6 Forslag om at kommisjonen skal kunne nemne opp støtteadvokat for den som er krenkt i saka
6.1 Gjeldande rett. Forslaget i høyringsnotatet
Den som er krenkt ved ei straffbar handling, kan ha rett til støtteadvokat også etter at sjølve straffesaka er avslutta, sjå til dømes Rt. 1999 s. 254 og Rt. 1999 s. 2005. I den siste avgjerda uttalte Høgsteretts kjæremålsutval blant anna:
«Dersom det er naturlig og rimelig, kan det unntaksvis oppnevnes bistandsadvokat også etter at selve straffesaken er avsluttet, se straffeprosessloven § 107 c første ledd annet punktum, jf. Rt. 1999 s. 254. Kjæremålsutvalget kan ikke se at lagmannsretten har fortolket straffeprosessloven § 107 a jf. § 107 c uriktig når retten har lagt til grunn at A ikke hadde noen ubetinget rett til å få oppnevnt bistandsadvokat.»
Ved at den som er krenkt i visse tilfelle kan ha rett til støtteadvokat etter at straffesaka er avslutta, må ein rekne med at dette også gjeld når det er sett fram krav om at ei straffesak skal takast opp att. Dei nærare vilkåra for ein slik rett er ikkje avklåra i rettspraksis.
Kommisjonen har foreslått ein regel om at kommisjonen kan nemne opp støtteadvokat når det er sett fram krav om gjenopptaking av ei straffesak. Som bakgrunn for forslaget har kommisjonen mellom anna vist til at den som er krenkt i saka, bør ha høve til å kome med sitt syn og få sjå dokumenta i tråd med straffeprosesslova § 242, sjå Ot.prp. nr. 70 (2000–2001) side 42. I nokre saker kan det også vere naudsynt å avhøyre den som er krenkt. I slike tilfelle kan oppnemning av støtteadvokat vere aktuelt. Når avgjerda om gjenopptaking er flytta frå domstolen til kommisjonen, ser kommisjonen det som naturleg at han får kompetanse til å nemne opp støtteadvokat i desse sakene. Kommisjonen har allereie kompetanse til å nemne opp forsvarar for den som er domfelt i saka, jf. straffeprosesslova § 397 andre ledd.
Kommisjonen var noko i tvil om kvar i lova føresegna bør takast inn, men har foreslått eit nytt siste ledd i straffeprosesslova § 398, med slik ordlyd:
«Kommisjonen kan oppnevne bistandsadvokat for fornærmede. Reglene i §§ 107 a-d gjelder i så fall tilsvarende så langt de passer.»
I høyringsnotatet sa departementet at det er tenleg at kommisjonen nemner opp støtteadvokat, og det slutta seg til forslaget frå kommisjonen. Om plasseringa i lova sa departementet at det ikkje ville utelukke at føresegna bør takast inn i § 397 andre ledd i staden for i § 398.
6.2 Høyringsinstansane sitt syn
Agder lagmannsrett, riksadvokaten, Politidirektoratet og Den Norske Advokatforening har uttalt at dei støttar forslaget om at kommisjonen skal kunne nemne opp støtteadvokat. Riksadvokaten har dessutan reist spørsmål om ikkje den som er krenkt utan vidare bør ha rett til støtteadvokat i saker der det har vært nytta støtteadvokat under behandlinga av straffesaka. Ingen av høyringsinstansane har kome med motsegn til at kommisjonen skal kunne nemne opp støtteadvokat.
Når det gjeld plasseringa av fråsegna i lova, har både riksadvokaten, Politidirektoratet og Den Norske Advokatforening uttalt at ho bør inn i § 397 andre ledd. Politidirektoratet grunngir dette med at «det anses mer nærliggende at den plasseres sammen med reglene om oppnevnelse av offentlig forsvarer enn etter bestemmelsen om dokumentinnsyn».
6.3 Departementet sitt syn
Departementet ser det etter høyringa som klart at kommisjonen bør få høve til å nemne opp støtteadvokat, og at regelen om dette bør stå i § 397 andre ledd. I samsvar med forslaget frå kommisjonen foreslår departementet at regelen skal gå ut på at kommisjonen kan nemne opp støtteadvokat, og at §§ 107 a til 107 d skal gjelde tilsvarande så langt dei passar.
Paragraf § 107 a seier i kva for tilfelle det skal nemnast opp støtteadvokat under behandling av straffesaker for domstolane. Fråsegna er ikkje tilpassa behandlinga av krav om gjenopptaking, så kommisjonen må gjere ei konkret vurdering. Mellom anna må det takast omsyn til at kommisjonen ikkje tar stilling til spørsmål om skadebot, slik domstolane gjer i mange straffesaker.
Riksadvokaten har reist spørsmål om den som er krenkt, utan vidare bør ha rett til støtteadvokat i saker der det har vore nytta støtteadvokat under behandlinga av straffesaka. Departementet kjem tilbake til dette spørsmålet ved oppfølginga av utgreiinga frå det utvalet som ser på den krenkte si stilling i straffeprosessen («Fornærmedeutvalget»). Denne utgreiinga vil liggje føre våren 2006.
På same måte som når det gjeld forsvararen (sjå punkt 5 ovafor), foreslår departementet at ei avgjerd frå kommisjonen om salær til støtteadvokaten skal vere endeleg.