3 Forslag til reglar om tilbakekall av eit krav om gjenopptaking
3.1 Gjeldande rett. Forslaget i høyringsnotatet
Straffeprosesslova seier ikkje kva som skal skje om eit krav om gjenopptaking blir trekt tilbake. Kommisjonen har vist til eit tilfelle der domfelte ville trekkje kravet etter at kommisjonen hadde avgjort at saka skulle takast opp att, og har foreslått at straffeprosesslova får ei regulering av slike situasjonar. Forslaget frå kommisjonen er inspirert av straffeprosesslova § 341 om retten til å ta tilbake ein anke, og går ut på at straffeprosesslova § 400 skal få eit nytt fjerde ledd med følgjande ordlyd:
«Er gjenopptakelse besluttet, kan den part som har begjært gjenopptakelse trekke begjæringen om gjenopptakelse tilbake inntil hovedforhandlingen begynner, og når motparten samtykker, inntil den er avsluttet. Avgjørelse om å heve saken treffes av den rett som har saken til behandling når begjæringen trekkes.»
Kommisjonen har også tatt opp at det kan komme ei fråsegn som trekkjer kravet attende, etter at kommisjonen har tatt kravet til følgje, men før saka er sendt til den domstolen som etter straffeprosesslova § 400 andre ledd skal peike ut ein ny domstol for handsaming av saka. Kommisjonen legg til grunn at han i slike tilfelle kan gjere om si eiga avgjerd. Fordi han reknar situasjonen som lite praktisk, foreslår ikkje kommisjonen å ta dette inn i lova.
I høyringsnotatet sa departementet seg samd i at lova bør bli endra slik at ho gir eit klart svar på kva som skal skje når eit krav om gjenopptaking blir trekt tilbake. Departementet slutta seg til forslaget til lovtekst, men gjekk inn for å ta den nye teksten inn som § 400 tredje (ikke fjerde) ledd, og at noverande tredje ledd blir eit nytt fjerde punktum i andre ledd.
Vidare meinte departementet at det bør gå fram av lova at kommisjonen kan gjere om ei avgjerd om gjenopptaking i tilfeller der kravet blir trekt før saka er sendt til domstolen for ny handsaming. Departementet foreslo at dette blir tatt inn i straffeprosesslova § 399, som eit nytt fjerde punktum:
«Dersom den som har satt frem begjæringen om gjenopptakelse ber om det, kan kommisjonen inntil saken er oversendt til retten omgjøre sin avgjørelse om å tillate en sak gjenopptatt.»
Den 2. november 2005 sa Høgsterett dommen i Rt. 2005 side 1401, som mellom anna gjeld eit spørsmål som har slektskap med problemstillinga om kva som skal skje når et krav om gjenopptaking blir trekt tilbake. I denne saka fremma påtalemakta anke over lagmannsrettens dom til gunst for domfelte etter at kommisjonen hadde gjort vedtak om gjenopptaking av same dom, og Høgsterett måtte avgjere om dette vedtaket sto i vegen for å behandle anken. Høgsterett uttalte (avsnitt 12):
«Spørsmålet er ikke løst i straffeprosessloven. Jeg har imidlertid vanskelig for å se at en innvilget gjenopptakelse skal stenge for å behandle en anke til fordel for domfelte i dette tilfellet. Så vel påtalemyndigheten som domfelte ønsker anken behandlet. Hensynet til partene tilsier da at gjenopptakelsen stilles i bero. Dersom utfallet av behandlingen blir at Høyesterett avsier ny dom eller opphever lagmannsrettens dom, vil gjenstanden for gjenopptakelse bortfalle, og Høyesterett har vurdert den påberopte feil. Motstridende hensyn er det da neppe. At anken ikke fører frem, er formentlig ganske teoretisk».
Som det går fram, kom Høgsterett til at avgjerda om gjenopptaking i dette tilfellet ikkje sto i vegen for å behandle anken. Høgsterett viste mellom anna til det partane ynskte. Ut over dette siste seier nok ikkje dommen mykje om kva for konsekvensar det har eller bør ha at eit krav om gjenopptaking blir trekt tilbake. I saka i dommen sto valet mellom gjenopptaking og ei ankebehandling der retten skulle ta stilling til det som var hevda å vere feil ved lagmannsrettens dom. I spørsmålet om kva som skal skje når eit krav om gjenopptaking blir trekt tilbake, vil valet i dei fleste tilfelle stå mellom gjenopptaking og at avgjerda blir ståande utan ytterlegare prøving.
3.2 Høyringsinstansane sitt syn
Politidirektoratet og Den Norske Advokatforening er samd i forslaget i høyringsnotatet.
Agder lagmannsrett har uttalt:
«Forslaget tiltres med den reservasjon at en begjæring fra påtalemyndigheten om gjenopptakelse til gunst for siktede, heller ikke bør kunne trekkes uten samtykke før hovedforhandlingen begynner.»
Riksadvokaten har uttalt at den som har kravd gjenopptaking, bør kunne trekkje kravet også etter at kommisjonen har tatt kravet til følgje. Han har vist til at ein domfelt kan ha gode grunner for å trekkje kravet, og at denne løysinga er den som gir best samanheng i systemet. Riksadvokaten har peika på at eit tilbakekall i nokre tilfelle vil kunne skyldast press frå andre, til dømes frå den som eigentlig er skyldig, men at dette er så vidt spesielt at den generelle risikoen for dette ikkje bør gjere at høvet til å trekkje kravet fell heilt bort. Vidare viser riksadvokaten til eit forslag frå ØKOKRIM om at kommisjonen skal kunne overprøve eit tilbakekall av kravet (sjå straks nedanfor), og nemner at det også kan vere grunnar for at ein slik overprøvingsfunksjon skal leggjast til den nye domstolen som skal behandle saka. Han peikar også på grunnar for at påtalemakta skal kunne sette seg imot at kravet blir trekt. Alt i alt meiner riksadvokaten at det er «tvilsomt om det er tilstrekkelig grunn til å innføre slike «godkjenningsregler».»
ØKOKRIM har eit noko anna syn, og uttaler:
«ØKOKRIM er av den oppfatning at samfunnets selvstendige interesse i at uriktige domsavgjørelser blir vurdert på nytt bør ha vesentlig betydning.
Domfeltes rett til i medhold av strpl § 341 å trekke anken inntil ankeforhandlingen begynner (og når motparten samtykker, inntil den er slutt) gjelder en situasjon som etter vårt syn ikke er tilstrekkelig sammenlignbar.
I gjenopptakelsessaker foreligger det en rettskraftig dom. Begjæringen er tuftet på at domfelte faktisk mener seg uskyldig dømt og at det foreligger nye bevis i saken eller særlige omstendigheter som støtter opp under domfeltes anførsler. Situasjonen vil her være at Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker har funnet grunnlag for å gjenoppta straffesaken basert på domfeltes begjæring samt egne undersøkelser og vurderinger av saken. At domfelte i denne situasjonen skal kunne trekke tilbake begjæringen om gjenopptakelse og heve den nye straffesaken synes ikke å være riktig. Kommisjonens vurderinger bør tillegges så vidt stor vekt at man må anta at det er grunnlag for å prøve saken på nytt for å få en riktig avgjørelse. At domfelte i denne sammenhengen av en eller annen grunn har valgt å trekke begjæringen, bør ha mindre betydning i forhold til rettsapparatets interesse i riktige domsavgjørelser. De prosessøkonomiske sidene ved at man trekker saken bør av samme grunn ikke kunne tillegges betydning.
Et annet forhold er at det må oppfattes som en reell terskel å begjære gjenopptakelse av straffesaker. Det sentrale er å fange opp uskyldig dømte. I det ideelle samfunn skulle det bare vært de uskyldig dømte som begjærte saken gjenopptatt. Men realiteten er noe annerledes, og de domfelte setter i gang et betydelig apparat ved sin begjæring. Dersom den domfelte har mulighet til å stoppe prosessen når han ser at utfallet kan bli ufordelaktig for han selv eller eventuelle medskyldige som tidligere ikke har vært domfelt i saken, vil man kunne legge til rette for flere begjæringer tuftet på falske nye bevis.
Dersom man faller ned på hovedlinjene i Gjenopptakelseskommisjonens forslag, bør det imidlertid legges inn en sikkerhetsventil om at Kommisjonen kan overprøve tilbaketrekkingen fra domfelte. Dermed sikrer man i spesielle saker samfunnets selvstendige interesse i at uriktige domsavgjørelser blir vurdert på nytt.»
3.3 Departementet sitt syn
Departementet held fast ved at lova treng reglar om kva som skal skje når eit krav om gjenopptaking blir trekt tilbake. Departementet har kome til at innhaldet i reglane bør være i samsvar med forslaget i høyringsnotatet, med den endringa at påtalemakta ikkje utan samtykke skal kunne trekkje eit krav om gjenopptaking til gunst for den domfelte etter at kommisjonen har vedtatt at saka skal tas opp att, og den domfelte har fått melding om dette.
Departementet er samd med ØKOKRIM i at det er ein vesentlig skilnad mellom å trekkje ei anke under handsaminga av ei straffesak for domstolane og å trekkje eit krav om gjenopptaking etter at kommisjonen har tatt kravet til følgje. I den siste situasjonen har kommisjonen funne grunnlag for gjenopptaking, medan det ikkje finst ein tilsvarande indikasjon på at ein anke har gode grunnar for seg. Samfunnet si generelle interesse i at det er grunnlag for dei straffedommane som blir sagde, taler for det ikkje skal vere opp til den som har kravd gjenopptaking åleine å ta stilling til om avgjerde frå kommisjonen skal bli realisert. Som både ØKOKRIM og riksadvokaten peikar på, treng det heller ikkje alltid vere aktverdige grunnar til at ein domfelt trekkjer kravet.
Samstundes legg departementet vekt på at det er den som har satt fram kravet, som har satt i gang saka for kommisjonen. Med eit slikt utgangspunkt er det ikkje openbart rett å leggje større vekt på samfunnet si generelle interesse i at saka tas opp att enn på interessa til den som kom med kravet. I tilfelle der det var ein domfelt som kravde gjenopptaking, vil dessutan påtalemakta i mange tilfelle kunne be om at saka blir tatt opp att. Ein rett til å trekkje sitt eige krav inneber såleis ikkje ein fullstendig kontroll for den domfelte med omsyn til om saka skal takast opp att. Vidare legg departementet vekt på at gjenopptaking av ei straffesak er ressurskrevjande, og at reglane difor ikkje bør leggje opp til at det blir tatt opp saker der korkje omsynet til domfelte eller vektige samfunnsinteresser tilseier det. På denne bakgrunnen har departementet kome til at lova bør gå ut på at den som har satt fram krav om gjenopptaking, kan trekkje kravet tilbake inntil hovudforhandlinga under den nye behandlinga tar til, med den følgje at saka ikkje skal behandlast på ny. Korleis saka reint teknisk skal avsluttast, blir kommentert nedanfor.
Departementet har vurdert om det bør vere ei form for «godkjenning» av tilbakekall, ved at anten kommisjonen eller domstolen skal vurdere om saka likevel skal prøvast på ny når eit krav blir trekt tilbake, eller om avslutning av saka bør krevje samtykke frå påtalemakta, slik riksadvokaten har nemnt. Når departementet ikkje går inn for det, er det langt på veg av same grunnar som taler for at den som har satt fram eit krav om gjenopptaking bør kunne trekkje kravet. Kommisjonen, som kanskje ville være den næraste til å få eit inntrykk av at tilbakekall treng overprøving, har ikkje tatt opp dette spørsmålet.
Departementet er samd med Agder lagmannsrett i at påtalemakta ikkje utan samtykkje bør kunne trekkje eit krav om gjenopptaking til gunst for ein domfelt når kommisjonen har tatt kravet til følgje. I slike tilfelle er det lite rimelig at den domfelte, dersom han eller ho ynskjer gjenopptaking, skal måtte starte prosessen på ny for å få dette til. I tilfelle der heller ikkje den domfelte ynskjer gjenopptaking, kan saka bringast ut av verda ved eit enkelt samtykke. Det avgjerande tidspunktet for når påtalemakta ikkje lenger kan trekkje kravet utan samtykkje frå den domfelte, bør vere når den domfelte har fått underretning om avgjerda frå kommisjonen.
Konsekvensen av at ein part trekkjer eit krav i samsvar med dei reglane departementet foreslår, er at saka ikkje skal takast opp att, og at den avgjerda som kravet galdt, blir ståande uendra. Dersom prosessen er komen så langt at kommisjonen har vedtatt gjenopptaking og det er peika ut ein domstol etter § 400 andre ledd som har mottatt saka, blir saka avslutta ved at denne domstolen hever saka. Dersom prosessen ikkje er komen så langt, blir saka avslutta ved at kommisjonen gjer om vedtaket sitt, eventuelt berre avsluttar saka dersom vedtak ikkje er fatta, jf. forslaget til § 399 fjerde punktum.