4 Kommentarar til lovutkastet
Generelle kommentarar
Justisdepartementet har i sitt høyringsbrev bl.a. uttalt følgjande: «Justisdepartementet konstaterer at store deler av lovforslaget svarer fullt ut til bestemmelsene i lov 6. mai 1994 nr. 10 om gjennomføring av kjemivåpenkonvensjonen - og lov 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring av landminekonvensjonen. Lovstrukturelle hensyn taler sterkt for at disse konvensjonene gjennomføres i én felles lov. Vi fastholder vår oppfordring i brev av 20. april 1998 side 5 om at det kan være hensiktsmessig å utarbeide en samlet lov om prøvestansavtalen, kjemivåpenkonvensjonen, landminekonvensjonen og eventuelt også CFE-avtalen. Konvensjonene er på mange måter parallelle med hensyn til hvilke endringer som gjøres i norsk rett. Dersom Utenriksdepartementet ikke finner anledning til å fremme forslag om en felles gjennomføringslov nå, forutsetter Justisdepartementet at dette blir vurdert og om mulig foreslått ved neste gjennomføring i norsk rett av en slik konvensjon».
Kommentarane til dei einskilde føresegner i lovutkastet:
§ 1
Første ledd i lovregelen forbyr den type handlingar som Prøvestansavtalen forbyr. Andre leddet gjev heimel for å gje føresegner i form av påbod eller forbod for å gjennomføre traktaten. Retten til å fastsetje dei nærare retningslinene er delegert til Kongen. Nærare reglar kan ein gje i form av føresegn eller einskildvedtak. Det er ønskjeleg med ei slik fullmakt for om mogeleg gje nærare reglar på einskilde områder, til dømes om inspeksjon ovanfor private, og andre einskildvedtak dersom det skulle vise seg naudsynt.
§ 2
Føresegna gjev organisasjonen, funksjonærane der og dei representantane medlemsstatane sender til organisasjonen, samt inspektørane og deira medarbeidarar, den immuniteten og dei privilegia som staten pliktar å gje dei etter Prøvestansavtalen. Det går fram av traktaten i kor stor utstrekning immunitet og privilegier kan gjevast. I somme tilfelle kan det vere på sin plass å få uttrykkeleg slått fast i interne rettsreglar kva for rettar som er gjevne. Det blir derfor gjort framlegg om at Kongen kan gje nærare reglar for korleis føresegnene om immunitet og privilegier skal gjennomførast.
§ 3
Føresegna gjev i første ledd den naudsynte heimel for å kunne gjennomføre inspeksjonar etter traktaten. Sidan lovteksten berre viser til traktaten, må ein gå til traktatteksten for å få svar på dei spørsmåla som ein inspeksjon kan reise. Dette gjeld t.d. i kva slags tilfelle ein kan gjere ein inspeksjon, kor ein kan inspisere og på kva måte inspeksjonen skal gjennomførast.
Eit spørsmål som kan kome opp er om den private grunneigaren/rettshavaren bør kunne påleggjast ymse plikter i samband med ein inspeksjon. Det kan mellom anna vere aktuelt at grunneigaren på ein eller annan måte legg tilhøva til rette for inspeksjonen, t.d. ved å låse opp porten til den bygningen som skal inspiserast eller ta ei mindre opprydding av eit rom, slik at inspeksjonen kan gjennomførast raskare. Ein reknar med at det ut frå tilhøva kan vere trong for å leggje ymse plikter på privatpersonar i samband med slike inspeksjonar. Ein heimel for å leggje slike plikter på private, er derfor teke inn i andre ledd. Det er ein føresetnad at slike plikter ikkje er urimeleg byrdefulle for den private parten, og at desse har beinveges samanhang med gjennomføring av inspeksjonen.
Som hovudregel rettar pliktene ved inspeksjon seg mot grunneigaren. Ved ein del høve kan det likevel vere meir naturleg at pliktene vert lagde på andre rettssubjekt som for tida har ei nærare tilknyting til eigedomen eller bygningen enn det grunneigaren har. Dette kjem i praksis til å dreie seg om ulike rettshavarar, då helst den som fester eigedomen eller den som leiger bygningen. Lovteksten er utforma med dette for auga.
Grunneigaren eller andre rettshavarar må finne seg i at det blir gjennomført boring i grunnen i samband med ein inspeksjon.
§ 4
Traktaten gjeld etter artikkel I nr. 1 område som ligg under ein part sin jurisdiksjon eller kontroll. Traktaten gjeld såleis for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis. Etter Svalbardlova § 2, lov om Jan Mayen § 2 og lov om Bouvet-øya, Peter Is øy og Dronning Mauds land m.m. § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og den norske lovgjevinga om rettspleia for desse områda når ikkje anna er fastsett, mens anna lovgjeving må gjevast særskild verknad. Denne lova får derfor etter paragraf 4 også verknad for desse områda.
To av dei seismologiske sekundærstasjonane vil vere lokalisert ved Longyearbyen og på Jan Mayen. I tillegg vil det vere ein stasjon for måling av radionuklidar ved Longyearbyen. Plassering av slike målestasjonar på Svalbard er ikkje i strid med Svalbardtraktaten.
§ 5
Etter artikkel I nummer 1 og artikkel III i traktaten pliktar Noreg å forby all aktivitet som er i strid med traktaten. I samband med denne er det også naturleg å fastsetje straff for brot på traktaten. Strafferamma som det blir gjort framlegg om i gjennomføringslova er på 5 år. Straffeføresegna vil bare bli brukt dersom handlinga ikkje blir råka av eit strengare straffebod. Dersom nokon skulle gjennomføre prøvesprenging på norsk territorium som fører til person- og tingskade, og endå til tap av menneskeliv, er det sjølvsagt at handlinga kan straffast etter dei strengare reglane i straffelova med langt høgare strafferammer enn § 5. Det visast til dømes til strl. § 148 som har ei øvre strafferamme på 21 år.
Sjå til samanlikning straffeføresegnene i paragraf 4 i lov av 29. mai 1992 nr. 50 om gjennomføring av Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen), paragraf 5 i lov av 6. mai 1994 nr. 10 om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei, og paragraf 5 i lov av 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring av Konvensjonen mot bruk, lagring, produksjon og overføring av antipersonellminer og øydelegging av slike miner.
For at lova skal nå føremålet sitt, blir både forsettlege og aktlause lovbrot råka av straffereglane. Medverknad er også straffbart.
§ 6
Denne lova tek til å gjelde på same tidspunkt som traktaten trer i kraft. Traktaten trer i kraft 180 dagar etter den dagen 44 namngjevne land, som blant anna står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten, har ratifisert denne.
§ 7
Den nye straffelova § 12 første ledd nr. 3 bokstav h vil gje høve til å straffe norske borgarar og personar som høyrer heime i Noreg for brot på lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar § 5 i utlandet, utan omsyn til om handlinga er straffbar i landet der handlinga vert gjort. Endringa i bokstav f og g er tekniske endringar som følgje av forslaget til ny bokstav h. Elles blir det vist til merknadene under «endring av straffelova § 12» ovanfor.