta skal vere eit lovpålagt fylkeskommunalt og kommunalt organ, utan at det blir fastsett nærmare krav til organiseringa eller omfanget. Kravet om ei særskild «teneste» sikrar kontinuitet og samordning av ulike tilrådingar og tiltak, noko som kan vere nødvendig for å følgje elevar og lærlingar gjennom heile opplæringsløpet.
Departementet understrekar at tenesta bør vere ein fagleg støttespelar for skolen i vid meining og gi tilbod om utgreiing, praktisk rådgiving og direkte hjelp til barn og unge med særskilde behov for oppfølgjing. Forsvarleg sakkunnig vurdering inngår som ein del av tenesta sitt samla spesialpedagogiske ansvar. I motsetnad til utvalet, går departementet inn for at lova ikkje berre klargjer PP-tenesta sitt ansvar for det individretta arbeidet, men at også ansvaret for det systemretta arbeidet må komme til uttrykk i lova.
Det bør dessutan vere heimel for å fastsetje nærmare forskrifter om oppgåvene til den pedagogisk-psykologiske tenesta, slik utvalet også gjer framlegg om. Somme høyringsinstansar har gitt uttrykk for at departementet også bør få heimel til å gi forskrifter om organiseringa av den pedagogisk-psykologisk tenesta og om kompetansekrav for tilsette i tenesta. I lys av det generelle prinsippet om at kommunane og fylkeskommunane bør stå fritt når det gjeld den nærmare organiseringa av dei kommunale og fylkeskommunale tenestene, har departementet ikkje funne å kunne gå inn for dette.
Gjennom krav til dei oppgåvene som skal gjerast, blir det likevel stilt krav til kva den pedagogisk-psykologisk tenesta skal tilby - anten sjølv eller med ekstern hjelp - og til kvaliteten og det faglege innhaldet i arbeidet. Samtidig understrekar departementet det generelle forvaltningsrettslege kravet om at saker skal førebuast og avgjerast innan rimeleg tid. Departementet meiner at ei kommunal organisering av den pedagogisk-psykologiske tenesta som fører til at tenesta er ute av stand til å gjere eller til å få gjort desse oppgåvene på ein forsvarleg måte og i rimeleg tid, er i strid med desse generelle reglane.
Utvalet har gått inn for å oppheve lfa. § 13 femte leddet. Departementet går i mot utvalet på dette punktet. Departementet meiner det er viktig at lova også i framtida slår fast at lærlingar skal ha den same tilgangen på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole. Departementet gjer derfor framlegg om at lfa. § 13 femte leddet blir ført vidare.