5 Endringar i valdsoffererstatningslova
5.1 Gjeldande rett
Ordninga med valdsoffererstatning frå staten er regulert av lov 20. april 2001 nr. 13 om erstatning fra staten for personskade voldt ved straffbar handling (voldsoffererstatningsloven). Regjeringa har gått inn for å sentralisere behandlinga av valdsoffersøknader i første instans til eit nytt kontor i Vardø, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003).
5.2 Forslaget i høyringsnotatet
Justisdepartementet sende på høyring eit forslag til lov om endringar i valdsoffererstatningslova. I høyringsbrevet foreslo departementet at den nye førsteinstansen skal kallast Kontoret for valdsoffererstatningssaker. Departementet foreslo vidare at valdsoffererstatningslova blir endra slik at alle oppgåver som etter den noverande lova høyrer under fylkesmannsembeta, no skal høyre under den sentrale førsteinstansen i Vardø.
5.3 Høyringsinstansane sitt syn
Fleirtalet av høyringsinstansane er positive til endringsforslaget. Fylkesmannen i Oslo og Akershusuttaler at når eitt organ behandlar sakene blir ei større grad av rettseining og spesialisering av kompetansen sikra. Juridisk rådgivning for kvinner, Erstatningsnemnda for voldsofre, Den norske Advokatforening, Oslo politidistriktog Statens innkrevjingssentralser dei same fordelane ved å sentralisere behandlinga av valdsoffersøknader i første instans.
Enkelte høyringsinstansar uttrykker skepsis. Fylkesmannen i Oslo og Akershuspeikar mellom anna på at rettstryggleiken til søkjarane er tilfredsstillande vareteken når fylkesmennene behandlar desse sakene. Fylkesmennene har god kompetanse på dette området, og hjelper ofte søkjarar med personleg rettleiing ved utfyllinga av søknaden. Dette vil ikkje vere mogleg dersom førsteinstansbehandlinga blir sentralisert. Fylkesmannen i Nord-Trøndelagog Fylkesmannen i Buskeruduttrykker same uro for rettstryggleiken til søkjarane som Fylkesmannen i Oslo og Akershus.
Fleire av høyringsinstansane foreslår at den nye førsteinstansen blir kalla Kontoret for valdsoffererstatning i staden for Kontoret for valdsoffererstatningssaker. Andre forslag er Valdsoffererstatningskontoret, Valdsofferkontoret og Valdsoffereininga.
Fleire av høyringsinstansane etterlyser overgangsreglar. Mellom anna uttaler Fylkesmannen i Vest-Agder:
«Fylkesmannen vil bemerke at høringsbrevet ikke inneholder forslag til overgangsregler. Regler om hvilke saker kontoret for voldsoffererstatningssaker skal ha myndighet til å behandle synes nødvendig, da det ellers blir uklart om Fylkesmennnene skal ferdigbehandle alle saker som er innkommet før kontoret starter sin virksomhet, eller om alle saker skal oversendes kontoret fra dette tidspunkt.»
Fylkesmannen i Oslo og Akershus uttaler:
«Fylkesmannen etterlyser videre klarere retningslinjer for hvordan en overføring av sakene vil skje ved eventuell ikrafttredelse av lovforslaget. Spørsmålet som må avklares er hva som gjøres med påbegynte, men ikke ferdigbehandlede saker.»
Fylkesmannen i Østfold uttaler:
«Lovendringsforslaget har ingen bestemmelser om ikrafttredelse, heller ikke eventuelle overgangsregler knyttet til gjennomføringen av de planlagte endringene.»
5.4 Departementet sitt syn no
Departementet er ikkje samd i at rettstryggleiken til søkjarane vil bli skadelidande om ein samlar handsaminga av sakene i ett forvaltningsorgan. Den rettleiinga som no blir gjeve av det enkelte fylkesmannsembetet, vil andre organ kunne gje. Å samle sakene i eitt organ vil dessutan føre til ein meir einsarta praksis i førsteinstansen.
Departementet er samd i at det foreslåtte namnet på den nye førsteinstansen språkleg sett er noko tungt. Etter departementet sitt syn er Valdsofferkontoret og Valdsoffereininga ikkje heilt dekkjande for verksemda til den nye førsteinstansen, av di ein kan få inntrykk av at instansen yter ei meir tverrfagleg hjelp til offer for valdshandlingar. Departementet er komme til at førsteinstansen bør kallast Kontoret for valdsoffererstatning.
Departementet ser at det er behov for å klargjere korleis avviklinga av sakene i fylkesmannsembeta skal skje. Departementet tenkjer dette ordna slik at fylkesmannsembeta tek imot søknader fram til den dagen då lova blir sett i kraft, og at saker som er komne inn til fylkesmannsembeta før dette skjeringstidspunktet, skal behandlast ferdig der. Frå og med den dagen då endringa blir sett i kraft, skal søknadene rettast til Kontoret for valdsoffererstatning. Også klager på fylkesmannens vedtak i saker som er komne inn til fylkesmannen før skjeringstidspunktet, skal behandlast av fylkesmannsembeta. Søknader om tilleggserstatning i saker som er endeleg avgjorde, skal etter det tidspunktet endringa trer i kraft behandlast av Kontoret for valdsoffererstatning.