8 Forslag om å gi heimel for å skrive ut og hente inn politiattest
8.1 Gjeldande rett. Forslag til endring
Politiattest kan skrivast ut til bruk utanfor strafferettsstellet, jf. strafferegistreringslova § 5. Det er dels strafferegistreringsforskrifta og rundskriv frå Justisdepartementet og dels spesiallovgjevinga som gir reglar om kva tid, og til kva for føremål, det kan skrivast ut politiattest.
Strafferegistreringsforskrifta § 12 nr. 1–4 listar opp ei rekkje døme på når politiattest kan skrivast ut. Etter § 12 nr. 5 kan «Politidirektoratet (…) samtykke i at det også i andre tilfelle utferdiges politiattest». Samtykke blir gitt i rundskriv.
Kommisjonen har tatt opp at sekretariatet for kommisjonen har bruk for å krevje politiattestar ved tilsetjingar på lik linje med andre organ i strafferettsstellet. Kommisjonen har foreslått å endre strafferegistreringsforskrifta § 12 nr. 4 bokstav m, slik at politimeistaren får heimel til å utferdige politiattest:
«til vedkommende tilsettingsmyndighet i forbindelse med utnevning/tilsetting av dommere, dommerfullmektiger, utredere/kontorpersonale i sekretariatet til Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker og embets- og tjenestemenn i påtalemyndigheten, samt i forbindelse med utnevning/tilsetting av politiinspektører, politiadjutanter og politifullmektiger som skal tjenestegjøre i embeter/stillinger som ikke er tillagt påtalemyndighet. Det kan kreves uttømmende attest.»
Departementet viste i høyringsnotatet til at politiattestar og annan vandelskontroll mellom anna skal førebyggje kriminalitet ved at fysiske eller juridiske personar får stillingar eller funksjonar dei ikkje er egna til. Det bør vere høve til å krevje politiattest for personar i stillingar som krev særleg tillit. Departementet støtta forslaget frå kommisjonen, og foreslo at politiattest også skal kunne krevjast for leiaren, nestleiaren og dei andre medlemmene i kommisjonen.
Departementet viste til praksis for at krav om politiattest blir tatt inn i den lova som regulerer verksemda, og til forslag i NOU 2003: 21 Kriminalitetsbekjempelse og personvern om at denne praksisen skal halde fram. Departementet foreslo difor at ein heimel for å skrive ut politiattest blir tatt inn i straffeprosesslova § 395 andre ledd, som fjerde punktum, med ei slik utforming:
«Det kan kreves utstedt uttømmende politiattest for lederen, nestlederen, medlemmene og de ansatte i kommisjonen.»
8.2 Høyringsinstansane sitt syn
Agder lagmannsrett, riksadvokaten og Den Norske Advokatforening er samd i forslaget.
Riksadvokaten legg til:
«En legger til grunn at ikke enhver tidligere straffereaksjon vil hindre tilsetting i eller oppnevning i kommisjonen. Av hensyn til forutberegneligheten kan det derfor være en fordel om det fastsettes hvor lenge en reaksjon skal sperre.»
Jamvel Politidirektoratet støttar forslaget, og vil i tillegg gje det større rekkjevidd:
«Direktoratet bemerker at adgangen til å utstede politiattest ikke bare bør gjelde «lederen, nestlederen, medlemmene og de ansatte i kommisjonen», men utvides til å omfatte «enhver som utfører arbeid eller tjeneste for kommisjonen». Denne formuleringen samsvarer med formuleringen i lov om vaktvirksomhet § 7. Oppdragstakere i form av rengjøringspersonale, kantinepersonell m.v., som har tilgang til kommisjonens lokaler, vil da omfattes av bestemmelsen.»
Ingen av høyringsinstansane har hatt motsegner til forslaget om høve til å hente inn politiattest for dei som skal ta del i arbeidet for kommisjonen.
8.3 Departementet sitt syn
Departementet viser til at arbeid for kommisjonen krev tillit på linje med arbeid for andre delar av straffesaksapparatet, og står fast ved at straffeprosesslova bør få ein regel om at det kan skrivast ut fullstendig politiattest for leiaren, nestleiaren, medlemmene og dei tilsette i kommisjonen. Samstundes er det spørsmål om krinsen av personar som det kan krevjast attest for bør gjerast ennå vidare enn det forslaget i høyringsnotatet går ut på. Politidirektoratet har tatt til orde for at regelen skal gjelde for «enhver som utfører arbeid eller tjeneste for kommisjonen», og vist til at han da også vil omfatte oppdragstakarar.
Innhenting av politiattest kan som nemnt vere ein høveleg måte å hindre at personar som ikkje er skikka for denne typen arbeid får tilgang til arbeidet i kommisjonen. På den andre sida er det openbert at det, av omsyn både til enkeltmenneske og til dei ressursane som går med til å skrive ut slike attestar, bør vere visse grenser for kva for funksjonar det bør kunne innhentast politiattest for. Slik departementet ser det, er det ikkje naudsynt med ein heimel som opnar for å kunne krevje politiattest for oppdragstakarar med ein rein støttefunksjon, slik som til dømes reinhaldspersonale. Annleis er det med oppdragstakarar med oppgåver som direkte gjelder sakshandsaminga i kommisjonen, slik som til dømes eksterne sakkyndige. For slike funksjonar kan det i nokre tilfelle vere trong til å hente inn politiattest. Departementet foreslår etter dette at det kan krevjast uttømmande politiattest for leiaren, nestleiaren, medlemmene og dei tilsette i kommisjonen, og for andre som gjer arbeid eller teneste i saker for kommisjonen.
Riksadvokaten har lagt til grunn at ikkje alle tidlegare straffereaksjonar skal hindre oppnemning eller tilsetting i kommisjonen, og har peika på at det kan vere ein føremon om det blir bestemt kor langt tidsrom ein reaksjon skal stå i vegen for oppnemning eller tilsetting. Departementet er samd i at ikkje alle tidlegare straffereaksjonar skal vere til hinder for å ta del i arbeidet til kommisjonen. Konsekvensen av eventuelle straffereaksjonar må vurderast i det enkelte tilfelle, der ein legg vekt mellom anna på kva den straffbare handlinga gikk ut på og kva for ein funksjon det er tale om. Førebels ser ikkje departementet er grunn til å lovfeste ein regel om verknaden av at ein kandidat har fått ein straffereaksjon.
Departementet foreslår at regelen om at det kan krevjast politiattest blir tatt inn i straffeprosesslova § 395 andre ledd, som eit nytt fjerde punktum.