Ot.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om lov om endringar i straffeprosesslova m.m. (sakshandsaminga i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker m.m.)

Til innhaldsliste

7 Forslag om å endre krava til grunngjeving i saker der krav om gjenopptaking blir forkasta utan nærmare behandling

7.1 Gjeldende rett og forslag til endring

Straffeprosesslova § 397 tredje ledd gir leiaren av kommisjonen eller nestleiaren kompetanse til å forkaste enkelte krav utan nærare behandling. Det gjeld for det første krav om å ta opp att avgjerder som etter sin art ikkje kan takast opp att eller som ikkje inneheld nokon grunn som etter lova kan føre til gjenopptaking (tredje ledd første punktum). Det same gjeld krav som «av andre grunner åpenbart ikke kan føre frem» (tredje ledd andre punktum). Ordninga er grunngjeve med prosessøkonomiske omsyn, jf. Ot.prp. nr. 70 (2000–2001) side 37:

«Både kapasitetshensyn og hensynet til en forsvarlig bruk av kommisjonens ressurser tilsier at slike begjæringer ikke behandles like grundig som andre begjæringer. Også erfaringene til den engelske kommisjonen tilsier at det etableres en slik ordning.»

I praksis blir høvet til ei enklare sakshandsaming ofte nytta, og regelen om dette er naudsynt for at kommisjonen skal kunne bruke ressursane sine på ein tenleg måte og unngå store restansar. I løpet av 2004 fekk kommisjonen til saman 232 krav. Av dei 61 sakene som vart avslutta i 2004, vart 38 krav forkasta fordi dei ikkje høyrde inn under kommisjonen (sivile dommar, straffesaker som er lagde bort, forvaltningsvedtak, utanlandske dommar), jf. § 397 tredje ledd første punktum. Ytterlegare 18 av krava vart forkasta fordi dei openbert ikkje kunne føre fram, jf. årsrapporten for 2004 side 4 og § 397 tredje ledd andre punktum.

Når kommisjonen forkastar eit krav etter § 397 tredje ledd, skal han følgje reglane om orskurd, jf. § 397 tredje ledd første punktum. I dette ligg det mellom anna at avgjerda skal grunngjevast, jf. straffeprosesslova § 52.

Kommisjonen har foreslått ei endring i § 397 tredje ledd som går ut på at ei avgjerd om å forkaste eit krav etter same fråsegn skal kunne grunngjevast enklare enn det som ligg i kravet etter § 52. Forslaget går ut på at § 397 tredje ledd skal lyde:

«Gjelder begjæringen en avgjørelse som etter sin art ikke kan gjenopptas, eller inneholder den ingen grunn som etter loven kan føre til gjenopptakelse, kan kommisjonen uten nærmere behandling forkaste begjæringen. Det samme gjelder hvor begjæringen av andre grunner åpenbart ikke kan føre frem. Avgjørelsen kan tas av kommisjonens leder eller nestleder, den treffes etter reglene om kjennelse, og kan begrunnes etter reglene i straffeprosessloven § 387 a første ledd.»

Etter straffeprosesslova § 387 a første ledd kan Høgsteretts kjæremålsutval avvise eller forkaste eit kjæremål utan anna grunngjeving enn å vise til denne føresegna når utvalet samstemt finn det klårt at kjæremålet ikkje kan føre fram.

Kommisjonen har vist til at regelen om forenkla handsaming av krav som openbert ikkje kan føre fram, har bakgrunn i omsynet til ein forsvarleg bruk av ressursane. Likevel er plikta til å grunngje slike avgjerder i prinsippet den same som plikta til å grunngje dei andre avgjerdene som kommisjonen treffer. Lova inneheld ikkje nærmare reglar for kor mykje som skal til for å oppfylle grunngjevingsplikta for avgjerder frå kommisjonen. Denne uklårleiken ser kommisjonen det som ein føremon å sleppe. Elles kan ein risikere at det blir lagt uturvande mykje arbeid i å grunngi ei avgjerd. Ein nokså stor del av kommisjonen sine saker blir avgjort etter § 397 tredje ledd (ca. 61 % av dei sakene som blei avslutta i løpet av dei ti første månadene av 2005).

Kommisjonen er klår over at straffeprosesslova § 387 a krev at domarane er samde om avgjerda, medan ei avgjerd etter § 392 tredje ledd blir treft av ein person. Tanken bak forslaget om likevel å la § 397 tredje ledd vise til grunngjevingskrava i § 387 a første ledd er å få nokre minimumskrav til grunngjevinga i dei heilt openberre sakene. Ei lovfesting av forslaget frå kommisjonen vil sjølvsagt ikkje avskjere kommisjonen ifrå å gje ei meir utfyllande grunngjeving. Kommisjonen har og peika på rettleiingsplikta, og sagt at kommisjonen vil leggje vekt på å forklare munnleg for den domfelte kvifor kravet blir forkasta.

I høyringsnotatet viste departementet til at omsyna bak reglane i § 397 tredje ledd taler for at grunngjevinga bør kunne gjerast stutt, og departementet var samd i forslaget frå kommisjonen for avgjerder etter § 397 tredje ledd første punktum. For avgjerder etter andre punktum gav departementet uttrykk for noko tvil, mellom anna fordi det i slike saker kan vere naudsynt med ei konkret vurdering før kravet eventuelt blir forkasta.

7.2 Høringsinstansene sitt syn

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om kravet til grunngjeving, har gitt uttrykk for tvil eller kome med motsegner til forslaget frå kommisjonen.

Riksadvokaten er i tvil om forslaget bør tas til følgje:

«Selv om kommisjonen – eller dens leder – anser saken som opplagt, kan den domfelte kanskje lettere forsone seg med avgjørelsen dersom den begrunnes. En har notert seg at kommisjonen vil legge vekt på å veilede domfelte muntlig, og det kan nok være en hensiktsmessig fremgangsmåte i noen tilfelle. Men en muntlig redegjørelse uten støtte i en skriftlig begrunnelse kan lettere misforstås. Gis den muntlige redegjørelsen med utgangspunkt i en skriftlig begrunnelse, vil notoriteten være lettere å sikre.»

Politidirektoratet uttaler:

«Politidirektoratet er enig med departementet i at en løsning etter mønster av § 387 a for avgjørelser etter § 397 tredje ledd første punktum ikke er betenkelig. Dette gjelder begjæringer som etter loven ikke kan føre til gjenopptakelse. Derimot finner vi ikke å kunne støtte kommisjonens forslag om at tilsvarende skal gjelde for avgjørelser etter andre punktum. Dette gjelder tross alt begjæringer som faller innenfor kommisjonens virkeområde, men hvor kommisjonen etter en vurdering forkaster begjæringen fordi det åpenbart ikke er hold i den. Direktoratet mener at den som får en begjæring om gjenopptakelse forkastet på et slikt grunnlag, må ha krav på en begrunnelse der han kan lese seg til hvorfor begjæringen er forkastet.»

Den Norske Advokatforening gjev uttrykk for det same.

Agder lagmannsrett går imot forslaget:

«I de tilfellene som omfattes av § 397 tredje ledd første punktum, er forslaget riktignok som Justisdepartementet nevner ikke betenkelig, men det er heller ikke behov for det. Det er uansett enkelt å begrunne et avslag når avgjørelsen etter sin art ikke kan gjenopptas, eller begjæringen ikke inneholder noen grunn som etter loven kan føre til gjenopptakelse.

Prosessøkonomisk er det realitetsavgjørelser etter § 397 tredje ledd annet punktum som betyr noe. Det er ikke naturlig trekke slutninger fra straffeprosessloven § 387a. Bestemmelsen forutsetter at tre dommere i Høyesteretts kjæremålsutvalg enstemmig finner det klart at kjæremålet ikke kan føre frem. Også ankenektelse av materielle grunner krever enstemmighet blant tre dommere. Det vises til § 321 fjerde ledd første punktum og § 323 annet ledd tredje punktum. Sammenlignet med dette blir en ubegrunnet avgjørelse av én person spinkelt.

...

Det bør dessuten legges vesentlig vekt på at gjenopptakelse er en siste skanse for domfelte, og at opprettelsen av kommisjonen spesielt er begrunnet med hensynet til tillit, både i forhold til partene og allmennheten. Behovet for å skape endelig ro om saken står her sentralt. Det er viktig for at kommisjonen skal kunne fylle denne funksjonen, at dens realitetsavgjørelser begrunnes. Det gjelder ikke minst de avgjørelser som treffes av kommisjonens leder eller nestleder alene etter § 397 tredje ledd uten å forelegges den samlede kommisjon. Det legitimitetstap fraværet av begrunnelse representerer, vil her ikke bli oppveid av kollegialiteten. Å motta en begrunnelse er dessuten av praktisk nytteverdi for en siktet som ønsker å fremsette en ny og bedre underbygget begjæring.»

Domstoladministrasjonen går likeins imot forslaget, og grunngjer det på same vis som Agder lagmannsrett.

7.3 Departementet sitt syn

Departementet ser heller ikkje etter høyringa at det er nemnande interesser som tilseier at avgjerder etter § 397 tredje ledd første punktum må grunngjevast. For desse avgjerdene foreslår departementet difor ein regel som gir høve til vedtak utan anna grunngjeving enn ei tilvising til § 397 tredje ledd. Systemet er det same som det som etter § 387 a gjeld for Høgsteretts kjæremålsutval, men utan at lovteksten treng vise til § 387 a. At avgjerda må vere tvillaus, er tatt inn som vilkår i den regelen departementet foreslår.

Etter § 397 tredje ledd andre punktum kan kommisjonen i nokre tilfelle forkaste eit krav om gjenopptaking utan ytterlegare handsaming sjølv om kravet gjeld ei avgjerd som etter sin art kan takast opp att, og sjølv om kravet viser til tilhøve som etter lova kan gi grunnlag for gjenopptaking. Her gjeld det altså avgjerder der kommisjonen har gjort ei reell vurdering av om straffesaka skal takast opp att. I slike tilfelle følgjer det ikkje direkte av lova at kravet ikkje kan føre fram, og den som har fremma kravet vil ha behov for ei forklaring på kvifor utfallet blei som det blei. Kommisjonen har i mange høve munnleg kontakt med den som krev gjenopptaking, og tar opp slike samtaler på band. Denne praksisen er truleg av stor verdi for den som har kravd gjenopptaking, og opptaka gir informasjon om kva som er formidla mellom kommisjonen og parten. Slik departementet ser det, er det likevel behov for ei viss skriftleg grunngjeving av desse avgjerdene, slik at det blir tydeleg for alle at kommisjonen faktisk har vurdert saka. Departementet går difor ikkje inn for å redusere kravet til grunngjeving for desse avgjerdene på same måte som for avgjerder etter § 397 tredje ledd første punktum.

Ein orskurd frå domstolane kan i mange tilfelle påkjærast til overordna domstol. For slike tilfelle har kravet om grunngjeving ein dobbel funksjon, ved at grunngjevinga skal gi informasjon både til partane i saka og til kjæremålsinstansen. Avgjerder frå kommisjonen etter § 397 tredje ledd kan ikkje påkjærast, slik at det ikkje er behov for grunngjeving av omsyn til ei eventuell overprøving. På denne bakgrunnen har departementet vurdert å utforme ein særskilt regel om grunngjeving av kommisjonens avgjerder etter § 397 tredje ledd andre punktum, som tar omsyn til at avgjerdene til kommisjonen er endelege. Fordi kommisjonen er eit forvaltningsorgan, ikkje ein domstol, kunne det i så fall vere naturleg å ta utgangspunkt i forvaltningslova § 25, som har reglar om grunngjeving av eit forvaltningsvedtak.

Konklusjonen er likevel at det ikkje naudsynt med ein slik regel. Kravet til grunngjeving etter straffeprosesslova § 52 er såpass fleksibelt med omsyn til kva grunngjevinga skal innehalde at føresegna ikkje står i vegen for å avgrense grunngjevinga til det som er naudsynt for å gi ei forklaring på kvifor kravet ikkje førte fram. Det følgjer av § 397 tredje ledd andre punktum at avgjerd etter denne regelen berre er aktuelt når kravet «åpenbart ikke kan føre frem». I slike tilfelle kan ein ofte gje ei grunngjeving i meir generelle ordelag enn i saker som har bode på tvil. Kommisjonen treng ikkje alltid referere alt det som eit krav om gjenopptaking er grunngitt med; det må vere nok å gjengi det som er naudsynt for å forklare avgjerda. Argument som openbert ikkje kan føre fram, må kunne avskjerast med ei kort kommentar om nettopp dette. Ei viss rettleiing får ein i forarbeida til § 19–6 i den nye tvistelova (Ot.prp. nr. 51 (2004–2005), særleg side 436–437).

Etter dette legg ikkje departementet fram forslag om endring av lova med omsyn til grunngjeving av avgjerder etter § 397 tredje ledd andre punktum.

Til forsida