2 Bakgrunnen for lovforslaget
Tryggleikslova trådde i kraft 1. juli 2001. I denne lova framgår vilkåra for tryggleiksklarering og sakshandsamingsreglar for denne prosessen. Desse lovreglane er i stor grad ei vidareføring av tidlegare rettstilstand som gjekk fram av kronprinsregentens resolusjon av 4. november 1983 og direktiv for personellsikkerhetstjenesten i Forsvaret fastsett i februar 1990. Vesentlege realitetsendringar blei ikkje innført da tryggleikslova trådde i kraft, sidan fokuset primært var retta mot å gi reglane lovs form. Departementet meiner tida nå er moden for revisjon av lovbestemmingane vedrørande personelltryggleik, særleg med omsyn til rettstryggleiken for den einskilde.
Departementet nedsette 18. september 2003 ei arbeidsgruppe der den sentrale del av mandatet var å sjå på gjeldande reglar og praksis i personelltryggleikstenesta med omsyn til ivaretakinga av rettstryggleiken. Arbeidsgruppa hadde følgjande samansetting:
Randi Haukebø, sorenskrivar ved Eidsvoll tingrett (leiar)
Hilde Indreberg, avdelingsdirektør i Justisdepartementet (lovavdelinga)
Severin Vikanes, underdirektør i Forsvarsdepartementet
Astrid Flesland, seniorrådgivar i Datatilsynet
Anders Bjønnes, seniorrådgivar i Nasjonal sikkerhetsmyndighet
Johnny Beck, rådgivar i Post- og teletilsynet
Børre Bakke, rådgivar i Forsvarets sikkerhetsavdeling
Arbeidsgruppa leverte si rapport, «Grenseland mellom rettssikkerhet og personellsikkerhet,» til Forsvarsdepartementet 1. mars 2004, der det blei foreslått fleire lovendringar med sikte på styrking av rettstryggleiken i tryggleiksklareringssakar. Nærare utgreiing om mandatet og arbeidet til arbeidsgruppa går fram av arbeidsgrupperapporten kapittel 3 og 4.